Miracle on 34th Street (1947)

IMDb: 7.9/10 from 15,692 users

Tjueandre luke i julekalender 2011 handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettsak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakerst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for Ã¥ fÃ¥ folk til og tru pÃ¥ han igjen. I byen skapar han glede for bÃ¥de smÃ¥ og store. Som julenisse pÃ¥ kjøpesenteret Macy’s blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig pÃ¥stÃ¥r det blir eit problem, og a blir til b blir til rettsak.

Gode erfaringar med eldre rettsakfilmar gjer at ofte lyser opp når ein film tek den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små begiveneheiter.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekkjer og passar godt nære jul.

7/10

The Great Rupert (1950)

IMDb:6.4/10 from 316 users

Tjueførste luke i julekalender 2011 er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som trivdes i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flyttar familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av intet regnar det 1500 dollar.

Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå intet, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sannheiten om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blandar karma inn. Karma er øydeleggande.

På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Eit tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir difor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.

Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i stop motion og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor cinematisk oppleving. Det er òg lite av gleden og sorgen som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.

Eg nølar med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne

6/10

The Nightmare Before Christmas (1993)

IMDb: 8.0/10 from 100,630 users

Tjuande luke i julekalender 2011 er førjulsmarerittet til Tim Burton. Prosjektet var påtenkt allereie i 1982, men det tok ni år før filmen blei realisert.

Historia startar i Halloween-byen. Jack Skellington er graskarkongen og den mest skremmande skapningen i byen. Året rundt går med til planlegging av neste års halloween. Men åra har gjort Jack lei av høgtida. I flukt frå byen oppdagar han jula, og han vil introdusere den nye høgtida for medborgarane sine.

Stop-motion-regissøren Henry Selick og komponisten Danny Elfman var med å lage The Nightmare Before Christmas. For filmen betyr dette kvalitet. Selick har fått fram visjonen som utan tvil er Burtons. Elfman har treft med stemningsbyggande musikk, og bidreg òg som Jacks songstemme.

På korte 80 minuttar får du ein høgtidsfilm som passar både jul og halloween. Animasjon som uttrykksform har alltid passa rundt juletider for meg. Jon Blund i adventskalenderen Jul i skomakergata, Disney-filmar og Flåklypa Grand Prix på julaftan har sett spor.

Praksisen med stop-motion rundt juletider har etablert seg. TV-serien Community dediserte ein episode før jul i fjor, og eit innslag er med i årsaktuelle A Very Harold and Kumar Christmas. The Nightmare Before Christmas får meg i julestemning. Så enkelt er det. Dei fleste som har sett ein film eller to kjenner til filmen. For alle andre er det berre for meg å anbefale han.

7/10

It’s a Very Merry Muppet Christmas Movie (2002)

IMDb: 6.4/10 from 1,394 users

Nittande luke i julekalender 2011 er det tredje The Muppets-innspelet i kalenderen, og den mest skikkelege filmen av dei. Med heile kjerna av den skikkelege gjengen, eit par gjesteskodespelarar og ein historie med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt

Muppet-gjengen driv eit teater der Kermit er sjefen. Økonomien er såvidt og går rundt med lån, men når nye krefter tek over i banken truar han med å stenge teateret. Kermit møter si livs utfordring, og eit enkelt oppsett av eit nytt stykke ser ikkje ut til å vere nok.

I lag med tøydukkene gjer Joan Cusack, David Arquette og Whoopi Goldberg rollar i filmen. Scrubs-gjengen og Bill Lawrence stiller òg opp i eit innslag. Ingen av dei nemnte har fått skrive spesielt gode eller smarte rollar til seg, men resten av filmen er slettes ikkje verst. Han er enkel, men god på det ein Muppet-film skal vere, morsom på bakgrunn av dei fargerike tøydukkene. Når humoren er på plass og handlinga har fått litt av Scrooge i seg så er det nok til å bli ein underholdande julefilm.

6/10

The Santa Clause (1994)

IMDb: 6.1/10 from 22,051 users

Tolvte luke i julekalender 2011 er nissefilmen The Santa Clause med Tim Allen. Ordspelet med ein e på slutten av Clause legg føringa for handlinga og set standarden for den enkle komedien.

Styrken til The Santa Clause som julefilm er eit tydeleg tema. Det handlar om å tru (på julenissen), og det blir klart tidleg i filmen. Resten av filmen blir du masa hol i hovudet om dette. I tillegg til får du dumpa over deg ei snøskuffe med spesialeffektar som umogleg kan ha sett heilt bra ut i 1994.

Scott Calvin (Tim Allen) blir til julenissen, men verken vil eller trur det sjølv. Før heilt på slutten. Sonen til Scott, Charlie heiter han, er aldri i tvil om at faren er blitt julenissen. Charlie blir ikkje trudd av dei vaksne. Før heilt på slutten.

Eg har aldri sett The Santa Clause samanhengande. Eg har aldri hatt noko i mot filmen, heller ikkje etter å ha sett han. Men det blir for enkelt. Det blir dill og dall og er i det heile ein eindimensjonal film. Målgruppa er nok heller ikkje meg og likesinna. I grunn synst eg filmen sender dårlege signal. At Scott som prøver å hjelpe ein person blir straffa er ein skremmande moral. For å bli feit og skjeggete er ei straff. For barn som i utgangspunktet er redd julenissen må det vere reine skrekkfilmen.

Men eg kjedar meg aldri. Forventingane var små, og fallhøgda soleis låg. Eit par scener er morsomme, og resten er heilt ok.

5/10

John Denver and the Muppets: A Christmas Together (1979)

IMDb: 8.0/10 from 215 users

Tiande luke i julekalender 2011 er nok ein TV-spesial med The Muppets, denne gongen frå 1979. Spesialen samlar seg rundt musikaren John Denver og eit utval julesongar han framfører i lag med The Muppets.

Blant julemusikk er John Denver and the Muppets: A Christmas Together ein av favorittplatene mine med julemusikk. Forventingane til denne TV-spesialen var urealistisk høge og den potensielle fallhøgda stor. Grunnen til at eg innleiar med desse opplysningane er nettopp at spesialen krasja fullstendig og enda opp med å bli eit traurig skode.

John Denver and the Muppets: A Christmas Together blei sendt på TV, men har aldri blitt lansert som video. Opptaket som sirkulerer er heilt greitt, men langt frå topp på lyd og bilde. På ein måte var dette ubetydeleg, for ønske om å sjå framføringar av favorittjulesongane mine var høgt nok. Men så viste det seg at det er andre versjonar av songane i TV-spesialen enn på musikkalbumet, og at desse var bleike i forhold. Programmet heng ikkje i hop på godt vis, og John Denver passar nok betre på plate enn på TV-skjermen.

4/10

Emmet Otter’s Jug-Band Christmas (1977)

IMDb: 8.2/10 from 1,276 users

Niande luke i julekalender 2011 er ein TV-film med The Muppets frå 1977. Basert på ei barnebok frå 1971 og filmatisert av Jim Henson med mindre kjente Muppet-figurar i rollane.

For meg er det ikkje eit ekte julefilmmaraton utan The Muppets. Søken etter ein film som kan avlaste den beste av dei alle, The Muppet Christmas Carol frå 1992, blir trappa opp att kvart adventstid.

Emmet Otter’s Jug-Band Christmas fyller ingen sko. Filmen skuffar litt fordi eg forventa Kermit, Miss Piggy og dei andre kjente. Dette skuldast dÃ¥rleg forarbeid. Sett forbi eigen urimelegheit er historia grei. Det handlar om ein fattig familie pÃ¥ to, og korleis dei kjem seg langt pÃ¥ vilje og emna til Ã¥ glede seg over det enkle. Ikkje overraskande er det flust av songnummer; i stor grad sjarmerande eller flotte.

Eg kom over skuffelsen. Emmet Otter’s Jug-Band Christmas er ein kort og flott julespesial. Sjølv om han aldri er ekstraordinær og heller ikkje er meir enn tidsfordriv.

6/10

Meet Me in St. Louis (1944)

IMDb: 7.6/10 from 7,892 users

Sjette luke i julekalender 2011 er ein musikal med Judy Garland. Handlinga i Meet Me in St. Louis er lagt over fire årstider, der høgdepunkta høyrer vinterdelen til og er lagt til juletider.

Nokon meiner at det ikkje er ei julefilm sidan den avsluttar på våren, men eg tok den med under tvil.

I familien Smith er dei glad i å synge. At St. Louis World Fair nærmar seg gir dei ein ekstra grunn til å synge, og temasangen med same namn som filmen blir stadig vekk nynna på. Filmen fortel historia om det flotte livet familien lev. Med fem ungar, to foreldre, ein bestefar og ei hushjelp er det nok av liv. For dei to eldste døtrene handlar det om å finne mannen i sitt liv, og for den yngste handlar det om å grave ned dokkene sine i hagen.

Undervegs svevar søte tonar i lufta, det blir dansa og litt romantikk under dimma lamper. Så tek historia ei lita vending, og filmen toppar seg rundt juletida. Eg avstår frå å røpe handlinga, men vil påpeike at det er elegant gjort. Den rolege filmene kryp sakte, men sikkert under huda på meg første timen, så det som skjer sidan har effekt.

Flotte sangnummer og livleg stemning blir til ei god oppleving. Filmen blir aldri fantastisk, men det er ikkje så nøye. Det er for lite jul til å kalle det ein julefilm, men så tok eg han med under tvil. Det funkar når eg tøyer grensene i ånden av Filmdagboks julekalender.

7/10

Tangled (2010)

IMDb: 7.9/10 (47 921 votes)

Rapunzel er fødd med fint lyst hår som lyser når ein spesiell song blir sungen. Når håret lyser blir den som rører det helbreda, ev. yngre.

Tangled er den Disney-animerte versjonen av eventyret. Fargerik, full av sang og dyr med menneskelege sjeler. Men samtidig dramatisk, eit nikk til karma og alt det andre som kan bli forventa.

For min del var deg artigaste med Tangled det som skjedde på sidelinja. Hovudhandlinga var gjennomført som eg forventa at den skulle, positivt meint. Men det var humoren i rolla til ein hest og ein kamelon som friska opp dette nok til at det var verdt dykket inn i prinsessesjangeren igjen.

6/10

Despicable Me (2010)

IMDb: 7.5/10 (56,529 votes)

Animert familiefilm om superskurken Gru som adopterer tre små barn som ledd i planen om å stjele månen.

Despicable Me er historia om ein superskurk som ikkje er så veldig super når den yngre oppkomlingen Vector stikk av med rampelyset. For å overgå Vector vil superskurken Gru (stemma til Steve Carell) stjele månen. For å stjele månen må han ha ei apparat til å forminske den, og dette apparatet er ikkje heilt lett å få tak i, spesielt ikkje når det er kamp om det.

Tre ting som fungerte med Despicable Me er at den satsar i stor skala, har sin eigen stil og overdriv så det held. Den har små, rare, gule og morosame vesen på plass, slik Ice Age har ekornet og Madagascar har pingvingane. Og den har potensiale.

Tre ting som ikkje fungerte med Despicable Me er at den for mitt vedkommande aldri blir ond nok, godviljen til Gru kjem for fort og lett fram. Steve Carell, fantastisk i The Office, øydelegg Gru for meg med ei stemme som er feil. Og ikkje minst kjennes filmen for straumlinjeforma, utan nok særeigenheiter, morsomme detaljar eller sjel.

5/10
1 / 131234...10...13