ness
05-sept-2007

Pingvinpost

Pingvinar har vore populært ei stund no. Eg har aldri kasta meg skikkeleg på bølga, men synst då pingvinane i Madagascar var ganske kule, spesielt når dei fekk sin eigen vesle julekortfilm. Men etter å ha høyrt så mykje skryt om to animasjonsfilmar blei eg nødt til å få sett dei.

Happy Feet (2006)I «Happy Feet» møter me ei pingvinstamme som har det med å synge, som den mest naturlege tingen i verda. Når Mumble blir født kan han absolutt ikkje det, i tillegg ser han ganske stygg ut i forhold til dei andre pingvinane. Men han kan danse. Dette blir sett skikkeleg ned på av dei fleste i stamma. Ved sidan av minkar fiskemengda i havet, og pingvinane står over for eit svoltproblem. Her rettar filmen ein peikefinger mot menneskeleg utnytting av naturressursar, eit ikkje fullt så vellykka forsøk iallfall. Filmen prøver å utgi seg for å vere meir enn den animerte musikalen den eigentleg er, men det blir så altfor enkelt. Eigentleg var «Happy Feet» ganske så kjedeleg, det skjer ikkje så mykje nytt. Songane er kjedelege og dansinga til Mumble er alt anna enn imponerande i forhold. I blant glimta filmen til med noko fine animerte scener og smålun humor, men det forblir iskaldt i resten.

Surf’s Up (2007Men gløym «Happy Feet», det er «Surf’s Up» du eigentleg vil sjå. For det er sanneleg ein gullkanta film i forhold til det meste anna innan dyreanimasjon. I halvdokumentarisk stil følger me den surfeglade pingvinen Cody frå hobbysurfing i Antarktis til proffsurfing på Hawaii. Lagt opp som ein typisk sportsdokumentar innan surfesjangeren, med intervju og surfing, samt litt historie rundt sporten, i tillegg til at filmen knyttar seg opp rundt eit meir vanleg filmdrama. Med denne oppskrifta blir fokuset for min del flytta vekk i frå utviklinga noko, som eigentleg ikkje er så spennande når den blir plukka frå kvarandre. Det er sansen for detaljane og humoren, menneskeleggjeringa av pingvinane og tempoet i filmen som gjer dette til ei storfornøyeleg opplevelse.

 
ness
28-aug-2007

Før-dokumentariske kortfilmar

LumiereDette semesteret har eg meldt meg opp i eit fint fag på universitete som heiter Dokumentar, der forelesaren ser ut til å vere veldig glad i å vise oss eksempel. Noko som slo ut i begge retningar eigentleg. Det blei i overkant av Trondheimhistorie for denne karen, men før han kom så langt såg me nokon gode og korte filmar, som alle ligg nær det som kan kallast dokumentarfilm, pluss er laga i tidsrommet 1895-1905 av bl.a. kinoens fedre; Lumière-brødrene og andre meir og mindre kjente filmnamn.

«Explosion of a Motor Car» er ei eksperimentering med klypping. Ein bil kjem køyrande nedover eit gate og stoppar. I neste augeblikk er skjermen fyllt av røyk, og klyppet etter viser mange lause bildeler liggande strødd i gata. Ein forgjengar på spesialeffektfronten. Veldig sjarmerande og komisk, noko som blir understreka av ein politimann sin måte å plukke opp kroppsdeler på i ettertid.

«The Baby’s Meal» er så mykje som ein 50 sekundarsfilm av ein baby som et graut. Beslekta av Lumière som på slutten av 1800-talet stod for dei første ekte filmane (som eit mottrekk til Edison sine nesten-ekte), og i løpet av få år laga over 1000 der svært mange innheld familie.

«Démolition d’un mur» viser ein mur som blir riven. Deretter blir prosessen vist baklengs. Må ha vore fascinerande i 1896 når filmmediet var nytt, i mine auger er det mest komisk, noko pianomusikken ved sidan av bygg under.

«L’ Arrivée d’un train à La Ciotat» var med på den første kinoframvisinga til brødrene Lumière i 1895 og viser eit ankommande tog som stoppar på stasjonen og slepper folk av og på. Halvparten av folka skal visstnok ha vore slektningar av Lumière. Mytene skal ha det til at folk rømte kinosalen då toget kom mot dei på lerretet, men dette er mest sannsynleg tullball. Ingen politirapport viser til dette, og politiet var tilstades som dørvakter på større arrangement på den tida.

«Rescued by Rover» er ein sjarmerande dyrefilm, og eigentleg ingen før-dokumentarisk film. Ein baby blir kidnappa av ei alkoholisert sigøynerdame, men familien til babyen har ein hund som på eiga hånd finn sigøynerdama og deretter avslører gøymestaden hennar for familien. Veltrent hund som kan opne dører er eit pluss her.

«La Sortie des usines Lumière» viser arbeidsstaben i ein fabrikk som går ut av bygningen når dagen er over. Dette var den første filmen på kinoprogrammet som Lumière satte opp under si første framvising.

«Alfred Butterworth and Sons, Glebe Mills, Hollinwood» blei funnen blant 826 nitrat-filmrullar i eit industribygg i England, 1994. Urørte negativer godt forvart i tomme oljetønner gjer at kvaliteten er utmerka her, nesten som om det skulle vere filma i dag.

«Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham» er ein del av samlinga som filmen over. På lik linje viser den folk i fabrikksamanheng, som skal hente lønninga si. Ikkje alle er like blide for å bli filma, og i bakgrunnen bryt det dessutan ut ein slosskamp som ikkje er iscenesatt av kameramannen. Morsomt.

«Burnley v Manchester United» er Manchester United sin aller første kamp under dette namnet, og er fanga på film! Dei vann 2-0. Kamera og resten av det tekniske er ein skuffelse i forhold til dagens tv-kampar. Diverre er dette ein av svært få filmar i samlinga som desse fire siste kortfilmane er ein del av, som har dårleg bildekvalitet.

«Sheffield United v Bury» er endå ein fotballkamp, som i motsetning til den over er sylskarp og har nesten perfekt bildekvalitet. Det morsomme her er at dei har filma ein keeper i nærmare augesyn. På denne tida var denne posisjonen gjerne fyllt av ein kraftig mann (han her er faktisk småfeit), for etter at keeperen hadde hatt ballen i handa i 3 sekund kunne ein motspelar sparke den ut av hendene hans. Difor måtte keeperen vere tøff (les: kraftig).

 
ness
23-aug-2007

סרטים

Mellom utfluktar, bading/soling, god mat og ikkje minst god drikke under eit tovekers opphald i Israel, var det greitt med litt air-condition . Som ei avveksling til 35-40 varmegrader. Ved sidan av kino og dvd er ikkje israelsk satelitt-tv det verste, om ein ser bort i frå hebraisk undertekst og tv som køyrte alt i pan & scan (4:3). Eg klarte altså ikkje halde meg unna film i ferien med og hjå venner i det heilage landet.

Red EyeEit gjensyn som aldri ville ha skjedd på DVD. «Red Eye» var venteresept den siste morgonen i Tel Aviv. Ein by som forutan ei hav av butikkar og nydelege strender spreidd over lange gåavstandar har skuffande utval av større filmsjapper.

Ingenting nytt er å finne frå forrige gong. Filmen er enkel, på grensa til platt. Spenninga er lite tilstadeverande og det heile virkar å vere laga etter ei god gammal oppskrift.

Cillian Murphy gjer rolla som får «Red Eye» opp på eit greitt nivå innan thrillerar, og er ein skodespelar eg allereie har vore merksam på i den grad at dei fleste filmane han er med i blir interessante. Elles er det ingenting spesielt å hente her.

Spider-Man 3 (2007)Det er vanskeleg å halde augo unna ein film som «Spider-Man 3» på ei elles så kjedeleg flyreise. Forutan delen med Bruce Campbell som fransk restauranttilsett, som var meir morosam denne gongen (enn første gong eg såg filmen), er ikkje dette rare greiene.

Tobey Maguire er på kanten til flau å sjå på. Enkelte stader her er nok det meininga, med det forandrar ikkje mi meining særleg. Utan flotte kampscener i forrykande CG samt ei og anna morosam frase sit eg framleis med ein bismak i munnen etter å ha sett denne for andre gong. Eg saknar eit mål for filmen. Den virkar som fleire episodar frå ein tv-serie med påkosta budjsett.

Harold and Kumar«Harold & Kumar Go to White Castle» har utvikla seg til å bli ein film eg gjerne ser igjen. Stadig like morosam utmerkar marijuanaeventyret til to unge, svoltne amerikanarar seg som ein godbit i sjangeren sin.

«Harold & Kumar» har dessutan skjulte og mindre skjulte referansar, samt både B- og C-kjendisar ein stiftar bekjentskap med mellom gjensyn og får augo opp for. Viktige ingrediensar for denne type film.

Ei anna viktig side er at «Harold & Kumar» held god balanse mellom realisme og surrealisme, berre eit par småscener blir for mykje av det gode. Men så er det jo ein komedie sterkt påverka av marijuana, så meininga er nok heile tiden å utfordre publikum til fordel for humoren.

Ratatouille«Ratatouille» er utan tvil eit briljant stykke animasjonsfilm frå Disney Pixar. Ei rotte med sansen for kokkekunst befinn seg i mat- og restaurantmekkaet Paris viser seg å fungere godt på film.

I botnen anar eg typiske Disneyingrediensar og moral, men oppbygginga er fersk nok og tempoet friskt, utan ein liten og småkjedeleg bit midt i (sett i forhold til resten av filmen). Eit utval jakt-til-beins sekvensar sit som spikra og er favorittdelane mine frå filmen.

Sjarmen og humoren er skrudd på maks. Alt i alt endar dette opp som min andre favoritt Pixarfilm ved sidan av «Cars», og ein sterk kanditat til årets personlege animasjonsfilmfavoritt. Denne må sjåast!

Conspiracy TheoryMel Gibson og Julia Roberts i «Conspiracy Theory», ein romantisk thriller med sterke humoristiske element. Gibson sin karakter er ein høgst paranoid person med ei usunn interesse for konspirasjonteoriar.

Naturleg nok rotar han seg bort i noko stort som involverar mektige menn. Likheitene med «Payback» på eit lågare nivå er til stor glede, grunna Brian Helgeland sin innsats på manuset.

Men «Conspiracy Theory» er i mykje større grad drive av humor og eit hav av one-liners: «I’m only paranoid because they want me dead.» Ikkje den filmen som vil bli hugsa for å vere best, men den er likevel god underholdning trass i at Gibson kan vere litt i meste laget her.

«Conspiracy Theory» er dog ingen A4 film når det gjeld utviklinga heller, den har sine vriar og vendingar som fyller svært godt ut dei to timane den varer. Eg kjedar meg aldri.

Shanghai NoonJackie Chan og Owen Wilson kjempar seg med basketak gjennom den ville vesten i «Shanghai Noon». Brett Ratner skal ha kudos for å ha fått Chan tilbake til USA med «Rush Hour» (men han står ikkje bak denne), som første film sidan «Cannonball Run» frå 1981.

For Chan har ein del morosame filmar med rå slossing der han brukar stort sett alt han kan finne rundt seg. Om ikkje anna enn enkel, kommersiell komedie, humoren reddar underhaldinga i hamn. Ingenting spesielt var å forvente her, så filmen er absolutt godkjent i den forstand.

Owen Wilson er nok ein person som dei fleste har eit hat-eller-elsk forhold til. Hjå meg er han ein av dei definitive favorittane innan den såkalla frat pack-gjengen, og er seg sjølv så godt som fullverdig også i denne filmen.

 
ness
29-jul-2007

Tonari no Totoro (1988)

IMDb: 8.1/10 (12,505 votes)

My Neighbor TotoroEin stor bamse, ein liten bamse og ein minibamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flyttar inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.

Studio Ghbili har gitt oss mange godfilmar gjennom åra, ikkje alle har slått heilt an for min del. «My Neighbor Totoro» var heldigvis blant det betre. Eg kan sjå at den fungerar som barnefilm ved sidan av å ha eit seriøst tema som helst vaksne vil fatte. Animasjonane er brilliante og detaljane kan nok mette sjåargleda endå fleire gonger. På grunn av ei stadig forflytting i handlinga gjer det ingenting at det tekniske ikkje er av dagens høgare standard, det kjem stadig nye inntrykk å halde styr på.

Oppbygginga er på sett og vis enkel. Fru Kusakabe er på sjukehus så far og døtrer må styre med seg sjølv. Filmen dreiar seg mest omkring døtrene sin måte å takle mora sitt fråver på. I denne tida møter dei den store bamsen Totoro som bur i skogen like ved. Om Totoro er eit resultat av trangen til å fortrenge røynda innimellom er ikkje lett å sei. Som i andre Studio Ghbili-produksjonar virkar det overnaturlege så mykje inn på handlinga at det blir problematisk å sjå på Totoro som ein imagniær faktor.

Glad for at filmen så godt innfridde og levde opp til skrytet den har hausta “overalt” (bl.a. på Filmantropet topp 15 liste (1982-2007)).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-jul-2007

Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007)

IMDb: 8.1/10 (13,306 votes)

Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007)Tida har flydd sidan eg las ferdig den nest siste boka i «Harry Potter» rekka. Omtrent samtidig, for fem månader sidan, tok eg meg tid til å sjå alle dei utkomne filmane på rekke og rad. Med ei ventetid som denne er det klart det bygg seg opp nokre forventingar.

Eg hugsa «Harry Potter and the Order of the Phoenix som» ei realtivt kjedeleg bok samanlikna med den før og etter. I lys av filmen står den derimot fram som ganske omfangsrik. Ein film som hoppar i eit tempo så til og med eg som har lese boka har problem med å halde følge med heile vegen, var det som møtte meg. Det er klart eg blir skuffa når eg forventa meir djubde. Men mest av alt sakna eg eigentleg følelsar, anna enn irritasjon. «The Order of the Phoenix» har fleire hårreisande eller rørande bitar som her blei overkøyrt av blafrande spesialeffektar. Nydeleg spesialeffektar sådan.

No høyres eg sikkert nok veldig negativ ut her, det var for så vidt poenget mitt og. Men med mildare blikk er faktum det at «The Order of the Phoenix» er ein heilt ok film. Humoren treff, det er veldig viktig. Den fangar alvoret godt. Og til ikkje å ha den største utviklinga haldt den seg overraskande godt gjennom to timar. Med unntak av den første halvtimen som eg blei svært så utålmodig av.

Også lurar eg på om skodespelarane har blitt litt for vaksne til å passe alderen her…

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-mai-2007

It’s a Wonderful Life (1946)

IMDb: 8.6/10 (60,267 votes)

It’s a Wonderful LifeJames Stewart er ein av dei skodespelarane som har tendens til å dukke opp i klassikarane eg ser. Ingenting mystisk ved dette, ettersom han var stor ein gong i tiden, og framleis er på mange måtar. Og at eg gjerne satsar på filmar som blir annerkjent av andre.

Hittil har ingen av filmane hans skuffa meg, men ein gong måtte bli den første. Ikkje alle filmane på IMDb top 250 kan falle i smak, «It’s a Wonderful Life vart på mange måtar rein plankekøyring. Det meste er på plass, men likevel er filmen kjedeleg.

Kvifor kjedeleg? Jo, veldig lite skjer før filmen når biten nemnt opningsvis, det er derifrå den er interessant. Klart at filmen treng tid på å etablere situasjonen til George Bailey (Stewart) som eit rikt, men økonomisk underlegent menneske for å gi den rette verknaden. Eg har heller ingenting i mot ein film som tek for livet til ein person som det er. Men «It’s a Wonderful Life prøver på meir i tillegg, og det lykkast den ikkje heilt på. Frustrasjonen til George ligg der under overflata, men kjem for lite fram. Når me når vendepunktet virka det litt som ei kanin dratt opp av hatten.

Det skal ikkje meir til enn dette for å gjere filmen tam, og middels, iallfall ikkje for meg. I ein klassikarstatus ligg gjerne andre forutsetningar til grunne, og for alt eg veit kan slikt vere med å definere denne filmen. Uansett, for meg er dette ein vanleg film, uavhengig av tidsepoke, og ut frå det skuffar den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-feb-2007

Night at the Museum (2006)

Night at the MuseumIMDb: 6.4/10 (10,894 votes)

Shawn Levy gir oss kveldsunderholdning med Ben Stiller i «Night at the Museum». Frat pack komikaren får seg jobb som nattevakt på eit historisk museum der gjenstandane kjem til live på nattestid.

Det er ikkje så mykje å sei om «Night at the Museum», det er ein slapp og ganske så rett fram film som verken gir skikkeleg spenning eller nye vendingar. Men så virka den og å vere mest retta mot dei under 15 år.

Blant dei få sidene ved filmen som trekk den opp på eit anstendig mellomnivå finn me Owen Wilson. Han gjer ei lita rolle, bokstavleg talt, og er cirka så tøff som han pleier. Misklar du Wilson er det ikkje mykje meir å hente her.

Når eg starta å skrive her tenkte eg at dette var ein heilt grei film, som eg kunne tenke meg å plassere i ein midtposisjon på skalaen. No har eg derimot fått tenkt meg om, prøvd å hente fram det som kunne trekke fram filmen, og berre funne ein ting.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-feb-2007

Voldemort, Voldemort, Vold…

The Harry Potter Gang

Kva er betre enn å ha som overskrift på ein Harry Potter samlepost enn namnet til Han-viss-namn-må-vere-usagt, den mørke fyrsten sjølv? Eg torer å påstå at alle kjenner til Harry Potter på eit eller anan vis, bokserien av J.K. Rowling som har blitt filmatisert til mange si glede. Til no har det komme fire filmar, og ein ny er i vente til sommaren. Vår unge venn Harry blir spelt av den etter kvart rike Daniel Radcliffe. Rupert Grint og Emma Watson må heller ikkje gløymast, ettersom dei er med i den heilage treeininga me følger gjennom desse filmane. Eg har nyleg sett dei fire som har komen til kino og digitaldisk, så vidare her følger litt summing rundt desse titlane.

Harry Potter and the Sorcerers Stone poster«Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» var først ute på lista, som ein av dei to filmane eg ikkje hadde sett tidlegare. Ettersom det var ei god stund sidan eg såg ein Harry Potter film i heile teke, så var eg mildt sagt veldig spent på å møte unge Potter og vennene hans igjen, etter å ha brukt dei siste månadane på å roleg lese meg gjennom dei seks publiserte bøkene (på engelsk sjølvsagt!). «Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» handlar om Harry sitt første år på Hogwarts (ingen Galtvort her i gården!), og er rimeleg lys i forhold til seinare filmar. Sentralt i handlinga er altså denne “de vises stein”, som blant anna er etterlengta av mørke krefter. Filmen ber preg av at dei unge sentrale skodespelarane er rimeleg ferske framfor kamera, og heller ikkje spesialeffektane er noko å skryte av. Det gjer ikkje så mykje, magien er bevart godt nok til å gjere det kjekt. 2t 30min blir heller ikkje for mykje i ein slik samanheng.

Harry Potter and the Chamber of Secrets poster«Harry Potter and the Chamber of Secrets» er andre film ut, og baserar seg på Harry sitt andre år på Hogwarts. Mørkare, meir spennande og betre gjennomført er passande stikkord. Detaljnivået i forhold til boka er derimot ei heilt anna side, for her blir filmen litt overfladisk i forhold. Eg klagar likevel ikkje, for sjølv om «Harry Potter and the Chamber of Secrets» er i overkant på lengda av det eg ser på som optimalt for film, så køyrer Chris Columbus løpet fullt ut i sin andre (og siste) Potterfilm som regissør. Som tittelen hinta til er det snakk om eit hemmeleg (eller mystisk) kammer, på Hogwarts, med eit grusomt monster i. Kammeret får ikkje all merksemd her, med den delen av historia åleine kunne filmen klart seg på betrakteleg kortare tid. Her blir det brukt tid på å utdjupe og opne for fleire sider av trollmannverda, som seinare kjem til å spele ei viktigare rolle, og som absolutt er til å drøyme seg vekk i.

Harry Potter and the Prisoner of Azkaban«Harry Potter and the Prisoner of Azkaban» introduserar ein ny regissør i serien, Alfonso Cuarón, som nyleg stod for sci-fi thrilleren «Children of Men». Småungane har no blitt 13 år, og den enkle hugseregelen med å ta siste siffer i alderen å bruke det som klassesteget på Hogwarts fortel oss at det er tredje året me skal utforske. Endå ein gong blir historia eit hakk mørkare enn forrige, og med det kjem dei heftige trylleorda som Expecto Patronum og Expelliarmus. Handlinga spinn rundt Sirius Black si rømning frå Azkaban, og restriksjonane som blir innført av Ministry of Magic i den forbindinga, som at eit hav av dementors (skapningar som sug ut gleda av folk tett opptil) oppheld seg rundt Hogwarts. Med «Harry Potter and the Prisoner of Azkaban» er eg tilbake der eg starta: mitt første møte med Harry Potter var via denne filmen i 2004, og eg hugsa godt at eg blei positivt overraska etter å ha forventa det verste (den gongen eg tenkte at alt som var populært var dårleg, akkurat som god kunst ikkje er for «hoi polloi»). Filmen står framleis sterkt, men går diverre så altfor fort over, og lid kanskje litt meir over at den må utelate så mange detaljar som gjer bokversjonen god. God underhaldning er det likevel, rollebesetninga har klatra eit steg på stigen (dei unge), og Sirius Black blir spela av ingen ringare enn o’ store Gary Oldman.

Harry Potter and the Goblet of FireI «Harry Potter and the Goblet of Fire» har tre store magiskular samla seg for å delta i Triwizard Tournament: Durmstrang, Beauxbatons og turnerningshaldaren Hogwarts. Som det ligg i namnet skal tre deltakarar kjempe om ein av magiverda sin gjevaste pokalar, men mystiske omstendigheiter fører til at Harry Potter blir med som ein fjerde ufrivillig deltakar. Eit godt grunnlag for ein film, som kanskje er den filmen til no som heng best saman. Ulempa er at bøkene etter kvart har blitt så tjukke at meir har gått tapt, noko som merkast for min del, ettersom det ikkje er så altfor lenge sidan eg las denne boka. Ser eg bort i frå dette så er dette ein god film, som grip solid tak i alvoret rundt interessante menneskeskjebnar. Hat, kjærleik, sorgar og gledar kjem tydeleg fram og gir ein film som eg kan leve meg godt inn i. Den siste regissøren inne i bilde, Mike Newell, får betre enn godkjent, kanskje nærare O for outstanding.

The Harry Potter Gang

Vidare gjenstår det å vente. Vente på den neste filmen, «The Order of the Phoenix», basert på det som etter mi meining er den svakast boka i serien hittil. Og vente på den neste boka, som er den siste i serien: «The Deathly Hallows». Begge to kjem i juli. Mange timar med film kan forventast dei neste 3-4 åra frå denne kanten, og eg har trua på at det vil bli bra!

 
ness
26-jan-2007

Dobbel kylling

I forbindelse av eit planlagt gjensyn med «Chicken Run» fann eg det like greitt å kombinere med ein anna animasjonsfilm som har lurt i bakgrunnen ei stund, «Chicken Little med Zach Braff som stemma til den vesle kyllingen.

Chicken Little«Chicken Little» blei første film ut, mest fordi eg var småskeptisk til kor vidt den faktisk kunne underholde godt nok. Disney sin første eigne animasjonsproduksjon er ei historie basert på ein eldre forteljing om ein kylling som trur himmelen dett i hovudet på han. I filmen skapar han panikk i byen ved å ringe alarmklokkene, men blir fort hengt ut då det einaste logiske kan vere at det var ei nøtt som traff han. Eit år seinare skjer det same igjen, og det som kunne ha vore ei koseleg historie blir gjort om til ein invasjon av romvesen. «Chicken Little» er ikkje noko nytt, og klarar seg mest på grunn av nokon artige referansar her og der, eit dansenummer med Spice Girls’ «Wannabe» (nostalgi slår dårleg kvalitet her!) og kule romvesen. Men sidan dette er Disney så ligg det jo ein moral i filmen, som i historia, og oppbygginga til denne er gjennomsyra i heile filmen på ein ukjekk måte for eit vakse publikum. Det blir ei middels filmopplevelse alt i alt.

Chicken RunSå var det duka for eit gjensyn med «Chicken Run», Aardman Animations sin stop motion film før «Wallace & Gromit: The Curse of the Were-Rabbit». Her er det snakk om ein gjeng med høner som prøver å rømme frå hønsefarmen sin. Filmen er lagt opp som om me befinn oss i eit krigsfengsel, der rugekassane befinn seg i noko som liknar svært mykje på militærbunkersar. På den andre sida av dei rømningslystne hønene har me mannen og dama som driv farmen og er på jakt etter ein metode for å tene meir pengar på hønene. Når dei finn eit alternativ så blir rømninga eit kappløp mot tiden. Aardman Animations har alltid ein særeigen stil på det dei lagar, og dette er heller ingen unntak. Det er nydeleg å sjå på, men det blir diverre for lite humor og for mykje velkjent drama. Eg saknar dei store drivkreftene her, og endar opp med å småkjede meg litt. Eg kan hugse at forrige gong var betre, noko som kanskje har med at eg var yngre og ikkje hadde dei same krava som etter å ha sett dei to siste storproduksjonane til selskapet.

Ingen av filmane serverte altså dei heilt store opplevelsane, men hamnar på eit ganske middels nivå. «Chicken Run» kjem ut av det med eit stort pluss for animasjonsteknikk og særpreg, men «Chicken Little» ligg heller ikkje langt bak på animasjonssida, og har den sprø vrien som gjer at den blir best av desse to. Men om eg kan anbefale noko av dei sånn? Tvilsomt.

 
ness
28-des-2006

Flushed Away (2006)

Flushed AwayIMDb: 6.9/10 (2,097 votes)

Nyaste innspelet frå Aardman Animations («Chicken Run», «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit») er ein fullverdig animert film, altså ikkje den tradisjonelle modelleire-varianten selskapet vanlegvis held seg til. Årsaka ligg ikkje i modernisering, det ville simpelt hen bli umogleg å modellere vatn til desse grader, eller bruke vanleg vatn (som er skadeleg for modelleire). Stilen er likevel behalde, og detaljane er så gode at enkelte sneglar ser meir modelleire-aktige ut enn deler av «Wallace & Gromit» filmen gjorde!

Animasjonsfilm eller leire, dette er ein rimeleg straight forward adventure film. Helten (Roddy) blir ufrivilleg kloakkifisert (trekkt ned i doen), møter ei jente, støyter på ein ond og mektig skurk, må redde rottehovudstaden frå total undergong… og lengtar sjølvsagt alltids heim. Gjennomført med silkehanskar og eit auge for detalj, masse referansar og god britisk humor overraska filmen positivt etter traileren tidlegare skuffa. Som vanleg har blitt i animasjonsfilmar har også «Flushed Away» sine «søte» og tøffe små sidekicks («Madagascar» hadde pingvinane, «Ice Age» hadde ekornet, i form av råstilige sneglar som bl.a. framfører filmen sine beste songnummer!

Årets beste animasjonsfilm blir eit vanskeleg val. «Cars» eller «Flushed Away».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10