Archive for the ‘Fantasy’ Category

Hausu (1977)

lørdag, juli 10th, 2010

7.6/10 (934 votes)

Hausu eller House er ein spesiell sak som påstår å vere ein skrekkfilm. Dette tek det ei stund før den viser at den er, men heller ikkje når det er klart er det overbevisande. Før det overnaturlege tek over er det komedie, tenåringsfilm, avant garde redigering og surrealisme i solide porsjonar. Den lystige musikken slepp derimot aldri taket, og dette resulterer i ei udefinerbar stemning utover og gjennom skrekken.

6/10

Peggy Sue Got Married (1986)

tirsdag, mars 30th, 2010

IMDb: 6.3/10 (12,038 votes)

Francis Ford Coppola er mest kjent for å ha laga filmar som The Godfather, The Conversation og Apocalypse Now! Men ved sidan av dei gode har han òg laga fleire ikkje fullt så gode, og ca. i det leie er det me finn «Peggy Sue Got Married».

Det er gjenforeining, 20 år etter high school, og Peggy (Kathleen Turner) har nyleg forlate mannen sin, Charlie (Nicolas Cage). Eit anfall under samlinga sender Peggy inn i ein slags koma, og ho får ein sjanse til å leve opp igjen ungdomstida.

Filmen viser kva Peggy, med fleire år som vaksen, ville ha gjort annleis om ho fekk sjansen. Den er òg rettferdig mot påverknader som miljø og eigen kropp har på Peggy, som i utgangspunktet trur ho veit betre, på grunn av den eigentlege alderen.

Sett til både 1960- og 1980-talet blir denne filmen ei blanding mellom retro ungdomskomedie og vakse drama. Ved å la Peggy behalde minnet sitt, og utnytte idear til oppfinningar som etter 1960 har gjort folk rike, kjem filmen såvidt innpå problemstillinga kring alle dei faktorane som spelar inn for at endring skal skje. Men det blir stort sett leiking med tanken, for det meste av fokuset til «Peggy Sue Got Married» ligg på det å vere open og våge å trå utanfor dei trygge råmene sine, for kanskje å finne livet betre utanfor.

Filmen lukkast i å preike om toleranse, og er til ei viss grad interessant når det kjem til Peggy, som har kunnskap om hendingar fram mot 1980-talet. Utanom dette er det ikkje all verden å hente, litt komedie og eit kurant drama. Ikkje blant dei skarpaste til Coppola, men framleis over middels.

6/10

Mickey’s Christmas Carol (1983)

onsdag, desember 23rd, 2009

IMDb: 7.7/10 (2,155 votes)

MickeyschristmascaroLuke nr. 23. Dette er den tredje og siste varianten av «Christmas Carol» av Charles Dickens i denne julekalenderen, og den kortaste av dei.

I «Mickey’s Christmas Carol» er det naturlegvis Skrue McDuck som er Ebenezer Scrooge. Han er ein gniten misantrop som ikkje likar julefeiring, og til dei grader let det gå ut over andre. Så får han besøk av ein død kompanjong, og sidan tre spøkelse, før filmen rundar av. Punktum.

Det er fleire grunnar til å like denne versjonen. Disneyfigurane er livlege og humoristiske, noko som står godt til den kalde, 1800-tals vintervinden. På under halvtimen blir det ikkje plass til lange scener, men det er ingenting som manglar for å gjere dette til ei fullført historie. Tempoet er raskt, slik eg kjenner igjen Mikke og Donald frå film, og godt er det. Ei historie som er fortalt så mange gonger før, skadar det ikkje å ha ein kort versjon av.

7/10

Brazil (1985)

tirsdag, desember 22nd, 2009

IMDb: 8.0/10 (70,747 votes)

BrazilLuke nr. 22. «Brazil» er ein av desse filmane som ikkje er ein skikkeleg julefilm, om ikkje det at handlinga går føre seg rundt juletider er det einaste kravet. Men for å få litt variasjon i kalenderen så strekker eg dry sopass langt.

Terry Gilliam har laga ein film som ikkje berre utnyttar samtidige dystopiske filmar for god humor, men som også har noko den vil sei sjølv. Dette er ein kritikk mot det firkanta byråkratiet, om enn ein morosam, så kritikk alle nok vil legge merke til.

Jonathan Pryce er mannen i hovudrolla som har funne seg til rette i ein av tusenvis av anonyme papirjobbar som samfunnet her består av. Heile handlinga og framtida til karakteren til Pryce har utspring i ei feilstaving på eit skjema i byrjinga av filmen, som ei fluge har vore årsaka til. Denne sekvensen er i grunn heile poenget til filmen sett på spissen, med eit så strengt byråkrati blir den personlege berøringa undertrykke.

«Brazil» er morosam, vellaga og er både god underhalding samtidig som den har nokre poeng. Det er ikkje fullt ei så mørk dystopisk forteljing, men det spelar ingen rolle at kritikken er beinhard, til det har me mellom anna «Nineteen eightyfour». Det som gjer at «Brazil» ikkje fortener ei pallplassering er at den blir for lang, trass i mykje historie å gripe tak i. Det er spesielt nokre av draumesekvensane til hovudpersonen som dreg ut, slosskampen mot monsteret som i grunn ikkje er så altfor spennande eller givande, uansett den symbolske verdien.

Filmen er god, men ikkje topp. Som julefilm er det i grunn lite å sei om den, dei kjem innpå at handlinga går føre seg rundt juletider eit par stader, det er alt. Men eg hadde lyst på eit gjensyn, så her er den.

7/10

Scrooged (1988)

mandag, desember 21st, 2009

IMDb: 6.7/10 (19,818 votes)

scroogedLuke nr. 21. «A Christmas Carol» av Charles Dickens er gjort i mange variantar, og etter å ha sett «Scrooged» slår det meg at komediane gjerne er dei som leverer best. Mellom anna «The Muppet Christmas Carol», og no denne.

Bill Murray er Scrooge, som går under namnet Frank Cross i denne filmen. Han styrer TV-nettverket IBC og er ein mektig kar som ikkje går i vegen for å behandle folk under seg som drit. Rundt juletider og under ein førebuingane av eit direktesendt «A Christmas Carol»-skodespel får han sjølv besøk av dei tre spøkelsa frå denne historia.

«Scrooged» er med Bill Murray i hovudrolla, naturleg nok ein komedie, ein morosam ein. Den er ikkje fullt så tåpeleg og enkel som ein del anna komedie Murray gjorde på 1980-talet, «Ghostbusters» ekskludert. Den tek seg nok fridomar frå historia den er basert på til at det blir kjekt å sjå på, og ikkje berre ein anna repetisjon av det klassisk verket til Dickens.

Alt i alt er dette ein av versjonane av «A Christmas Carol» eg kan like, utan at den er nokon klassikar i seg sjølv. Men den blandar humor på ein fin måte i lag med sentimentaliteten og verdiane Dickens framhevar.

7/10

Ma-ma (1976)

søndag, desember 20th, 2009

IMDb: 7.8/10 (463 votes)

mama76-kpxx-aa1cover_fLuke nr. 20. Den ihelklippa versjonen av «Med Grimm og Gru», dubba til engelsk, er eit gullkanta eksemplar av alt som er korrekt ved filmskaping. Einskilde vil nok påstå dette er ein god film fordi dei rett og slett ikkje veit betre etter å ha sett den tusen, eller iallfall 19 gonger på NRK rundt juletider. Men tradisjon er årsaka til at denne festlege rockemusikalen blir meir enn berre festleg.

No skal det seiast at «Med Grimm og Gru» var laga for å bli dubba, og at det er feil å kalle den ihelklippa versjonen mindre original enn den rumenske med russisk tale. Forskjellen mellom desse to, og då gløymer eg fullstendig ut å dra fram den franske versjonen, skal vere at den engelskspråklege har mindre tale og meir synging, mens den russisktalende har meir taleprega synging og eit par ekstra scener som har blitt borte i omklyppefasen, og ført med seg nokre små, logiske brester. Det får no så vere.

Frå fakta til filmen, som med sine brå overgangar byr på nok av både ufrivillig og skikkeleg humor. Dagen etter visning har den klassiske «Mom is home» gått på repeat i skallen heile dagen, så songane er det ingenting feil med. «Med Grimm og Gru» på i tillegg på isdans av ypparste sort. Men tilbake til klyppearbeide, som ved sidan av fantastisk skodespel gir filmen ein sjarm, så varm, så varm. Det er vanskeleg å tenkje seg til at ein meir forseggjort redigeringsarbeide ville ha fått til det same resultatet. At versjonen som blei vist på kinoen er snitta ut til 4:3 frå 2.35:1 byr ikkje på mindre enn eit konstant tap på informasjon.

Midt oppi eit lurveleven av teknisk galskap, der det må bli engelskmannen som kan skuldast å ha ei flaske vodka i handa under finpussen, eller la og sei pussen, skin likevel «Med Grimm og Gru» så tydeleg fram som ein hurrafestleg rockemusikal, eventyrkomedie eller filmkarneval. Det er ingenting å utsetje på filmen for ein som ser den første gong heller.

7/10

The Year Without a Santa Claus (1974)

lørdag, desember 19th, 2009

IMDb: 7.9/10 (1,316 votes)

theyearwithoutsantaclausLuke nr. 19. Frå 1974 kjem ein dukkeanimert TV-spesial med julenissen og fru julenisse. Førstnemnte har blitt forkjølt og lid ekstra under inntrykket av at ingen trur på han lengre. Fru julenisse sender ut eit par av hjelparane hans for å fyre opp igjen julestemninga.

Animasjonen er det mest sjarmerande med «The Year Without a Santa Claus», som ikkje leverer meir enn ei relativt standard forteljing om å redde jula. Filmen er uskuldig og manglar brodd, men lykkast i å vere ei fin barneforteljing med fleire interessante karakterar og eit univers med større potensiale, som hevar interessa mi for det heile.

Ikkje alle historietrådane som blir byrja på blir fortalt ferdig, noko eg ikkje har noko i mot. Den tilsynelatande veldig avsluttande og lykkelege slutten blir meir enn som så når ein tek med desse trådane i vurderinga. Sidan eg rett nok ikkje er i målgruppa, då eg ikkje har nokon tradisjon med å sjå denne barnefilmen, er det fint å kunne ha moglegheita til å sjå på det einskilde vil kalle logiske brestar som udefinerte moment.

6/10

How the Grinch Stole Christmas! (1966)

søndag, desember 13th, 2009

8.4/10 ( 17,112 votes)

SC00016-bigLuke nr. 13. Oppi fjellet bur Grinchen, og han likar ikkje julefeiringa som går føre seg nede i Whoville, så han bestemmer seg for å setje ein stoppar for høgtida.

Kortfilmen frå 1966 er over timen kortare enn langfilmen frå 2000, men manglar ingenting ved seg som Ron Howard gjer annleis i lag med Jim Carrey. Grinchen får både tid til å mislike, stele og levere tilbake tjuvgodset, då det går opp for han at jul er meir enn gåver og pynt.

Med ein så enkel, så viktig bodskap, er det ikkje nøye om årsakene til hatet i byrjinga forblir uvisst. Når i tillegg dette er ein sprek teiknefilm som både får fram sin eigen stil og aldri blir keisam å sjå på. «How the Grinch Stole Christmas!» har i tillegg Boris Karloff som forteljar og stemma til Grinchen.

7/10

The Muppet Christmas Carol (1992)

tirsdag, desember 8th, 2009

IMDb: 7.4/10 (9,692 votes)

muppet_christmas_carolLuke nr. 8. Ei juleforteljing av Charles Dickens har blitt framstilt i tallause variantar, det skulle berre mangle at ikkje dei Jim Henson-skapte tøydokkene skulle få sin eigen.

Muppets har for vane å få ein til å hygge seg, og det er ingen veg utan her heller, sjølv om nok «The Muppet Christmas Carol» er prega av at historien er litt trist veit ein at det vil gå bra til slutt.

Stemninga er til å ta på i den mørke og snørike juleforteljinga. Som gamle og gretne Scrooge har me den formidable Michael Caine. Scrooge mislikar både dei glade menneska og sløsinga som skjer rundt juletider i so stor grad at det påverkar dei rundt han til det verre. Ei natt får han besøk av tre spøkelse som viser innverknaden han har hatt, har og vil komme til ha – viss han ikkje forandrar seg.

Muppets åleine har vore grunnen til at eg har sett denne tidlegare, men utan det klassiske verket til Charles Dickens kunne fort dokkene rota seg vekk i snøen. Dei er ein fryd å ha med å gjere når det er i strikt regi, men kan lett sjangle som ein akevittfull julenisse viss manuset har opning for å gå inn i mellom anna den usikre karakteren til Kermit.

So det du har her er altså det beste frå to verdenar, Muppets i sitt ess og ei kjekk – og langt i frå fjern – tolking av ei klassisk juleforteljing. Eit nydeleg teknisk arbeide er nok med på å skape akkurat den kulda her og varmen der som skal til for at karakterane fell på plass i miljøet, og at du vidare får nettopp kjenne dei på kroppen og då skapar ei interesse for å følgje med på dei ut filmen.

6/10

The Snowman (1982)

fredag, desember 4th, 2009

IMDb: 8.2/10 (2,801 votes)

snowmanLuke nr. 4. Ein relativt moderne juleklassikar dette, som har rukke å bli vist på TV år etter år ei stund allereie. Denne flotte og litt triste eventyrhistoria om ein liten gut som får oppleve at snømannen han byggjer kjem til live om natta og har tek han med på ei eventyrleg reise følgjande natt. Då det ikkje er noko tale i 1982-versjonen, sett bort frå introduksjonen gjort av David Bowie, spelar musikken ei ekstra viktig rolle. Den nydelege musikken er gjort av Howard Blake, med den gong 13 år gamle Peter Auty på vokalen til «Walking in the Air», ein ny favoritt.

Animasjonen har eit preg av bokillustrasjon over seg, er rik på detaljar om ikkje så flytande som f.eks. Disneylangfilm. Naturleg, ettersom denne blei laga for britiske Channel 4 og ikkje kinopublikummet verda over. Det er ikkje vanskeleg å like animasjonen, då den i grunn er perfekt til å skildre den hurtige forflyttinga me opplever, og er med på å gi kortfilmen særpreg og kanskje litt ekstra vinterstemning.

Det viktigaste som kan bli sagt om «The Snowman» er at dette er ein knallfin juleanimasjon med den rette stemninga, som lullar ein inn i seg før den avsluttar på flott, smått trist vis.

7/10