Dead Like Me: Life After Death (2009)
søndag, april 26th, 2009
«Dead Like Me» fekk to sesongar når serien gjekk på Showtime i 2003-2004, den andre blei brått avslutta då sjåartala svikta, så serien fekk aldri ei skikkeleg avslutning. Dette er noko filmen «Dead Like Me: Life After Death», som nyleg kom rett-på-video, har hatt som mål å endre på.
Å samle gjengen fem år etter har tydelegvis vore ei vrien oppgåve, Mandy Patinkin som Rube og Laura Harris som Daisy Adair uteblir, og det merkast. Karakteren Daisy har blitt beholdt, men for hardbarka fans av serien blir det aldri det same med Sarah Wynter i denne rolla.
Utan Ellen Muth som George Lass ville dette aldri fungert, for å komplettere seriens univers hjelp det på at rollar som mora, søstera, jobbkollegaer og reaperkollegaer forutan dei to nemnte over alle er på plass med dei same skodespelarane som før.
Introduksjonen av karakterane og den raude tråden til serien er enkelt og effektiv. Målgruppa er nok gamle fans, men dei viktigaste poenga er oppsummert innleiingsvis, så nye skal også kunne få glede av dette. Sant glede er å ta litt i, som film er dette svakt, historien som går over halvannan time føles som den er frå ein litt for lang episode, og det sagt av ein som likte serien og kunne ta den som ein episode framfor ein film.
Dei store høgdepunkta uteblir. Det blir ikkje lagt skjul på at det viktigaste her er å styre det mot ein slutt for George (og familien hennar), iallfall blir det lite anna som betyr noko særleg utover i filmen. Caset, eller hovudhistorien, handlar om kaoset i reapergjengen etter bytte til ny sjef, og dette har blitt gått innpå tidlegare i serien, så noko nytt skjer det ikkje.
Som film eller episode er dette på sitt beste rundt middels. Men det ligg ei tilfredsstilling i å endeleg få ein slutt, og når den i tillegg er litt fin, samt gir rom for fleire meiningar, er det eigentleg heilt greitt å ha sett «Dead Like Me: Life After Death». Dog som film utan samanheng med resten av serien har den lite å stå for.
Blant det beste av eigenprodusert Disneyanimasjon siste 20 åra finn ein «Beauty and the Beast», historien om ein ung og kjekk prins som blir forvandla til eit beist, og berre kjærleiken til ei ung, vakker kvinner kan forvandle han tilbake.
«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre filmmeldingar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.
«Batman Forever» er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, «Batman Returns», den legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underholdning.
Oppfølgaren til Tim Burtons «Batman» frå 1989 med Michael Keaton er nok ein Tim Burton film med Micahel Keaton. Dei fleste spora frå forrige films handling er viska ut og det heile startar cirka like midt i kvardagen til Bruce Wayne som i «Batman».
«Alice» er ingenting meir enn ein heilt grei Woody Allen film, den er vanskeleg å skrive om på ein interessant måte, men er heller ikkje på nokon måte blant dei mest interessante filmane.
«The Dead Zone» er resultatet av eit screenplay basert på ein Stephen King roman som har hamna i hendene på regissøren David Cronenberg, ein av regissørane eg dei par siste åra har valgt å gradvis ploge meg gjennom filmografien til. Her har ein 40 år gammal Christopher Walken fått hovudrolla og av birollar har me bl.a. Martin Sheen og Tom Skerritt.
Laura Linney glødar i ein elles middelmådig film.
Tredje del ut i mitt firefilmarsløp av gjenståande Coenbrødrene-filmar er den fiksjonelle forteljinga om oppfinnaren av rockeringen.