Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009)

IMDb: 7.8/10 (32,950 votes)

harry_potter_and_the_half_blood_prince_ver19Etter forrige runde, Order of the Phoenix, burde det bli betre. Og det blei betre, men i retrospekt er nok filmen litt tom i forhold til lengda, så betre kan det bli. Boka er halvgløymt, så samanlikning blir det ikkje. Greia med å kalle filmen Halvblodsprinsen verkar berre feil, dette er meir romantikk enn om Halvblodsprinsen. Romantikken har eg ingenting i mot, den er ganske underhaldande i Harry Potter-verden. Men eg saknar meir framdrift, stille før stormen er jo det neste bok (og film?) handlar om. Det var god underhalding, mange av skodespelarane glimtar også verkeleg til, svært positivt.

6/10

Three O’Clock High (1987)

IMDb: 6.9/10 (3,400 votes)

Ei positiv overrasking, mindre kjente namn og generelt ukjent tittel tatt i betrakning. Etter ein sløv start blir filmen betre når hovudrolla Jerry klarar å rote seg bort i ein slosskamp etter skuletid, mot ei bølle som det blir gjort null forsøk på å vise medmenneskelegskap ovanfor. Det blir umuleg å komme seg unna slosskampen, og Jerry sine desperate forsøk på å sleppe toppar seg under forføringa av engelsklærarinna, då han med sigaretten mellom fingrane kliner med ho framfor klassen. Få vil nok sjå denne, så eg kan likegodt avsløre, at det ikkje overraskande, blir ein forrykandes slosskamp på slutten.

6/10

Coraline (2009)

IMDb: 8.1/10 (14,747 votes)

coralineAnimasjon gjort av eit Neil Gaiman-arbeide, som dei siste åra har blitt populært nok. «Coraline» kan til tider minne om ein Tim Burton-film, universet, stilen, tilogmed musikken av Bruno Coulais er lik Elfman sine bidrag. Filmen har magi i historia, men får den ikkje for godt fram, det føles glattpolert og sjellaust. I blant klarar den å imponere, den har ein del sære figurar og nokre artige vendingar i historieforteljinga. Men mest av alt går det litt seint framover, verken handlinga eller sjølve filmen klarar å skape nok interesse åleine eller i lag. Fin i blant, mest gjennomsnittleg.

6/10

Stranger Than Fiction (2006)

IMDb: 7.9/10 (62,950 votes)

stranger_than_fiction«Stranger Than Fiction» er blant mine Will Ferrell favorittfilmar. Den er morosam, Ferrell er nedtona og passiv, ei rolle han gjer godt. Den er smart, eller verkar så med sin litteraturprega, metafilmske, innfallsvinkel. Den har ei vittig forteljarstemme, som dessverre dukkar litt for sporadisk opp. Det er romantikk, med eit snev av underleg affeksjon mellom to vidt ulike mennesker. Filmen er altså likandes rar og annleis nok, men samtidig lettfatteleg og med kjente og kjære ansikt å knyte seg til. Den har det som skal til for å spre god stemning, samtidig som den kan skilje seg ut i mengda.

8/10

Clash of the Titans (1981)

IMDb: 6.6/10 (9,401 votes)

clash_of_the_titansHarry Hamlin er Perseus, den første helten i gresk mytologi. Ray Harryhausen har gjort spesialeffektane. Filmen er litt røff i kantane, men har sin definitive sjarm på grunn av dette. Musikken bidreg til å gi dette meir preg av ein storfilm enn ein B-film, men eg er usikker. Ser ein forbi overflata har altså denne mykje å spele på, det er litt som i Odysseen, mange monster og mykje motstand undervegs. Filmen er spennande her og der, men det når likevel aldri heilt opp når det blir for enkelt andre stader. Men fans av Harryhausen har mykje å hente.

6/10

Dead Like Me: Life After Death (2009)

IMDb: 6.3/10 (2,719 votes)

Dead Like Me Life After Death«Dead Like Me» fekk to sesongar når serien gjekk på Showtime i 2003-2004, den andre blei brått avslutta då sjåartala svikta, så serien fekk aldri ei skikkeleg avslutning. Dette er noko filmen «Dead Like Me: Life After Death», som nyleg kom rett-på-video, har hatt som mål å endre på.

Å samle gjengen fem år etter har tydelegvis vore ei vrien oppgåve, Mandy Patinkin som Rube og Laura Harris som Daisy Adair uteblir, og det merkast. Karakteren Daisy har blitt beholdt, men for hardbarka fans av serien blir det aldri det same med Sarah Wynter i denne rolla.

Utan Ellen Muth som George Lass ville dette aldri fungert, for å komplettere seriens univers hjelp det på at rollar som mora, søstera, jobbkollegaer og reaperkollegaer forutan dei to nemnte over alle er på plass med dei same skodespelarane som før.

Introduksjonen av karakterane og den raude tråden til serien er enkelt og effektiv. Målgruppa er nok gamle fans, men dei viktigaste poenga er oppsummert innleiingsvis, så nye skal også kunne få glede av dette. Sant glede er å ta litt i, som film er dette svakt, historien som går over halvannan time føles som den er frå ein litt for lang episode, og det sagt av ein som likte serien og kunne ta den som ein episode framfor ein film.

Dei store høgdepunkta uteblir. Det blir ikkje lagt skjul på at det viktigaste her er å styre det mot ein slutt for George (og familien hennar), iallfall blir det lite anna som betyr noko særleg utover i filmen. Caset, eller hovudhistorien, handlar om kaoset i reapergjengen etter bytte til ny sjef, og dette har blitt gått innpå tidlegare i serien, så noko nytt skjer det ikkje.

Som film eller episode er dette på sitt beste rundt middels. Men det ligg ei tilfredsstilling i å endeleg få ein slutt, og når den i tillegg er litt fin, samt gir rom for fleire meiningar, er det eigentleg heilt greitt å ha sett «Dead Like Me: Life After Death». Dog som film utan samanheng med resten av serien har den lite å stå for.

5/10

Catwoman (2004)

IMDb: 3.2/10 (30,265 votes)

Haha! Me var altså berre tre stk. som møtte opp på eit vors, og medie/filmfolk som me er satte me like godt på ein film, «Catwoman» var meint som ein spøk, men me såg no heile, likevel om den var kattepiss tvers i gjennom. Einaste denne er perfekt som er å vere double-bill med «Batman & Robin».

2/10

Beauty and the Beast (1991)

IMDb: 7.9/10 (51,761 votes)

Blant det beste av eigenprodusert Disneyanimasjon siste 20 åra finn ein «Beauty and the Beast», historien om ein ung og kjekk prins som blir forvandla til eit beist, og berre kjærleiken til ei ung, vakker kvinner kan forvandle han tilbake.

Ved ein liten, fransk landsby bur Belle saman med faren. Både Belle og faren skil seg ut frå den gjennomsnittlege innbyggaren, men Belle blir likevel sett på som den penaste jenta der. Når faren skal på oppfinnarmesse og klarar å rote seg vekk, hamnar han ved slottet til beistet og blir satt i fange der. Hesten som slapp unna før han blei fanga kjem heim til Belle og ho følger den igjen tilbake til slottet, der ho går med på å bli tatt til fange i staden for faren.

«Beauty and the Beast» har det som eg forventar av eit slikt eventyr, trolldom, eventyrskapningar, ein person som ser forbi det som er på overflata og ein skurk som kjem tilsyne i form av dårlege menneskelege eigenskapar som egoisme og fordommar. Både fordi eg har sett filmen og fordi det ligg i korta veit eg kva som vil skje, viktig er det difor at det som skjer på vegen er både spennande og dramatisk og utført med ei stødig hand. Nokre songnummer som ligna på alt anna i Disneysamanheng krev litt ekstra å komme seg gjennom, ser eg forbi dette likar eg forteljinga godt, den brukar enkle og effektive grep til å fortelje ei trist, men ikkje deprimerande kjærleikshistorie, heile vegen med glimt i auge.

Nettopp fordi dette ligg nær fullkomment det beste eg har sett av Disney trekk eg sopass opp. Fullstendig klar over at eg har størsteparten av gullperioden (?) (1940-1960) på skal-sjå-lista, som kan endre den alltid vanskelege talkarakteren sett i samanlikning.

8/10

Batman & Robin (1997)

IMDb: 3.5/10 (62,070 votes)

«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre filmmeldingar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batmanfilm, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg den eigentleg er. For alle som har sett litt av den veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor den er dårleg, det tek ein for gitt.

Så dårleg er den: Blant Arnold Schwarzenegger topp 3 verste. Uma Thurman gjer århundrets verste superskurk. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som førsteutkastet til «Catwoman».

Oppbygginga av filmen med innfletting av ulike karakterar og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining, det einaste som kan seiast å vere tøft i «Batman & Robin» er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka og ser pen ut.

2/10

Batman Forever (1995)

IMDb: 5.4/10 (56,258 votes)

«Batman Forever» er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, «Batman Returns», den legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underholdning.

For å ta det positive først, Val Kilmer utgjer ein meir karismatisk Bruce Wayne og har ei tøffare Batmanstemme, Tommy Lee Jones går verkeleg inn i rolla som Harvey Two-Face Dent og det er som nemnt ein god del fart her, heile tiden skjer det noko.

Det negative er lette Ã¥ finne fram til, ingenting er særleg djupt begrunna, Nicole Kidman stÃ¥r for ein ganske flat karakterprestasjon, kamera er ei overdriven etterlikning av dei forrige filmane og framstÃ¥r som rotete og uprofesjonelt. Lista er lang og blir lengre nÃ¥r Chris O’Donnell som Robin dukkar opp.

Likevel synst eg dette gjekk heilt greitt i boks, kanskje fordi Joel Schumacher klarar å halde det non-stop med action slik at eg ikkje tok meg tid til å gruble for mykje undervegs, kanskje fordi enkelte dårlege valg frå regissøren satt til side så er ikkje essensen i historia her så mykje annleis enn tidlegare, noko som eg synst talar til fordel for filmen. Du har dei klovneaktige skurkane på eine sida og Batman på den andre.

Hadde skalaen vore meir fleksibel ville den nok hamna nærmare 6, men sett i forhold til tidlegare filmar som «Batman» og «Batman Returns» så er denne svakare, i så måte at den framstår som mindre smart og enklare satt saman.

5/10
4 / 201...3456...10...20