«The Lost Weekend» blir like fullt ei historie om alkoholen som mannen bak flaska, Birnam (Milland). Dette utdraget frå livet hans, denne romankarakteren Billy Wilder har levandegjort, blir ei handling i nuet både i forma og med tanke på at det alltid er nuet som gjeld for Birnam. «The Lost Weekend» fungerar på så mange plan, det er ei tragisk historie, men den er ikkje trist. Med gode karakterar som du ikkje vil like på grunn av eigenskapane. Med god dialog og rabling du har høyrt tusen gonger før. Her er det meste og det beste i ein god miksture.
I «Sweet Smell of Success» gjeld det å henge med frå starten av, introduksjonen av karakterane og deira plass i den prega medieverda me møter er kort og presis. Eg kan sette pris på ein effektiv forteljarstil, men her hadde det faktisk ikkje gjort noko om dei brukte litt lengre tid.
Tony Curtis og Burt Lancaster spelar side om side, som henholdvis presseagent og spaltist. Curtis som Sidney Falco er ein sleip type som har byrja å merke at han utnyttar folk og ikkje held det han lovar, dvs. at han også skuldar ein haug med tenester. Lancaster som J.J. Hunsecker er ein av dei som ber nag ovanfor Falco, men når søstra til J.J. blir forelska i ein musikartype J.J. mislikar, har Falco løysinga og ser sitt snitt til å komme inn igjen i varmen hjå J.J. ved å tilby å hjelpe.
Etter mykje fram og tilbake i starten veks filmen stadig på meg når trådane byrjar å samle seg, ikkje berre kjem det fram at filmen er ei godt fortalt historie, men det er klart at Curtis og Lancaster passar som fot i hose i karakterane sine. Curtis er ein fryd å følge med på når Falco skodespelar framfor andre, Lancaster like så. Det blir nesten sånn etter kvart at ein ikkje anar om dei spelar eller om dei er den ekte Falco eller J.J. Spesielt i eit par opphissa scener då det er krangel på gang kjem verkeleg stjernene ut.
Problemet eg har med filmen er at den er for vag eit stort stykke i byrjinga, eg tvilar ikkje at den vil bli betre under eit gjensyn, men den korte og presise introduksjonen er litt tynn, og det tek både ei stund å sjå kor dette skal gå og kven me har med å gjere forutan Falco-karakteren i presseagentmiljøet.
Hitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.
Kvar Stanley Kubrick film byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia. «The Killing» er ein heistfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Den tek for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug, ingen plan er perfekt då folk kan vere uforutsigbare, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep. «The Killing» er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og kompaktskapen gjer at dette fungerar og er spennande nok når det varer.
er ein film der ein stor del av æra bør gå til Robert Walker, som tragisk nok gjekk bort same året som filmen blei lansert. Då karakteren hans, Bruno Anthony og Guy Haines (Farley Granger) møtes på toget dreiar samtalen deira seg etterkvart innpå mord; «det perfekte mord». Bruno får for seg at han kan drepe den utru kona til Guy, mens Guy kan drepe den slemme faren til Bruno, og at dei begge kan komme unna på mangel av motiv og sosiale relasjonar. Guy ler bort ideen, den psykotiske Bruno ser på dette som ein fastslått avtale. Det som følger er ein mordthriller av høg klasse der Robert Walker mest av alt imponerar som Bruno, ein karakter viss vekst på deg som person gjennom heile filmen og blir stadig skumlare. «Strangers on a Train» er nok ikkje min favoritt Hitchcock, men likevel verdt å sjå.
I «The Big Sleep» mengar Humphrey Bogart seg med det som må vere 1940-talets vakraste amerikanske skodespelarinner. Stadig flørting er ved sidan av ei innvikla drapssak hovudingrediensane her.
Eg følte meg ganske dum når eg såg på, for i «The Big Sleep» skjer det så altfor mykje til at eg klarar å få med meg alt. Litt av gleda drukna vekk i alle trådane og namna. Det er dermed ikkje sagt at eg avskydde filmen, for eg fekk sjølvsagt med meg dei viktigaste poenga, og kjemien mellom Bogie og fleire av dei ulike kvinnene er solide saker. F.eks. Lauren Bacall.
På veg til ny by i «Key Largo» tek Frank McCloud (Bogart) turen innom familien til ein død venn. Ein storm er på veg og Frank blir verande på familien sitt hotell. Nokre skumle gjester likar ikkje den smånysgjerrige McCloud.
Etter kvart blir det stormfullt både inne som ute, utan at eg vil røpe meir. Det pressande vêret speglar seg på dei involverte, som blir lagt under press i posisjonen dei opptek etter kvart. Så godt eg likte ideen, skodespelarane og miljøet til filmen, blei dette langdryge og litt slappt. Det blei for mykje venting utan det heilt store presset.
«The Maltese Falcon» handlar om mord og mysterium. Sam Spade, Humphrey Bogart i ei av sine meir ikoniske rollar, er etterforskaren som blir drege inn i skotlinja mellom manipulerande og farlege folk på jakt etter ei eksklusiv statuett.
Spade er ikkje dum, han kan vere med på spelet om han må, men det er fullt ut farleg. Dette er god mystikk og ein stilfull film med ei intens stemning, som film-noir er den slettes ikkje dårleg, tvert i mot. Mykje takka vere plasseringa av Bogart som den smarte, oppmerksame og avslappa Spade, men som ikkje fungerar som ein typisk heltefigur.
Walter har vore ein ærleg salsmann av forsikringar i 11 år. Ein dag står tilbodet om ekstra spenning og ein solid slump med pengar ved døra, men dette inneber at noko kriminelt må gjennomførast.
«Double indemnity» er omgrepet som blir brukt i sjeldne situasjonar der eit forsikringsselskap betalar ut dobbel erstatning. Walter (Fred MacMurray) og Phyllis (Barbara Stanwyck) vil prøve å utnytte denne forsikringspolitikken. Som me ser i første bilde har noko gått feil.
Billy Wilder gir oss her ein klassisk film-noir med ei sterk femme fatale, low-key svart-kvitt bilde og utstrakt skyggebruk. Sigarettrøyken ligg tjukt over heile filmen. Det er ikkje til å ta feil av.
Walter er glad i å slenge rundt seg med uttrykk som «I love you, baby», som på linje med den andre romantikken kan verke cheesy. Heldigvis er ikkje dette noko romantisk film, og litt overdrevne handlingar her er nok eit spel frå karakterane si side.
Det er spelet mellom personane bak forbrytelsen, og deira samla spel igjen mot etterforskarane som er interessant og utgjer filmen. Me får vite det meste og blir sittande å følge oppførsla til dei som må lyge og skjule seg. Og dette er faktisk ganske spennande.
«M» er ein film av den evigaktuelle sorten, sett i moderne siviliasjons perspektiv. Det handlar om pedofili og ringverknadane av ei slik sak, når ein farleg mann skapar oppstyr ved å bortføre små jenter.
Filmen kom ut i 1931 og er Fritz Lang sin første film med tale. Lydsporet er i blant fråverande, som får det til å verke som ein stumfilm, før stillheita blir broten igjen av ei stemme eller eit bilhorn. Trass i kunstig støy, dette gjer ingenting, men blir interessant sett i filmteknisk utvikling.
Handlinga baserar seg på reaksjonane ulike instansar som folket, politiet og dei kriminelle har til mediemerksemda når ein farleg pedofil drapsmann bortfører jente nummer åtte på få månader. Ei grundig jakt etter mannen blir satt i gong, og folk generelt er skeptisk til alt og alle.
Parallellar til vår tids jakt på terroristar kan trekkast. Med så mange mediekanalar er det vanskeleg å skape eit så gjennomtrengande engasjement for ei enkelt sak. Men jakta på terroristar har gjort seg utmerka og utvilsomt fått fleire ringverknader som påverkar enkeltpersonen i samfunnet.
Temaet «M» tek opp er langt i frå dødt, og vil stadig komme tilbake på film der det vil gjere sterke inntrykk. «M» held seg godt fordi den er direkte og relativt open på dette temaet. Det er ingen problem å sette seg inn i tidsepoken eller miljøet, for «M» føregår i ein moderne by. Den moderne byen, tross teknologiske vinningar, er ikkje så ulik frå den gong.
Det kjem forhåpentleg fram her at eg likte «M». Den er god på mange sett. Er det noko som gledar så er det filmar med det meste på plass. Sjølve handlinga og tema er ingen gledeshistorie, men vil for alltid vere noko eg ser på avsky med og blir engasjert av. Det tekniske her er litt rustent i kantane, men overgongar og klypping viser stort potensiale.
