Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979)
(IMDb)

Den tiande filmen om banden og den siste frå 70-talet. Frå 1969-1979 vart det laga ein Olsenbanden-film kvart år (med unnatak av 1971). Dette er ein av dei betre filmane i serien, men den har dessverre ikkje fått så mykje omtale som nokre av dei føregåande filmane.
Ein tidlegare høgt betrudd tenar i Oljedirektoratet, no finansmeglar, Brock-Larsen (Arne Aas) vil ha tak i ein mikrofilm som inneheld opplysningar om nye oljeførekomstar i Nordsjøen. Desse vil han selja vidare til eit tysk storkonsern for 100 millionar tysk mark. Egon Olsen skal gjennom sin kontakt få 10 % av denne summen. Banden bryt seg inn hjå Oljedirektoratet og får tak i filmen. Alt ser perfekt ut for banden, heilt til Egon overleverar filmen til Brock-Larsen sjølv. Brock-Larsen meinar at Egon veit for mykje, og er lite lysten på at Egon og banden hans skal få sine delar av salsummen. Han får sin kompanjong, Roy (Lasse Kolstad), til å ta seg av Egon. Han prøver å gassa han i hel, men heldigvis kjem Benny og Kjell og reddar bandeleiaren sin.
Egon må no koma på nye påfunn for å få tak i mikrofilmen og pengane. Han har ikkje tenkt å gi seg utan kamp med ein slu finansmeglar. Som ikkje det var nok har også politiet fått kjennskap til saka. Dei hentar Hermansen frå stallen han har jobba sidan sist. Politileiinga meiner han er den einaste som kan hamla opp med banden. Dermed er Hermansen på sporet av favotittbytttet sitt, Olsenbanden, nok ein gong.
Etter 10 år med mykje av dei same skodespelarane og med Knut Bohwim som regissør i 8 av filmane, skulle ein tru det var ein viss slitasje i Olsenbandenhandlinga. Men med rutinerte og profesjonelle skodespelarar i 50-60 åra leverer gjengen nok ein gong varene. Det er ein rekkje artige scener i denne filmen, m.a. med ein sint mann med helsetrøye (Willie Hoel si siste rolle i Olsenbanden-filmane, sjå her) og scener med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform. Artig å sjå kor stadig mindre motivert kriminalbetjent Hermansen (Sverre Wilberg) er til utføra politiarbeidet sitt. Han likar betre å fortelja om interessa si for fisking til sin kollega Holm (Øivind Blunck) enn å oppklara saka. Kan likevel seia at han denne gongen på ein eller annan måte lukkast for første (og einaste ?) gong, utan å røpa for mykje.
Filmen har sine svake sider også, m.a. er scenene på toppen av SAS-hotellet vel langdryge, i tillegg til at det er vel usannsynleg at fleire politimenn ikkje greier å ta igjen ein løpande Egon i slutten av 50-åra. Manuset, skrive av Sverre Holm og Øyvind Thorsen, er derimot friskt og byr på fleire godbitar. Musikken av danske Bent Fabricius-Bjerre passar glimrande til denne typen film, og gjer sitt til at filmen held seg godt sjøv om den er nesten 30 år gamal. Filmkritikarane var forøvrig meir positive enn vanleg til Olsenbandenfilmane, og begrunna det med m.a. eit godt og opplagt manus. Mi vurdering er at dette er blant dei 5 beste Olsenbanden-filmane, så skal du sjå ein Olsenbanden-film er denne filmen eit godt val.
Vurdering: 8 av 10


Denne gongen handlar det om ein korrupt diplomat, som på ulovleg vis har erverva seg 10 millionar dollar på sal av subsidiert fjellsmør til utlandet. Desse pengane skal vaskast reine i den norske avdelinga av Verdensbanken. Egon håpar å få tak pengane før dei kjem dit, men har ikkje rekna med Dynamitt-Harry. Han har vore i USA, og med underverda si hjelp har han gått omskuleringskurs og vorten forvandla til Data-Harry. Han veit no alt om datamaskiner og ny teknologi, og meiner at stetoskop og gummihanskar ikkje trengs for å gjennomføre eit kupp. Data-Harry har greidd å overtala Benny og Kjell til å verta med på laget hans, og dei er begge svært så engasjerte. Men då Egon set ein spikar oppi pluginntaket på datamaskina går heile datasystemet i stå, og Data-Harry vert rasande på bandemedlemmane og jagar dei på dør.
Etter eit nytt opphald på Botsen er Egon igjen klar med ein plan. Medan han har vore i fengsel, har millionane hans vorte omsett til gullbarrar som skal fraktast med tog til Sveits. Den småfeite dansken «Biffen» er sjølvsagt mannen bak. Men Egon har nytta tida bak murane godt. Han har pugga NSB sin rutetabell, slik at han kan manøvrera gullvogna dit han vil når den tid kjem. Som vanleg har han med seg Benny og Kjell på laget, og alt går etter planen heilt til dei skal lasta om gullbarrane frå panservogna til ein heller skrøpeleg lastebil Benny har kjøpt. Når alle gullbarrane er frakta over i lastebilen, skal stakkars Kjell hoppa over i lastebilen. Dessverre knekk heile lastebilen saman, så banden kjem ingen veg. Som vanleg kjeftar og smeller Egon på sine udugelege kompanjongar. Sjølv seier Benny at ein ikkje kan forventa all verdas lastebil for «en påsa med femtiøringer». Bak lurer rivalen Biffen, som har tenkt å ta seg av Egon på sin måte.
Dette er ein av dei mest morosame filmane i serien, mykje grunna eit godt manus og fleire artige situasjonar med banden i sentrum. Sjølv er eg ein stor fan av den danske rivalen «Biffen», spelt av Ove Verner Hansen. Filmserien trengde verkeleg ein slik karakterer, som kan kan verka både truande og morosam på ein gong. Kan ikkje sjå nokon norske skodespelarar som kunne ha spelt denne rolla på ein like god måte som Ove Verner Hansen. Flott at regissør Bohwim fekk med seg denne dansken i dei norske filmane og. Han har forøvrig spelt i flest Olsenbandenfilmar til saman, 16 i alt.
Denne gangen skal jeg skrive en anmeldelse om filmen «Never Back Down». Som ivrig tilhenger av MMA (mixed martial arts), så jeg frem til å se denne filmen som i utgangspunktet kan klassifiseres som en «MMA-film».
Film nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.
Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:
Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.
Jeg husker med blandede følelser hvordan jeg som liten gutt måtte ta bilsyketabletter for ikke å spy bilen til pappa full av halvfordøyd spagetti når vi skulle ut på lang biltur. Heldigvis har jeg vokst av meg det å bli kvalm når jeg kjører bil - iallefall trodde jeg det. Nå kan det imidlertid vise seg at det er kinoturer jeg må medisinere meg litt bedre for å takle!
Etter ein svak femte film i serien, var det duka for ein god «Olsenbanden»-film etter klassisk mønster. Alt tullet frå den forrige filmen er vekke. Då tenkjer eg først og fremst på uheldige sjangerblandingar, for lite fokus på sjølve banden og for lite framdrift. No er både spenningsdelen og den komiske delen gjennomført på ein betre måte. Denne gongen er det Knut Andersen som er regissør, og han gjer ein god jobb med å få filmserien tilbake på rett spor.
I film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje går på tomgang i denne filmen, den verkar både rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsåvidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjå når ein ser ein «Olsenbanden»film.
Denne filmen hadde til å begynne med, for noen måneder sida, ratinga 1.6 av 10 på IMDb. Derfor ble jeg «utfordret» av Ness til å se denne filmen. Etter lang ventetid fikk jeg endelig sett filmen. Denne filmen er langt i fra så dårlig som det kommer frem på IMDb. Hadde ingen problemer med å komme meg igjennom filmen. Det hele starter med at hovedrolle-karakteren Jerry Pelt vender tilbake til småbyen hvor han er vokst opp i, han vender tilbake for å undersøke bestefarens mystiske død. Her møter han en gammel venninne som er advokat, hun vil være med å oppklare bestefarens død. Det viser seg at denne småbyen har blitt gjennomsyret av korrupsjon, illegal business som smugling og prostitusjon, mens Pelt har vært borte.
Etter tre litt ujamne filmar i serien, var det endeleg klart for den første skikkeleg gode «Olsenbanden»-filmen. «Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok» er ei litt meir seriøs utgåve av banden, sjølvsagt med ein del komiske scener, men med betydeleg færre teite og amatørmessige scener som spesielt prega den første og tredje filmen. Samspelet mellom bandemedlemmane byrjar no også å fungera betre, og med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform som Dynamitt-Harry vert det ein god del artige scener.
Det er ein del artige detaljar og scener i denne filmen. Ein av dei er at Hermansen denne gongen nyttar seg av vanlege Egon-uttrykk som «alt er taima og tilrettelagt» og «aksjon starter i morra tidlig» i sin eigen politiaksjon. Ein annan ting er måten Egon greier å koma seg inn på rommet der pengeskapet befinn seg, rett og slett genialt utført av bandesjefen sjølv. For ikkje å gløyma når han vert stengt inne på fryselageret i same bygning. For å få han ut derifrå må Dynamitt-Harry gå i gong med spregningskunstane sine. Nedtellinga til sprenginga føregår samtidig med politiet si eiga nedteljing til deira aksjon. Kort og greitt kan ein seia at både humordelen og spenningsdelen er vorten mykje betre samanlikna med dei tre første filmane. Etter det eg kan hugsa var det også denne filmen i serien som fekk best besøkstal på kinoen i si tid. Kan til slutt nemna at dette var den første heile «Olsenbanden»-filmen eg såg, og den fekk meg til å verta skikkeleg interessert i denne filmserien.
(0 hittil)