(Ness:) Roar hadde lyst til å fullføre Olsenbandenløpet han starta på Filmdagbok for eit år sidan. Sjølv hadde eg lyst å lese dette, og stod ikkje i vegen for å publisere innlegget.
Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)
Me har bevega oss over til 80-talet, og Olsenbanden har enno ikkje gitt seg. Denne gongen tenkjer Egon stort. Ved å få tak i eit skjult rekneskap i Team Finans har banden sjansen til å skaffe seg stormagasinet Steen & Strøm.  Men alt går ikkje som planlagt. Hovudmotstandarar denne gongen er finansmeklar Bang-Johansen og hans fullmektig Hallandsen. Og kriminalbetjent Hermansen er sjølvsagt på sporet av saka.
Ikkje blandt dei mest minneverdige filmane i serien, sjølv om det er einskilde morosame scener innimellom.
Vurdering: 7 av 10
Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)
Våpenhandel til 1 milliard kroner, og Olsenbanden blir sjølvsagt innblanda. Denne gongen er det forsikringsselskapet Høye Nord og kvitsnippane Bang-Johansen og Hallandsen som skal lurast. Høye Nord har over lengre tid føreteke seg ei rekkje lyssky transaksjonar, noko Egon veit alt om. Han har planane klare for det han trur blir banden sitt siste kupp. Noko som skal visa seg vanskelegare enn først venta. Forsikringsselskapet har nemleg danske Biffen som vaktmann, og han vil gjerne at Egon skal forsvinna for godt på mest mogleg brutalt vis. Eit lite syrebad kan vera tingen.
Sannsynlegvis den aller beste av filmane i serien. Her kunne dei avslutta filmserien på topp. Fleire gode skodespelarar i minneverdige biroller. Kan m.a. nemna Alf Nordvang som Bang-Johansen, Ivar Nørve som gjentek rolla si som Hallandsen frå den forrige filmen, Harald Heide-Steen Jr. som taxisjåfør og Rolv Wesenlund som klåfingra reingjeringsinspektør. Og Biffen sine metodar blir meir og meir oppfinnsame. Alt i alt er dette nære toppscore pga. av gode skodespelarar, fleire morosame scener i tillegg til stødig og god regi av Knut Bohwim.
Vurdering: 9 av 10
Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)
Den nest siste filmen i serien. Samstundes er det den siste med Carsten Byhring (Kjell) og Sverre Wilberg (Hermansen), som begge gjekk bort før den siste filmen i 1999. Sjølv om filmen vart laga i 1984, kan ein seia at nokre av episodane i filmen har vore aktuell for dei siste års nyhendebilete. Det dreier seg nemleg om illegalt sal av Edvard Munch-bilete. Valborg har vore på kunstmålarkurs på friundervisninga, og der har ho lært seg å måla som ein ekte Munch. Ho har i tillegg fått seg vaskejobb på Munchmuseet, og dermed har Egon planen klar. Han vil bytta ut Munch sine originale måleri på Munchmuseet med Valborg sine kopiar, og selja unna dei verdifulle kunstverka til nokre franskmenn med skumle planar. Den danske rivalen Biffen lurer også i bakgrunnen.
Dette er forøvrig den einaste filmen i serien som ikkje er basert på det danske orginalmanuset av Erik Balling og Henning Bahs. Manuset denne gongen er av Gustav Kramer og Knut Bohwim. Dette er ein heilt vanleg Olsenbandenfilm der medlemmane rutinerte (og kanskje litt slitne) trer inn i rollene sine på ein kjend måte. Ein veit kva ein får, så skuffa vert ein ikkje. Det einaste eg har å utsetja på er sjølve slutten av filmen, som kunne vore betre gjennomført som ein hyllest til skodespelarane som hadde vore med gjennom 16 år frå den første filmen i 1969. Likevel reknar eg denne fimen for å vera ein av dei beste i serien. Filmen inneheld den best gjennomførte biljakta i serien, ein artig dialog mellom vaktmann på Munchmuseet (Jon Skolmen) og kriminalbetjent Hermansen, og Per Tofte, som spelar Cap Cheval, både ser og høyrer ut som ein fransk kunstsamlar. Me får eit flott bilete av korleis Oslo såg ut på 80-talet, og denne gongen også flott location i Monte Carlo og Nice.
Vurdering: 8 av 10
Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)
15 år etter forrige film er banden tilbake. Egon er plukka ut som gjest til TV-programmet «På godfot med lidelsen», og i kjend stil rasar han mot alt og alle. Han er svikta, oversett og gløymd. Som ved eit mirakel dukkar både skalken og den stripete dressen frå gamle dagar plutseleg opp, og Egon er klar for nye planar. Både Benny og Dynamitt-Harry får med seg Egon si tv-opptreden, og dermed er deler av banden samla igjen. Nok eit Franz Jæger-pengeskap skal opnast. Samstundes har dei avslørande Wandenberg-dokumenta dukka opp på bagasjebandet på gamle Fornebu, noko Egon har fått med seg.
Kritikarane var stort sett lunkne til denne siste filmen i serien, med unnatak av Dagbladet som gav filmen ein femmar på terningen. Tempoet er uvanleg lågt til sjølv ein Olsenbandenfilm å vera, det blir for lite fart og sprell. Likevel presterar skodespelarane opp mot sitt beste, spesielt Harald Heide-Steen Jr. og Sverre Holm finn fort attende til rollane sine og dei har ein del morosame replikkar. Elles kan det seiast at Carsten Byhring og Sverre Wilberg er sterkt sakna i denne filmen, ein Olsenbandenfilm utan desse to dyktige skodespelarane blir ikkje akkurat det same. I alt ein OK film i serien, som ikkje når opp til dei beste filmane i serien på 1970- og 80-talet. Filmen har riktignok nokre artige scener som trekk litt opp.
Vurdering: 6 av 10
Til slutt ei rangering av alle Olsenbandenfilmane, beste først:
1) Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)
2) Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet (1977, Bohwim)
3) Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978, Bohwim)
4) Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)
5) Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979, Bohwim)
6) Olsenbandens siste bedrifter (1975, Andersen)
7) Olsenbanden for full musikk (1976, Bohwim)
8) Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973, Bohwim)
9) Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)
10) Olsenbanden-Operasjon Egon (1969, Bohwim)
11) Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)
12) Olsenbanden og Dynamitt-Harry (1970, Kant)
13) Olsenbanden tar gull (1972, Bohwim)
14) Olsenbanden møter kongen og knekten (1974, Bohwim)


Egon må no koma på nye påfunn for å få tak i mikrofilmen og pengane. Han har ikkje tenkt å gi seg utan kamp med ein slu finansmeglar. Som ikkje det var nok har også politiet fått kjennskap til saka. Dei hentar Hermansen frå stallen han har jobba sidan sist. Politileiinga meiner han er den einaste som kan hamla opp med banden. Dermed er Hermansen på sporet av favotittbytttet sitt, Olsenbanden, nok ein gong.
Dermed har Egon fått Benny og Kjell tilbake på laget sitt, og saman gjennomfører dei ein genial plan som gjer eit dei får tak i pengane. Så enkelt skal det derimot ikkje vera. Mester Hansen (Henki Kolstad) og Biffen vert sett på sporet av Egon og pengekofferten, og greier å ta pengekofferten ifrå han. Egon må då koma med ein ny plan for å få tak i pengane igjen. Pengane er no hamna i Verdensbanken, der dei skal vaskast reine. Ifølgje Egon er det ei overkommeleg sak, for det er ingen som veit kor lett det eigentleg er å bryta seg ut av Verdensbanken, når ein først har fått låst seg inn i banken om kvelden. Han får overtalt Data-Harry til å verta med. Datakunnskapane hans kjem godt med når dei skal bryta låsen og koma seg ut av Verdensbanken. I bakgrunnen lurer Mester Hansen og Biffen, dei har ikkje tenkt å gi seg utan kamp.
Etter litt om og men er banden klar igjen til å få tak i gullbarrane. Egon har planen klar. Denne gongen får dei med seg ein litt meir skikkeleg Dynamitt-Harry, og dette blir deira siste sjanse til å få fatt i gullvogna. Nye artige situasjonar oppstår, og med «Biffen» i nærleiken er det ingenting som er avgjort.
Dette er også den første filmen der Øivind Blunck medverkar som Holm, assistenten til Hermansen. Samspelet desse to imellom er glimrande. Medan Holm lever av jobben sin og alltid vil få ting gjort, er Hermansen meir og meir lei jobben sin og likar heller å utnytta arbeidstida si med sine eigne interesser. Sverre Wilberg er som alltid glimrande som Hermansen, og kjem med mange fulltreffarar etter ei lang fartstid som kriminalbetjent, m.a. : «Viss du absolutt skal oppklare forbrytelser Holm, så må du gjøre det på fritiden». Mange andre fulltreffarar er det også banden imellom, mellom anna får Kjell høyra det etter sitt uheldige hopp i lastebilen; «Av alle deigklumper er du den største (Egon)», «Du må ikke ta ta det så tungt (Benny)».
Denne gangen skal jeg skrive en anmeldelse om filmen «Never Back Down». Som ivrig tilhenger av MMA (mixed martial arts), så jeg frem til å se denne filmen som i utgangspunktet kan klassifiseres som en «MMA-film».
Film nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.
Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:
Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.
Jeg husker med blandede følelser hvordan jeg som liten gutt mÃ¥tte ta bilsyketabletter for ikke Ã¥ spy bilen til pappa full av halvfordøyd spagetti nÃ¥r vi skulle ut pÃ¥ lang biltur. Heldigvis har jeg vokst av meg det Ã¥ bli kvalm nÃ¥r jeg kjører bil — iallefall trodde jeg det. NÃ¥ kan det imidlertid vise seg at det er kinoturer jeg mÃ¥ medisinere meg litt bedre for Ã¥ takle!
Etter ein svak femte film i serien, var det duka for ein god «Olsenbanden»-film etter klassisk mønster. Alt tullet frå den forrige filmen er vekke. Då tenkjer eg først og fremst på uheldige sjangerblandingar, for lite fokus på sjølve banden og for lite framdrift. No er både spenningsdelen og den komiske delen gjennomført på ein betre måte. Denne gongen er det Knut Andersen som er regissør, og han gjer ein god jobb med å få filmserien tilbake på rett spor.
I film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje gÃ¥r pÃ¥ tomgang i denne filmen, den verkar bÃ¥de rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsÃ¥vidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjÃ¥ nÃ¥r ein ser ein «Olsenbanden»film.
Denne filmen hadde til å begynne med, for noen måneder sida, ratinga 1.6 av 10 på IMDb. Derfor ble jeg «utfordret» av Ness til å se denne filmen. Etter lang ventetid fikk jeg endelig sett filmen. Denne filmen er langt i fra så dårlig som det kommer frem på IMDb. Hadde ingen problemer med å komme meg igjennom filmen. Det hele starter med at hovedrolle-karakteren Jerry Pelt vender tilbake til småbyen hvor han er vokst opp i, han vender tilbake for å undersøke bestefarens mystiske død. Her møter han en gammel venninne som er advokat, hun vil være med å oppklare bestefarens død. Det viser seg at denne småbyen har blitt gjennomsyret av korrupsjon, illegal business som smugling og prostitusjon, mens Pelt har vært borte.