IMDb: 7.7/10 from 11,065 users
Trettande luke i julekalender 2011 handlar om julefeiring ved fronten under første verdskrig. Tyske, franske og engelske styrkar møtes i vinterkulda for litt champange, julemusikk og kos.

«Christmas pudding of a production tries to satisfy all and ends up pleasing none», skreiv Paul Byrnes i The Sydney Morning Herald dÃ¥ Joyeux Noël hadde premiere i 2005. Byrnes er inne pÃ¥ noko, sjølv om eg ikkje er heilt einig i at dette er ein pudding av ein film.
Joyeux Noël fortel om våpenkvila ved fronten i desember 1914. Hendingane er basert på ei sann historie som involverte rundt 100 000 soldatar. I filmen møter vi tre små troppar, med tyske, engelske og franske soldatar. Eit par hundre menn og berre ein brøkdel av totalen.
For å ta grunnane til at dette ikkje er ein pudding først. Joyeux Noël får fram den grusomme sida ved føsrte verdskrig. Det var i stor grad ein krig som handla om hyppig slakting i fronten. Over fem millionar liv gjekk tapt på slagmarkene. 1 poeng. Delen av filmen som handlar om julekos og sånt gjer eit viktig poeng ut av at folk er like. 1 julepoeng.
Grunnen til at Joyeux Noël er pudding er at den avgrensar hendinga til troppane i filmen. Det blir ikkje snakka om dei andre soldatane som gjorde det same. Vi får servert ei løgn som går på at maks eit par hundre var involvert. 1 minuspoeng for faktafeil. Det heile drar ut og blir for lystbetont til at eg klarar å svelge det som realistisk. Det handlar om premissane filmen lagar for seg sjølv. Filmen kunne ha vore forutan det romantiske innslaget. 0.5 minuspoeng.
Poeng, julepoeng om minuspoeng blir cirka 6 på ein skala frå 1 til 10. Eg blir aldri frelst, men annerkjenner at Joyeux Noël forsøker å røre.
6/10
IMDb: 6.5/10 (8,502 votes)
Doomsday- og The Descent-regissør Neil Marhsall har skifta fokus frå framtid og notid til fortid med sitt hopp tilbake til romartida. Midtpunktet for handlinga er den mystiske forsvinninga til den niande legionen. (Les vidare under bildet).

Med kjennskap til dei tidlegare filmane til Marshall, og Doomsday fersk i minnet, forventa eg rå og blodig action. Og utan å gå rundt grauten, så kan det slåast fast at desse forventingane innfrir.
Bygd opp rundt kampar mellom romarar og det britiske folkeslaget piktarane, og med ei påfølgande flukt, er dette ei dyster historie som ikkje kastar bort tida på altfor mange romantiske pausar. Er ein ute etter korrekt historieforteljing kan ein lett gå vidare, Centurion si målgruppe er først og fremst den som ser fram til kreative drap og nedslaktingar, litervis med mørkt blod og få pustepausar. Samtidig er den raude tråden god nok til at heilskapen ikkje berre er ein haug med dyre effektar.
Dette fenga iallfall meg.
6/10
IMDb: 8.3/10 (12,306 votes)
Med sine tre timar kan «Judgment at Nuremberg» skremme som rettsdrama. Tre timar betyr derimot at Stanley Kramer har kunne gå i djupna og forme filmen slik at det ikkje blir eit hastverk mellom korte argument og så ein felt dom. «Judgment at Nuremberg» blir godt nettopp fordi den kan bruke tida på å bygge seg opp og krype under huda. At både den tyske og amerikanske advokaten får sagt sitt, at ingen blir favoriserte, trass i klientane sine, og at alle spørsmåla rundt behandling av brotsverk gjort av enkeltmenneske i krigssamanheng kjem fram, gjer dette til utruleg god film.
9/10
IMDb: 8.0/10 (51,482 votes)
Matthew Broderick passar godt som den vesle pysa som ufrivillig blir påkledd helterollen etter ei slag under den amerikanske borgarkrigen. Når nordstatane planlegg å starte ei afroamerikansk avdeling ser han si plikt å fylle litt ekte helt i soldatstøvlane. «Glory» er ein moderne, historisk storfilm, og det ein god ein. Den er verken særleg overraskande eller, utan å legge dempar på innhaldet, særleg sjokkerande. Den står ikkje fram som ei sterk stemme i rasediskrimingeringsdebatt, men er ein solid borgarkrigfilm, med godfølelse, sterke rollefigurar, flotte krigsscener og ei fin skildring av forholda. Pluss den er lett å leve seg inn i.
8/10
IMDb: 4.4/10 (97 votes)
Thora Birch var stor i «Ghost World», men gjer ei like kjedeleg rolle i «Winter of Frozen Dreams» som filmen er kjedeleg. Den støttar meg opp pÃ¥ pÃ¥standen min om at «basert pÃ¥ ei sann historie» betyr lite eller ingenting. «Winter of Frozen Dreams» er dÃ¥rleg strukturert, ein rotete film som ikkje klarar Ã¥ bygge seg opp til slutten som filmen blir introdusert med. Det er umotiverande Ã¥ sjÃ¥ ein film der den kriminelle handlinga er uinterssant, ufullstendig framstilt, langt i frÃ¥ mystisk og aldri skikkeleg løyst. Eg hugsar ikkje kvifor eg skulle sjÃ¥ filmen, men gløymer den forhÃ¥pentlegvis snart.
3/10
IMDb: 8.1/10 (56,091 votes)
Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.
På grunn av lengda er ikkje dette ein film som ein kan sette seg ned med ein kva som helst dag, eg måtte like greitt dele den på midten og ta delen etter intermission dagen etter, noko som kan ha virka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lot meg forføre til den grad eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.
«Gone with the Wind» fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O’Hara (Vivien Leigh) som veks opp til Ã¥ bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege technicolor, sterke, klare fargar og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historien som blir fortalt over mange Ã¥r er drama av ypperste slag, det involverar veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, satt tidsvis i eit krigsprega miljø forsterkast kjensla av hÃ¥plausheit.
Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar, gjerne pene, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje drøye meir på det her. Eg blei aldri dratt heilt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og synst det var ei interessant historie.
8/10
IMDb: 7.6/10 (2,003 votes)
Vit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige krigsbilder kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarar godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar «Assembly» å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir forhåpningar til at filmens slutt er nær, fordi det er så bra. Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna, men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til «Once» for variasjon i festivalprogrammet, for som eg hinta til innleiingsvis med «The Banquet» er dette verkeleg velprodusert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.
8/10
IMDb: 7.7/10 (46,023 votes)
«The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» er det stikk motsette av «Superbad», dønn seriøs og dyster i bøtter og spann. Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at dette ikkje virkar som ein ekte western kan det godt vere eg er på jordet. Den gjer iallfall ikkje noko ut av å vere det, her er det ei god historie som tek all merksemda. Skytinga er fandenivoldsk rå, mindre tilstadeverande i filmen, men skikkeleg skarp på lydsporet. Saman med mange andre ting imponerte dette meg. Mest av alt likte eg filmen fordi den klarar å fortelje historia utan mykje dilldall, og at den framleis held høg stand etter det ustanselege skjer når den er sopass lang som den er. Skryt må også Brad Pitt og Casey Affleck få. «TAoJJbtCRF» er nok ein av dei mest komplette nye filmane eg har sett denne hausten og leverar over heile linja.
8/10
IMDb: 6.6/10 (2,875 votes)
«The Banquet» er ein kinesisk adapsjon av Shakespeare sin Hamlet. Det er eit kaldt og kjenslelaust drama med mektig musikk og nydelege bilder. Gjennomført med sikkert ynde er det flyten i rørslene som imponerar mest her, for når det kjem til dramaet blir det heile så stilistisk kaldt og perfekt at eg ikkje finn nokon å vise medkjensle for. Eg kan skjønne om nokon vil gi meg juling når eg seier at dette blir for mykje av det gode, men regissør Feng Xiaogang køyrer på med for mykje sakte kino og meiningslause bilder. No skal eg ikkje nekte for at filmen inneheld nokre utrulege kampscener heller, og får fram kor viktig ære er for keisarskapet og adelen. Eg kunne derimot fint klart meg med halve filmen.
6/10
IMDb: 8.2/10 (6,563 votes)
I forbindelse med rundinga av 800 reine filmpostar, ekskludert tv og andre samlepostar, hadde eg tenkt å ha ei forslagsrunde på kva film eg kunne feire det runde talet med. Når eg så skulle til å skrive om Clint Eastwood sin andre del av det tosidige krigsfilmdramet om kampane på den japanske øya Iwo Jima, merka eg at dette var film nummer 800, så der gikk planen i vasken.
«Letters from Iwo Jima» er altså den andre krigsfilmen frå Eastwood på relativt kort tid, og heng på sett og vis saman med «Flags of Our Fathers». Den føregår samtidig, men me blir fortalt historia om kampane frå japansk pespektiv, tilsynelatande utan innblanding av amerikanske synspunkt.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg såg fram til denne filmen etter å ha blitt positivt overraske over det «Flags of Our Fathers» bydde på. Eg enda opp med å bli svært så skuffa! Historia tilseier at den japanske sida taper, og det ville vore naturleg å føle sympati med den triste skjebna til tvangsinnkalla japanske borgarar. Framstillinga blir for kald og kjenslelaus til at eg kan klare å engasjere meg.
Fargane er så nedtona at det er på grensa til å vere svart/kvitt, noko eg slettes ikkje ser poenget med, og som øydelegg mykje for meg. Samtidig blir kvar einaste scene strekt ut i det uuthaldelege, utan at tankane til personane bak eventuelle nærbilde blir tydelegare av den grunn.
Eg kan sei mykje eg ikkje likte om filmen, men kjem ikkje unna at den er teknisk velprodusert. Eit par slag i ansiktet på erkeamerikansk tankegong gir små stikk av glede i ein film som står igjen som bleik i forhold til sin brorfilm «Flags of Our Fathers».
6/10