IMDb: 8.0/10 (2,847 votes)
Den etterlengta filmen om nyutdanna lege, skotske Nicholas Garrigan (James McAvoy) sitt eventyrsøken, som endar opp som personlege lege og rådgivar til ein av dei grusomaste diktatorane verda har sett siste halve århundre, skuffar litt.
Forest Whitaker har fått mykje skryt for rolla som Idi Amin, og eg kan ikkje anna enn å føye meg inn i rekka. Mannen har spelt i gode filmar før, men eg har aldri sett han gjere ei så sterk rolle. Han er og den som trekk «The Last King of Scotland» opp. For å følge Garrigan, som ikkje har det ekstra som gjer han til ein interessant karakter, endar opp med å bli ei gjennomsnittleg affære. Og når det er dette som er grunnlaget for filmen, så er det logisk at det speglar av på filmopplevelsen.
I fare for å få folk på nakken vil eg påstå at denne filmen ikkje er anna enn eit forsøk på å innhente ein Oscar, ved å bruke ei velkjent oppskrift som omhandlar ei grusom hending i Afrika. Det har fungert før, men eg saknar det vesle som får meg skikkeleg oppgitt og engasjert over det som skjer her.
No blei det mykje negativt her, og eg skulle nok lagt meir vekt på det positive, ettersom eg i utgangspunktet synst filmen var over middels. Men etter å ha skrive dette er eg ikkje sikker lengre på kva eg eigentleg synst om filmen, og endar opp med å plassere den i mellomklassen.
7/10
IMDb: 7.4/10 (4,999 votes)
Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse følelsane så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.
Her er det solide dosar maskingevær og traumar, samt politikk. Men det er også ein film som stikk djupare i tolkinga av kva ein helt eigentleg er. Filmen handlar om ei gruppe soldatar som var med å sette opp eit flagg på den høgste toppen på den japanske øya Iwo Jima, og som blei avbilda og raskt gjort til amerikanske heltar som direkte årsak av dette. Dei finn seg ikkje til rette i helteposisjonen og kan ikkje skjønne kvifor dei, som ikkje gjorde anna enn å overleve, skal bli satt høgare enn andre soldatar.
Med sine 2 timar har heller ikkje filmen overdreven lengde til krigsfilm å vere, og det blir god tid til å gå i djubden på kva som skjer på øya, helteturneen i ettertid og det avsluttande kapittelet. Ingen ting synest å vere gjort unødvendig og eg fann meg sjølv i å sitje som oppslukt den siste halvtimen, utan tanke om anna. No ser eg svært mykje fram til «Letters from Iwo Jima», som eg trur kan bli betre enn denne tilogmed.
7/10
IMDb: 8.0/10 (23,794 votes)
Det skal ein sabla god film til for Ã¥ begrunne 3 timar film. Diverre er ikkje «Spartacus» sÃ¥ sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilder utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine ‘Oh, I love you of all my heart!’ og ‘Oh, I love you even more!’. Kirk Douglas er ikkje anna enn ein stor smørklump, og blir for mykje av det gode som Spartacus.
Eg kjem ikkje utanom at eg nettopp har starta å følge med på «Rome» igjen heller, og at «Spartacus» blir som ein motpol til serien, og som eit eksempel på den typiske Hollywoods, delvis konservative, store studioproduksjonen.
Litt skryt må til på slutten for å vege opp om den middels karakteren eg har tenkt å gi den. Det høyrer med til filmen at Stanley Kubrick hadde eit budsjett på 12 millionar dollars. Som samanlikning kosta det 44 millionar å lage «Cleopatra» tre år etter. Han har fått ein lang film ut av desse pengane, og sjølve historia om Spartacus er jo ei god ei.
5/10
IMDb: 7.0/10 (1,352 votes)
Det startar som ei vanleg kriminalhistorie. Fleire kvinner blir funne drept i Boston, alle saman kvelne i sin eigen heim, utan teikn til innbrot. Ettersom spreiinga på drapa er over fleire politidistrikt kan ikkje politiet etterforske på vanleg vis, og ei spesialgruppe med jusseksperten John S. Bottomly (Henry Fonda) i sjefsposisjon blir danna.
Etterforskinga blir fulgt på vanleg vis, eller ikkje heilt vanleg i filmsamanheng. «The Boston Strangler» tek i bruk dokumentariske verkemiddel for å gjere det interessant og ekte. Den første timen viser flittig bruk av splitscreen av ymse slag for å vise kva som skjer samtidig, nesten som i «24». Innimellom dukkar også mordaren opp, og nye ofre blir krevd.
Så, cirka halvveges så forandrar filmen struktur. Spliscreenfrekvensen blir tona ned og filmen blir meir psykologisk thriller enn kriminaldrama. Og det til det betre. Det var her eg verkeleg fatta interesse for filmen. Sjølv om den er basert på ekte fakta er den svært så fiksjonalisert, og det kan vere greitt å vite om filmen at den legg til fleire element som ikkje har noko med den ekte historia om Albert «The Strangler» DeSalvo å gjere.
Men så er dette ein film, og det er ein god film som eg faktisk vil anbefale. Den er spennande, byr på enkelte uventa vendingar. Har ein del interessante fakta og generelle opplysningar om politiversemd, som eg håpar stemmer. Spliscreen-klippinga var effektiv, men også ein del av filmens svakheit, for det kan bli for mykje av det gode, og nokre av rutene blei så små at nærheita dei prøvde å oppnå med objekta sine forsvann i virrvarret.
7/10
IMDb: 7.7/10 (692 votes)
Mitt første møte med indisk film var denne historiske gjenfortellinga av opprøret i India på slutten av 1800-talet, leda av helten Mangal Pandey. Det er ein rimeleg kort film i forhold til det eg hadde forventa meg av ein indisk film, og ikkje fullt så mykje dansing og musikk. Ikkje det at det ikkje var dansing og musikk, for det var fleire innslag av det her og. Men eg hadde kanskje forventa meg litt meir av det.
Det var ein fin film, verkeleg engasjerande på ein lett måte, eg likar generelt ikkje krigsfilmar, men denne hasta aldri avgårde, og pressa heller ikkje så mykje på med slagscener. Det er dessutan blanda inn ei fin historie om vennskap her, og fleire andre ting får også god plass i filmen.
Det blir vanskeleg å vurdere denne sidan det som sagt er min første Bollywoodfilm, viss ein kan kalle dette ein Bollywoodfilm, eg er litt usikker på om det er nokon spesielle ting som skal til for å kalle det det. Hollywoodfilm på folkemunne blir jo ikkje alltid laga i Hollywood så, korleis det er omkring Bollywood er ikkje godt å sei.
Einaste eg kan konkludere med er vel at filmen opna augo mine for at det ikkje nødvendigvis berre er kjærleik og dans i indisk film. Dette visste eg vel innerst inne, men det er godt å ha fått stadfesta det. Tenker likevel eg må sjå ein film i den retninga snart og. Tips folkens?
8/10
IMDb: 7.8/10 (11,000 votes)
Sterke saker.
Dette er filmen om «det siste flyet», altså det som ikkje traff nokon bygning i forbindelse med tragedien i U.S.A. den 11. september 2001. Filmen blir vist i sanntid, som i at eitt minutt på filmen tilsvarte eitt minutt på ekte, og med håndholdt kamera blir det i tillegg ein dokumentarprega film. Det føles rett nok meir som ein dokumentar enn eit drama, men noko her er nok det blitt tenkt fram til framfor henta frå sikre kjelder.
Av skodespelarar er det ikkje så mange kjente, noko som passar meg godt i ein slik film, eg kunne aldri sett for meg Tom Cruise forsøke å redde passasjerane. To ansikt har eg sett før, Christian Clemenson (Abel Koontz i «Veronica Mars») og Mr. «Sledge Hammer» (a.k.a. David Rasche, som nyleg var president i «The Sentinel»).
Det er brukt veldig lite musikk, eg la faktisk merke til det berre to stader, og det blei difor ekstra sterkt i dei samanhengane. Ein kandidat for beste film i september kanskje? Eg fekk iallfall frysningar på ryggen, så det lovar godt.
7/10
IMDb: 7.9/10 (3,416 votes)
«Mytteriet på Bounty» sendte meg i første omgang på ei samanlikningsferd til Potemkinland, men eg oppdaga etter kvart at dette var ein mykje meir omfattande film.
For det første er det lyd, for det andre varer den 1 time lengre, og for det tredje er større variasjon i kulissane. Men begge filmane fortel noko som faktisk har hendt, og dei gjer det begge på ein god måte.
Eg fekk ikkje med meg opningen på filmen, noko som irriterar meg litt, men kom heldigvis rimeleg fort inn i kven som var kva. Og ikkje langt ut i filmen hadde alle fått sin plass i filmen. Kapteinen som den grusomme, egoistiske myndigheiten. Dei pysete offiserane som ikkje torte å gjere anna enn å avlyde pent, og mannskapet som blei behandla som ville dyr.
Det ligg i lufta heilt i frÃ¥ starten av at det kjem til Ã¥ skje noko, noko som ein fint hadde fÃ¥tt med seg om ein verken visste namnet pÃ¥ filmen eller noko historie til den. Men det tek litt for lang tid før det skjer. Filmen hastar ikkje avgarde i dei andre delane av filmen heller, utan at eg skal klage pÃ¥ det. Men slutten kom likssom aldri. Eg gjorde meg klar til Ã¥ slÃ¥ av og det var igjen 15 minutt…
Likevel likte eg filmen, og klarte å fortrenge eit par *gjesp* og kjenne spenninga dirre på båten, føle hatet mot Bligh, engasjere meg i rettsaka og nyte dei kvite strendene på Tahiti.
7/10
IMDb: 8.0/10 (8,222 votes)
Også kjent som «Panserkrysseren Potemkin», Sergei Eistensteins hyllest til besetninga på den russiske panserkryssaren i 1905 er ein film eg ei stund kunne tenke meg å sett heile av, og ikkje berre klypp under forelesing. Når filmoppvisinga i tillegg er stempla med «Film+Musik. LIVE», dvs. livemusikk av Eisenstein Cinematic Orchestra. Dette gav ein heilt ny dimensjon til filmsjåing for min del, og er absolutt å anbefale om sjansen byr seg.
I lag kan dette kallast underhaldande kunst. For meg kraftig og stemningsfulle tonar komponert av Christian Rønn og Peter Peter kjeda eg meg ikkje eit sekund.
Eg sovna derimot to gonger, i nokre få sekund, med det var av andre årsaker. Og 1 time på tregolv er heller ikkje spesielt behageleg. Ein faktor som skulle ha motvirka søvn.
7/10
IMDb: 7.9/10 (15,787 votes)
Eit interessant politisk tilbakeblikk på fødselen av 60 Minutes og senator Joseph McCarthy si etterfølging av kommunistar og dei som måtte ha kommunistar i den nære omkretsen sin. Filmen og dei mektige folka øvst i samfunnet her gjorde meg opprømt, og trass det at filmen ikkje er anna enn snakking, arkivfoto og poitikk, så er den ganske god.
6/10
IMDb: 8.4/10 (7,689 votes)
Mine meiningar om denne filmen etter å ha sett den for andre gong, berre 1 månad etter første gong, forblir dei same. Filmen er informativ og godt laga, men den blir litt kjedeleg. Eg var faktisk ikkje den einaste som sovna under visninga. Ikkje verdt ein så høg poengsum som 8.4, men likevel ein god film.
5/10