IMDb: 6.5/10 from 15,872 users
I 1348 kom svartedauen til England. Mange segna om som fluger, mens andre desperat prøvde å unngå pesten.

Vi møter Osmund (Eddie Redmayne), den ulydige munken. For personleg vinst oppsøker han kallet frå Gud. Dei som ser etter teikn frå over for å overbevise seg sjølv treng sjeldan vente lenge. Osmund sitt mål er å komme seg bort frå klosteret for å møte ei dame. Helst langt borte frå pestramma befolkningar.
Svaret frå over kjem til Osmund i form av gjengen til Ulrich. Ulrich blir spela av Sean Bean. Han er ein ridder på jakt etter ei trygg hamn, fri frå pesten. Det går rykter om ein landsby som ikkje er råka, og Ulrich treng ein vegvisar. Sånn har det seg at Osmund og Ulrich legg ut på reise.
Reisa blir både blodig og sjukdomsprega. Generelt er folk lite vennlege i Black Death. Det pregar filmen, som er både mørk og dyster i framtoninga. Med denne tematikken passar det godt. Blandar vi inn religionskonfliktane som er får vi ein film som er meir tidsrett.
Men filmen er ikkje ein artig blodsfest eller eit intenst drama. Han forsøker i blant på begge deler, men eg blir ikkje engasjert. Filmen tek seg god tid til små ting, til samtalar og triste ansikt. Inntrykket mitt i starten var at filmen skulle bli noko meir. Dette gjer at nokre sekvensar blir for lange og kanskje for grundige for filmens beste.
Black Death er god på karakterar. Grusomme personar som uansett religion eller ikkje, ikkje skyr nokon middel i kampen mot målet. Det blir den ærlege og direkte framstillinga av kven det måtte vere som hevar inntrykket av filmen til slutt. Filmen hadde noko han skulle formidle, men halta litt på vegen. Det var kanskje streben etter å vere så mørk og tøff som hindra han.
6/10
IMDb: 7.1/10 from 54,394 users
Åttande luke i julekalender 2011 er horrorkomedien Gremlins frå 1984. Gremlins blei ein stor suksess. Filmen fekk sin oppfølgjar i 1990, og har inspirert til filmar som: Critters, Ghoulies, Troll, Hobgoblins, Beasties, Kamillions, Spookies, og Munchies.

På ei forretningsreise til New York besøker Randall Peltzer Chinatown. Han jaktar julepresang til sonen sin og endar opp med ein mogwai, ein søt liten bamseliknande skapning. Instruksane til selgaren er: a) Ingen sterke lys. b) Ikkje i kontakt med vatn. c) Aldri mat etter midnatt.
Gremlins skyr verken vald, forstyrra sinn eller alkohol og tobakk. Summen er ein fornøyeleg svart komedie. IOg filmen passar minst like godt til vaksne som modige barn. Innstruksane dannar grunnlaget for ei tradisjonell og gjennomført oppbygging. I den forstand at sjåaren blir belønna seinare for å følgje med. Fram mot klimakset brukar Gremlins tida på å bygge miljø, gjere oss kjente med karakterane og sette oss i julestemning.
Gremlins humor, god stemning og høgt tempo. Filmen er rik på detaljar, men samtidig ukomplisert. Ei slik samansetting gir han potensielt høgare gjensynsfaktor. Dommen er positiv.
7/10
IMDb: 3.0/10 from 552 users
Tredje luke i julekalender 2011 er ein slasher frå åttitalet. Sesongarbeidande julenissar blir drept på løpande band rundt om i Soho i London. Politiet står ansikt til ansikt med vanskelege utfordringar i jakta på drapsmannen.

Drapsmannen i Don’t Open Till Christmas har tydeleg ei drivkraft som fÃ¥r han til Ã¥ drepe julenissar. Og drapa stikk seg fort fram som den raude trÃ¥den. Dessverre er det ingen eller fÃ¥ deler av filmen som er opplagte eller logiske. Scener som skal forklare og byggje opp rundt karakterane er fjerna eller aldri pÃ¥kosta produksjonen. Store deler av Don’t Open Till Christmas blir ei uregelmessig hopping framover i tid.
Don’t Open Till Christmas er eit resultat av elendig manus og amatørar pÃ¥ bak teknikken. Musikken er det einaste unntaket. Sjølv om budsjett ikkje er synonymt med kvalitet, sÃ¥ ville Don’t Open Till Christmas sett seg tent med pÃ¥kosta assistanse. Lyssettingen er eit av dei verste eksempla og kan forvekslast med ein person med lommelykt.
Filmen har underholdningsverdi i mangelen på kvalitetar. Emna han har til å overraske med totalt håplause scener som kjem tilfeldig på rekkje og rad. Men det er langt i frå godt nok. Filmen ligg an til å bli det verste bidraget i julekalenderen. Julestemning er fråverande medan kjedsomheit toppar passande ordval.
3/10
IMDb: 6.4/10 from 9,297 users
Red State er den nyaste filmen til Clerks-regissøren Kevin Smith, og første filmen hans som ikkje er ein komedie. Som det stÃ¥r pÃ¥ plakaten: «An unlikely film by that Kevin Smith».

Kevin Smith prøver på mykje med Red State, men for min del blir det ein kjedeleg film. Uansett kor grusom og sjokkerande den er, og kor mykje Smith slår ned på kristenfundamentalistane og terroristane som i filmen er ute etter å drepe homofile.
Dei som har litt kjennskap til Kevin Smith veit at han på sin måte er ein forkjempar for homofile skal få aksept. Komediane hans tek har mange uskuldige spøkar som baserer seg på tema, og det blir snakka ein del om det i An Evening with Kevin Smith-seansane, der det kjem fram at det har utspring i at bror hans er homofil. Red State er i så måte typisk nok Kevin Smith, men i ein heilt anna sjanger.
At filmen ikkje lukkast har å gjere med den stadige drepinga av potensielle hovudpersonar. Smith er modig nok til å gjere hendinga til hovudpersonen, og drep unna mange rollefigurar eg kunne tenke meg å følgje med. For meg fungerer ikkje dette, då eg foretrekk å ha engasjere meg i livet til interessante filmrollar. I staden blir Red State ei rekke lengre monologar og ein del skyting som eg bryr meg lite om. Det er aldri så dårleg at eg har vondt av det, men tanken om å slå av filmen streifa meg altfor mange gonger undervegs.
Det kan hende filmen er viktig nok på sin eigen måte. Men eigentleg synst eg den går for langt til å kunne bli teken seriøs, og den går ikkje langt nok eller tek ikkje godt nok vare på meg til at det blir bra nok som ein useriøs film. Eg har ingenting i mot ukonvensjonelle filmar, men Red State hamnar mellom fleire stolar.
5/10
IMDb: 7.4/10 from 65 users
I 1984 tok Gremlins amerikanske kinoar med storm. Med nusselege monster beit filmen seg fast i dumme tenåringar på lerretet og lykkesøkande filmprodusentar utanfor. Ei rekkje kopiar oppstod i åra som fulgte, blant dei Critters og Ghoulies. Feeding Frenzy er filmnerdane i Red Letter Media sin homage til skarpe tenner på små plastikkdukker som herja kinoane for over to tiår sidan.
Red Letter Media består av Jay Bauman og Mike Stoklasa og er nok mest kjent for grundige Star Wars-analysar på YouTube, litt kjente for videobloggen Half in the Bag, og står óg bak ei fåtall små filmproduksjonar. Feeding Frenzy er nok ein lågbudsjettsfilm med definitive kvalitetsmanglar som helst passar folk som har høyrt om Red Letter Media før. Den er ikkje spesielt god, men morosam, og for det siste så er den verdt å sjå.

Som den smale filmen dette er, har den både småbysjarm og ei handling sett til ein for Red Letter Media; lokal og liten jernvarehandel. Jesse jobbar i butikken som er eigd av den ufyselege Mr. Plinkett. Plinkett som i Star Wars-analyse-Plinkett og Half in the Bag-Plinkett. Som ufyselege butikkeigarar i horrorkomediar seg bør, så har Plinkett ei låst dør i kjellaren, og bak denne døra ligg grunnlaget for mange av morsomheitene og grusomheitene i filmen er skjult.
Historien er enkel, men føles til fordel likevel gjennomtenkt og komplett ut. Her er ingenting lagt opp til tilfeldigheiter. Humoren er til tider god og andre gonger ufrivillig, eller er den det? Effektane, som stort sett er små monster, har begrensa rørsle og dukkar komisk nok opp i busker, kjem flygande forbi skjermen eller blir heist rundt av knapt synlege trådar. Men det heile er med så klart overlegg at det blir ein gimmick i seg sjølv, som i ein Ed Wood-film, men altså med vilje.
Eg skal likevel passe meg for ikkje å gi filmen for mykje kreditt. At filmskaparane er klar over at dette ikkje alltid er like bra, eller bra i det heile, betyr ikkje at det er ok at det ofte er dårleg. Men så var det sjarmen då, og drivkrafta bak filmen. Og det faktum at det er veldig lite dautid i Feeding Frenzy. Eit par kurante skodespelarar her og mindre gode der kan stå som eit eksempel på at filmen aldri er verken heilt på trynet, eller heilt topp. Den er det den er, og det er opp til sjåaren om det litt dårleg kan vere bra nok.
6/10
IMDb: 6.1/10 (4,194 votes)
The House by the Cemetery er tredje instansen i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Catriona MacColl (City of the Living Dead og The Beyond) og David Warbeck tek med seg ungen sin og flyttar ut på landet, til eit heimsøkt hus ved ein gravplass.

I den mest tradisjonelle skrekkfilmen i trilogien er det mystikk og frykt for det ukjente og usette som utgjer brorparten av skrekken. Folk held tilbake informasjon, ler av gamle historiar og står som hinder for dei sentrale karakterane tilsynelatande utan motivasjon. Slikt fremmar ein form for irritasjon som spelar på lag med den trykkande stemninga, framfor å bli ein negativ faktor som trekk ned filmen.
Tankane går til The Shining då Dr. Norman Boyle (Paolo Malco), mannen til Lucy Boyle (Catriona MacColl) ut i filmen blir konfrontert med at han vore i byen før, noko han ikkje har kjennskap til. Det kan ha og gjere med at huset ved gravplassen har ei historie med menn som blir sinnsjuke drapsmenn under opphaldet. Men der sluttar likskapen.
The House by the Cemetery fell i smak som den greie horrofilmen den er. Den har sine svakheiter, men dei blei skyvd til bakgrunnen av at erfaringane med dei to første Gates of Hell-filmane senka forventingane til mellom anna skodespel.
6/10
IMDb: 6.8/10 (6,943 votes)
The Beyond er den andre filmen i Gates of Hell-trilogien til Lucio Fulci. Den har ei meir utfordrande oppbygging enn førstefilmen og går lengre ut i det uforståelege, belønninga blir ein villare og stemningsmessig meir ubehageleg film enn City of the Living Dead.

Catriona MacColl har slått følgje vidare i trilogien og innehar hovudrolla i The Beyond som tilflyttar til ein sørstatsby, Liza Merril. Ho har arva eit hotell som vi i opningssekvensen får vite at er plassert på toppen av ein av sju portar til helvete.
Unødvendige Ã¥ poengtere, men likevel, sÃ¥ skjer det ein del skrudde saker pÃ¥ grunn av dette. Fantasien til Fulci (regissør) og Sacchetti (manus) er rik, og De Rossi (effektar/make-up) har ikkje hindra utløpet. The Beyond er ikkje ein film Ã¥ nyte middagen til. Trass i mange utbrot av «kva faen?» bÃ¥de pÃ¥ grunn av gørr og blod og snodige grep og vendingar i historien, er ikkje The Beyond sÃ¥ hinsides at den blir eit uangripeleg eksperiment. Det er nok til at filmen blir noko eige, men beheld ein raud trÃ¥d Ã¥ følgje.
The Beyond passar godt for tilhengjarar av det overnaturlege og brutale, blodige og grisete. Men kan òg bli sett på som ein god skrekkfilm med originale utfall, som ei inspirasjonskjelde til Quentin Tarantino eller ein Fulci-zombiefilm-spesial.
6/10
IMDb: 6.1/10 (5,295 votes)
Etter suksessen med Zombi 2 gjekk Lucio Fulci i 1980 vidare til Ã¥ byrje pÃ¥ det som har blitt kjent som Gates of Hell-trilogien. FrÃ¥ 1980 til 1981 kom Paura nella città dei morti viventi (City of the Living Dead), E tu vivrai nel terrore – L’aldilà (The Beyond) og Quella villa accanto al cimitero (The House by the Cemetery). Filmane inneholdt levande døde, tok opp det okkulte og er kjenneteikna ved Ã¥ utfordre tradisjonell historieforteljing.

Etter at ein prest heng seg sjølv i småbyen Dunwich, byrjar merkelege ting å skje. Folk forsvinn og nokre dukkar opp igjen døde, skremt i hel. Parallellt med hendingan ei Dunwich følgjer me Mary (Catriona MacColl) som i ein seanse vitna sjølvmordet og har blitt innforstått med at portane til dødsriket er i ferd med å opnast. I lag med journalisten Peter Bell (Christopher George) prøver ho å finne ut kva som skjer.
City of the Living Dead er rik på stemning og ubehag. Tankane gjekk til Kubrick-klassikaren The Shining, der ein blir sittande å vente på det som er rundt neste hjørne. Nedtoninga, nesten fråveret av humoristiske element gjer at splatter-effektane bygg opp under ubehaget heller enn å bli hysteriske. Musikken til Fabrio Frizzi, komponisten som Fulci hadde med på Zombi 2, pakkar filmen inn i eit rikt teppe av passande tonar. Det gjennomgåande tema blei gjenstand for nynning i ettertid.
Skodespel i særklasse er fråverande i City of the Living Dead, som òg manglar eit fengslande handlingsforløp. Det er Fulci sitt pådriv til å gjere dette på sin eigen måte og heller ikkje sky originale vendingar som gjer dette verdt tiden. At alt som skjer ikkje nødvendigvis skal ha noko djupare meining er med på å byggje opp under det uføreseielege. På ei heilt anna side er filmen rik på varierte frampeik som gir sjåaren stadige belønningar om ein følgjer med.
Film nummer to, The Beyond, skal vere hakket meir spesiell og er den filmen i trilogien eg har dei største forhåpningane til.
7/10
IMDb: 5.0/10 (1,648 votes)
Xtro kom tilfeldigvis opp i søkeresultatet på plakaten for Return of the Living Dead III, og med ei fengande plotline og eit sprekt monster tenkte eg at dette i verste fall måtte vere litt gøy.

Xtro viste seg å vere verken fengande eller sprek. Den er langsom og dødfødt, men har gørr og grusomheiter og er litt for spesiell. Den mest minneverdige scena går ut på at ein vaksen mann blir født ut av ei kvinne eit romvesen har tukla med. Mildt sagt ei stor påkjenning og mykje blod. Etter at Tony frå plakaten får draumen sin oppfylt får han overnaturlege emner til å mane fram ein klovn som finn på mykje faenskap i heimen, blant anna å drepe barnevakta. Skulle du vere redd klovnar kan dette vere ein god skrekkfilm for deg.
Forutan innslag av slike rare hendingar så har Xtro lite å gå på. Håplause folk og uinteressant handlingsforløp er kjerna i filmen som i beste fall klarar å oppnå ei ubehageleg stemning som eg ikkje set pris på.
3/10
IMDb: 5.7/10 (4,983 votes)
Det lot vente på seg, men fem år etter 2-aren kom nok ein bedriten film i serien Return of the Living Dead.

Eg vart tenkt til å skrive om heile serien, men hadde lite lyst etter å opplevd nok ein nedtur. Det mest interessante med Return of the Living Dead III er Melinda Clarke, seinare kjent i TV-serien The O.C. Interessen varer sånn cirka i 2 minuttar, før eg fann ut kor eg hadde sett ho før.
Den største irritasjonen ligg i korleis konseptet zombie blir tilpassa scenene, der nokon kjapt blir hjernedøde og svoltne på hjerne, medan andre klarar å kontrollere seg. At zombien kan vere smart bryr meg lite, sidan voodoo-zombien i gamle, gamle dagar har det skjedd like nesten mange tilpasningar som filmar, og det har holdt monsteret i live.
Det einaste som er festleg er den påtatt kule slangen. Kul ungdom formidla på film av nokon som tydeleg ikkje kjenner til kva kul ungdom er, er kult. Utanom dette, ingen anbefaling. Sjå den første filmen, stopp der.
4/10