At nedturen byrja allereie i andre filmen var skuffande, men ingen stor overrasking. Return of the Living Dead Part II har godkjente zombiescener, men manglar den rette oppbygginga og karakterane til å gjere dette interessant.
Kule ungdommar er bytt ut med dumme barn, og dei vaksne er heller ikkje av same kaliber som i den første filmen. James Karen dukkar opp igjen, men i ei ny rolle som ligg milevis unna The Return of the Living Dead.
Ein kjem berre visst langt med samanlikning. Det største problemet er ikkje at filmen ikkje er så god som den første, det var heller ikkje å forvente. Det er at filmen aldri bygg seg skikkeleg opp, men står fram som eit pliktløp med nokre ingrediensar som berre må på plass, utan særlege krav til korleis det blir gjort.
Det er gøy å sjå at Dana Ashbrook ikkje var spesielt lovande som skodespelar før Twin Peaks heller. Zombiane er passe velgjorte. Men ei verre gnåling og skriking frå så mange av sentrale karakterane skal ein leite lenge etter, og bidrog sin del til at Return of the Living Dead Part II blir i overkant irriterande til å komme unna med å vere dårleg.
Etter innkjøp av boka Book of the Dead: The Complete History of Zombie Cinema har døra til verda av zombie-filmar opna seg endå meir for meg. Boka tek for seg historia om korleis zombiar blei gjort populære og har utvikla seg i filmen sidan 1920-talet.
The Return of the Living Dead dukka opp i tankane igjen når eg las boka. Eg byrja med første film for 4 år sidan, men kom aldri lengre. I tida framover skal eg følgje opp gjensynet med den første filmen med dei fire neste installasjonane.
Braaaaaains!! Return of the Living Dead er ein blodig og møkkete affære der dei levande gjennoppstår og byrjar jakte på fersk hjerne. Nokre kjemikaliar som stammar frå militær forsking er årsaka til zombieoppstaden som ikkje blir så lett å stoppe. Zombiane i denne filmen er dei raske og (relativt) smarte, og difor er det heilt ok at folk er litt dumme i blant, dei har uansett ikkje sjans.
Return of the Living Dead blir god av at zombiane ikkje let seg stoppe, dette fører til mange grusomme og blodige, gjerne over kanten, episodar. Uhell og mislykka forsøk på å stoppe dei gjer at den komiske filmen blir balansert med ei mørkare side. Det er ikkje ein seriøs film på nokon måte, men den er heller ikkje tåpeleg.
Paquita blir spådd i kort av bestemora. Ho skal snart møte ein ung mann, som ho endå ikkje kjenner, og bli fullstendig forelska i han. Også nokon greier om døden, som bestemora raskt hoppar over.
Braindead tek ikkje seg sjølv høgtidleg, men er ein gjennomført film. Den får like fullt fram ei barnsleg glede over å lage rå, mildt sagt dryg film. At den aldri har intensjonar om å heve seg over filmmediumet, men veit å utnytte spesialeffektar til det absurde og grenselause, gjer dette til ein herleg film.
At Braindead er i ein klasse for seg sjølv når det kjem til zombie mayhem, er det ingen tvil om. På andre område når den ikkje nødvendigvis opp, og sjølv om krava mine innanfor zombie og splatter er tilpassa sjangeren, kan Braindead tidvis dryge det med litt for mykje tull i oppbygginga mot klimakset.
Trass i at eg må vere litt streng med karakteren er Braindead noko av det mest friskaste, ville og blodige eg har sett på lenge (med tanke på ei klumpete grasklypparscene kanskje nokon gong). Og nettopp på grunn av dette må filmen anbefalast i høg grad.
Lenge før Twilight, True Blood og andre hippe vampyrgreier, på eit tidspunkt då Angela Sommer-Bodenburg framleis gav ut bøker om Den vesle vampyren og Peter Cushing levde, lykkast Kathryn Bigelow med den vanskelege andrefilmen.
Near Dark er ein film som er ein film. Den er verken for lite til å bli god, heller ikkje meir enn god underholdning på halvannan time. Men den held seg innanfor rammene sine og prøver aldri å bli meir enn ein film. Bill Paxton (Twister, Big Love) stikk av med gullmedaljen etter sin beste prestasjon hittil, rett nok som eg har vore vitne til, og kaprar ein plass på lista over dei kulaste fyrane frå 1980-talsfilm som vampyren Severen.
Det er ikkje Paxton, med Adrian Pasdar som har hovudrolla, ein fyr fleire kan ha sett som Nathan Petrelli i TV-serien Heroes. Her er Pasdar omtrent like uheldig som i møte med Sylar i Heroes, då rollefiguren hans, Caleb, blir biten av ei søt vampyrjente. Oppfølginga med å bli kidnappa av ei sprø gruppe med vampyrar ho held i lag med, og tvinga til leve nattelivet med dreping og faenskap, er ikkje dårlegare.
For vampyrane i Near Dark er det ikkje berre innstinktet som driv dei, men ei rein og skjer drapslyst som ferskingen Caleb har problem med å tilpasse seg. I så måte er det ein gjeng psykopatar me følgjer, der ritualet i drepinga er like mykje vekta med god fantasi og poetisk brutalitet som å skaffe nødvendig føde.
Mangel på original historie og eit ikkje fullt så fantastisk skodespel betyr lite når alt kjem til alt. Near Dark er verkeleg skiten og blodig, og dette står i god stil med den mørke humoren. Eg vil i til slutt få anbefalt filmen til vampyrinteresserte.
Om nyversjonen av A Nightmare on Elm Street har fått pes, er det i grunn unødvendig. Eg har sett gjenoppstarten av den kjære franchisen som blei til på 1980-talet, og som har husa ein av dei grusomaste filmskikkelsane siste 30 åra.
Ute er Robert Englund, og rolla som Freddy Krueger har blitt overteken av Jackie Earle Haley. Dei øvrige rollane er fylt av stjerner frå tv-seriar og mindre filmar. Borte er dei drygaste klovnefaktene frå tidlegare, men eg synst heller ikkje filmen tek seg sjølv for seriøst.
Stemninga er rett i tida: Mørk og dyster, med mørkeraudt blod og mangel pÃ¥ lys. A Nightmare on Elm Street siktar mot Ã¥ vere ein skikkeleg skrekkfilm, og klarar Ã¥ styre unna horrokomedie-fella. Her kan lite eller ingenting skuldast dumme ungdommar, for Freddy er bÃ¥de smart og har ein klar fordel framfor dei — han drep medan dei søv.
Den som held filmen tilbake er først og fremst uengasjerande ungdommar, desse er bÃ¥de for like kvarandre og ein bryr seg aldri om at dei dør. Ein fordel eg hadde var at eg kjente igjen fleire frÃ¥ tv-seriar, og soleis fekk nokre knaggar Ã¥ feste ansikta pÃ¥. I tillegg er ein nyversjon av ein sÃ¥ god film som A Nightmare on Elm Street frÃ¥ 1984 heller unødvendig for dei opplyste. Men eg unnar nye unge Ã¥ fÃ¥ ta del i kva Freddy Krueger er, og nyversjonen er greitt til dette formÃ¥let — og til inntening.
Duplass-brørne er snart aktuell med komedien Cyrus, med Jonah Hill, John C. Reilly og Marisa Tomei. Og sjølv om dei insisterer på å ikkje selje seg til storfilmane (Total Film), er skilnaden stor til B-lista i Baghead. (Les vidare under bildet).
Så mens eg ventar på Cyrus, gjekk eg inn for å sjå meg opp på dei tidlegare filmane til Jay og Mark Duplass. Baghead som er den andre av dei to langfilmane dei har laga før 2010, handlar om ein vennegjeng som skal på hyttetur for å skrive filmmanus i lag. Filmen går mellom å vere komedie, skrekk, drama og romantikk ofte nok til at ein aldri heilt slår seg til ro med det eine eller det andre. Dette kan forvirre nokon, men for dei som vel å setje pris på det, er filmen udefinerbar og open nok heile vegen til at ein kan bli overraska av tilsynelatande enkle vriar.
Handhelde kamera og minimalt med stemningsbyggande musikk gir assosiasjonar til lågkostnads amatørfilm. No verken kosta eller tente Baghead inn store summar (ved si avgrensa kinolansering), men filmen får like fullt fram ei interessant og underhaldane handling. Skodespelet er ikkje i verdsklasse, men det manglar verken på kjemi eller kjensler, og det går godt i lag med filmen som heilskap.
Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av Baghead, men får meir enn eg hadde rekna med. Det er ikkje ein film i verdsklasse, men likevel ein solid sak med amatørpreg og god sjangerblanding.
«When Man entered the atomic age, he opened a door into a new world. What we’ll eventually find in that new world, nobody can predict.»
Om det ikkje er monster frå verdsrommet som trugar, så er det monster skapt som følgjer av menneskelege eksperiment som gjer det. I Them! er det radioaktivitet frå prøvesprengingar i New Mexico-ørkenen som har skapt gigantiske mutasjonar av eit kjent, lite krypdyr. Blir ikkje desse utrydda tidsnok står sivilisasjonen vår i fare for å stryke med.
Them! har mykje god dialog og konfliktar mellom sivile og militære, men er mest av alt fokusert på samarbeid. Det blir ikkje ein film du irriterer deg over enkeltmennesket si stupide avgjersle som går ut over alle andre. Den største feilen er trass alt gjort. Vidare forbi dialogen har Them! òg dei gode actionscenene og det manglar ikkje på modellerte monster.
Hausu eller House er ein spesiell sak som påstår å vere ein skrekkfilm. Dette tek det ei stund før den viser at den er, men heller ikkje når det er klart er det overbevisande. Før det overnaturlege tek over er det komedie, tenåringsfilm, avant garde redigering og surrealisme i solide porsjonar. Den lystige musikken slepp derimot aldri taket, og dette resulterer i ei udefinerbar stemning utover og gjennom skrekken.
Norsk skrekkfilm, eit kapittel for seg sjølv. Det same må bli sagt om Kristoffer Joner. Og nok ein gong, seks år etter Villmark, er desse to gjenforent i tilsynet av Pål Øie.
Ei dyster lita bygd med ei tragisk historie, eit gammalt hus på ein bakketopp og ein mann som kjem heim igjen for å gravleggje si avdøde mor. På sitt beste har Skjult litt av den trolske stemninga frå Twin Peaks og den pressande atmosfæren frå The Shining. Mørke granskogar, fossefall, personar med uvisse motivasjonar og eit mørkt hotell er med på å framheve dette rundt mannen.
Mannen (Joner) er som dei fleste andre rollefigurane i filmen, ein person som er vrien å få heilt tak på. Han har ei fortid som blir halde delvis tilbake, og trass i at bygda er ei lita ei, er historia og sambandet hans med dei andre på staden, vag på sitt beste. Alt dette er gode ting, ein god skrekkfilm er ofte ein som skjuler informasjon i staden for å blottlegge.
Lenge er Skjult med på å gi gåsehud, med pirrande sekvensar som involverer den tradisjonell knirkinga og dei lange skuggane. Få av rollefigurane er irriterande idiotar som er skapt for å tulle ting til, og fleire av dei gir minimale innsyn i historiene sine. Men igjen kan tilbakehaldinga av detaljar vere ein fordel, både for å avgrense avstikkarane og potensielt utvide universet til filmen med uvissa.
Eg har vore raus med godorda. Dessutan har eg gitt filmen ein høg karakter. Det betyr ikkje at Skjult er fri frå feil. Kanskje har eg vore for raus, for bak det som til sjuande og sist berre er eit tal, er ein film som trass i rik stemning dør litt ut når innspurten nærmar seg. Dette har ikkje med at filmen manglar fart og spenning, noko du ikkje bør vente deg mykje av, men andre ting. Ting eg sjølvsagt ikkje har tenkt å nemne.
Sluttresultatet blir likevel ein av dei betre norske skrekkfilmane til dags dato. Ein som har gått inn for å dyrke gåsehud og spare inn på blodbudsjettet. Rollefigurane og prestasjonane bak desse er kanskje ikkje det mest sentrale ved filmen, men dei er då heller ikkje svake.
Forventingane til Snarveien var låge. Plakaten er billeg og kritikkane er varierande. Men krava mine til skrekkfilm er ikkje så høge, og eg sat meg ned i god tru på at filmen kunne underhalde.
Dette er den type skrekkfilm der oppbygginga ofte blir noko kjapt og enkelt, og fleire filmar knapt klarar å skape sympati for karakterane. Dette var det største problemet til Rovdyr, men Snarveien unngår det fint. Oppbygginga her er ein av dei betre eg har sett på ei stund innanfor sjangeren. Det er sitrande spenning tilstades, og filmen undervurderer heller ikkje publikum med overtydelege hint undervegs. Det ligg i korta korleis dette går, og kva rollar folk har, så Snarveien kjem ikkje med nokon store overraskingar, men det var heller ikkje forventa.
Det er nÃ¥r filmen nærmar seg klimaks at det byrjar Ã¥ rakne. Heile greia rundt direktesending av «din siste time» pÃ¥ nett, som plakaten reklamerer med, blir for teit. Hadde det vore snakk om ein god, gammaldags, familie av psykopatar, hadde det blitt sÃ¥ mykje betre. Trass i at dette ikkje ville ha vore noko originalt trekk. Dessutan er det ikkje spesielt spennande lengre, etter at korta blir lagt pÃ¥ bordet. Folk tek for mange snodige avgjersler til at eg kan la det gÃ¥, og har ein først starte Ã¥ irritere seg, sÃ¥ fungerer slettes ikkje ein skrekkfilm.
Synd, men sånn er det. Ei oppbygging av denne typen kunne det godt ha vore meir av, men avsluttingar som her vil eg helst sjå mindre av.