The Muppet Christmas Carol (1992)
tirsdag, desember 8th, 2009
Luke nr. 8. Ei juleforteljing av Charles Dickens har blitt framstilt i tallause variantar, det skulle berre mangle at ikkje dei Jim Henson-skapte tøydokkene skulle få sin eigen.
Muppets har for vane å få ein til å hygge seg, og det er ingen veg utan her heller, sjølv om nok «The Muppet Christmas Carol» er prega av at historien er litt trist veit ein at det vil gå bra til slutt.
Stemninga er til å ta på i den mørke og snørike juleforteljinga. Som gamle og gretne Scrooge har me den formidable Michael Caine. Scrooge mislikar både dei glade menneska og sløsinga som skjer rundt juletider i so stor grad at det påverkar dei rundt han til det verre. Ei natt får han besøk av tre spøkelse som viser innverknaden han har hatt, har og vil komme til ha – viss han ikkje forandrar seg.
Muppets åleine har vore grunnen til at eg har sett denne tidlegare, men utan det klassiske verket til Charles Dickens kunne fort dokkene rota seg vekk i snøen. Dei er ein fryd å ha med å gjere når det er i strikt regi, men kan lett sjangle som ein akevittfull julenisse viss manuset har opning for å gå inn i mellom anna den usikre karakteren til Kermit.
So det du har her er altså det beste frå to verdenar, Muppets i sitt ess og ei kjekk – og langt i frå fjern – tolking av ei klassisk juleforteljing. Eit nydeleg teknisk arbeide er nok med på å skape akkurat den kulda her og varmen der som skal til for at karakterane fell på plass i miljøet, og at du vidare får nettopp kjenne dei på kroppen og då skapar ei interesse for å følgje med på dei ut filmen.
Steve Buscemi er den frekke og utnyttande journalisten som får jobben å intervjue skodespelarstjerna spela av Sienna Miller. I filmen som Buscemi sjølv står som filmskapar bak får du ei dialogdriven handling som i stor grad føregår i karakteren til Miller si leilegheit. Den utspekulerte og mørke naturen til desse to karakterane, som i blant snik seg til overflata, resulterer i ein herleg, i blant rørande, i blant skremmande, dans av ein film. Du kan ikkje anna enn elske å hate både Buscemi og Miller i dette, som er den type film som viser det egoistiske, naturstyrte menneske under press.
Med verken eit hat- eller elskforhold til Adam Sandler håpa eg på det beste i denne tilbake til 1980-talskomedien. Tittelen gir tydelege hint til musikk, og det er her filmen scorar flest poeng. Ei blanding mellom kjent og mindre kjent, men dog fengande popmusikk live og på lydsporet er det som styrer humøret her. Personar og problem blir platte og filmen treff aldri godt i jakta etter sympati for hovudrollane. Så er den heller aldri veldig dårleg, men berre keisam innimellom ein del humoristiske innslag som fungerer tilfredsstillande nok. Kunne gjort seg om Barrymore ikkje var så fordømt ordinær.
Djay er pimp i livskrise, som ein dag tek seg betalt i form av eit keyboard gjennom narkohandelen han har på si. Ein gammal draum som rapper stig til overflata og Djay byrjar lage musikk. Craig Brewer har klart å portrettere sørstatsforhold under par og lage ein dramakomedie oppå dette. «Hustle & Flow» inspirasjonen utan å bli for søt. Delar av filmen ligg i slitne detaljar og hard kvardag, så den vinn på å styre unna glamor, men også unna depresjon. Terrence Howard ER Djay og har følgje av eit solid ensemble. Eg blir like glad i denne som forrige gong.
Det er ein morosam idé å gjere narr av dei mange og like musikalske biografiane frå seinare år, men det burde ha blitt gjort på ein meir sofistikert måte enn som så. «Walk Hard» grensar i blant mot movie-franchisen (Scary, mfl.) på billege poeng, og eg forventar meir av Kasdan/Apatow. Samtidig reddar kjente ansikt, John C. Reilly gjer ein god jobb med rollen han har fått tildelt, og morosame musikknummer filmen. Extended edition er i lengste laget, men utviklinga i karriera til Cox og variasjonen av filminspirasjon driv det greitt nok framover. Skulle likevel ønske eg såg standardversjonen.
«The Red Shoes» hadde ingen skodespelarar eg var kjent med, er laga av to menn (Powell og Pressburger) som eg har sett ein knapp film av tidlegare, og skulle handle om eit relativt uutforska tema, ballett.
Med «O Brother, Where Art Thou?» bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet i lengre tid no, nemleg alle Coenbrødre-filmane. Grunnen er enkel, dei eg hadde sett allereie før innspurten som bestod av fire filmar for tre dagar sidan, var gode og gav meg lyst til å sjå resten som var blant dei mest rosa i filmografien deira.
John Cusack har dametrøbbel i denne musikksentrerte filmen som også innheld Jack Black og Iben Hjejle. Første først, John Cusack har eg sansen for, bortsett frå nokre mindre gode filmar innimellom kan han verkeleg leve seg godt inn i rollane som krev eit ekstra dose menneske til seg. I «High Fidelity» må han spele platebutikkeigaren som stadig møter veggen i forholda til andre kvinner. Mange av kjenslene blir uttrykkte i form av topp 5-lister tilknytta musikk og at det heile dreiar seg rundt musikk i så stor grad som det gjer er med på å gi filmen det nødvendige ekstra rundt karakterane som skal til for å skape god stemning.
Denne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har den fått òg — for beste song komponert for film. «Once» leverar ei fin historie om gatemusikanten som møter blomsterselgaren og utviklar eit tett vennskap på grunnlag av musikalske interesser og ei felles forståelsesplattform av såre følelsar. Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sårheita og gir meg tidvis (gode) frysningar oppover ryggen. Lågbudsjett som dette er ($160.000), har ikkje verdens beste kameraustyr blitt brukt, den aldr meir enn greie bildekvalitet blandar godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar så godt til handlinga at .. at .. at, ja. Unødvendig å sei, eg likte «Once», som har eit skodespelarpar med kjemi og at den går under huda på ein god måte. Morosam kan den vere i blant, men avstår frå brølarlatteren.