High Fidelity (2000)

IMDb: 7.6/10 (62,795 votes)

John Cusack har dametrøbbel i denne musikksentrerte filmen som også innheld Jack Black og Iben Hjejle. Første først, John Cusack har eg sansen for, bortsett frå nokre mindre gode filmar innimellom kan han verkeleg leve seg godt inn i rollane som krev eit ekstra dose menneske til seg. I «High Fidelity» må han spele platebutikkeigaren som stadig møter veggen i forholda til andre kvinner. Mange av kjenslene blir uttrykkte i form av topp 5-lister tilknytta musikk og at det heile dreiar seg rundt musikk i så stor grad som det gjer er med på å gi filmen det nødvendige ekstra rundt karakterane som skal til for å skape god stemning.

Dessutan, Jack Black gjer ein av dei beste rollane sine, Iben Hjejle er akkurat passe diffus til Ã¥ bli mystisk til Ã¥ bli interessant. Og soundtracket kjøpte eg for mange, mange Ã¥r sidan… for dette var tredje gong eg sÃ¥g filmen.

8/10

Once (2006)

IMDb: 8.1/10 (28,160 votes)

OnceDenne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har den fÃ¥tt òg — for beste song komponert for film. «Once» leverar ei fin historie om gatemusikanten som møter blomsterselgaren og utviklar eit tett vennskap pÃ¥ grunnlag av musikalske interesser og ei felles forstÃ¥elsesplattform av sÃ¥re følelsar. Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sÃ¥rheita og gir meg tidvis (gode) frysningar oppover ryggen. LÃ¥gbudsjett som dette er ($160.000), har ikkje verdens beste kameraustyr blitt brukt, den aldr meir enn greie bildekvalitet blandar godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar sÃ¥ godt til handlinga at .. at .. at, ja. Unødvendig Ã¥ sei, eg likte «Once», som har eit skodespelarpar med kjemi og at den gÃ¥r under huda pÃ¥ ein god mÃ¥te. Morosam kan den vere i blant, men avstÃ¥r frÃ¥ brølarlatteren.

8/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.2/10 (6,819 votes)

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

7/10

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Brokenhearted (1990)

IMDb: 7.2/10 (644 votes)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette verke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som spelar i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

5/10

Radio Days (1987)

IMDb: 7.5/10 (9,518 votes)

Radio DaysUlike radiominner som kjente songar frå barndommen til Woody Allen, familien sitt forhold til radioen parallelt med historiar om kjendisar utgjer denne kompilasjonen av fleire lause historiar. Allen sit bak mikrofonen i «Radio Days» som forteljarstemma mens ein ung Seth Green spelar Allen som barn, her gitt namnet «Joe». Vandrehistoriar, sladder og eigne minner dannar grunnlaget for ei nostalgisk tidsreise. Allen nyttar også filmen til å dyrke musikksmaken sin, då det finst mange songnummer her. Sjølv brukte eg ei god stund på å komme inn i rytmen til filmen som eg aldri finn meir enn akkurat passe god, men stemningsfull.

6/10

Control (2007)

IMDb: 8.2/10 (3,155 votes)

Control 2007Eg har aldri betrakta meg sjølv som eit Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Eit viktig poeng i forbindelse med filmopplevelsen min. Tidlegare i haust gav eg meg tid til å lytte gjennom albumslista og fann i så måte ut at det ikkje var så dum musikk, hadde eg gitt meg endå meir tid ser eg ikkje bort i frå at eg kunne ha blitt godt glad i Joy Division, men det er ei anna sak. Meininga var å få ein idé om kva musikk dette var, før eg skulle sjå Control.

I ettertid ser eg på det som lite viktig å ha eit forhold til Joy Division før ein ser Control, sjølv om det er både kjekt å kunne sette ekstra pris på filmmusikken og vere ekstra svolten på privatlivet til Ian Curtis. For Control handlar i all hovudsak om vokalisten som person, utan å gå innpå historia til bandet i detalj. Control skildrar livet hans over ein femårsperiode eller så utan å ty til romantiseringa me så ofte får i musikkbiografiar, eg tenker i hovudsak på Ray og Walk the Line (som begge likevel er strålandes filmar). Control er gjennomført i svart/kvitt, som ikkje kunne ha passa betre! Det går i eit med humøret og legg ein fin dempar på det faktum at Joy Division faktisk gjer det stadig betre som band utover.

ControlMøte med regissør Anton Corbijn og skodespelar Sam Riley (som Ian Curtis) var mitt første. Gjerne når eg bevegar meg innpå nye namn i filmverden er det eg opplever dei største overraskelsane, utan forventingar eller tvil, samtidig er det så mykje lettare å godta skodespelarane i rollane sine. Control blei ekstra god då eg kom inn i rett modus ganske tidleg og slutta å tenke på det som ein film, då eg hadde klart å nullstille meg i forkant, og det at folk fall på plass ganske fort utan at eg blei sittande å tenke på andre ting, eg har ein tendens til å la kjente ansikt sette fart på koplinga til andre filmar.

ControlMÃ¥ten ting aldri blir forsøkt forklart kvifor det og det skjer eller korleis Ian Curtis tenker, men overlatt til publikum Ã¥ observere han og heller prøve Ã¥ trekke slutningar sjølv med god, gammaldags fundering — utan Ã¥ fÃ¥ stadfeste noko — gjer dette til ei god filmopplevelse som kan trekkast fram blant musikkbiografiar. Naturlegvis finst det handling som kan gi ei svært enkel forklaring pÃ¥ saker og ting, men det ligg ein mørkare natur i sinnet til Ian Curtis som fÃ¥r dette til Ã¥ framstÃ¥ som ein generelt meir interessant film enn berre ei reise frÃ¥ undergrunn til populartitet.

Dette var mi fundering rundt filmen, som om det var noko tvil om: eg synst var god!

9/10

Some Like It Hot (1959)

IMDb: 8.4/10 (42,760 votes)

Some Like It HotTony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe spelar på lag i denne flotte Billy Wilder-komedien frå 1959, der Curtis som Joe og Lemmon som Jerry må kle seg ut som kvinner for å få ein gig utanbys. Gangsterar på jakt etter eller forviklingar med andre menn foran seg, «Josephine» og «Geraldine/Daphne» står bokstavleg talt på tå med høghela sko gjennom denne hysteriske filmen.

I «Some Like It Hot» blir det avfyrt punchlines og gode dialogar i maskingeværhastigheit og eg går aldri trøytt av det, tempoet dabbar aldri av og historia blir aldri gammal, veldig viktig for ein komedie. Imponerande at oppsettet med menn forkledd som kvinner held seg så godt gjennom 2 timar, men ikkje spesielt overraskande når Wilder står for regien og Curtis/Lemmon overbevisar i hovudrollane.

Til denne type film, med forkledningar og doble rollar, ligg det gjerne forventingar til handlingsforløpet. Løysinga er fin dÃ¥ det alltid skjer sÃ¥ mykje i «nuet» at det som kjem etterpÃ¥ aldri særleg aktuelt Ã¥ tenke pÃ¥. NÃ¥r det kjem, sÃ¥ er det akkurat like artig. Mykje skryt, lite hÃ¥ndfast eg har retta meg mot.

9/10

One Man Band (2005)

IMDb: 8.0/10 (2,479 votes)

«One Man Band» tek oss med til ein duell mellom to eitmannsband om mynten til ei lita jente. Dette resulterar i eit musikalsk meisterverk av ein animasjonskortfilm.

8/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.6/10 (123 votes)

Nat PortmanHar vore litt skeptisk til Wes Anderson sitt neste prosjekt, men etter å ha sett dette ser eg fram til «The Darjeeling Limited». Hotel Chevalier er ein kortfilm som står som ein kort epilog til «The Darjeeling Limited», men vil ikkje bli sendt på kino. Filmen var ganske lun/småmorosam, veldig stemningsfull, Schwartzman briljeerar og musikken var kul. Eg trur det ligg meir bak denne enn at det skal vere ein perfekt kjemi mellom Portman og Schwartzmann. På meg virka det som om Portman er tiltenkt ei mannsrolle i ein gammal film, utan å vise følelsar i orda som blir sagt. Men som kanskje ville ha vist fleire sider av seg sjølv (om det er mogleg) etter kvart, om det hadde vore ein lengre film.

Fekk faktisk lyst til å gi «The Life Aquatic With Steve Zissou» ein ny sjanse no. Fekk ein tanke om at eg nok har prøvd å sett den i feil selskap begge gongene, at den kan vere god om eg er åleine om det.

7/10

Happy Feet (2006)

IMDb: 6.7/10 (36,154 votes)

Happy FeetI «Happy Feet» møter me ei pingvinstamme som har det med å synge, som den mest naturlege tingen i verda. Når Mumble blir født kan han absolutt ikkje det, i tillegg ser han ganske stygg ut i forhold til dei andre pingvinane. Men han kan danse. Dette blir sett skikkeleg ned på av dei fleste i stamma. Ved sidan av minkar fiskemengda i havet, og pingvinane står over for eit svoltproblem. Her rettar filmen ein peikefinger mot menneskeleg utnytting av naturressursar, eit ikkje fullt så vellykka forsøk iallfall. Filmen prøver å utgi seg for å vere meir enn den animerte musikalen den eigentleg er, men det blir så altfor enkelt. Eigentleg var «Happy Feet» ganske så kjedeleg, det skjer ikkje så mykje nytt. Songane er kjedelege og dansinga til Mumble er alt anna enn imponerande i forhold. I blant glimta filmen til med noko fine animerte scener og smålun humor, men det forblir iskaldt i resten.

5/10
2 / 41234