Filmdagbok
ness
31-jul-2008

Om Shanti Om (2007)

User Rating: 6.5/10 (2,915 votes)

Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, antall sette filmar frå India kan teljast på ei hand, noko eg finn finurleg då eg har likt alle godt nok. «Om Shanti Om» er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywoodfilmen, ein standard dei andre filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer «Om Shanti Om» til ein erketypisk Bollywoodfilm er likevel tvilsomt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historien og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likheiter.

«Om Shanti Om» fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle rollar. Etter reinkarnasjonen, ei tid satt til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.

Elles involverar dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor, verdens største filmstjerne Shah Rukh Khan (SRK), mange andre indiske stjerner, fiksjonelle grep og meir enn nok til å fylle 2t 42min. Å fortelje filmens forløp ser eg på som ganske unødvendig, det er like greitt å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og filmens handling på førehand.

Det er duka for ei god filmoppleving om du faktisk ønsker det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-jul-2008
Comments Off
Comments Off

Funny Face (1957)

User Rating: 7.0/10 (4,141 votes)

Med Audrey Hepburn og Fred Astaire, regissert av Stanley Donen og gjort i fargerike omgivelsar fanga på Technicolor-film. «Funny Face», ein romantisk komedie musikal frå 1957 om møte mellom intellekt og den glamorøse modellverda.

Hepburn spelar ei smart, men sky jenta som jobbar i ein bokhandel. Under eit påtrengande photoshoot i bokhandelen for motemagasinet Quality Magazine blir fotografen (Astaire) obs på (Hepburns karakter) Jo Stockton. Redaktøren i magasinet synst Jo har eit rart ansikt, men let seg overtale til å gjere Jo til bladets nye ikon.

Til å vere musikal føles det som om synging er sparsommeleg brukt, det har å gjere med at dei heller er godt plassert og glir naturleg inn i den fortalte historien enn å bryte opp og stoppe flyten for synginga sin del - slikt var noko som skremte meg bort frå musikalar ei stund. Når Fred Astaire står på rollelista er det på plass med eit dansenummer, men det blir Hepburn som stikk av med det villaste dansenummeret, ein bohemskstila solodans i ein nattklubb, eit nummer som sidan har blitt stått som vanleg å nemne i retrospekt av karrieren hennar, forståeleg nok!

Synginga og dansinga fungerar altså i «Funny Face», det gjer også den fortalte historien i modellverda og reisa til Paris, at enkelte løysingar er litt enkle er lett å oversjå når det er så flott laga og artig som sådan.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-apr-2008

Cry-Baby (1990)

User Rating: 6.2/10 (10,901 votes)

Eg har ein innrømmelse på lager, eg har aldri sett «Grease». Sjølvsagt har eg sett klypp frå den, eg veit sånn cirka kva den handlar om og alt det der, men har aldri hatt spesielt lyst til å sjå heile. «Cry-Baby» fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg blei obs på den, parodiere «Grease» og liknande som den skulle gjere. Dessutan er eg glad i musikalar, etter i mange år ha hata sjangeren som intetvitande, har eg blitt godt glad i nokre etter kvart, gode musikalar set eit ekstra gledestrykk i meg, det blir så mykje meir fres over sakene med gode songnummer.

«Cry-Baby» er på langt nær den første filmen til John Waters, men mitt første møte med filmskaparen. Og for eit møte! Kvelden eg satte meg ned med filmen var den rette, eg var innstilt på god film, litt lysten på noko ekstra enn berre ein komedie. Denne leverte frå første minutt då den opna med The Bonnie Sisters «Cry-Baby» til ein tidssettande vaksinasjonssekvens i 1950-talsånd. Her vert både musikkstilen, persongalleriet og ikkje minst humoren satt. Heilt på kanten av kva eg kan sluke, men aldri over, difor så velfungerande.

Johnny Depp spelar Wade Walker, Wade går under namnet Cry-Baby, her skal eg ikkje røpe nokon årsak, for som det meste i filmen er det vanskeleg, om ikkje umogleg å gjengi inntrykket dialogane, monologane og songstykka gir. Cry-Baby er ein skikkeleg hillbillie og harding med gjengen som følger, Drapes heiter folka hans og er forhatt av den «gode» sida i lokalsamfunnet, the Squares. Filmen er ei kjærleikshistorie av ein musikal som involverar ei jente som ikkje er så Square som dei rundt seg.

Ein klisjé er betingelsen på eit utslitt utrykk, det «Cry-Baby» gjer er at den hentar inn dungar av klisjear og pussar dei opp, forsterkar dei og lagar ein heidundrades artig film ut av det. Ingenting er nytt, men det er friskt. Pangstarten allereie under opningssekvensen blei aldri det einaste av glede i filmen, løpet blir køyrt fullt ut, eg blir like glad i karakterane som i musikken då dei aldri dør ut i stereotypane sine. Stereotype er vel også hakket negativt, det er sjølvsagt meir til karakterane enn som så.

Eg klarar ikkje gjere anna enn å skryte av dette, alt satt som støypt for min del iallfall. Depp briljerar, Amy Locane som jenta her forelska eg meg lett i. Tilogmed Kim McGuire som den urstygge Hatchet-Face var like effektfull på slutten som i starten, huff, stygg som pokker altså. Eg kan ikkje love at denne vil falle i like stor smak for alle som den gjorde for meg, men anbefalar den til nokon som har lyst på ein lett og lystig gladfilm.

Nok ein gong minnar eg på at min «9» er som andres «10». Min «10» er forbeholdt gjensyn som leverar varene like godt eller betre.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
roar
12-feb-2008

Olsenbanden møter Kongen og Knekten (1974)

(IMDb)

Olsenbanden moter kongen og knektenI film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje går på tomgang i denne filmen, den verkar både rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsåvidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjå når ein ser ein «Olsenbanden»film.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å stela 4 millionar kroner i momspengar, som dei skal få tak i ved å rana ein pengetransport. Planen vert gjennomført nøyaktig som planlagt, dermed er banden 4 millionar rikare, enn så lenge. Kongen og Knekten har nemleg kasta sine auge på utbyttet, for dei veit godt kven som har stole pengane. Med ei avleiingsmanøver greier dei å finna skjulestaden der pengane er gøymt og tek dei med seg i same slengen. Men Olsenbanden har ikkje tenkt seg å gi seg så lett.

Dette er nok den svakaste filmen i serien, mykje grunna eit heller svakt manuskript og treig framdrift. Det einaste som er verdt å få med seg er korleis banden ranar pengetransporten i starten av filmen, akkurat den biten er det god «Olsenbanden»klasse over. Men etter det er det full stopp, med ein god del usannsynlegheiter og scener som ikkje er morosame i det heile. Filmen prøver også å leika seg med musikalsjangeren i ein liten sekvens, det passar ikkje inn i denne type film. Wilfred Breistrand gjer ei totalt unødvendig og umorosam rolle som kriminalsjefen, han ser stort sett berre sur ut og kjeftar på stakkars Hermansen når han er med. Samspelet dei imellom fungerar heller dårleg, bra at Hermansen får friare tøylar og vert meir leiande i politiarbeidet, som i fjerde film, seinare i serien. Medan den forrige filmen hadde ei god spenningsoppbygging mot dei siste 40-45 minuttane med nye planar og påfunn, er det ikkje mykje av nemneverdig karakter som skjer mot slutten av filmen her. Skuffande at regissør Bohwim ikkje har fått meir ut av sopass dyktige skodespelarar. Han har ein god del av ansvaret for at filmen både er rotete og verkar halvferdig.

Vurdering: 2 av 10. 

 
ness
29-jan-2008
Comments Off
Comments Off

Tog

Ver varsam for toget!

David Lynch sine filmar er eit mekka for analyse, personleg har eg funne ut at det som fungerar best for meg er å la ting gå sin gong. Her føregår så mykje rart at det hadde teke kortare tid å lære hunden snakking enn å forstå alt. No er det vel strengt tatt ikkje poenget at alt skal forståast. På ei liste over ting ein bør vite før ein ser Lynchfilm, funne på IMDb sitt diskusjonsforum for «Rabbits», står det at deler skal vere uforklart og uutforska, deler er det meininga du skal tillegge eiga meining, det du ser - er ikkje, osv. Innlegget her ber preg av at underteikna har lurt på kva han eigentleg har sett.

Siste tida har eg altså brukt på å komme meg gjennom dei mindre kjente prosjekta til Lynch, kortfilmar, nettseriar og litt slikt, i tillegg til den siste storfilmen hans. Ikkje alt har vore mogleg å få tak i, endå gjenstår «On the Air», «American Chronicles» og «Boat».

Inland Empire (2006)

Inland EmpireÅ finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.

Rabbits (2002)

RabbitsTre menneske i kanindrakter, ein - 1 - kameravinkel og trykkande musikk med lokomotive tonar blir til 42 minuttar med «Rabbits». Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om ein flyttar rundt på setningane. Deler av tida er forbeholdt stillheit, innslag av latter og applaus frå publikum på boks gir assosiasjonar til sitcom, det betyr ikkje komedie, men heller absurd prat. Undervegs blir me vitne til eit par forrykande lysshow og den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det særaste eg har sett nokon gong, kvifor eg lot meg imponere er ei gåte, eg forstod jo ingenting! Deler av «Rabbits» er tilgjengleg via YouTube. Har du sett «Inland Empire» veit du kva du går til.

Darkened Room (2002)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Broken Hearted (1990)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette virke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som opptrer i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

Dumbland (2002)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

Hotel Room (1993)

Hotel RoomHBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.

 
ness
06-jan-2008

Across the Universe (2007)

User Rating: 7.9/10 (10,404 votes)

Across the Universe (2007)Det er å underdrive og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje legge noko demping på gleda eg får ved å høyre songar som «Got To Get You Into My Life» og «I Should Have Known Better». Utan å ha tiår på nakken i miljøet er eg open for alternativ bruk av musikken, korleis andre måtte tenke er for meg uvisst, når «Across the Universe» (filmen) kom fram i dagen var eg var eg ganske høgt der oppe. Ettersom det tok tid før den kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på soundtracket og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.

Eit av dei første tinga som slo meg var at «Across the Universe» innleiingsvis prøver for mykje, med korte og mange songnummer og ei fomling etter å få tak på sjåaren, eg blei brått redd for at dette kom til å bli ei overfladisk, om enn musikalsk, filmopplevelse, og det tok si tid før desse tankane forlot meg. Tid til å kvile blei det derimot ikkje, det neste som slo meg var kor trist «Across the Universe» er. Trist fordi personane me blir kjent med lev i eit samfunn dei ikkje har noko til overs for, at tida er ei uslåeleg fiende som det ikkje nyttar å kjempe mot, uansett kva som skjer er det ikkje nok styrke på plass til å bryte ut av den håplause tilværelsen. Kanskje ikkje teke ut av manuset til filmen, kanskje er det å vri litt på sannheita, men slik virka det.

Jim SturgessMusikken, nyinnspelingar av The Beatles melodiar som glir inn i historien i varierande grad er flott, sjølv om det blir litt for mykje av den i blant. Dette går ikkje på bekostninga av resten av filmen, det fører berre til at den blir lengre. Stundom står handlinga stille, uansett kor mykje eg undervegs ønska meg meir tempo klarar eg ikkje å oversjå dette som bidrag til å låse oss fast i tid og bidrag til å gi limet under beina på folka som ikkje klarar å styre liva sine heilt som dei vil.

Evan Rachel WoodAt «Across the Universe» klarte å gi meg ei tung kjensle i brystkassa gode 3/4 av filmen er eigentleg nok for meg til å skryte den opp i skyene, eg lever (les: ser film) for å oppleve desse gongene når det knyter seg i magen. Eg kan likevel ikkje unngå å legge merke til ting som kunne ha blitt gjort annleis, Prudence er ei eg gjerne skulle sett meir av her, ho forsvinn plutseleg ut av filmen for så å dukke opp igjen som om ho aldri betydde noko meir. Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nytelse, Bono er ein av dei andre tilfella unødvendig show. Så problemet til filmen er i hovudsak at den prøver på altfor mykje, noko som hindrar den i frå å bli den ultimate filmopplevelsa, men den ligg ganske nærme for meg.

Og var det eit handlingsreferat du var på jakt etter må eg diverre skuffe deg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-okt-2007

Pixar gjer kort prosess

Pixar… på DVD og Blu-Ray med si samling over kortfilmar frå 1984 og fram til 2006, 13 bitar av varierande kvalitet utgir ein kort time med animert underholdning. Under namnet «Pixar Short Films Collection - Volume 1», for dei som skulle ønske å gå til anskaffing av samleboksen, skulle ein tru dei hadde ein oppfølgar på gong. Så lenge det ikkje vil ta 20 år å fikse den synst eg det høyres ut som ein god idé. Samlinga er eit fint eksempel på utviklinga til dataanimasjon for film sidan den spede barndommen på starten av 1980-talet. Ser ein kortfilmane kronologisk, noko ein bør gjere, fortel den samtidig Pixar si eiga historie om ein legg litt engasjement i å vurdere det tekniske og innholdet i kortfilmane. I tillegg følger det med noko bonusmateriale som kanskje er av interesse.

Adventures«The Adventures of André and Wally B.» (1984) er veldig enkel, det handlar om ein figur som spring i frå ei bie, litt sjamerande, men veldig tomt uttrykk. Animasjonen minnar om den som fulgte med dataspel på 1990-talet.

«Luxo Jr.» (1986) introduserar maskoten til Pixar, den søte lampa som hoppar rundt. John Lasseter har klart å gi dei to lampene som er med menneskelege trekk, animasjonen er nok enkel, men fungerar ganske godt.

«Red’s Dream» (1987) går inn i dagdraumen til ein bortgøymt eithjulssykkel i ein sykkelbutikk. Pixar har prøvd seg på noko litt større her og lykkast kanskje ikkje heilt, den blir småkjedeleg i forhold til det andre i samlinga.

«Tin Toy» (1988) er den første filmen med eit menneske, ein grusom baby som jaktar på ein redd tinnsoldat. Komisk, men det slo ikkje heilt an. Animasjonen blir stadig hakk betre, men har ikkje blitt imponerande endå.

«Knick Knack» (1989) viser at Pixar byrjar å finne formen. Feriesuvenirane på ei hylle kosar seg og ein snømann i ein snøglobe vil vere med i selskapet deira, men er innesperra. Ein komplett historie og god musikk.

«Geri’s Game» (1997) handlar om ein gammal mann som spelar sjakk mot seg sjølv. Opnar langsomt før den blir skikkeleg artig, ein av godfilmane dette. Åra etter forrige kortfilm er merkbare i betre animasjonskvalitet.

Birds«For the Birds» (2000) går endå meir i retning av dei nyare og på alle måtar meir komplette kortfilmane. Småfuglar på ein telefonwire får besøk av ein større, dum fugl. Nydelege figurar og utruleg morosam.

«Mike’s New Car» (2002) tek dei to hovudpersonane frå «Monsters, Inc.», og gir ingen gladkjensle av å få med seg noko nytt frå Pixar. Kortfilmen spelar på enkel moro og går greitt ned.

«Boundin’» (2003) er ei lyrisk forteljing om ein steppeglad sau som blir barbert og mistar sjølvtillita, bortkasta å nemne at animasjonen er absolutt nydeleg. Musikken og rima slår aldri heilt an, men resten er fint.

«Jack-Jack Attack» (2005) er den andre kortfilmen med karakterar frå langfilm, nemeleg babyen frå The Incredibles (som eg har liggande for gjensyn), ein vill baby som er umogleg å vere barnepassar for, som filmen handlar om. Tøff!

«One Man Band» (2005) tek oss med til ein duell mellom to eitmannsband om mynten til ei lita jente. Dette resulterar i eit musikalsk meisterverk av ein animasjonskortfilm.

«Mater and the Ghostlight» (2006) skremmer ikkje meg, og importerar ikkje spesielt heller. Mater er tauebilen frå «Cars» og han har veldig aktiv fantasi. Stemmene er av skodespelarane frå «Cars», animasjonen er på same nivå.

«Lifted» (2006), «Lifted», «Lifted». Ein av dei beste i samlinga. Me følger eit lite romvesen som tek praktisk eksamen i bortføring av menneske, noko som ikkje går spesielt bra. Nydeleg på alle måtar.

 
ness
05-sept-2007
Comments Off
Comments Off

Pingvinpost

Pingvinar har vore populært ei stund no. Eg har aldri kasta meg skikkeleg på bølga, men synst då pingvinane i Madagascar var ganske kule, spesielt når dei fekk sin eigen vesle julekortfilm. Men etter å ha høyrt så mykje skryt om to animasjonsfilmar blei eg nødt til å få sett dei.

Happy Feet (2006)I «Happy Feet» møter me ei pingvinstamme som har det med å synge, som den mest naturlege tingen i verda. Når Mumble blir født kan han absolutt ikkje det, i tillegg ser han ganske stygg ut i forhold til dei andre pingvinane. Men han kan danse. Dette blir sett skikkeleg ned på av dei fleste i stamma. Ved sidan av minkar fiskemengda i havet, og pingvinane står over for eit svoltproblem. Her rettar filmen ein peikefinger mot menneskeleg utnytting av naturressursar, eit ikkje fullt så vellykka forsøk iallfall. Filmen prøver å utgi seg for å vere meir enn den animerte musikalen den eigentleg er, men det blir så altfor enkelt. Eigentleg var «Happy Feet» ganske så kjedeleg, det skjer ikkje så mykje nytt. Songane er kjedelege og dansinga til Mumble er alt anna enn imponerande i forhold. I blant glimta filmen til med noko fine animerte scener og smålun humor, men det forblir iskaldt i resten.

Surf’s Up (2007Men gløym «Happy Feet», det er «Surf’s Up» du eigentleg vil sjå. For det er sanneleg ein gullkanta film i forhold til det meste anna innan dyreanimasjon. I halvdokumentarisk stil følger me den surfeglade pingvinen Cody frå hobbysurfing i Antarktis til proffsurfing på Hawaii. Lagt opp som ein typisk sportsdokumentar innan surfesjangeren, med intervju og surfing, samt litt historie rundt sporten, i tillegg til at filmen knyttar seg opp rundt eit meir vanleg filmdrama. Med denne oppskrifta blir fokuset for min del flytta vekk i frå utviklinga noko, som eigentleg ikkje er så spennande når den blir plukka frå kvarandre. Det er sansen for detaljane og humoren, menneskeleggjeringa av pingvinane og tempoet i filmen som gjer dette til ei storfornøyeleg opplevelse.

 
ness
26-apr-2007
Comments Off
Comments Off

The Rocky Horror Picture Show (1975)

User Rating: 6.8/10 (24,716 votes)

The Rocky Horror Picture ShowMusikalar er ofte enkle saker, med nokre gode songar kan ein komme langt. Det finst sjølvsagt unntak: musikalar med komplekse historiar eller fengande songnummer i dårlege musikalar.

«The Rocky Horror Picture Show» er av den siste typen. Når Brad og Janet punkterar bilen utanfor allfarveg søker dei hjelp i eit nærtliggande slott. Slottet viser seg å vere fullt av transvestittar frå planet Transseksuell i Transylvania-galaksen.

Dette betyr at det blir pøst må med homoerotiske dansebevegelsar av menn og kvinner i grusomme lærbekledningar. Eg synst det var guffent, men må innrømme at eit par av songane her var morsomme og slo godt an på overdrivelsar. Det gjorde derimot ikkje filmen, som det elles skjer lite i. Når eg er fan av at filmar har handling (det finst sjølvsagt unntak i blant) blir det ein del gjesping.

Andre pluss med filmen er at ei ung Susan Sarandon spradar rundt i undertøy heile filmen, at Meat Loaf trekk seg tilbake etter eit enkelt songnummer, og at den har fine referansar (til div. kunstverk og “an RKO Radio Picture”- antenna).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-feb-2007
Comments Off
Comments Off

Sarah Silverman: Jesus Is Magic (2005)

Sarah Silverman Jesus is MagicUser Rating: 6.6/10 (1,466 votes)

Når ulike folk sa at dette var bra, så hadde eg absolutt ingen forhåpningar om at det var SÅ bra. Her er ei som eg kjem til å plassere der oppe blant mine stand-up komikar-favorittar; Jimmy Carr og Pablo Francisco.

Sarah Silverman går eit stygge ekstra over streken i forhold til dei to nemnt over, og held seg over den streken omtrent heile showet sitt. Som faktisk er ein bra ting, for ho har eit utstråling og ein person som utan problem ror i land det ho tullar med. Personleg godkjenner eg den rasistiske holdninga hennar her på eit komisk grunnlag, det same med den ultragrove tonen på seksuelle preferansar.

Det skadar ikkje at Sarah Silverman er veldig søt heller. Så når alle vitsane og dama er på plass, og gode songnummer avløyser innimellom, så blir dette solid pott det! Og når det har seg at dama starta eige show på Comedy Central i går (1. februar), så lovar jo dette bra for både ny (meg) og gammal fans.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10