ness
26-apr-2007

The Rocky Horror Picture Show (1975)

IMDb: 6.8/10 (24,716 votes)

The Rocky Horror Picture ShowMusikalar er ofte enkle saker, med nokre gode songar kan ein komme langt. Det finst sjølvsagt unntak: musikalar med komplekse historiar eller fengande songnummer i dårlege musikalar.

«The Rocky Horror Picture Show» er av den siste typen. Når Brad og Janet punkterar bilen utanfor allfarveg søker dei hjelp i eit nærtliggande slott. Slottet viser seg å vere fullt av transvestittar frå planet Transseksuell i Transylvania-galaksen.

Dette betyr at det blir pøst må med homoerotiske danserørsler av menn og kvinner i grusomme lærbekledningar. Eg synst det var guffent, men må innrømme at eit par av songane her var morsomme og slo godt an på overdrivelsar. Det gjorde derimot ikkje filmen, som det elles skjer lite i. Når eg er fan av at filmar har handling (det finst sjølvsagt unntak i blant) blir det ein del gjesping.

Andre pluss med filmen er at ei ung Susan Sarandon spradar rundt i undertøy heile filmen, at Meat Loaf trekk seg tilbake etter eit enkelt songnummer, og at den har fine referansar (til div. kunstverk og “an RKO Radio Picture”- antenna).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-feb-2007

Sarah Silverman: Jesus Is Magic (2005)

Sarah Silverman Jesus is MagicIMDb: 6.6/10 (1,466 votes)

Når ulike folk sa at dette var bra, så hadde eg absolutt ingen forhåpningar om at det var SÅ bra. Her er ei som eg kjem til å plassere der oppe blant mine stand-up komikar-favorittar; Jimmy Carr og Pablo Francisco.

Sarah Silverman går eit stygge ekstra over streken i forhold til dei to nemnt over, og held seg over den streken omtrent heile showet sitt. Som faktisk er ein bra ting, for ho har eit utstråling og ein person som utan problem ror i land det ho tullar med. Personleg godkjenner eg den rasistiske holdninga hennar her på eit komisk grunnlag, det same med den ultragrove tonen på seksuelle preferansar.

Det skadar ikkje at Sarah Silverman er veldig søt heller. Så når alle vitsane og dama er på plass, og gode songnummer avløyser innimellom, så blir dette solid pott det! Og når det har seg at dama starta eige show på Comedy Central i går (1. februar), så lovar jo dette bra for både ny (meg) og gammal fans.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-des-2006

Singin’ in the Rain (1952)

Singin in the RainIMDb: 8.4/10 (27,973 votes)

Musikalsjangeren er ein lite uforska sjanger for meg, noko som kan merkast om ein blar seg gjennom kategorien her på Filmdagboka. Det skal difor ikkje så mykje til for å hevde seg i toppen, noko denne filmen absolutt gjer. Og det ville den nok ha gjort om kategorien var meir oppfylt og, for det er ikkje berre det at filmen har ein del gode songnummer, det er ein varm og fin romantisk komedie i tillegg.

Men ingen filmar er perfekt, og eg vart faktisk litt plaga av ei scene midt inne i filmen, der Lina Lamont feilar på å snakke inn i mikrofonen, ei scene som drog ut i lengste laget, og irriterte nesten livskiten ut av meg. Det var heldigvis den einaste store tingen eg har å utsette på «Singin’ in the Rain», som klarte å få meg til å synge med med den grusomme songstemma mi som ligg fleire nivå under Lamonts.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-sept-2006

High School Musical (2006)

High School MusicalIMDb: 6.8/10 (5,557 votes)

Eg er litt flau når eg seier at eg hadde det fint ved å sjå denne filmen, for som Tor Andre påpeikar i bloggen sin så er dette ein «glatt, kommersiell film produsert for Disney Channel» og eg er nok langt frå målgruppa til den kanalen. Vanlegvis har eg vanskeleg å zappe forbi denne kanalen, rett og slett fordi dei fleste real-persons produksjonane der er så dårlege at eg berre må sitte å le ei stund.

Det er mykje dårleg med filmen, som er sterkt prega av svak playback og dårlege skodespelarar. Songstemmene høyres ut som dei er køyrt gjennom eit dataprogram nok gonger, og det heile er basert på ei banal historie som kunne bli avdekka i løpet av dei 10 første minuttane. Likevel er dette ein så glad og ungdommeleg film, som ikkje prøver å laste over nokon større problem på sjåaren. Det er ein god film til å skeie litt ut med, den gjer mykje bruk av klisjear og krev stort sett ingenting av sjåaren.

Om eg skulle velje mellom å følge denne musikalsjangeren framfor den som Chicago tek, så er valet ganske enkelt. Eg kan ikkje fordra «Chicago», og foretrekk heller eit kunstig miljø i form av high school som i denne filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-aug-2006

The ‘Star Wars’ Holiday Special (1978)

Star Wars Holiday SpecialIMDb: 4.0/10 (1,880 votes)

Litt historie først. Denne TV-spesialen blei sendt for første gang på CBS i 1978 i forbindelse med Thanksgiving Day. Ideen bak spesialen blei skrive av George Lucas, men han hadde ingenting å gjere med filmen utover det. Når han såg resultatet ville han nekte TV-kanalen å sende den, men det stod i kontrakten at den skulle bli sendt minst ein gong. Og meir enn det har den aldri blitt sendt. Den har ikkje vore i nærheiten av å komme på verken video, kino eller TV igjen. Heldigvis, viss det går an å sei det på den måten, var det nokon som tok opp programmet. Nesten 28 år seinare har ein kopi av den funne vegen til meg.

Grunnen til at eg ville sjå denne greia, som eg aldri hadde høyrt om før tidlegare denne veka, var ein slags anmeldelse av filmen i det siste M-albumet til Mads Eriksen: M Superalbum. Eg skal sitere litt:

Det finnes flere typer “dårlig” film. Morsom/dårlig, som «Plan 9 From Outer Space», for eksempel - og så dårlig/dårlig, som «Alexander». Og så finnes det kjedelig/dårlig, og irriterende/dårlig og håpløst, begredelig, gudsjammer/dårlig. Og så, et par hakk til lengre ned på stigen, når man trodde man skulle ha nådd bunnen for lengst - se der er «Police Academy: Mission to Moscow». Og så et godt stykke under den igjen, finner man omside «Star Wars Holiday Special».

Dette her er jo advarsel så sterkt som det går an, men dei er jo til for å unngås? Eller?

Kvaliteten var det første som slo i mot meg. Ta noko av det dårlegaste du har sett på YouTube, legg til litt støy, køyr på eit sterkt blur filter i Photohop og du har nesten kvaliteten her. Det er ikkje alltid kvaliten har noko å sei på ein film, så lenge filmen i seg sjølv er god kan eg godt sjå den. Men her blei eg nesten litt småkvalm.

Så til sjølve filmen. Historien er tam som ein fjert i verdensrommet, og då ser eg for meg at ein ikkje kan lukte der. Det er som du sit å håpar på å måtte gå på do, så filmen kan gå sin gang utan at du har satt den på pause - akkurat som på kino. Og dei musikalske innslaga måtte eg spole forbi, fram til det var igjen 25 minutt av filmen (ev. videofila), då fann eg fram eit nyinnkjøpt teikneseriehefte og lot filmen gå i bakgrunnen, med nedsatt lydvolum for ikkje å gjere meg gal. Ein plass går grensa for kva eg kan fullføre, og eg slo av filmen 10 minutt før slutt. Då var det eigentleg for seint. Handlingsreferat får du ikkje, då må du gå til www.starwarsholidayspecial.com.

Det andre av filmmusikk er kanskje verdt å nemne, det høyrtes nemleg ut som ei atombomba speledåse. Eg har aldri følt meg så meiningslaus som då eg pinte meg gjennom dei første 20 minutta med den musikken, og wookie-prat utan teksting oppå det igjen.

Eg veit ikkje om eg bør skrive særleg mykje meir, du har nok forstått poenget mitt. Det er ingenting positivt å sei om denne filmen. Eg er ein idiot som såg så mykje av den som eg gjorde, men det er nok pga. ein eigen regel eg har laga for filmdagboka mi: ein film må vere sett ferdig for å kunne føre den opp her. I forhold til det andre av filmar eg har gitt den dårlegaste vurderinga her tidlegare, så er dette dårlegare. Eg innfører derfor eit nytt 0-punkt, ei ny ‘minstemeining’, som berre vil bli brukt denne gongen. For ein så dårleg film skal eg aldri sjå igjen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-aug-2006

Terkel i knibe (2004)

Terkel i knibeIMDb: 7.3/10 (1,211 votes)

Eg hadde håpt på ein hysterisk og mørk animasjonsfilm, men Terkel i knipe var ikkje meir enn halvmorsom på sitt beste, og blei litt kjedeleg i lengden. Det er mange artige detaljar som likevel aldri klarar å gjere filmen ekstraordinær. Berre ein plass i filmen lo eg ekstra høgt, men det var ikkje nok. Det var altså der filmen var på sitt beste, nemleg halvmorsom. Historien blir for barnsleg, og overskugga det av blodigheit som er.

Det einaste eg i grunn likte var banneorda, som var veldig oppfinnsomme, også i den dubba norske versjonen med Aksel Hennie. Samt animasjonen har sin eigen rare og enkle stil. Men etter å ha gått lenge og håpt at denne filmen skulle vere så mykje meir, føler eg meg snytt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-mai-2006

Romance & Cigarettes (2005)

Romance and CigarettesIMDb: 6.5/10 (470 votes)

John Turturros «Romance & Cigarettes» markerar eit vegskilje i mitt forhold til musikalar. Det er den første filmmusikalen eg kan like meir på grunn av musikken enn den resten av filmen. Godbitar frå Tom Jones, Bruce Springsteen og James Brown er blant anna å finne her. Grunnen til at eg ser på dei musikalske framføringane som den sterkaste delen av filmen er ikkje at historien er svak, men den er kanskje litt rotete fortalt. Ein får likevel med seg hendingane utan problem, så det er ikkje direkte øydeleggande. Synginga gir eit inntrykk av å ikkje vere perfekt som i mange andre musikalar. Her blir det sunge med originalsongane med vokal i bakgrunnen, og sangstemmene er ikkje alltid like pene, men ingenting eg kunne komme over var falskt heller. Det blir ein eigen sjarm. Dansinga er morsom å sjå på, og er ei etterlikning av mangt ein musikal.

Alt i alt vil eg sei John Turturro har gjort ein god film. Den har eit stykke igjen til å vere fantastisk, og har sine manglar. Men er absolutt ein verdig filmoppleving. Ein anbefaling i musikalsjangeren, om du vel å kategorisere den der. Ser ut til at folk er ueinig på det punktet, men eg ser ikkje grunn til å la vere å kalle dette ein musikal.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-mai-2006

The Wizard of Oz (1939)

Wizard of OzIMDb: 8.2/10 (47,653 votes)

Om eg skal sjå bort frå alt som har med denne filmen som ein klassiskar å gjere, og den plassen den har fått i amerikansk filmhistorie, osv., så blir noko i denne retningen: Den er eit godt eksempel på det som kan seiast å vere typisk amerikansk, om familielykke og kampen mellom det gode og det onde. Eg var lite imponert av skodespelet, men tykkte kulissane var flotte. Det verka som ein fin barnefilm, men kanskje ikkje for dei aller yngste, for her legg dei ikkje skjul på bruk av ord som “likvidering” og “drepe”.

Det eg håpte på å oppnå når eg såg filmen var ei djupare forståing i andre filmar og TV-seriar som refererar til filmen. The Sopranos har gjort det, That ’70s Show har gjort det, og eg ser faktisk enkelte likskapenr mellom løva i filmen og George i Seinfeld. Men dette er ikkje ein film eg har lyst å sjå igjen, for så bra var den ikkje.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-apr-2006

The Producers (2005)

The ProducersIMDb: 7.1/10 (4,007 votes)

Dette er basert på Broadwaymusikalen frå 2001 med same namn, som vidare er basert på filmversjonen frå 1968. No har eg verken sett den førre filmversjonen, eller musikalen. Så eg kan ikkje gjere noko samanlikning. Og i utgangspunktet er eg heller mindre interessert i musikalar.

Men denne filmen er morsom i tillegg til musikken, at det blir verdt å sjå. Matthew Broderick gjer ei god rolle som den patetiske Leo Bloom, men det lengste strået trekk nok Will Ferrell som Franz Liebkind. Ferrell har tidlegare stort sett vore middels morsom i sine overdrevne rollar, men her passar det perfekt når han spelar ein tysk dueglad nazipatriot.

Historien er ganske enkel. Bokholdaren Bloom kjem for å sjekke rekneskapet til Bialystock (Nathan Lane), når han kjem på ideén om at ein kan tene (les: svindle til seg) pengar på å lage ein musikalsk flopp. Om musikalen skal vise seg å bli ein suksess, vil dei bli oppdaga for svindelforsøket. Men trass at han kom på ideén, vil han ikkje umiddelbart vere med på å gjennomføre den. Etter å ha blitt overtala, set han og Bialystock seg ned for å finne det verste manuskriptet, og slik kjem dei over Liebkinds “Springtime for Hitler”.

Eg skreiv over at filmen er morsom i tillegg til musikken, men det betyr ikkje at musikken er berre god. Eigentleg er den stort sett grusom, med eit par unntak. Eg brukar grusom fordi den blir det når det einaste ein får høyre er ulike tekstar til same type musikk. Det blir mange høge tonar som til slutt blir eit slit å høyre på, og eg måtte ta ein ekstra lang dopause midt inni før eg såg resten. Grunnen til at eg pinte meg gjennom musikken for å sjå resten er fordi trass den enkle historia, så er det faktisk litt morsomt å sjå på alle dei rare, fargerike og overdrevne karakterane for ein gongs skyld. Også er svenske Ula (Uma Thurman) eit underbart syn, som ein bonus.

Kan nemne heilt på slutten her at dette er den er ein av dei beste musikalfilmen eg har sett, og sler den grusomme Chicago (2002) godt ned i støvlettane. Puh!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
20-nov-2005

Corpse Bride (2005)

Corpse BrideIMDb: 7.4/10 (7,847 votes)

Tim Burton leverar ein fin animert/modellert film med gjennomført musikk, setting, stemmer og karakterar, men ei historie som eg ikkje finn så altfor interessant. Har du uansett sansen for Burtons arbeid, så vil du nok like dette.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10