Arkivet til katergorien 'Mystery'

8 femmes (2002)

IMDb: 7.0/10 (12,811 votes)

14
Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for «8 femmes», ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre då mannen i huset blir funne drepen. Vidare følgjer ei nesten to [...]

Black Christmas (1974)

IMDb: 7.3/10 (6,954 votes)

5
«The Babysitter», «Stop Me», «Silent Night, Evil Night» og «Stranger in the House» er alle titlar denne filmen har hatt i enten produksjons- eller distribusjonsfasen. Heldigvis er ikkje resultatet så vinglete. Seinare har den fått behalde namnet «Black Christmas», som var den opphavlege kinolanseringstittelen.
Kanadisk slasher sett til juletider i eit søsterskapshus: Ein [...]

Witness for the Prosecution (1957)

IMDb: 8.3/10 (15,768 votes)
Det er vanskeleg å ikkje like Billy Wilder, med sine gode filmar som «Some Like It Hot», «The Apartment» og mange fleire. «Witness for the Procecution» er ingen unntak og går lett inn i varmen som ein av dei verkeleg gode, gamle rettssakfilmane, forsåvidt den andre berre dette året. Charles Laughton er [...]

Män som hatar kvinnor (2009)

IMDb: 7.6/10 (6,197 votes)
Eg har lese boka, så det å forholde seg til filmen skulle bli interessant. Men så gjekk det utan problem, noko som i og for seg var det eg håpa. Filmen kutta ut ein haug med detaljar som er essensielle i boka, men det kjem den til gode, for det blir ein [...]

Sherlock Jr. (1924)

IMDb: 8.4/10 (5,786 votes)
Buster Keaton er delvis kinomaskinist og delvis detektiv i denne 45 minuttar korte saken. «Sherlock Jr.» byr på nokre minneverdige slapsticksekvensar og viser ein Buster Keaton i toppform. Mannen har ingen bowlerhatt og bart, men er heilt der oppe i lag med Chaplin. At denne filmen er 85 år betyr ingen ting, [...]

Moon (2009)

IMDb: 8.1/10 (7,039 votes)
Førpremiere av «Moon» på Trondheim Filmklubb, som kanskje dukka opp i Noreg etter nyttår. Ein scifithriller satt til månen, med Sam Rockwell i hovudrolla som vedlikehaldsarbeidar av gruveoperasjonen som månebase er bygd opp for å drifte. «Moon» er like mykje ein thriller for alle som ein film som frir til fans av [...]

Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009)

IMDb: 7.8/10 (32,950 votes)
Etter forrige runde, Order of the Phoenix, burde det bli betre. Og det blei betre, men i retrospekt er nok filmen litt tom i forhold til lengda, så betre kan det bli. Boka er halvgløymt, så samanlikning blir det ikkje. Greia med å kalle filmen Halvblodsprinsen verkar berre feil, dette er meir [...]

Halloween III: Season of the Witch (1982)

IMDb: 3.7/10 (10,866 votes)
Namnet og eit glimt av «Halloween» på TV-skjermen er einaste klare koplinga til franchisen eg kunne finne. Elles er dette verken Michael Myers eller Sam Loomis, det er heller ikkje bra. Jo vent, bildekvaliteten var god, musikken var småtøff, reint elles luktar dette rett-på-video. Det som gjer den muleg å sjå ferdig [...]

Jisatsu saakuru (2002)

IMDb: 6.7/10 (4,992 votes)
Japanske «Suicide Club» er ei sprø, blodig og humoristisk innføring i J-Horror. Den tek typiske trekk ved retninga og gjer både narr av dei og overdriv. Tokyo blir ramma av ei sjølvmordsbølge, der ei ukjent kraft driv folk til dette. Men «Suicide Club» klarar ikkje å bygge nok spenning på dette, og [...]

Fletch (1985)

IMDb: 6.7/10 (14,990 votes)
Chevy Chase slår meg som ein morosam fyr så lenge han ikkje gjer for mykje ut av seg, komikarar som prøver for hardt å vere morosame kan fort bli slitsomme. Chase har sine opptredenar der han er sånn, men i «Fletch» går han frå vits til vits utan at filmen stoppar opp [...]

Strange Days (1995)

IMDb: 7.0/10 (21,334 votes)
Denne sci-fi thrilleren av ei perle med ein yngre Ralph Fiennes i hovudrolla kom som ei lita overrasking på meg, forutan å ha sett namnet på eit par lengre topplister har eg aldri bite meg merke i verken kva den handlar om, kven som er med eller noko anna om filmen.
Regissøren er [...]

Batman: Mystery of the Batwoman (2003)

IMDb: 6.8/10 (863 votes)
«Mystery of the Batwoman» var ein sann opptur frå framtidsflaggermusa eg nyleg såg i «Return of the Joker». Bruce Wayne er i sitt ess, det er mystikk rundt ei ny kvinne i flaggermuskostyme og ein solid dose action.
Historia her dreiar seg omkring eit samarbeid av våpensmugling mellom Rupert Thorne, pingvinmannen og Carlton [...]

Batman: Mask of the Phantasm (1993)

IMDb: 7.5/10 (7,377 votes)
«DC animated universe» er ein term som står for ulike animerte tv-seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte spin-off filmar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros., alle om flaggermusmannen, ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det [...]

In the Valley of Elah (2007)

IMDb: 7.6/10 (13,241 votes)
Då eg skulle sjå «In the Valley of Elah» på kino tidlegare denne månaden hadde eg ingen forventingar eller tankar til kva den skulle vere. Den faktiske grunnen til at kinobesøket fall på akkurat denne filmen var at ingen av dei andre filmane freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle [...]

The Dead Zone (1983)

IMDb: 7.3/10 (13,733 votes)
«The Dead Zone» er resultatet av eit screenplay basert på ein Stephen King roman som har hamna i hendene på regissøren David Cronenberg, ein av regissørane eg dei par siste åra har valgt å gradvis ploge meg gjennom filmografien til. Her har ein 40 år gammal Christopher Walken fått hovudrolla og av [...]

Definitely, Maybe (2008)

IMDb: 7.4/10 (25,769 votes)
I grunn ein ganske fin romantisk komedie der rammehistoria er det som trekk ned, iallfall første halvdel av filmen, etter kvart går også denne delen seg til. Ryan Reynolds gjer ein hovudsakleg bra nok rolle, men for meg blir det Isla Fisher som stikk av med pokalen, ho tilfører eit mål for [...]

In the Heat of the Night (1967)

IMDb: 8.1/10 (20,070 votes)
Denne stillte eg heilt blank til, kanskje difor den overraska så positivt som den gjorde. Her er ei perfekt blanding av raseproblematikk, politi- og krimfilm og sterke rollefigurar. Samspelet (eller motspelet!) mellom Sidney Poitier som Det. Virgil Tibbs og Rod Steiger som Police Chief Bill Gillespie er i øverste klasse, her er [...]

Raising Arizona (1987)

IMDb: 7.5/10 (34,951 votes)
«Raising Arizona» var ein av fire filmar eg hadde liggande usett av Coenbrødrene for å bli ferdig med filmografien deira. Dei neste tre, «Barton Fink», «The Hudsucker Proxy» og «O Brother, Where Art Thou?» skal bli forsøkt sett dei neste dagane.
«Raising Arizona» var den andre filmen ut frå brødreparet, som tre år [...]

Friday the 13th: A New Beginning (1985)

IMDb: 3.9/10 (8,273 votes)
Denne litt snåle greia var den første skuffelsen, ikkje ein stor, men likevel ein skuffelse. For det første — her får det så vere at eg røper poenget — Jason er utelatt frå filmen. Det heile føregår på eit ungdomsanstalt utan guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det å sjå ein rollefigur frå [...]

Rope (1948)

IMDb: 8.1/10 (26,078 votes)
«Rope» er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang tagning, den observante vil legge merke til overgongane, men kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerar det ekstra då både det tekniske [...]