Miracle on 34th Street (1947)

IMDb: 7.9/10 from 15,692 users

Tjueandre luke i julekalender 2011 handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettsak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakerst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for Ã¥ fÃ¥ folk til og tru pÃ¥ han igjen. I byen skapar han glede for bÃ¥de smÃ¥ og store. Som julenisse pÃ¥ kjøpesenteret Macy’s blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig pÃ¥stÃ¥r det blir eit problem, og a blir til b blir til rettsak.

Gode erfaringar med eldre rettsakfilmar gjer at ofte lyser opp når ein film tek den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små begiveneheiter.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekkjer og passar godt nære jul.

7/10

Remember the Night (1940)

IMDb: 7.7/10 from 1,229 users

Syttande luke i julekalender 2011 er eit romantisk drama med Fred «Double Indemnity» Macmurray og Barbara «Double Indemnity» Stanwyck. Forøvrig det andre innslaget i julekalenderen med Stanwyck. Og for ordens skuld ein film som kom fire Ã¥r før Double Indemnity.

Barbara Stanwyck er ei uskikkeleg kvinne som har ein uvane med å stele. Fred Macmurray er advokaten som skal få ho sett i fengsel. Omstendigheitene får desse til å feire jul i lag hjå familien til advokaten.

Samspelet er fint. Stanwyck og Macmurray køyrer gjennom store deler av handlinga med ein sprek dialog som sit godt. Tinga som skjer rundt dei undervegs er mindre spennande, men stunder som vekker minner frå barndommen til karakterane er gode som gull og gir meg god grunn til å heie på at paret skal bli eit par.

Det toppar seg som det hør og bør ved julefeiringa. Når slutten altfor brått kjem så må eg innsjå at eg har fått filmen under huda og skulle ønskje han var lengre.

7/10

We’re No Angels (1955)

IMDb: 7.4/10 from 3,520 users

Sekstande luke i julekalender 2011 er ein av dei få komediane Humphrey Bogart spelte i. Det handlar om at han og eit par fengselskameratat rømmer på julaftan.

Kriminelle til tross, kjeltringane endar med Ã¥ gjere ei god gjerning. For Ã¥ rømme Devil’s Island der fengselet ligg, hadde dei tenkt Ã¥ rane ein familie. I staden for Ã¥ bli rana sÃ¥ blir familien offer for gode gjerningar. Heller enn at det blir Humphrey & Co mot familien, sÃ¥ blir det dei mot andre uskikkelege folk.

Filmen er gode med vittige replikkar, slapsick-humor og god karakterbygging. At karakterane i filmen får tid til å blomstre. Gjennom gode skodespelarar sine formidlingar av eit godt manus gjer at vi kan like dei på både handlingane og ein synleg og real motivasjon. Dette verkar inn på dramaet i filmen som då får ein god botn og blir meir enn til å fylle plass ved sidan av komedien. Og komedien på si side får eit drama å spele mot for å skape kontrastar som framhevar kvarandre.

Trass i at filmen er tropisk blir det òg litt jul i heimen. Juletre, julemiddag og gode gjerningar heng i hop.

7/10

While You Were Sleeping (1995)

IMDb: 6.5/10 from 30,989 users

Femtande luke i julekalender 2011 er ein typisk 1990-tals romantiske komedie: Sandra Bullock, storby og håplaus kjærleik. Ikkje overraskande er det òg ein lykkeleg slutt. Så det er ingen vits å late som det er spenning der.

Etter ei krass innleiing er det på sin plass å innrømme at eg har sansen for Sandra Bullock. I all hovudsak var det den avgjerande grunnen til at eg såg filmen. Ein annan grunn er at handlinga skjer rundt jul. Ein tredje er at julekalender til ei viss grad består av tilfeldige filmar trukke opp av ein hatt.

Vi har så Sandra Bullock som jobbar i billettluka på t-bana. Ho reddar Peter Gallagher frå å bli påkøyrt av eit tog. Men Peter hamnar likevel i koma. Mens han søv så lyg Sandra Bullock på seg ein forlovelse med han, familien hans blir lurt og det blir mykje styr.

Om ikkje det var nok så skal Bullock attpåtil vere ei fantastisk ung kvinne i side, daglegdagse og stakkarslege klede. Og kva er flottare enn tilsynelatande naturleg skjønnheit?

Men for å gå til filmen. Den er heilt grei, ikkje meir. Ingenting er nytt, ingenting er heller så godt gjennomført at While You Were Sleeping blir ståande som ein klassikar. Julestemninga eg jakta på i julekalenderen min var heller ikkje spesielt framtredande, men er ikkje utgjerande for karakteren eg gir på nokon måte.

6/10

The Holiday (2006)

IMDb: 6.8/10 from 64,634 users

Fjortande luke i julekalender 2011 er Nancy Meyers romantiske komedie med Kate Winslet, Cameron Diaz, Jack Black og Jude Law, om kliss på kryss og tvers av Atlanterhavet.

Nancy Meyers laga filmar som har falle i god smak bÃ¥de før og etter The Holiday: Something’s Gotta Give, It’s Complicated og kanskje ogsÃ¥ What Women Want. Med namnet hennar følgjer det forventingar. Forventingane var likevel dempa av minnet om kritikken The Holiday fekk for fem Ã¥r sidan. NÃ¥r det viste seg at filmen var ein skuffelse, sÃ¥ var det ikkje overraskande.

Kate Winslet bur i England og har kjærleiksproblem. Cameron Diaz bur i USA og har kjærleiksproblem. Cameron byter hus med Kate. Cameron møter Jude Law. Kate møter Jack Black. Kliss og smaks på kryss og tvers. Og det skjer rundt jul. Det er The Holiday. I mangel på fullstendig oversikt over tilsvarande filmar vil eg kalle det ein post Love Actually-film. Fleire kjende, fleire historiar og ei høgtid.

Det er ikkje dårleg fordi det er enkelt, og ikkje fordi det varer i over to timar. Love Actually fekk til både enkelt og langt. Det er der styrken i gode karakterer skal herske. Men eg kjem aldri under huda på karakterane i The Holiday. Spesielt problematisk blir det med Cameron Diaz og Jack Black som aldri utstrålar noko som helst. Og når det enkle plottet overskyggar dei tomme karakterane så er det ingenting som får filmen over middels.

5/10

Joyeux Noël (2005)

IMDb: 7.7/10 from 11,065 users

Trettande luke i julekalender 2011 handlar om julefeiring ved fronten under første verdskrig. Tyske, franske og engelske styrkar møtes i vinterkulda for litt champange, julemusikk og kos.

«Christmas pudding of a production tries to satisfy all and ends up pleasing none», skreiv Paul Byrnes i The Sydney Morning Herald dÃ¥ Joyeux Noël hadde premiere i 2005. Byrnes er inne pÃ¥ noko, sjølv om eg ikkje er heilt einig i at dette er ein pudding av ein film.

Joyeux Noël fortel om våpenkvila ved fronten i desember 1914. Hendingane er basert på ei sann historie som involverte rundt 100 000 soldatar. I filmen møter vi tre små troppar, med tyske, engelske og franske soldatar. Eit par hundre menn og berre ein brøkdel av totalen.

For å ta grunnane til at dette ikkje er ein pudding først. Joyeux Noël får fram den grusomme sida ved føsrte verdskrig. Det var i stor grad ein krig som handla om hyppig slakting i fronten. Over fem millionar liv gjekk tapt på slagmarkene. 1 poeng. Delen av filmen som handlar om julekos og sånt gjer eit viktig poeng ut av at folk er like. 1 julepoeng.

Grunnen til at Joyeux Noël er pudding er at den avgrensar hendinga til troppane i filmen. Det blir ikkje snakka om dei andre soldatane som gjorde det same. Vi får servert ei løgn som går på at maks eit par hundre var involvert. 1 minuspoeng for faktafeil. Det heile drar ut og blir for lystbetont til at eg klarar å svelge det som realistisk. Det handlar om premissane filmen lagar for seg sjølv. Filmen kunne ha vore forutan det romantiske innslaget. 0.5 minuspoeng.

Poeng, julepoeng om minuspoeng blir cirka 6 på ein skala frå 1 til 10. Eg blir aldri frelst, men annerkjenner at Joyeux Noël forsøker å røre.

6/10

The Bishop’s Wife (1947)

IMDb: 7.5/10 from 5,341 users

Ellevte luke i julekalender 2011 er ein englefilm med Cary Grant, David Niven og Loretta Young. O gledelige jul for ein herleg kombinasjon.

Det kan bli sagt først som sist at The Bishop’s Wife er den mest stemningsfulle filmen etter elleve dagar med Filmdagboks julekalender. Samansettinga av humor og folk som pÃ¥ ein truverdig fÃ¥r fram at dei bryr seg er unekteleg vellykka.

Julemirakel er det tematisk samlande omgrepet for The Bishop’s Wife. Ved Ã¥ gjere Cary Grant til ein engel, den sjarmerande typen du ikkje vil overlate i kona di sitt selskap, blir engel-businessen lettare Ã¥ svelje. Alt han gjer har ei Ã¥rsak, og at vi tidleg blir klar over dette opnar filmen til Ã¥ gjere sÃ¥ mykje meir enn Ã¥ preike om julemirakel.

Det er ofte ei utfordring Ã¥ vidareformidle essensen i ein god film. Ofte handlar det om at gjennomføringa er god, handlinga oppsummert treng ikkje vere original. The Bishop’s Wife handlar i korte trekk om ein engel som trenger seg innpÃ¥ ein biskop og kona hans for Ã¥ gjere livet deira lykkelegare. Eg vil i stor grad framheve skodespelet og samspelet som styrkane. Cary Grant har karisma, David Niven er bÃ¥de dyktig og truverdig og Loretta Young lyser opp samtidig som ho er det stabile midtpunktet.

Ei sann anbefaling av ein julefilm.

8/10

Meet Me in St. Louis (1944)

IMDb: 7.6/10 from 7,892 users

Sjette luke i julekalender 2011 er ein musikal med Judy Garland. Handlinga i Meet Me in St. Louis er lagt over fire årstider, der høgdepunkta høyrer vinterdelen til og er lagt til juletider.

Nokon meiner at det ikkje er ei julefilm sidan den avsluttar på våren, men eg tok den med under tvil.

I familien Smith er dei glad i å synge. At St. Louis World Fair nærmar seg gir dei ein ekstra grunn til å synge, og temasangen med same namn som filmen blir stadig vekk nynna på. Filmen fortel historia om det flotte livet familien lev. Med fem ungar, to foreldre, ein bestefar og ei hushjelp er det nok av liv. For dei to eldste døtrene handlar det om å finne mannen i sitt liv, og for den yngste handlar det om å grave ned dokkene sine i hagen.

Undervegs svevar søte tonar i lufta, det blir dansa og litt romantikk under dimma lamper. Så tek historia ei lita vending, og filmen toppar seg rundt juletida. Eg avstår frå å røpe handlinga, men vil påpeike at det er elegant gjort. Den rolege filmene kryp sakte, men sikkert under huda på meg første timen, så det som skjer sidan har effekt.

Flotte sangnummer og livleg stemning blir til ei god oppleving. Filmen blir aldri fantastisk, men det er ikkje så nøye. Det er for lite jul til å kalle det ein julefilm, men så tok eg han med under tvil. Det funkar når eg tøyer grensene i ånden av Filmdagboks julekalender.

7/10

Christmas in Connecticut (1945)

IMDb: 7.3/10 from 2,008 users

Femte luke i julekalender 2011 er ein romantisk komedie frå 1945. Med Barbara Stanwyck, Dennis Morgan og Sydney Greenstreet i hovudrollane. Handlinga går føre seg på ein rik manns gard rundt juletider.

Christmas in Connecticut er ein screwball-komedie. I screwball er rask og vittig humor, farse, eskapistiske tema og ekteskapsprat kjenneteikn. Ofte er det mange personar som går ut og inn av dører og hemmelegheiter som krev raske forklaringar for å dekkast over.

Elizabeth Lane (fantastiske Barbara Stanwyck) inviterer sjefen (Greenstreet) sin og ein krigshelt (Morgan) på julebesøk. Miss Lane lyg på seg kokkekunstar og familieliv i ei mat- og husmorsspalte. Bråket startar då ho blir nøydd til å invitere sjefen og krigshelten på julemiddag. Garden, mannen og barnet ho har skrive om er oppdikta. For ikkje å snakke om at ho ikkje kan lage mat. Miss Lane må krype til korset og be om at beilaren (Reginald Gardiner) sin gard blir samlingsstaden. Stova på garden blir hovudarenaen for «ut og inn dører»-komedien.

Barbara Stanwyck gnistrar på skjermen og leverer ei rolle full av energi. Orda flyg fram og tilbake. Dei største latterkulene er sjeldne, men det er jamnt over ein morosam film der humringa sit laust. Julestemningen er på plass. Kulissene er flott kvit snø, ein varm peis og god mat på borda. Romantikken i lufta hevar temperaturen.

Christmas in Connecticut er ein triveleg film og min type julefilm. Det einaste eg saknar er nokon fengande julesangnummer. Men sangnummer er ikkje filmen sitt ansvar. At eg leitar er fordi det andre er på plass.

8/10

Larry Crowne (2011)

IMDb: 6.0/10 from 8,062 users

Sjølv om eg fekk sansen for at Larry Crowne prøver å vere laidback voksenkomedie, så blir Tom Hanks vs. Julia Roberts for anstrengt til å vere kult.

6/10
1 / 301234...10...30