Les parapluies de Cherbourg (1964)

IMDb: 7.8/10 from 8,042 users

Les parapluies de Cherbourg består utelukkande av synging. Veldig fin historie, men sang (utan rim som her) blir slitsomt i lengda.

6/10

The Adjustment Bureau (2011)

IMDb: 7.1/10 (47,275 votes)

The Adjustment Bureau er regidebuten til George Nolfi, manusforfattar på The Bourne Ultimatum og The Sentinel. Det er ein vellykka adapsjon av ei Philip K. Dick-novelle, ein forfattaryndling i Hollywood som kanskje er mest kjent for å ha skrive romanen som Blade Runner og novella som Total Recall har sine utspring frå.

At dette er ein vellykka film er ikkje opplagt. Den bygg på eit romantisk møte og eit kontrollorgan som styrer skjebnen til menneska. På papiret er utfoldinga av denne kombinerte historia rett fram og ikkje fullt så spennande, men gjennomføringa med rett timing og nok dveling ved dei rette dilemma gjer at filmen får ein suggerande effekt.

David Norris (Matt Damon) er protagonisten. Han er nære ved å bli vald til senator, men øydelegg for seg sjølv. Like etter nederlaget møter han Elise Sellas (Emily Blunt) som han blir forelska i ved første møte. Desse to episodane blir til to parallelle trådar som filmen bygg på, og felles for dei er at the adjustment bureau, ei høgare makt som eg skal røpe lite om, må hindre at desse handlinga får feste og utvikle seg.

The Adjusment Bureau er ei fin blanding av sci-fi, thriller, romantikk og litt action. Den har ei langvarig og interessant oppbygging og vekslar fint mellom det som skin gjennom glanspapiret som ein mytologi frå Philip K. Dick og det som er meir konvensjonelle studiofilmgrep og emosjonelle krokar for publikum å hekte seg på.

Samtidig som filmen er sprek og tidvis vekker nysgjerrigheiten så er det mangel på dei største augoblikka som kunne ha definert filmen som viktigare enn rein underhalding.

7/10

Midnight in Paris (2011)

IMDb: 8.1/10 (9,023 votes)

Eit år utan ny film frå Woody Allen er ein nedtur, heldigvis har ikkje dette skjedd sidan 1981. Midnight in Paris er den 45. filmen med Allen i regissørstolen, som ikkje viser nokon teikn på å gi seg.

Den suksessrike manusforfattaren Gil (Owen Wilson) er i Paris med si kommande kone Inez (Rachel McAdams). I ein periode av livet der han ynskjer å gjere meir enn manusskriving, har han byrja å skrive ei bok. Paris er draumebyen og til stor inspirasjon og Gil drøymer om ei tid då dette var den kulturelle hovudstaden for Hemingway, Picasso og Fitzgerald. Etter ein fuktig fest ei natt stoppar ein taxi for den gatevandrande Gil og tek han med tilbake til 1920-talets Paris.

Skepsisen var tilstades når kjente stordomar frå fortida dukka opp etter Gils tidsreise. For mange erfaringar med dårlege tidreisefilmar har sett spor. Skepsisen gjekk fort over når det blei klart at dette framfor alt er ei reise i livet til Gil og ei opplysing av kven han er. Midnight in Paris viste emna til å fange med gripande dialogar som fremja både karakterar, historikk og Woody Allen sjølv.

Owen Wilson gjer ein solid jobb som Gil, ein karakter som på overflata kan verke enkel, men som Allen gradvis transformerer til eit truverdig menneske. Wilson har med seg andre kompetente skodespelarar som mellom anna Michael Sheen og Kathy Bates.

På ein skala frå original til god på å oppfylle sjangerkrav hellar Midnight in Paris mot det siste. Den er gjennomført med stødig hand, med unnatak for min personlege skepsis i byrjinga går tankane verken mot klokka eller slutten i det som er ein typisk Woody Allen-film og leverer i nuet.

Det går mot stor begeistring for filmen i min favør, og eg har ingenting å utsetje på den. At den ikkje når heilt opp har simpelt hen å gjere med at den ikkje trakkar opp nye spor, men bevegar seg trygt og godt innanfor kjente rammer.

8/10

Just Go with It (2011)

IMDb: 6.3/10 (29,484 votes)

Inspirert av Adam Sandler-filmgeneratoren til NRK Filmpolitiet har eg skrive eit ikkje så altfor langt, men skildrande innlegg om Just Go with It.

Adam Sandler er ein stygg ung mann med stor nase som skal til å gifte seg, men på bryllaupsdagen går det skeiss og han oppdagar seinare krafta gifteringen har til å trekke damer på uteplassane. Han utdannar seg så til plastisk kirurg og driv ablegøyer med ei ung pen dame, inntil det går opp for han kor fantastisk assistenten hans er. Då skjerpar han seg og kjem ut av det heile som eit mykje betre menneske.

5/10

Tangled (2010)

IMDb: 7.9/10 (47 921 votes)

Rapunzel er fødd med fint lyst hår som lyser når ein spesiell song blir sungen. Når håret lyser blir den som rører det helbreda, ev. yngre.

Tangled er den Disney-animerte versjonen av eventyret. Fargerik, full av sang og dyr med menneskelege sjeler. Men samtidig dramatisk, eit nikk til karma og alt det andre som kan bli forventa.

For min del var deg artigaste med Tangled det som skjedde på sidelinja. Hovudhandlinga var gjennomført som eg forventa at den skulle, positivt meint. Men det var humoren i rolla til ein hest og ein kamelon som friska opp dette nok til at det var verdt dykket inn i prinsessesjangeren igjen.

6/10

No Strings Attached (2011)

IMDb: 6.2/10 (26,351 votes)

Natalie Portman har teke av seg svanekostymet og Ashton Kutcher buksa, og igjen står No Strings Attached, ein film utan mykje substans.

Seinfeld snakka om det på 1990-talet, og det har vore eit tema i tallause filmar og TV-seriar: Friends with benefits. I No Strings Attached er det Emma (Natalie Portman) og Adam (Ashton Kutcher) som gir det eit forsøk. Og det går som det må gå i ein linjeforma studiofilm, ting blir kompliserte.

Det er ei knapp veke sidan eg såg filmen, men mesteparten har gått i gløymeboka. Det er få ting å bite seg merke i. Skodespelet er greit. Handlinga er grei og akkurat det eg forventa. Lengda er grei, og i løpet av den er det eit par greie vitsar og litt romantikk. No Strings Attached prøver å komme seg unna med eit moderne tema, men ser ikkje ut til å skjønne at den som film er verken nyskapande eller kontroversielt.

Problemet blir med denne som med mange andre romantiske komedier, den vil ingen anna veg enn ned i lommeboka og ut av verden.

5/10

Return of the Living Dead III (1993)

IMDb: 5.7/10 (4,983 votes)

Det lot vente på seg, men fem år etter 2-aren kom nok ein bedriten film i serien Return of the Living Dead.

Eg vart tenkt til å skrive om heile serien, men hadde lite lyst etter å opplevd nok ein nedtur. Det mest interessante med Return of the Living Dead III er Melinda Clarke, seinare kjent i TV-serien The O.C. Interessen varer sånn cirka i 2 minuttar, før eg fann ut kor eg hadde sett ho før.

Den største irritasjonen ligg i korleis konseptet zombie blir tilpassa scenene, der nokon kjapt blir hjernedøde og svoltne på hjerne, medan andre klarar å kontrollere seg. At zombien kan vere smart bryr meg lite, sidan voodoo-zombien i gamle, gamle dagar har det skjedd like nesten mange tilpasningar som filmar, og det har holdt monsteret i live.

Det einaste som er festleg er den påtatt kule slangen. Kul ungdom formidla på film av nokon som tydeleg ikkje kjenner til kva kul ungdom er, er kult. Utanom dette, ingen anbefaling. Sjå den første filmen, stopp der.

4/10

Flipped (2010)

IMDb: 7.5/10 (7,894 votes)

Flipped er eit fint drama som formidlar historia om ei barndomsforelsking på godt vis. Inntrykket opplevingane må ha på jenta og guten blir framstilt som like viktig som ei vaksen forelsking, på ein truverdig måte som gjer at effekten er like god.

Unge menneske er lettare å påverke, dersom du er i rett posisjon. Feil val kan over lengre tid føre til at liv tek uønska retningar. Flipped blir god fordi den gjer alvor av konsekvensane som kunne ha blitt tolka som barnslege. Samtidig får vi stadig inntrykk om at det er eit håp, og at det bak feige ansikt og barnslege handlingar er noko meir.

Jenta og guten, Juli og Bryce, er naboar. Frå dagen Bryce flyttar inn tvers over gata frå Juli, er ho i hælane hans. Gjennom filmen byter vi fram og tilbake i point of view og får hans og hennar syn på episodar som utspelar seg i åra frå 2. til 8. klasse. Hans på Juli som plagsom, hennar på Bryce som redd for å vise at han likar ho.

Modningsprosessen er kjerna i Flipped, ei stadig forming av personlegheiter og tilføring av kunnskapar som er med på å drive filmen framover. I eit tempo som gjer at ein vil ha meir, og på ein måte som gjer at ein set pris på vegen etter kvart som den blir til. Målet i seg sjølv er ikkje det viktige her.

8/10

Hall Pass (2011)

IMDb: 6.0/10 (15,134 votes)

Owen Wilson og Jason Sudeikis gjer livet til ein fest då konene deira bestemmer for å gi dei kvar sitt hall pass, ei veke som single der alt er lov.

Når dei står der med moglegheitene opne og skal gripe sjansen, vil dei ende opp med å halde seg i tøyelene, når dei er på vippen til å ligge med ei eller anna dame. Så er filmen slutt. Slik ville Hall Pass ha vore viss den var skikkeleg kjip, men det er den ikkje, den er berre halvkjip. For i staden blir blir dette ein film som handlar om å tøye dei moralske grensene, om uventa utfall og ein del om barnsleg humor. Sistnemnte er det beste med filmen, alt det andre får plass i ein nedbrytbar avfallspose.

For sjølv om Hall Pass prøver hardt å vere kul, så er det tydeleg at den handlar meir om kjærleiken enn å ha det gøy. Eg vil ikkje påstå at det er ein kjedeleg film, men den skil seg ikkje ut i mengda og vil fort bli gløymt.

At Owen Wilson går så godt inn i rolla som faren som heilt har gløymt korleis det er å vere ungdom som han gjer, burde ha vore pluss. I staden blir det streite rolla hans, meir eit eksempel på den udefinerbare blandinga av ein film dette er. Det er ei god rolle, men for seriøs for filmen rundt han.

Hall Pass er ikkje ein spesielt djup film, og ikkje ein film du set deg for å sjå med eit kritisk blikk. Eg mislikte den ikkje. Men det er lov å vere kritisk til kva ein set seg ned med, og det finst så altfor mange andre gode filmar der ute at eg umogleg kan anbefale denne, ikkje eingong som film til å sone ut med.

5/10

Vicky Cristina Barcelona (2008)

IMDb: 7.3/10 (61,018 votes)

To vakre kvinner i ein vakker by, omgitt av kreative sjeler. I ein film innpakka i varmt lys og med flotte tonar frå spansk gitar.

Vicky Cristina Barcelona er ein av mine favorittfilmar frå Woody Allen. Ein kjærleiksdeklarasjon til ein vakker by, ein kjærleiksfilm med smarte menneske, som likevel er fulle av feil. Det er romantikk, kunst og ein passe stor dose av Woody Allen sjølv gjennom replikkane som blir ytra.

I oppbygging er filmen enkel og er tydeleg på rammene rundt handlinga heile vegen. Vicky og Cristina kjem til Barcelona, dei skal vere der i to månader. Ikkje lenge etter dei kjem dukkar Juan Antonio opp i periferien, ein bildekunstnar med eit trøblete ekteskap bak seg blir det fortalt. Vegane kryssast og to månader blir brått meir interessante då Juan Antonio ved første møte inviterer både Vicky og Cristina til å bli med på ei utflukt, for sight-seeing, god vin og sex, ut av det blå.

Ein kinematograf ved namn Javier Aguirresarobe bidreg til at Vicky Cristina Barcelona ser fantastisk flott ut. Barcelona og omegn badar i varmt lys og eg får umiddelbart lyst til å reise dit. At mange av scenene foregår ved kjente monument og kunstverk bidreg til ein rikare bakgrunn. Personane stikk av med merksemda, og eg kan godt sjå filmen igjen for å få med meg alt som er i bakgrunnen.

Men Vicky Cristina Barcelona er ikkje nødvendigvis den lystigaste filmen, den har ei mørkare side ved seg og omhandlar galskap og eit kynisk syn på kjærleik og forelsking. Den er ærleg og skyr ikkje unna å ty til løysingar som gjer personane smått feige eller svake. Dette gjer filmen mindre føreseieleg og ei rikare oppleving.

8/10
2 / 301234...10...30