Velkommen til framtida
fredag, mai 30th, 2008Velkommen til framtida var eit innlegg som eg første gong publiserte i september i 2008. No har eg oppdatert layouten, korta ned på teksten og lagt til The Book of Eli. Lista har blitt ei tidslinje, men står framleis som ein introduksjon til eit utval filmar som i ulik grad går føre seg i dystopiske framtider, post-apokalyptiske verder eller liknande.
Trudde du at verda gjekk framover, at me etterkvart har utvikla oss nok til å kunne dele på ressurar, leve i harmoni og gløyme alt som var krig og kriminalitet? Tru igjen, i følge høgst realistiske og sannsynlege framtidvisjonar i ulike filmar er det nok djevelskap å sjå fram til i løpet av dei neste ti-, hundre- og tusenåra. Eg har samla 26 slike scenario nedover.
Men først på lista, nokre ting som allereie har skjedd. For å bygge under påstanden om at alt under mest sannsynleg vil skje, trass delvis motsigande idear knytt til dei ulike årstala, har eg i starten av lista inkludert nokre hendingar. Desse er er framstilt på film, har allereie skjedd og viser at alt som er på film er sant, ekte, rett, realistisk, korrekt.
1968. The Last Man on Earth. Dr. Robert Morgan er siste gjenlevande menneske. Med huset omgjort til eit fort, må ha sloss mot zombiar for å overleve.
1977. The Omega Man. Robert Neville, M.D. er truleg siste gjenlevande menneske på jorda, og må overleve ved å sloss mot virusinfiserte, vampyrliknande, tidlegare menneske.
1984. Nineteen Eighty-Four. Samfunnet er overvaka av Tankepolitiet, og det er forbode å ha eigne tankar. Det totalitære herskande regime kjent som Oceania er leia av Storebror.
1997. Escape from New York. Drastisk auking av kriminalitet rundt 1988 har ført til at Manhattan i New York er sperra av og gjort om til eit opent fengsel for fangar på livstid, der presidenten sitt fly strytar.
1999. Strange Days. Teknologi for opptak av sanseinntrykk er mogleg, med ein hjelm som les hjernebølgene og spelar dei inn på Sony Minidiscar, som kan lesast av som eigne minner.
2000. Death Race 2000. USA er oppløyst grunna finasiell krise. Militærkupp har gjort USA til ein fascistisk politistat. For å glede folket pågår stadige dødsløp med ombygde bilar.
2005. Southland Tales. Atomangrep mot Texas har sendt USA inn i 3. verdskrig. All personleg aktivitet blir overvaka. Statsgrensene er endra, og det er ei brest i tidslinja.
2010. Banlieue 13. I ein forstad av Paris er alle bråkmakarar mura inne. Her herskar gangsterar, narkotika og vald. Myndigheitene er lei bråket og har vil kvitte seg med bydelen ved å bombe den.
2012. I Am Legend. Igjen er Robert Neville åleine på jorda, om natta lurer zombiar: virusinfiserte superskapningar av muterte menneske seg ut for å bite han.
2012. Death Race. Den amerikanske økonomien har kollapsa. Eksplosiv auke i kriminalitet har ført til fleire private fengsel. Desse skapar inntekt ved å la arrangere dødsbilløp med fangar streama på internett.
2013. The Postman. Krig har øydelagt det meste. Menneske lever i få gjenverande byar, Håpet om at myndigheitene skal samle USA byrjar å svinne hen. Det er uklart om Staten framleis finst.
2013. Escape from L.A.. Los Angeles er gjort om til fengsel etter eit jordskjelv deler byen frå land. Ei anti-amerikanske gruppe i L.A. har fått klørne på amerikansk satelittvåpenteknologi.
2019. Blade Runner. Biologisk tilnærma perfekte kopiar av menneske finst. Men grunna eit opprør blir desse forbode på jorda. Eit spesialpoliti har oppgåve å fjerne kopiar som har snike seg til jorda.
2019. Akira. Neo-Tokyo har oppstått etter Tokyo blei atombomba i 1988, under 3. verdskrig. Siviliasjonen blir gjenoppbygd, men berre på eit strukturalistisk basis. Bybildet blir prega av uro.
2022. Soylent Green. Verda er overbefolka, drivhuseffekten har auka temperaturen. Ekte mat er mangelvare, vanlege folk må ete sokalla «soylent — high-energy plankton».
2027. Children of Men. Grunna ein verdsomspennande pandemi har ikkje folk kunne fått barn sidan 2009. Håper er byrja å svinne hen, då ei gravid kvinne kjem til England.
2035. I, Robot. Robotar er allemannseige. Intelligensen er høg og programmerte lover hindrar dei i å gjere opprør. Men ein dag utfører ein robot eit drap og ting blir aldri som før.
2038. V for Vendetta. Krigen mot terror tok av rundt 2018 og resulterte i politisk uro. USA har borgarkrig og England er totalitært med det ultra-høgre fascistiske partiet Norsefire i styre.
2040. The Book of Eli. Eit flash har drepe ein masse menneske, og dei gjenverande, 30 å retter, kjempar om mat, reint vatn og andre luksuriøse varer.
2054. Minority Report. Tre muterte menneske kan sjå inn i framtida og blir brukt, tilkopla politiet (Precrime) sitt datasystem, for å fange kriminelle før dei føregår si kriminelle handling.
2084. Total Recall. Feriering på Mars blir mogleg. Selskapet Rekall tilbyr skreddarsydde spenningsferiar, der du får ei minnebrikke med ny personlegheit implementert i skallen.
2116. Logan’s Run. Høgste lovlege levealder er 21 år, etter det blir folk frivillig henretta. Alle har ein krystall i håndflata som fortel alderen deira. Alle lever i ein og same by, beskytta av ein kuppel.
2199. The Matrix. Menneske mot intelligente maskiner. Mørke skyer dekkar jorda og maskinene brukar menneske for energisamling. Menneska er ubevisst kopla til ei simulert verd.
2505. Idiocracy. Dumme menneske har formeira seg mest og verda er prega av idioti. Presidenten i USA er tidlegare porno- og wrestlingstjerne. Den beste TV-underholdninga er promping.
3978. Planet of the Apes. Apekattar herskar på jorda, menneska har blitt slavar og kjæledyr for apekattane og blir sett på som uintelligente skapningar.
802701. The Time Machine. Blå skapningar, «morlocks», lev under jorda og livnærer seg på dumme menneske som dansar rundt paradiset på overflata, som blir hausta når dei når ein viss alder.
Nobelprisvinnar William Golding skreiv «Fluenes herre» i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært annarkjent og blant anna har fått status som ei av verdens 100 beste engelskspråklege romanar av TIME, samt godord frå American Library Association m.fl. Når eg satte meg ned med handlingsreferatet til 1963-filmen fekk eg ei aha-opplevelse, dette måtte vere ei bok eg las som yngre! Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk stadfesta at boka eg las var svensk, berre med likt utgongspunkt og lik handling (om eg berre hadde komme på tittelen her).
Essensen i «Fluenes herre» er den rå naturen til det uferdige og ikkje fullendt siviliserte menneske, det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståelsen av handlingane sine. «Lord of the Flies» anno 1963 er skremmande god på å få fram denne sida, mens der i «Lord of the Flies» anno 1990 ligg hakket djupare og kjem meir fram i form av barnas dårlege eller mange på forståelse av konsekvensar handlingane kan få. Teknisk sett er 1990-versjonen overlegen med nydeleg fargefoto, betre skodespelarar, og ei evne til å sette øya i perspektiv for å gi inntrykk av storleiken vs. små barn, som på meir enn ein måte blir tapt i naturen, der bruken av ordet natur inkluderar overlevingsinnstikt osv. 1963-versjonen er ikkje så begrensa i skala som ein får inntrykk av innleiingsvis, men gjer ikkje naturen til den utprega karakteren i filmen, og blir difor strammare rundt personane, får eg inntrykk av. Hadde berre skodespelarane vore betre her ville denne filmen ha komme langt!
Eg hadde det enklast med å sjå den nyaste versjonen, tross påstanden min om at den eldre var meir brutal. Sikkert fordi formen er meir publikumsvennleg og at eg slapp følge like mykje med på handlingsforløpet. Men eg kan eigentleg ikkje anbefale verken dei eine eller den andre, uansett kor god boka måtte vere og set preg på kjerna i desse filmane held ikkje dette mål, eg såg fram til minst ein god film med blei berre skuffa og kjeda meg store delar av begge. I ettertid er det likevel filmar som får ein til å tenke, når ein kjem forbi utførelsen er det som sagt gode poeng som ligg igjen, og dette er vel unnskyldning nok for at det er prøvd å lage god film på William Goldings bok.
«Serpico» og «Dog Day Afternoon» har mykje til felles. Begge filmane har Sidney Lumet som regissør, begge har Al Pacino i hovudrolla, begge er basert på sanne historiar og begge fekk Pacino nominert for Oscar for beste hovudrolle. Når det kjem til handlinga er derimot filmane natt og dag. «Serpico» som kom i 1973 handlar om ein politimann med gode intensjonar, store ambisjonar, men som er på feil plass til feil tid. Frank Serpico er eit kultivert menneske med eit godt hjarte for lova og tek i motstening til andre politimenn i distrikta han jobbar for til ulike tider ikkje i mot bestikkelsar. Dette skapar ein god del negativitet rundt han og gjer at han i større grad enn ønska blir splitta frå kollegaene sine, filmen startar med at Serpico er på veg til sjukehus med alvorlege skotskadar og set fart i dramatikken frå første minutt. Som i «Dog Day Afternoon» støttar filmen seg godt til Al Pacinos fantastiske rolleprestasjon, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere «Serpico» god. Lumet har satt saman bitar som godt manus og god historie for å skape ein god film. Den er på omkring to timar og held koken heile vegen med ei jamn utvikling som gir inntrykk av både tid og aukande frustrasjon som går utover sjåaren, på ein god måte.
«Dog Day Afternoon», 1975, set Pacino i rolla som Sonny, ein person som i likskap med Serpico glødar av ei sterk personlegheit, men der Serpico er politimann er Sonny ein væpna forbrytar. Under eit bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperra i banken med ei handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli ei mediedekka begivenheit. I to timar som går så det susar følger me utviklinga av gisselhaldinga over 12 timar ved å bli godt kjent med Sonny som ein filantropisk forbrytar, hans forhandling/leik med politiet og dei grunnane som ligg bak heile handlinga. Mykje god dialog og ei trang til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.
At det har teke meg så lang tid å fullføre samleboksen er grunna den varierande kvaliteten på innhaldet. Teknisk sett er det heilt kurant, litt dårleg engelsk teksting her, svak dubbing der, og varierande bilde. Men eg tenkte først og fremst på filmane. Den første eg såg var «Nosferatu» frå 1979, kanskje den beste filmen med Dracula eg har sett hittil («Nosferatu» frå 1922 er usett). God musikk og ei grøssande stemning som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein. Klaus Kinski gjer som i alle dei andre filmane, ei god rolle, her som grev Dracula, iført sminke/maske til det ugjenkjennelege. Bysekvensen med rotter i hundre eller tusental var kanskje det verste.
«The Sword Bearer» frå 2006. Ein mørk og dyster russisk film om ein mann med spesielle emner. Emner som lett kunne ha skapt ein superhelt i ei anna samanheng. Her møter me ein forstyrra mann på flukt frå politiet. Som med noko eldre russisk film er handlinga tydeleggjort med bilda. Men djubde manglar, både karakterar og historie føles litt platt. Trass i dette var «The Sword Bearer» ein fin start på dagen. Vurdering: 6/10.
Kanskje min favorittfilm for dagen. Indiske «Kabul Express» handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywoodstjerner. Ingen typisk Bollywoodfilm. Fråver av dei tradisjonelle songnummer og ei lengde på halvannan time. Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på bekostning av ei god stemning, eller at det blir noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre. Vurdering: 8/10.
«The Ninth Configuration» var tredje langfilm, klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar; eit godt behandla tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar. Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykriatiske institusjonen handlinga er lagt til, for så å flytte seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit semifilosofisk nivå. Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tålmodigheitsprøve utan like i Katakombenesamanheng. Vurdering: 6/10.
«Teenagers from Outer Space» er ein av dei «verkeleg klassiske B-kalkunane» (sitert Fred Ut frå programmet). Simpelt handlingsforløp, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålandes underholding. Årets «Diabolik» blei det sagt. «Teenagers from Outer Space» ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen utsjåandemessig lik menneske kjem til jorda for å oppdra dyr identisk utsjåande med hummer er god. Det er likevel skodespelarane si håndtering av dei som skapar mest latter. Til å vere ein film frå ein 50-pack som i tillegg innheld ein veldig grusom film om aliens og julenisse som Fred Ut viste meg deler av i fjor er eg fornøgd! Vurdering: 6/10.
Kort pause før «Running On Karma», som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, horror, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje. Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart «Running On Karma» i overkant av blanding, mot slutten heller slitsomt. Men den har kule slossecener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. «Exiled» hadde eg stor glede av tidlegare i år. Vurdering: 6/10.
«Faster, Pussycat! Kill! Kill!» kl. 00.40 var avslutningsfilmen og hadde overraskande god oppslutning, tross tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte den litt betre. Gjort merksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klypping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykkte, men aldri utelatt. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller. Vurdering: 7/10.