ness
29-jan-2008

Tog

Ver varsam for toget!

David Lynch sine filmar er eit mekka for analyse, personleg har eg funne ut at det som fungerar best for meg er å la ting gå sin gong. Her føregår så mykje rart at det hadde teke kortare tid å lære hunden snakking enn å forstå alt. No er det vel strengt tatt ikkje poenget at alt skal forståast. På ei liste over ting ein bør vite før ein ser Lynchfilm, funne på IMDb sitt diskusjonsforum for «Rabbits», står det at deler skal vere uforklart og uutforska, deler er det meininga du skal tillegge eiga meining, det du ser - er ikkje, osv. Innlegget her ber preg av at underteikna har lurt på kva han eigentleg har sett.

Siste tida har eg altså brukt på å komme meg gjennom dei mindre kjente prosjekta til Lynch, kortfilmar, nettseriar og litt slikt, i tillegg til den siste storfilmen hans. Ikkje alt har vore mogleg å få tak i, endå gjenstår «On the Air», «American Chronicles» og «Boat».

Inland Empire (2006)

Inland EmpireÅ finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.

Rabbits (2002)

RabbitsTre menneske i kanindrakter, ein - 1 - kameravinkel og trykkande musikk med lokomotive tonar blir til 42 minuttar med «Rabbits». Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om ein flyttar rundt på setningane. Deler av tida er forbeholdt stillheit, innslag av latter og applaus frå publikum på boks gir assosiasjonar til sitcom, det betyr ikkje komedie, men heller absurd prat. Undervegs blir me vitne til eit par forrykande lysshow og den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det særaste eg har sett nokon gong, kvifor eg lot meg imponere er ei gåte, eg forstod jo ingenting! Deler av «Rabbits» er tilgjengleg via YouTube. Har du sett «Inland Empire» veit du kva du går til.

Darkened Room (2002)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Broken Hearted (1990)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette verke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som spelar i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

Dumbland (2002)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

Hotel Room (1993)

Hotel RoomHBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.

 
ness
25-jan-2008

Spielberg på søttitalet

The Sugarland Express (1974)

Sugarland Express«The Sugarland Express» markerar debuten til Spielberg på storskjermen, hans tidlegare «Duel» blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett ($3.000.000 mot $375.000). Goldie Hawn, ung og pen so ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlangar skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha den tilbake.

I «The Sugarland Express» er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar, på det meste finst det titals politibilar i bilde, Spielberg brukar opp igjen mange av teknikkane han nytta seg av i «Duel», kamerautsnitt og føring er stødig utført og smart, nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klypperytme. Tonen i filmen hellar meir mot humor enn «Duel» og kan tryggt plasserast inn i den vidare utviklingskurva Spielberg hadde mot blockbusterane, «The Sugarland Express» er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm, slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.

Heilt på tampen vil eg trekke små parallellar til Sidney Lumets «Dog Day Afternoon», begge to er filmar basert på sanne hendingar, begge omhandlar gissel/kidnapping, i hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg relativt gode motiv (viss ein tøyer betydninga av god litt), og ikkje minst - begge foregår i eit avgrensa miljø; stort sett i ein politibil i «The Sugarland Express» og banken i «Dog Day Afternoon». Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg «The Sugarland Express» har mykje godt for seg i tillegg til å vere biljakt og våpenflashing.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Close Encounters of the Third Kind (1977)

Close Encounters of the Third Kind (1977)Eg kunne ha slakta denne filmen, berre for moroskuld, men det vil ikkje vere rettferdig ovafor dei som vurderar å sjå den eller meg sjølv viss eg skulle finne på å lese dette for rettleiing om eit par år.

For fakta er at «Close Encounters …» er ein presis midt på treet film. Den har sine plussider, diverre også nok minussider. Tåpeleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel på spenning og dramatikk når det gjeld. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang. Eg vil ikkje påstå eg hatar denne eller kjenner meg ført bak lyset av dei generelle folkemengdene som har sett filmen (IMDb ratingen i tankane), men greia var at eg kjente ingen ting i «magan».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-jan-2008

Bokklassikar i filmform: Fluenes herre alias Lord of the Flies

Lord of the flies postersNobelprisvinnar William Golding skreiv «Fluenes herre» i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært annarkjent og blant anna har fått status som ei av verdens 100 beste engelskspråklege romanar av TIME, samt godord frå American Library Association m.fl. Når eg satte meg ned med handlingsreferatet til 1963-filmen fekk eg ei aha-opplevelse, dette måtte vere ei bok eg las som yngre! Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk stadfesta at boka eg las var svensk, berre med likt utgongspunkt og lik handling (om eg berre hadde komme på tittelen her).

Dei som har sett «Lost» vil nok trekke på augnebryna når det kjem fram i dagen at «Fluenes herre» handlar om ei gruppe unge speidargutar som etter eit flykrasj i havet befinn seg på ei øde, tropisk øy utan vaksne til å ta vare på dei. Lite blir det i filmane fortalt om kvifor det var så mange barn på flyet og ingen vaksne forutan piloten, kven desse barna er avvik smått frå film til film, som med mange andre av detaljane omkring opphaldet, noko som kan ha med at første filmen kom i 1963 og den andre i 1990 og ideen om rammehistoria sin funksjon kan ha endra seg. Kjerna er forsåvidt lik og begge filmane har sine fordeler mot den andre i måtane å uttrykke denne på.

Overlatt til seg sjølv må barna tilpasse seg situasjonen og unge som dei fleste er blir ikkje alvoret forstått. Dei to eldste trår som forventa inn i leiarposisjonar og prøver å få struktur i tilværelsen, etter kvart blir det klart at desse har to vidt ulike syn på kva tiden skal brukast til. Konfrontasjon er uungåeleg, og det er her nokre av filmane sine verste syn oppstår.

1963Essensen i «Fluenes herre» er den rå naturen til det uferdige og ikkje fullendt siviliserte menneske, det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståelsen av handlingane sine. «Lord of the Flies» anno 1963 er skremmande god på å få fram denne sida, mens der i «Lord of the Flies» anno 1990 ligg hakket djupare og kjem meir fram i form av barnas dårlege eller mange på forståelse av konsekvensar handlingane kan få. Teknisk sett er 1990-versjonen overlegen med nydeleg fargefoto, betre skodespelarar, og ei evne til å sette øya i perspektiv for å gi inntrykk av storleiken vs. små barn, som på meir enn ein måte blir tapt i naturen, der bruken av ordet natur inkluderar overlevingsinnstikt osv. 1963-versjonen er ikkje så begrensa i skala som ein får inntrykk av innleiingsvis, men gjer ikkje naturen til den utprega karakteren i filmen, og blir difor strammare rundt personane, får eg inntrykk av. Hadde berre skodespelarane vore betre her ville denne filmen ha komme langt!

1990Eg hadde det enklast med å sjå den nyaste versjonen, tross påstanden min om at den eldre var meir brutal. Sikkert fordi formen er meir publikumsvennleg og at eg slapp følge like mykje med på handlingsforløpet. Men eg kan eigentleg ikkje anbefale verken dei eine eller den andre, uansett kor god boka måtte vere og set preg på kjerna i desse filmane held ikkje dette mål, eg såg fram til minst ein god film med blei berre skuffa og kjeda meg store delar av begge. I ettertid er det likevel filmar som får ein til å tenke, når ein kjem forbi utførelsen er det som sagt gode poeng som ligg igjen, og dette er vel unnskyldning nok for at det er prøvd å lage god film på William Goldings bok.

 
ness
10-jan-2008

Do I look like a killer to you?

Det ser ut til å bli stadig fleire samlepostar her omkring, kanskje ikkje når du rullar nedover på sida, men små “prosjekt” eg har liggande på lur etter ein filmfyllt juleferie og som eg har satt for meg å nemne her.

Dei to aktuelle filmane er vel strengt tatt ikkje meir slekta enn gjennom thriller/horror-sjangeren, og at det var min venn Roar, som nyleg stod for litt om Olsenbanden, som prakka dei på meg og to kameratar. Eg tek den beste, den gode filmen av dei to, først.

The Hitcher (1986)

The HitcherHar ikkje mamma sagt til deg at du må unngå å plukke opp haikarar? Jim Halsey (C. Thomas Howell) si mor har sagt det, men han trossar rådet og plukkar opp John Ryder (Rutger Hauer) ei regnfull natt langs motorvegen. Ryder viser seg å vere psykopat av verste slag og etterkvart går det opp for Halsey at det ikkje berre er hjul som rullar langs motorvegen. «The Hitcher» tek element frå fleire ulike thriller/horror-filmar («Duel» bl.a.) og lagar ein spennande film ut av det, men framstår ikkje som blandingsrøre. Skulle eg forandre ein ting, meir Rutger Hauer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Cape Fear (1991)

Cape FearMartin Scorcese, remake, Nick Nolte. Tolk det som du vil, men her betyr ikkje Scorcese nødvendigvis høg kvalitet, remake tull eller Nolte dårleg skodespel. «Cape Fear» er omtrent så midt på treet som det går an å bli. Her vekslast det på rå kameraføring og tidleg 1990-talsklisjear, mykje hadde glidd godt inn i 1960-talsfilm, men blir feil her, utan at det er direkte dårleg. Stemningsskapande musikk av godt kaliber får aldri fram den forventa sitringa, eg torer sei at Robert De Niro sin karismatiske psykopatiske eks-fange blir meir morsom enn truande. Midt på treet halvveges gjennomført.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-jan-2008

Woody og hans filmar - bit for bit

Her kjem ei lita bølge med oppsamla filmskribleri på vegne av Woody Allen sine filmar, ein filmskapar eg alltid kjem tilbake til og som alltid har noko nytt (for meg) liggande på lur. Kan nok kallast ein av favorittregissørane mine, sjølv om ikkje alt han lagar er like bra. Sidan eg har sett ein del i det siste såg eg det praktiske i å bygge på dette innlegget, for ikkje å servere for mykje på ein gong set eg grensa på fem tilfeldige titlar her, og eg har fleire filmar på lur til seinare.

Bananas (1971)

114BananasAllen sin tredje langfilm er ein politisk komedie tydeleg inspirert av forholdet mellom USA og Cuba, revolusjonen og dåtidas syn på folk med «feil» meiningar. Den uutdanna Fielding Mellish (Allen) blandar seg inn i demontrasjonskulturen fronta av universitetsstudentar og deira støtte for opprør i det fiktive landet San Marcos som nyleg har lidd under eit poltisk kupp. Som hovudrolleinnhavar gjer Allen veldig mykje ut av seg i form av fysisk humor og kløne. Litt enkelt, men det fungerar om ein er positivt innstilt. Den poltiske vinklinga ligg fint å duppar i overflata og har i blant gode poeng. God nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Interiors (1978)

114InteriorsDen mest seriøse filmen til Woody Allen viser at mannen er flink til meir enn å more folk, dette veit dei som har sett litt i frå ulike deler av filmografien hans. Datert seint 1970-tal med sterke rolletolkningar av bl.a. Diane Keaton og Mary Beth Hurt, Woody Allen forblir bak kamera, omhandlar Interiors ein familie der mor er psykisk ustabil og døtrene lever i frykt for å arve sinnslidelsane. Tung stemning pregar filmen som har sterkt manus med mykje fin dialog og er solid regissert, forventar du ei handling med tempo og action er dette derimot feil val.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

A Midsummer Night’s Sex Comedy (1982)

A MidsummerSatt til tidleg 1900-tal har Allen med «A Midsummer…» valt å sette handlinga til ein spesifikk periode for å forsterke den. Her er ekteskap, kjærleik og sex tema når seks vaksne menneske med inperfekte forhold samlast for å feire det kommande bryllaupet blant to av desse. Romantiseringa, krydra med seksuell energi, svarar til mange av forventingane eg har til kostymedramakomedien, og er nok blant dei morsommare eg har sett innan sjangeren. Allen lykkast likevel ikkje å more så mykje som håpt, det blir for tamt og uskuldig. Eg kjeda meg ikkje, men kunne gjerne ha fått litt meir trøkk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Purple Rose of Cairo (1985)

Purple rose of cairoFørste først, dette er ein film utan Woody Allen, verken på bildesida eller lydsporet. Der finn me derimot Mia Farrow og Jeff Daniels, i blant med hjelp av Danny Aiello. Cecilia (Farrow) lev under depresjonen, er glad i film og mindre glad i ektemannen Monk (Aiello). Så kjem «The Purple Rose of Cairo» på kino og ho blir betatt, må sjå den om igjen fleire gonger, heilt til Tom Baxter (Daniels) ein dag hoppar ut av lerretet. Morsomt, spesielt og Woody Allen er naturlegvis godt oppmerksom på bruken av filmformatet. Her blandar han alle moglege konvensjonar i hytt og pine.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Radio Days (1987)

Radio Days (1987)Ulike radiominner som kjente songar frå barndommen til Woody Allen, familien sitt forhold til radioen parallelt med historiar om kjendisar utgjer denne kompilasjonen av fleire lause historiar. Allen sit bak mikrofonen i «Radio Days» som forteljarstemma mens ein ung Seth Green spelar Allen som barn, her gitt namnet «Joe». Vandrehistoriar, sladder og eigne minner dannar grunnlaget for ei nostalgisk tidsreise. Allen nyttar også filmen til å dyrke musikksmaken sin, då det finst mange songnummer her. Sjølv brukte eg ei god stund på å komme inn i rytmen til filmen som eg aldri finn meir enn akkurat passe god, men stemningsfull.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-des-2007

Haggiskræsj og Tex-Mex for unge

Dagens dobbel på 3. juledag bestod av ein lenge utsatt film og ein ikkje fullt så lenge etterlengta film, begge med visse forventingar knytta til seg. «Crash» har hausta gullmenn og virka generelt godt likt (IMDB), men har blitt utpeikt som oppskrytt fjaseri i andre kretsar, noko som blant anna har gjort at eg lett har prioritert andre filmar framfor den. «No Country for Old Men» kasta eg meg derimot over så sant eg fekk sjansen …

Crash (2004, Paul Haggis)

CrashEtter å ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tek kort tid å komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt når det gjeld karakterutvikling, det går i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augo og er med på å levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trådblanding.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

No Country for Old Men (2007, Ethan og Joel Coen)

No Country for Old Men (2007)Coens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-des-2007

Siste menneske på kloten er …

… Vincent Price i The Last Man on Earth,

The Last Man on Earthbasert på boka «I Am Legend» av Richard Matheson, viss begge foreldre er norske. Denslags informasjon ser ut til å vere obligatorisk å nemne i «God kveld, Norge», og eg vil ikkje vere dårlegare her.

Dette er historia om ein mann som (nesten) er åleine igjen i verda etter resten av folket er utrydda av eit stygt virus. Vampyrarliknande skapningar herjar ute på nattestid. Tre år har gått sidan virusutbrotet, og Price’ rollefigur må kjempe om tilværelsen. Det skin igjennom at det må vere ei god bok dette er basert på, temaet er interessant, men filmen er rufsete i kantane og ingen underverk. Price er artig i motsetning til resten av besetninga til fimen. Tempoet er søvndyssande i tomheita som følger av mangel på byggande informasjon. Tittelen er då kanskje den finaste blant filmane her.

… Charlton Heston i The Omega Man

The Omega ManSkjønt heilt åleine er han ikkje, for gatelangs herjar «The family». Ein organisasjon av basselusksmitta (virus for folk som ikkje forstår småbarnspråket), lysvare folk. Elles framstille filmen dei som godt like vanlege menneske. Dei trur på ei verd utan (vanlege) menneske, våpen og maskiner, ergo har dei oppegåande hjernefunksjon. Den verdsomspennande smitten blir sett på som Guds vrede.

Robert Neville (Heston) står i vegen for målet. Han er immun mot smitten, glad i våpen og mindre glad i «The family». Moro tenkte eg ei stund, diverre er det dårleg gjennomført. Filmen gir minimalt med meining, skodespelarane skuffar, «The family» er ein bleik bløff. Lista er lang, filmen føles óg.

… Will Smith i I Am Legend

I Am LegendMin desiderte favoritt blant desse adapsjonane. Settingen denne gongen er New York, fullstendig tømt for menneske. Will Smith er rette mannen til å bere ein film av denne typen, alderen gir truverdigheit til både forskaren og soldaten Robert Neville.

Tempoet til «I Am Legend» er ikkje det høgaste, den tyr i blant til kjente forteljargrep, men hamnar aldri i den dårlege rytmen, heile vegen ligg det ei spenning i lufta. Her er det lagt vekt på å gjere det beste ut av ting, så forvent ingen kjapp introduksjon med 1 time action som følger, «I Am Legend» er ikkje den type film. Historia bak filmen får overraskande mykje ut av seg på kort tid, det er eit rikt detaljnivå i omgivelsane, eg blei tidleg betatt av storleiken på alt. Noko produktplassering finst, ingen av desse går utover filmen si truverdigheit i stor grad. Muterte skapningar herjar også New York på nattestid, her er det ein mellomting mellom zombiar og vampyrar, med sterk fysikk, som fungerar ganske godt. God film, der ei stor glede var at dei har klart å få alt ned til 90 minuttar, noko som utelet eviglange for- og etterord.

… Mark Dacascos i I Am Omega

Lansert litt tidlegare i haust, rett på video, i lyset av marknadsføringa rundt «I Am Legend». Eg trudde ærleg talt dette skulle bli litt morsomt, rå action og ingenting meir, men gav opp filmen etter knappe kvarteret. Gjesteanmeldar Mario kjem kanskje tilbake med meir om denne etter kvart.

 
ness
16-des-2007

Klassisk innhenting og kaosorientert julekos

Med tidleg juleferie og difor ein hjerne i feriemodus har det blitt lite skribling dei siste dagane, det betyr ikkje at det har mangla på gode filmar, tvert i mot. Så her kjem ei oppsummering av det som har skjedd sidan torsdagen og fram til søndags morgon. Med godt samvit for å endå ligge eit godt stykke unna fjorårets filmstatistikk er det tid for å gå berserk i den gjenverande delen av desember…

Mr. Smith Goes To Washington (Frank Capra, 1939) …

Mr Smith Goes To Washingtonhandlar om senatpolitikk og korrupte senatpolitikarar. Jefferson Smith blir erstatninga etter bortgongen til ein senator og blir av utnemnarane sett på som ei sikker ja-stemme i saker som skal føre til gode økonomiske gevinstar for delstatens mektigaste forretningsmann.

James Stewart, ein av tidenes beste skodespelarar etter mitt skjønn, leiar filmen an som Smith - ein mann med stor tru på demokratiet, fridom og denslags ideal som det ofte er kvalmande overtydeleg. «Mr. Smith …» er derimot veldig spennande, lærerik, morsom, dramatisk, ja stort sett alt som skal til for å sette meg i godt modus. Sjølv om ideala er meir enn tydelege her òg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Apartment (Billy Wilder, 1960) …

The Apartmenter ein av desse flotte Billy Wilder filmane det er så lett å bli glad i (les: «Sunset Blvd.» og «Some Like It Hot», m.fl.). I «The Apartment» er det Jack Lemmon som styrer showet, bokstavleg talt ved å tilby leiligheita si med seng der sjefane hans kan ha «safe sex» med elskerinnene sine - i bytte mot gode referansar. Det startar som ein passe lystig film, men ein anar at dette skal bli meir. Etter kvar fangar filmen oss i karakterane og problema deira bak den småkomiske fasaden. Fasaden er veldig mykje tilstades gjennom heile filmen - som kan seiast å vere ein velbalansert affære og fengande til dei grader at ein ser på displayet etter 1t 50min og håpar det er kluss med avspelaren så den eigentleg meinar 0t 50min.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Strangers on a Train (Alfred Hitchcock, 1951) …

Strangers on a Train (1951)er ein film der ein stor del av æra bør gå til Robert Walker, som tragisk nok gjekk bort same året som filmen blei lansert. Då karakteren hans, Bruno Anthony og Guy Haines (Farley Granger) møtes på toget dreiar samtalen deira seg etterkvart innpå mord; «det perfekte mord». Bruno får for seg at han kan drepe den utru kona til Guy, mens Guy kan drepe den slemme faren til Bruno, og at dei begge kan komme unna på mangel av motiv og sosiale relasjonar. Guy ler bort ideen, den psykotiske Bruno ser på dette som ein fastslått avtale. Det som følger er ein mordthriller av høg klasse der Robert Walker mest av alt imponerar som Bruno, ein karakter viss vekst på deg som person gjennom heile filmen og blir stadig skumlare. «Strangers on a Train» er nok ikkje min favoritt Hitchcock, men likevel verdt å sjå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Eastern Promises (David Cronenberg, 2007) …

Eastern Promises (2007)tek plass i eit regntungt Londonmiljø, prega av russisk mafia og vald. Fullt så mykje fokus på miljøet er det då likevel ikkje, for Cronenberg har valt å dreia dette mest innpå karakterane sine, slik som han pleier. Som stor fan av det tidlege arbeidet til denne regissøren var det med glede eg oppdaga at han har gitt rom for ein god del råskap her, «Eastern Promises» er noko av det meir seriøst grusomme eg har sett på ei stund, utan at blod og denslags blir grunnlag for filmen åleine. Filmen brukar stilige verkemiddel som ligg nær kjente løysingar eg har sett før utan at det blir overdrive eller føles oppbrukt, den har ei ærlegheit ovafor seg sjølv som plasserer den unna ironisering eller det formål å lage ein überstilig film for det kommersielle. Alt i alt er «Eastern Promises» ein film som ikkje utgir seg for anna enn nettopp det å vere ein film. Trur nok denne kvalifiserar til eit gjensyn med tid og stunder.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Bad Santa (Terry Zwigoff, 2003) …

Bad Santa (2003)har eg sett ein del gonger og den er framleis like bra. Billy Bob Thornton som alkoholisert julenisse og butikkranar får god hjelp (reint filmmessig) av ein feit liten unge og fleire absurde rollefigurar til å gjere akkurat så mykje faenskap ut av førjulssatiren til at eg kan godta dei sentimentale tonane som klingrar så svakt igjennom ulike sider av filmen. Det heile roar seg litt for mykje ned i eit lite parti før oppkøyringa mot slutten, men er udiskutabelt ein av mine favorittar med jul som tema.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Christmas Vacation (Jeremiah S. Chechik, 1989)

Christmas Vacation (1989)Kvart år kjem det nye, gamle julefilmar til overflata som eg ikkje har fått sett før. No er det godt mogleg eg har sett deler av denne, men aldri heile. «National Lampoon» hentar fram familien Griswold med Chevy Chase i farsrolla til nok ein kaosfylt ferie. «Christmas Vacation» er den tredje filmen av totalt fire «Vacation»-filmar og den første der familien ferierar heime. Clark Griswold har store planar om den perfekte julefeiringa og inviterar både foreldre og svigers, naturlegvis er det duka for katastrofe. Julestemninga er flott fanga og det er fin moro her, heilt overbevist blir eg likevel ikkje, tross fin moro blir det i svært mange tilfelle altfor enkelt (uskuldig barnsleg) for min smak - utan at «Christmas Vacation» på nokon måte går over i bås med dei dårlege National Lampoon-filmane. Som med «Bad Santa» trur eg likevel denne fint kan sjåast igjen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-des-2007

Het ettermiddag med Al og Sid

Før «Gudfaren» og «Serpico» var Al Pacino eit lite kjent ansikt i filmverdenen, men med desse filmane tok han publikum med storm før han seinare gjekk tilbake til Francis Ford Coppola - «Gudfaren II» - og Sidney Lumet igjen etter det med «Dog Day Afternoon». Lat meg no halde meg til Lumet og stå over Coppola for denne gong, då eg nyleg har sett «Serpico» og «Dog Day Afternoon».

Serpico«Serpico» og «Dog Day Afternoon» har mykje til felles. Begge filmane har Sidney Lumet som regissør, begge har Al Pacino i hovudrolla, begge er basert på sanne historiar og begge fekk Pacino nominert for Oscar for beste hovudrolle. Når det kjem til handlinga er derimot filmane natt og dag. «Serpico» som kom i 1973 handlar om ein politimann med gode intensjonar, store ambisjonar, men som er på feil plass til feil tid. Frank Serpico er eit kultivert menneske med eit godt hjarte for lova og tek i motstening til andre politimenn i distrikta han jobbar for til ulike tider ikkje i mot bestikkelsar. Dette skapar ein god del negativitet rundt han og gjer at han i større grad enn ønska blir splitta frå kollegaene sine, filmen startar med at Serpico er på veg til sjukehus med alvorlege skotskadar og set fart i dramatikken frå første minutt. Som i «Dog Day Afternoon» støttar filmen seg godt til Al Pacinos fantastiske rolleprestasjon, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere «Serpico» god. Lumet har satt saman bitar som godt manus og god historie for å skape ein god film. Den er på omkring to timar og held koken heile vegen med ei jamn utvikling som gir inntrykk av både tid og aukande frustrasjon som går utover sjåaren, på ein god måte.

Dog Day Afternoon (1975)«Dog Day Afternoon», 1975, set Pacino i rolla som Sonny, ein person som i likskap med Serpico glødar av ei sterk personlegheit, men der Serpico er politimann er Sonny ein væpna forbrytar. Under eit bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperra i banken med ei handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli ei mediedekka begivenheit. I to timar som går så det susar følger me utviklinga av gisselhaldinga over 12 timar ved å bli godt kjent med Sonny som ein filantropisk forbrytar, hans forhandling/leik med politiet og dei grunnane som ligg bak heile handlinga. Mykje god dialog og ei trang til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.

Begge filmane er eksellente og spennande inn til beinet. Ved å vere basert på sanne historiar gir dei litt ekstra, noko som ikkje skal bli tatt for gitt då fleire filmar som gjer dette i blant hamnar i haugen med dei som berre lukkast i å bruke det som salstriks. Al Pacino leverar varene og sjølv om han kan bli sint handlar det ikkje berre om å skrike, noko dei seinare filmane hans gjerne har gjort. Kombiner gjerne desse «Serpico» og «Dog Day Afternoon» med «Network» for eit Sidney Lumet hattrick, eit innblikk i mediaverden som tek fascinasjonen for tv-nyheiter i «Dog Day Afternoon» fleire hakk vidare og dannar eit utfordrande bilde av kampen for sjåartal, datert 1976, men framleis aktuell den dag i dag.

 
ness
06-nov-2007

Saksemann søker dame med busker

Busker i hagen, til å trimme, om du trudde anna.. Edward er flink til dette. Dette er ein gjensynsrunde med nokon tidlegare sette filmar som trengte å blitt sett på nytt.

Edward Scissorhands

Før: Ei nyårsaftan for mangfaldige år sidan viste NRK «Edward Scissorhands», eg var Edward Scissorhands (1990)nok ikkje meir enn 10 år den gongen, så eg berre bitar frå opplevelsen. I åra som fulgte fekk den plass som magisk i hukommelsen min, før den omsider blei heilt gløymt. Eg hugsar framleis at den fascinerte meg med skulpturane Edward klyppte i alle fasongar, at den gjekk innpå meg med si tragiske historie, kanskje difor har eg i ettertid skapt min eigen slutt på filmen som eg blei overraska over ikkje å gjennoppleve.

No: Etter å ha planlagt lenge fekk eg summa meg til eit gjensyn. Gleda starta allereie under opningsteksten, med det eine kjente namnet etter det andre: Johnny Depp (sjølvsagt!), Winona Ryder, tilogmed Vincent Price. Etter å ha sett stemninga på som ein Edward Scissorhands (1990)ekspert skal, får Tim Burton ei gammal dame til å fortelje historia om Edward (Depp). Den gong han kom ned frå einetilværelsen i det nedslitte huset på toppen av bakken, over ein travel, pastellfarga forstad, til ein hyggeleg familie. Styrken til filmen er at den streifar innom Edward som ein senasjon (med saksehender), fortalt som lystig komedie og tragisk drama, alltid med mystikk og rik på gode karakterar, alltid gripande. Inntrykket mitt er at alt passar saman, enkelte ting kunne ha tatt seg dårleg ut i andre filmar, men kjem i godt selskap i «Edward Scissorhands», som trår opp på toppen av trona som min favoritt Tim Burton film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Starship Troopers

Før var eg mest opptatt av at det var fart og spenning, eg såg på «Starship Troopers» som eit rom-action-eventyr med masse, masse skyting og herleg grønt og oransje gørr flygande i alle retningar, pene damer (dusjscena har fått sin avkrok i hukommelsen) og tøffe Starship Troopers (1997)soldatar utan mykje hjerneaktivitet for seg. Dette var vel rundt 7 år sidan.

No: Opplevelsen var ei litt anna, eg la nok meir merke til den useriøse tonen og all overdrivinga som bevisste trekk ved filmen enn at det berre var tilfeldig gøy, men synst likvel ikkje det fungerte optimalt. Uansett bevisst overspel, overdriving eller over toppen av det fornuftige blir det altfor hjernedød action. Ikkje nødvendigvis ein negativ ting, eg kan sette pris på slike filmar om det ligg meir bak enn i «Starship Troopers», men klarar ikkje å engasjere meg nok til å like dette. Av dei to timane den varer blei halvparten slitsom og resten underholdande viss ein smørjer dei delene saman. Bortkasta tid er å overdrive, men å kalle det anbefalt bruk av tid er som å tru på dodraugen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Incredibles

IncrediblesFør: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det morsomaste. I lyset av «Shrek 2» synst eg derimot den låg eit hakk under på det humoristiske. Ca. dette var å lese i Filmdagbokinnlegget frå den gong.

No: Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, «The Incredibles» er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt i forhold til vanleg film med spesialeffektar utan at ein reagerar på det, endå nærmare teiknefilmsjangeren. The IncrediblesAlle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlingsforløpet er forutsigbart så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt. Disney/Pixar har laga ein film for (store deler av) familien, så nokre moralske preikenar må ein tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på bekostning av dette, The Incredibles har noko flotte høgdepunkt som aktiverar smilebandet, litt mør er den i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10