IMDb: 7.3/10 (56,664 votes)
Limitless er den type film det er vrient å skrive om. Det er lite som er dårleg nok til å gjere poeng ut av det. Det er òg få ting som er verdt å skryte av.

Det Limitless har er ein artig idé. Det finst eit narkotikum som gjer at brukaren får utnytte hundre prosent av hjernen sin, og vår protagonist i mangel på betre skildrande titlar får tak i dette.
Då protagonisten, Eddie Morra (Bradley Cooper), ikkje heilt har livet sitt på skinner i utgangspunktet går det fort oppover. Men det er for godt til å kunne vare.
Første timen er den beste. Eddie oppdagar den positive effekten, vi blir vitne til ei rags to riches-historie, og mindre hyggelege mennesker dukkar opp i livet hans. Men så blir det brått altfor klart at filmen ikkje har meir å spele på. Ei oppnøsting av trådane, ei løysing på problema og eit innblikk i framtida kjennes meir obligatorisk enn ønskeleg. Gnisten forsvann og den artige ideén var utspela.
Men eg får meg ikkje i frå å like Limitless. Den skal belønnast for potensiale og til dels for gjennomføring. Den består av fleire gode actionsekvensar og eit lite innblikk i ein menneskeleg natur som vi må følgje, men ikkje treng like til det fulle.
6/10
IMDb: 7.1/10 (47,275 votes)
The Adjustment Bureau er regidebuten til George Nolfi, manusforfattar på The Bourne Ultimatum og The Sentinel. Det er ein vellykka adapsjon av ei Philip K. Dick-novelle, ein forfattaryndling i Hollywood som kanskje er mest kjent for å ha skrive romanen som Blade Runner og novella som Total Recall har sine utspring frå.

At dette er ein vellykka film er ikkje opplagt. Den bygg på eit romantisk møte og eit kontrollorgan som styrer skjebnen til menneska. På papiret er utfoldinga av denne kombinerte historia rett fram og ikkje fullt så spennande, men gjennomføringa med rett timing og nok dveling ved dei rette dilemma gjer at filmen får ein suggerande effekt.
David Norris (Matt Damon) er protagonisten. Han er nære ved å bli vald til senator, men øydelegg for seg sjølv. Like etter nederlaget møter han Elise Sellas (Emily Blunt) som han blir forelska i ved første møte. Desse to episodane blir til to parallelle trådar som filmen bygg på, og felles for dei er at the adjustment bureau, ei høgare makt som eg skal røpe lite om, må hindre at desse handlinga får feste og utvikle seg.
The Adjusment Bureau er ei fin blanding av sci-fi, thriller, romantikk og litt action. Den har ei langvarig og interessant oppbygging og vekslar fint mellom det som skin gjennom glanspapiret som ein mytologi frå Philip K. Dick og det som er meir konvensjonelle studiofilmgrep og emosjonelle krokar for publikum å hekte seg på.
Samtidig som filmen er sprek og tidvis vekker nysgjerrigheiten så er det mangel på dei største augoblikka som kunne ha definert filmen som viktigare enn rein underhalding.
7/10
IMDb: 7.7/10 (32,722 votes)
Super 8 er eit action-kalas frå J.J. Abrams, forma etter Spielbergske grunnprinsipp. Ein underhaldande kinofilm med valdsame spesialeffektar, barn i hovudrollane og familie i oppløysing som deler av problematikken.

Super 8 er ein ellevill barnefilm (aldersgrense 11 år). Etter at eit tog med mystisk frakt sporar av i ein småby i Ohio, kjem militære og snur kvardagen for innbyggjarane opp/ned. Rare ting byrjar å skje, og midt oppi det heile møter vi Joe og vennene hans, som var tilstades då avsporinga skjedde.
Handlinga går føre seg i 1979. Mangelen på direkte informasjonsflyt legitimerer til ei viss grad forvirringa og bygg opp under det mystiske som skjer. Dette eg òg tilbake til ei tid då filmar som Close Encounters of the Third Kind og E.T.: The Extra-Terrestrial kom ut, Spielberg-filmar som Super 8 har fleire fellestrekk med.
Gjennom Joe og vennene ser vi filmen frå ståstaden til barn. At det som skjer er overveldande scener i utgangspunktet, blir berre forsterka av dette og til dels humoristiske vendingar. Replikkane som blir slengt fram og tilbake er gjort med presis timing og poenga er som regel tatt på kornet.
Fram til siste del av filmen er Super 8 intet mindre enn lett å bli oppslukt i. Det er når klimakset nærmar seg og avrundinga byrjar at den snille sida ved filmen viser seg å vere i overkant. Klisjeane blir for tydelege og legg seg oppå kvarande ein etter ein, og eg mistar heilt interessa for å følgje med, ettersom det blir så altfor opplagt kva veg det vil gå.
7/10
IMDb: 2.9/10 (365 votes)
Mitt nye favoritt-show, ikkje-fiksjon, pÃ¥ internett er Half in the Bag – eit filmprogram frÃ¥ Red Letter Media. To menn skal liksom reparere ein VCR, men blir sittande Ã¥ drikke øl og snakke om film i veke etter veke.

I episode 2 er den hysterisk dårlege (Half in the Bag sine ord) videoutgivinga The Galaxy Invader under lupa. Hysterisk dårleg er ein magnet mot mitt sinn og eg kunne ikkje dy meg, men måtte sjå The Galaxy Invader.
I denne billege rett-på-video-produksjonen frå 1985 med feilaktig tittel er det menneske som er den ekte trusselen. Dette er forøvrig ingenting nytt, menneske prega av frykt er ofte den øydeleggjande krafta i science fiction-filmar. Men i The Galaxy Invader er det ikkje menneska framfor kamera som er trusselen, det er Don Dohler. Ultra lågbudsjettsfilmskapar som debuterte i 1976 og har holdt det gåande (med relativt få titlar) fram til 2006.
Filmen. Eit romskip krasjar, ein gjeng fulle hillbilliar jagar det for å fange romvesenet i skipet og selje det til høgstbydande.
Hillbilliane er ein håplaus gjeng med stereotypiportretterte, stygge folk i dårlege kostymer. At det å definere omgrepet kvalitet er vrient på grunn av våre subjektive oppfattingar, ser ikkje ut til å hindre Dohler i å lage ein film utan kvalitet.
Jakta er til tider så dum og uforståeleg at det har ein viss underholdningsverdi. Enkelte sekvensar er nok verdt å sjå for dette, men så finst jo YouTube. At filmen stadig handlar mindre og mindre om romvesenet utover, noko som blir toppa med den horrible slosskampen mellom to menneske på slutten, kan stå som eit bilde på filmen som var lite i byrjinga, men gradvis enda opp med å bli ingenting.
2/10
IMDb: 6.2/10 (38,931 votes)
Eg stilte med blanke ark til I Am Number Four. I ettertid har eg lese ein stad at I Am Number Four blir samanlikna med Twilight. Ved nærare ettertanke kan eg godt forstå at enkelte kan gjere det, men eg ser ikkje heilt poenget og synst dette var finfin ungdoms-sci-fi.

John (Alex Pettyfer) er eit romvesen, men ser ut som ein vanleg lydhuda amerikansk ungdom. Henri (Timothy Olyphant) er frå same planet som John, krigar av yrke, og har som oppgåve å beskytte John. Som vanleg så skjer det ting som eg ikkje gidd fortelje, og John og Henri hamnar på ein ny stad, der John overtalar Henri til å få lov og gå på high school.
Grunnen til forflyttinga er at onde romvesen frå ein annan planet igjen er på jakt etter John, som er nummer fire i ei rekke av romvesen med spesielle krefter.
Alt dette til side, John møter ei søt jente, får problem på high school, ditt og datt. I Am Number Four blir for meg som ein pilotepisode til ein eller anna high school tv-serie, som The O.C. eller liknande. Med eit utskudd i hovudrolla. Og det er nettopp dette som får meg til å fatte interesse for denne filmen. Den fungerer nok langt mindre som ein sci-fi-film, men som eit portrett av ein ungdom i nytt skulemiljø og romanse med jenta han eigentleg aldri skulle ha hatt sjanse på, så er dette kurant.
I Am Number Four er mest ein film for ungdommen eller sånne som meg, mindre for sci-fi-buffen. Så er det òg D.J. Caruso som har regien, den kan ein ha i tankane. Sjølv synst eg han behandla deler av den same ungdomstematikken på ein god måte i Disturbia.
6/10
IMDb: 5.0/10 (1,648 votes)
Xtro kom tilfeldigvis opp i søkeresultatet på plakaten for Return of the Living Dead III, og med ei fengande plotline og eit sprekt monster tenkte eg at dette i verste fall måtte vere litt gøy.

Xtro viste seg å vere verken fengande eller sprek. Den er langsom og dødfødt, men har gørr og grusomheiter og er litt for spesiell. Den mest minneverdige scena går ut på at ein vaksen mann blir født ut av ei kvinne eit romvesen har tukla med. Mildt sagt ei stor påkjenning og mykje blod. Etter at Tony frå plakaten får draumen sin oppfylt får han overnaturlege emner til å mane fram ein klovn som finn på mykje faenskap i heimen, blant anna å drepe barnevakta. Skulle du vere redd klovnar kan dette vere ein god skrekkfilm for deg.
Forutan innslag av slike rare hendingar så har Xtro lite å gå på. Håplause folk og uinteressant handlingsforløp er kjerna i filmen som i beste fall klarar å oppnå ei ubehageleg stemning som eg ikkje set pris på.
3/10
IMDb: 7.7/10 (40,584 votes)
Source Code minnar meg litt om ein episode av Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Mr. Mxyzptlk, ein skurk frå den femte dimensjonen, kjem til Metropolis og lagar ei tidssløyfe som får julaftan til å gå igjen og igjen.

Ein av grunnane til at Source Code fungerte for meg var at eg visste lite om den på førehand. Eit par ord her og der gav meg eit inntrykk av at folk likte den, historien visste eg mindre om, men ein par ting snappa eg opp. Dette er grunnen til at eg innleiingsvis nemner Lois & Clark og tidssløyfer. Source Code handlar ikkje om ei tidssløyfe i den forstand, men prinsippet med å oppleve den same hendinga gang på gang er sentral i filmen. Og dette er i grunn alt eg vil røpe om handlinga.
Source Code er elles ein sci-fi-film som bryr seg fint lite om å tilnærme seg vår realisme. Den utfordrar oss til ei viss grad på ulike stadium av bevisstheiten til hovudpersonen, men prøver aldri å gå så langt som og oppnå forvirringa som nokon opplevde i Inception (ein heller ukomplisert film spør du meg).
Grunnar til å sjå Source Code er at det er ein actionfilm med litt meir historie enn det enklaste der ute. Den kokar ned til ein mindre komplisert affære, men er likevel tilfredsstillande nok. Lengda er nær sagt perfekt og den har eit driv nesten heilt til ende.
7/10
IMDb: 5.7/10 (4,983 votes)
Det lot vente på seg, men fem år etter 2-aren kom nok ein bedriten film i serien Return of the Living Dead.

Eg vart tenkt til å skrive om heile serien, men hadde lite lyst etter å opplevd nok ein nedtur. Det mest interessante med Return of the Living Dead III er Melinda Clarke, seinare kjent i TV-serien The O.C. Interessen varer sånn cirka i 2 minuttar, før eg fann ut kor eg hadde sett ho før.
Den største irritasjonen ligg i korleis konseptet zombie blir tilpassa scenene, der nokon kjapt blir hjernedøde og svoltne på hjerne, medan andre klarar å kontrollere seg. At zombien kan vere smart bryr meg lite, sidan voodoo-zombien i gamle, gamle dagar har det skjedd like nesten mange tilpasningar som filmar, og det har holdt monsteret i live.
Det einaste som er festleg er den påtatt kule slangen. Kul ungdom formidla på film av nokon som tydeleg ikkje kjenner til kva kul ungdom er, er kult. Utanom dette, ingen anbefaling. Sjå den første filmen, stopp der.
4/10
IMDb: 7.1/10 (99,800 votes)
To år etter Iron Man kom Robert Downey Jr. tilbake til jerndrakta for nok eit oppgjer med stygge geni i robotdrakter.
Eg skal ikkje gå rundt grauten, og kjem med det først som sist, Iron Man 2 er ein halvkjip film. Eit døgn etter eg har sett den har eg allereie byrja å gløyme handlinga.

Eksempelvis er Sam Rockwell (lenge leve Moon) ein av dei minst karismatiske skurkane på lenge, godt mogleg kjedelegare enn skurken i G.I. Joe: The Rise of Cobra. Den store slosskampen mot slutten er over før ein får sukk for seg, og det på ein rimeleg teit måte. Resten av filmen er gløymt, men det handlar om ein sjukdom og det å gi opp, om det å dra ut tiden og gå i andre retninga av det som gjorde Tony Stark kul (nok) i første filmen.
Filmen full av mange dårlege val blir berre gjort mindre kjedeleg av avløysande humor og romantikk som kjem til overflata med hjelp frå Gwyneth Paltrow.
Så skal det likevel bli sagt på slutten, at om ein ikkje treng ei god historie, om ein berre vil ha actionsekvensar, stereotypar som tyt om whatever stereotypar tyt om, og litt blockbusterhumor, så går Iron Man 2 an. Den har ein viss flyt og går meg aldri heilt på nervene heller.
5/10
IMDb: 5.5/10 from 3,200 users
Atlas Shrugged: Part I leverer ei velfungerande oppbygging og eit godt premiss for resten av (den forhåpentlege) trilogien.

8/10