Futureworld (1976)

IMDb: 5.7/10 (2,549 votes)

Då eg den siste tida har sett litt meir film igjen, har science fiction vore eit val eg har støtta meg mykje til. Total Sci-Fi Online si The 100 Greatest Sci-Fi Movies-liste har stått sentralt i val av filmar innanfor den store sjangeren. Futureworld ligg ikkje på denne lista, men er oppfølgjaren til Westworld som gjer det.

I Futureworld har robotopprøret i Westworld blitt eit avslutta kapittel, og nye 1.5 milliardar dollar har blitt investert i opprettinga av ein endÃ¥ større tema – i fare for Ã¥ underdrive i val av omgrep. Problemet til Future World er at den dÃ¥rlege publisiteten frÃ¥ historikken med robotopprøret fører til eit lÃ¥gare besøkstal enn ønska, noko ikkje ein gong prisen pÃ¥ 1200 amerikanske dollar kan kompensere for. Journalistane Chuck Browning (Peter Fonda) og Tracy Ballard (Blythe Danner) blir invitert for Ã¥ skrive positive ord som kan endre trenda.

For å hoppe rett på det kjekke med Futureworld. Ei stadig gjentaking av at ingenting kan gå feil legg store forventingane til kor feil ting kjem til å gå. Det er ikkje grenser for kor mange gonger det blir sagt, til dei grader at det blir reint parodisk, men desto meir underhaldande. Filmen har ei betre historie enn eg hadde forventa, og er ikkje på langt nær så føreseieleg som ein tur tilbake til ein temapark med robotar legg grunnlag for å vere, Westworld teke i betrakning. Innpakkinga er derimot ikkje fullt så fiffig, men går stort sett i retning ufrivillig morosam. I blant viser filmen seg å imponere med svære kulisser og spreke effektar, mens den i neste sekund snublar i dårleg skodespel og enkle løysingar.

Futureworld hamnar midt i mellom fleire stolar. Den er flott, morosam og har ei grei historie, men har dårleg skodespel, gjer ting enkelt og slik med å køyre løpet fullt ut.

5/10

La planète sauvage

IMDb: 7.6/10 (4,015 votes)

Den korte, animerte Fantastic Planet er eit flott stykke science fiction og fortel ei spennande historie om menneske som slavar av overlegne romvesen i ei fjern framtid i ein fjern galakse.

Med ein storleik mindre enn fingrane til meistarane sine er menneska, kalla om, i Fantastic Planet underlegne. BÃ¥de teknologisk og i forhold til deira mentale krefter er det ei historie om undertrykking me blir kasta inn i.

Mytologien rundt omane og traagane fyller ut filmen og gir bilete av ein meir omfattande historikk enn det som blir rukke fortalt i løpet av filmen sine 70 minuttar. At filmen har god framdrift og eit engasjerande plott gjer at den enklare stilen ikkje betyr all verdens. For min del tilfører den særeigne teiknefilmstilen ei stemning til filmen som gjer at eg lettare kan akseptere at dette skal vere fjernt frå verda vår. Dessutan er det ingenting å utsetje på kva som blir gjort med dei noko statiske teikninga.

Fantastic Planet er del av Total Sci-Fi Online: The 100 Greatest Sci-Fi Movies, ei liste som har opna horisonten min for mange varierande, men gode og spesielle science fiction-filmar. At Fantastic Planet passar inn her er det ingen tvil om, for dette er ein god teiknefilm.

7/10

Solyaris (1972)

IMDb: 8.0/10 from 24,138 users

Solyaris største akilleshel er lengda – ei prøve Ã¥ sjÃ¥ i eit. Men den har mest godt ved seg – flott filmkunst med magisk stemning.

6/10

Splice (2009)

IMDb: 6.2/10 (16,248 votes)

I Splice får me sjå kva som vil skje den dagen me byrjar med seriøs genspleising, av dyr og menneske til ein skapning.

Eit par forskarar blandar i lag gener frå ulike dyr og eit menneske, og endar opp med eit lite monster. Dårleg humor og altfor få grusomheiter gjer at filmen på langt nær handlar så mykje om monster som saka om kraftmastene i Hardanger. Eit tap.

Sjølv om filmen aldri gir inntrykk av å skulle levere topp kvalitet, så har den ei byrjing som gav nokre forventingar til seinare. Den første delen av filmen er sånn sett den greiaste delen, det er når ein oppdagar at det aldri vil ta av at Splice skuffar. Sånn går gangen til filmen, utan verken særleg dramatikk eller spenning. Kvar gong ein trur det skal ta av så gjer det ikkje det. Med unntak av ei einaste scene, den beste scena i heile filmen og ei sexscene å skrive heim til mor om.

Forutan sexscena er det lite som er verdt å røpe. Under middels kan stå som eit samlande omgrep for filmen i heilskap, som verken har avstikkarar eller overraskingar.

4/10

Them! (1954)

IMDb: 7.4/10 (5,960 votes)

«When Man entered the atomic age, he opened a door into a new world. What we’ll eventually find in that new world, nobody can predict

Om det ikkje er monster frå verdsrommet som trugar, så er det monster skapt som følgjer av menneskelege eksperiment som gjer det. I Them! er det radioaktivitet frå prøvesprengingar i New Mexico-ørkenen som har skapt gigantiske mutasjonar av eit kjent, lite krypdyr. Blir ikkje desse utrydda tidsnok står sivilisasjonen vår i fare for å stryke med.

Them! har mykje god dialog og konfliktar mellom sivile og militære, men er mest av alt fokusert på samarbeid. Det blir ikkje ein film du irriterer deg over enkeltmennesket si stupide avgjersle som går ut over alle andre. Den største feilen er trass alt gjort. Vidare forbi dialogen har Them! òg dei gode actionscenene og det manglar ikkje på modellerte monster.

6/10

Real Genius (1985)

IMDb: 6.8/10 (12,038 votes)

I serien «kjente skodespelarar i ungdomsfilm frÃ¥ 1980-talet» har me no komen til Val Kilmer, og den andre spelefilmen hans, Real Genius.

Chris Knight (Kilmer) er eit dovent geni og ei bråkebøtte, forma av den gradvise opplysinga om at livet er meir enn berre arbeid. Då ein lovande, ung elev dukkar opp på universitetet der han forskar på ein ny type laser, ser han seg sjølv i eleven, som yngre og uvitande for det meste utover det reint faglege.

Real Genius handlar om å ha det artig: feste og slå seg laus, men ikkje miste fokus på utdanning. Den skal vise at alle kan ha det gøy, til og med den stereotypiske nerden. Så har filmen fletta inn ein handling som dreiar seg om militære, pengar og bruken av laserteknologien dei smarte studentane hjelper til med å utvikle.

Martha Coolidge, som debuterte som regissør ved sidan av Nicolas Cage i hovudrolla til Valley Girl, har lykkast betre med denne enn debutfilmen sin. Real Genius har mange gode vitsar og Kilmer viser seg frå ei god side. Handlinga som skal bygge opp spenninga etter kvart i filmen, er den delen der dette fell litt gjennom. Og sjølv om ikkje forventingane her var så høge, så trekk det ned at filmen utover i siste del, støttar seg så mykje til ei altfor føreseieleg utvikling.

God komedie, mindre god spenningsfilm. Ein film som byrjar bra, men ikkje klarar å køyre løpet ut.

6/10

Bill & Ted’s Excellent Adventure (1989)

IMDb: 6.7/10 (29,161 votes)

For dei som har fylgd med pÃ¥ sidene, skreiv eg i samanheng med «The Night Before», ein komedie med Keanu Reeves i hovudrolla, frÃ¥ 1988, at «Bill & Ted’s Excellent Adventure» er ein av filmane der han blir sett mest pris pÃ¥, av folk flest. Og etter denne lange setninga som opning, skal eg heller kortfatte dei liknande tankane mine under plakaten.

To unge, dumme gutar ligg an til å stryke i historie på skulen. Viss dette skjer, vil dei bli skilde, og framtida vil stå i fare. Difor får dei besøk av Rufus frå framtida, i ei tidsmaskin forma som ein telefonkiosk, som gir dei tilgang til tidsreise for å lære mest mogleg nyttig før den siste, munnlege eksamen.

Tidsreise eller møte med historiske personar er ikkje nytt, heller ikkje så veldig spennande, og blir den store svakheita ved denne filmen. Styrken er dei to idiotane som tek så lett på heile greia, òg blir drive til reise gjennom historiske periodar motivert av å måtte stå i eit skulefag. Spesielt Keanu Reeves er som født for rollen sin, Ted, ein ungdom som manglar både vit og personlegheit. Alex Winter glir inn i omtrent den same rolla, som Bill.

Trass i at filmen handlar om to tullingar, og heller ikkje gjer den mest interessante behandlinga av historie, sit dei fleste replikkane som støypt, og råma for handlinga til filmen gir rom for mykje god toskeskap. Karakterane får fram at dei har gode intensjonar og aldri meiner vondt. Samt at komedien som ligg nær den typen som blir kalla stonerkomedie, er fri for dei verste tilfeldigheitene og meiningslause reisene som er forbunde med så mange stonerkomediar.

7/10

Surrogates (2009)

IMDb: 6.3/10 (27,681 votes)

Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt science-fiction spenningsfilm sett til år 2054.

Me blir introdusert for eit samfunn som har delt seg i to, dei som har omfamna det teknologiske framsteget som gjer det mogleg å leve livet gjennom fjernstyrte robotar, og dei som held seg i ein isolert bydel utan teknologien. Bruce Willis er del av den førre gruppa, og er politimann i ein idyllisk by, fri frå lovbrot.

Frå byrjinga av legg filmen tydeleg opp til at Willis etter kvart vil snuble over eit problem, som sender han på hovudet inn i eit ukontrollerbart helvete. Han vil naturlegvis stille spørsmål til om livet levd gjennom eit surrogat, som dei fjernstyrte robotane blir kalla, er eit fullverdig eit. Sånn går filmen, utan noko overraskingar, men med dei føreseielege vendingane.

«Surrogates» er trass i eit tynt plott, smått underhaldande som spenningsfilm. Problemet er i størst grad forsøket den gjer på å framstå som kritisk til teknologisk vinning. Med sitt uskuldige forsøk verkar den både datert og lite dømmande, mangelen på ei sterk kritisk stemme forsvinn i at «Surrogates» skal ha med litt om alt, og endå meir spesialeffektar.

Resultatet av det mislykka forsøket på å stake seg ut ei tydeleg retning, er då likevel ein gjennomsnittleg studiofilm. Den kan fungere om dagsformen er ukritisk, og heimekinoen maktar å ta overhand over sansane dine, med dei påkosta bilde- og lydeffektane som «Surrogates» har.

Eg merkar at i løpet av den månaden som har gått sidan eg såg filmen, så har inntrykket mitt av den gradvis forverra seg. Det er ein heilt kurant film, men du vil med liten innsats lett finne ein science-fiction som har både ei god kritisk stemma og god action. «Strange Days» frå 1995 er ein av mange som kan anbefalast.

6/10

The Abyss (1989)

IMDb: 7.5/10 (47,168 votes)

James Cameron har laga ein spennande film med «The Abyss», eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.

Eit avansert farty drifta av godaste Ed Harris, blir sett inn for å hjelpe militære i å hente ut teknologi i frå ein havarert ubåt. Dette medfører eit basketak mellom usympatisk militært personell og dei litt for kjenslestyrde, dediserte personane som driftar redningsfartyet.

«The Abyss» er fiffig i oppbygging av spenning og det er eit sjakktrekk å plassere handlinga på botnen av havet, ekstra langt nede. Trusselen det høge trykket på alle kantar medfører set alle konfrontasjonar innvendig ekstra på spissen. Dette blir så effektivt at stereotypane Cameron brukar som rollefigurar, som eg ikkje har særleg i mot, blir tilsløra akkurat så mykje som det skal til for å svelgje det.

Store ord blir preika og det heile er ikkje i nærleiken av å vere realistisk, men «The Abyss» gir både grøss og kaldsveitt rygg på sitt beste, og oppnår innimellom litt av den klaustrofobiske atmosfæren som Ridley Scott fekk til i «Alien».

Svar på eventuelle spørsmål om «The Abyss» er verdt å sjå, kjem heilt an på i kva grad du forventar eller forlanger skikkelege rollefigurar og ei i heilheit original forteljing. Du får ingen av delene her, men innanfor dei rammene som eg har prøvd å setje her får du god spenning i massevis.

7/10

Cocoon (1985)

IMDb: 6.6/10 (16,251 votes)

I namnet åt kort oppsummering, utanomjordiske vesen er på planeten vår for å hente heim slektningar av seg. Ei gruppe eldre menn, klare for gamleheimen, døden og det som verre er, oppdagar at bassenget brukt som mellombels lagring for kapslane med skapningane, gjer dei spreke som ungdomar.

Cocoon er ein snill film, familievenleg og i det heile ein sci-fi i retning Close Encounters of the Third Kind. På sitt beste byr den på fin, uskyldig humor, då gamle folk på film tydelegvis kan finne på mykje sprøtt. Det som dreiar seg om dei utanomjordiske venene våre leverer derimot ikkje gode nok varer, då dette er ein slapp gjeng som etter byrjinga av filmen aldri byr på særleg spenning.

No kan det hende at eg berre blei skuffa fordi jordkloten aldri blir sprengt i fillebitar, og fordi venskap og forståing er keisamt. Og sidan eg aldri forventa at det skulle skje, så er eg vel passe nøgd med kva Cocoon har å by på. Karakterane er likande personar og handlinga trår aldri i dei djupaste, sentimentale gropene, så den flotte atmosfæren blir mogleg å svelgje.

6/10
3 / 231...2345...10...23