Mickey’s Christmas Carol (1983)

IMDb: 7.7/10 (2,155 votes)

MickeyschristmascaroLuke nr. 23. Dette er den tredje og siste varianten av «Christmas Carol» av Charles Dickens i denne julekalenderen, og den kortaste av dei.

I «Mickey’s Christmas Carol» er det naturlegvis Skrue McDuck som er Ebenezer Scrooge. Han er ein gniten misantrop som ikkje likar julefeiring, og til dei grader let det gÃ¥ ut over andre. SÃ¥ fÃ¥r han besøk av ein død kompanjong, og sidan tre spøkelse, før filmen rundar av. Punktum.

Det er fleire grunnar til å like denne versjonen. Disneyfigurane er livlege og humoristiske, noko som står godt til den kalde, 1800-tals vintervinden. På under halvtimen blir det ikkje plass til lange scener, men det er ingenting som manglar for å gjere dette til ei fullført historie. Tempoet er raskt, slik eg kjenner igjen Mikke og Donald frå film, og godt er det. Ei historie som er fortalt så mange gonger før, skadar det ikkje å ha ein kort versjon av.

7/10

A Garfield Christmas Special (1987)

IMDb: 8.1/10 (590 votes)

GarfieldChristmasLuke nr. 17. Pusur eller Garfield er i likskap med «A Charlie Brown Christmas» ein kort animert TV-spesial som blei sendt på for ei stund tilbake sidan og som i ettertid har blitt tradisjon, om ikkje i Noreg (?) så iallfall over dammen. Eg har heller aldri sett Garfield animert før eg såg denne spesialen, men alltid vore nysgjerrig, berre ikkje nok til å gjere noko med det.

Forholdet mitt til «Garfield»-striper i aviser og blad er svakt, eg les det eg kjem over, synst cirka halvparten er artig, men har aldri kjøpt eit Garfield-blad eller gått inn for å oppsøke folk som har hatt sånt liggande. Iallfall ikkje bevisst.

Om spesialen kan vel følgjande bli sagt; at det heller ikkje her er den beste historia dei byggjer på, men heller ei forventing at folk har kjennskap til fiksjonsuniverset frå før, og kan le av og med karakterane – sett til ei koseleg julefeiringa. For litt koseleg er det, og litt humor når igjennom til ein gretten, skeptisk gubbe som meg òg, men altså, dette var nok ikkje meint å nå ut til meg.

A Charlie Brown Christmas (1965)

IMDb: 8.4/10 (9,080 votes)

charliebrownLuke nr. 15. Mitt første møte med gjengen i «Knøttene» og eg føler godt at eg får med meg mange av tinga som utgjer denne serien. Det fell likevel ikkje meir enn sånn akkurat passe i smak. Både denne og andre eldre animasjonsfilmar har nok så sterke røter i juletradisjonar at det vanskeleg kan vere noko å hente ut av IMDb-rating for ferske for Charlie Brown som meg.

Charlie er deprimert og ser ikkje poenget med jula, det har litt med kommersialiseringa av jula å gjere, men meir med at Charlie er den personen som klagar. Sally prøver å hjelpe han ved og gjere han til ansvarleg for juleførestillinga, noko som endar i kaos då både han ikkje har det som skal til, og resten av ungane har konsentrasjonsnivå lik… barn.

Det skjer for lite her til at det blir artig nok, eg klarar ikkje sjå den store gleda i å vitne håplause ungar som ikkje gjer anna enn å repetere seg sjølv over ein halvtime. Blotta for humor er det derimot ikkje, eg synst blant anna at Snoopy er ein morosam hund og det er ikkje å nekte for at nokre av dei andre ungane òg glimtar til. Ein ny julefavoritt vil eg likevel sjå lengre etter.

5/10

How the Grinch Stole Christmas! (1966)

8.4/10 ( 17,112 votes)

SC00016-bigLuke nr. 13. Oppi fjellet bur Grinchen, og han likar ikkje julefeiringa som går føre seg nede i Whoville, så han bestemmer seg for å setje ein stoppar for høgtida.

Kortfilmen frå 1966 er over timen kortare enn langfilmen frå 2000, men manglar ingenting ved seg som Ron Howard gjer annleis i lag med Jim Carrey. Grinchen får både tid til å mislike, stele og levere tilbake tjuvgodset, då det går opp for han at jul er meir enn gåver og pynt.

Med ein så enkel, så viktig bodskap, er det ikkje nøye om årsakene til hatet i byrjinga forblir uvisst. Når i tillegg dette er ein sprek teiknefilm som både får fram sin eigen stil og aldri blir keisam å sjå på. «How the Grinch Stole Christmas!» har i tillegg Boris Karloff som forteljar og stemma til Grinchen.

7/10

Father Christmas (1991)

IMDb: 7.3/10 (188 votes)

father christmasLuke nr. 6. Bak «Father Christmas» står forfattaren som òg skreiv «The Snowman», og ved eit punkt i filmen møter snømannen og guten julenissen, dette skal visst vere året etter handlinga i «The Snowman» gjekk føre seg.

«Father Christmas» kom ti Ã¥r etter «The Snowman», animasjonen er litt sprekare, det er meir humor og julenissen har fÃ¥tt ei stemme. Bak stemma stÃ¥r Mel Smith, ein fyr eg sjølv kjenner best igjen frÃ¥ julehiten «Rockin’ Around the Christmas Tree», som gjerne skulle ha fÃ¥tt plass i kalenderen.

«Father Christmas» er basert på to bøker, desse portretterer julenissen som ein noko annleis fyr enn vår vante ven. Han er ein gammal, irritert gubbe som bur i eit vanleg hus i eit vanleg nabolag, ein stad i England. I «Father Christmas» blir han så lei av julemaset at han bestemmer seg for å ta ein ferie, før han vender tilbake til juleførebuingane nok ein gong.

Filmen blir vel verdt å sjå på grunn av den særeigne framstillinga av nissen, som drikk seg full på ferie og bannar heile tida, og fordi den samtidig styrer seg inn igjen mot å bli ein skikkeleg julefilm til slutt.

7/10

The Snowman (1982)

IMDb: 8.2/10 (2,801 votes)

snowmanLuke nr. 4. Ein relativt moderne juleklassikar dette, som har rukke å bli vist på TV år etter år ei stund allereie. Denne flotte og litt triste eventyrhistoria om ein liten gut som får oppleve at snømannen han byggjer kjem til live om natta og har tek han med på ei eventyrleg reise følgjande natt. Då det ikkje er noko tale i 1982-versjonen, sett bort frå introduksjonen gjort av David Bowie, spelar musikken ei ekstra viktig rolle. Den nydelege musikken er gjort av Howard Blake, med den gong 13 år gamle Peter Auty på vokalen til «Walking in the Air», ein ny favoritt.

Animasjonen har eit preg av bokillustrasjon over seg, er rik på detaljar om ikkje så flytande som f.eks. Disneylangfilm. Naturleg, ettersom denne blei laga for britiske Channel 4 og ikkje kinopublikummet verda over. Det er ikkje vanskeleg å like animasjonen, då den i grunn er perfekt til å skildre den hurtige forflyttinga me opplever, og er med på å gi kortfilmen særpreg og kanskje litt ekstra vinterstemning.

Det viktigaste som kan bli sagt om «The Snowman» er at dette er ein knallfin juleanimasjon med den rette stemninga, som lullar ein inn i seg før den avsluttar på flott, smått trist vis.

7/10

Hotel Chevalier (2007)

IMDb: 7.2/10 (6,819 votes)

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

7/10

DumbLand (2002)

IMDb: 6.2/10 (678 votes)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

5/10

Darkened Room (2002)

IMDb: 5.8/10 (1,010 votes)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

5/10

Lifted (2006)

IMDb: 8.1/10 (2,838 votes)

«Lifted», «Lifted», «Lifted». Ein av dei beste i samlinga. Me følger eit lite romvesen som tek praktisk eksamen i bortføring av menneske, noko som ikkje går spesielt bra. Nydeleg på alle måtar.

8/10
1 / 51234...5