I denne enkle ungdomsfilmen med potensiale møter me cheerleadingteamet til den oppdikta skulen Rancho Carne High School, eit kort stykke utanfor Los Angeles. Fotballaget til R.C.H. er dårlege nok, men cheerleadingteamet har vunne «nationals» fire år på rad og er populære i lokalmiljøet.
I den sentrale rollen som Torrance, den nye kapteinen til teamet det følgjande skuleåret, har me ei søt, men litt stiv Kirsten Dunst. Ho viser ei bra side som privatpersonen Torrance, men manglar ei viss ledigheit som synast å følgje framstilingar av spretne cheerleaders i amerikansk populærkultur, og det er ein del av det eg forventar.
På overflata er «Bring it on» ein enkel gladfilm, det er høgt tempo, musikk med trøkk i (om ikkje alltid min favorittsjanger), og relativt pene folk. At filmen ikkje serverar ein «rags to riches»-historie, gir den inntrykk av å ha meir å spele på enn eit lag sitt mål om å vinne.
Det som er synd er at Peyton Reed, regissøren her, aldri vågar å ta sjansar. I løpet av 100 minuttar streifar me innom fleire gode tema og problem som det kunne ha blitt via meir tid til refleksjon av, som kunne bidratt til å gi «Bring it on» den djubda eg synst den fortenar, utan at det hadde gått på bekostning av cheerleadingplottet. Behandlinga av Torrance sitt forhold til det nye søskenparet på skulen og dei homofile sin plass på teamet er skyvd i bakgrunnen.

Grunnen til at eg saknar dette er at me i det heile får ein smakebit av det, måten det berre blir streifa innom gjer at eg ser på filmen si handtering av problem som generelt litt for enkel å gripe fatt om. Det er positivt at det ligg under overflata at det er meir ved desse folka og denne skulen, men trekk ned at det ikkje er forsøkt hardare å bli behandla.
Det sagt, filmen har fleire gode sider enn negative, den blir for eksempel aldri kjedeleg og fyller godt sekken for underholdning. Humor er på plass, koreografien og generelt all cheerleading er eksellent utført. Karakterutvikling viser fram jentene med ei modenheit nok til at det verkar naturleg, i lyset av at formatet er Hollywoodungdomskomedie.
Oppsummert: Potensiale, fråver av dødpunkt, desse to tinga er med på å trekke middels god ungdomsfilm opp frå å vere ein av mange ubetydelege gjennomsnittsfilmar.

«We Are Marshall» er basert på ei sann historie, denne historia veit eg strengt tatt ikkje meir om enn det som måtte ha blitt brukt i filmen, for alt eg veit kan mykje av det eg trur var sant vere fiksjon. Men det er då likevel ei greie med at dette er basert på ei sann historie.
Daniel E. «Rudy» Ruettiger var den tredje av 14 i ein søskenflokk. Heilt i frå barndommen av var draumen hans å spele for Notre Dame Fighting Irish, eit annarkjent amerikansk fotballag i collegeligaen. Heile vegen var det ingen som trudde han kunne klare det, etter kvart som han vaks opp til å bli knappe 170cm høg og rundt 75kg (godt under gjennomsnittet blant am. fotballspelarar) var det desto færre som trudde på han.
Peter Berg og Josh Pate gjekk hen og filmatiserte ei bok av Buzz Bissinger frÃ¥ 1990 om fotballaget til Permian High School frÃ¥ Odessa, Texas, ei sann historie om eit lag som trassar motgong og gir alt for Ã¥ nÃ¥ state championship — finalen mellom dei to beste laga i playoff. Eg gjekk mest sannsynleg i feil retning nÃ¥r eg starta med serien for sÃ¥ Ã¥ gÃ¥ over til filmen, for det som er ein god film kjem likevel i skuggen av det forsterka dramaet og betre tida serien har pÃ¥ karakterbygging. Styrken til filmen er at den ligg nærmare den sanne historia, enkeltpersonane blir skyvd ligg bak til fordel for Ã¥ bygge opp laget som ein eigen karakter. Laget er ikkje berre ein gjeng med fotballglade ungdommar, men blir skildra som eit heilt apparat, inkludert det vesle samfunnet av svært fotbalinteresserte vaksne. Ungdommane blir pressa frÃ¥ alle kantar, forventingane er urealistiske, at dei skal takle skule ved sidan av sÃ¥ seriøs fotball er absurd. Ved sidan av er dette ei historie om eit lag som trossar motgong, mÃ¥ten forløpet er oppbygd pÃ¥ kjennes meir realistisk ut enn type «Disney: tapargjeng vinn finale»-film. Permian Panthers er heller ingen taparlag i utgongspunktet.
«Seasons» er ein timeslang sportsfilm om sju av verdas beste terrengsyklistar, laga av The Collective, ei gruppe filmskaparar, fotografar og syklistar. Dette er tredje film ut frå gruppa som kom med «Roam» i 2006, og denne gongen skal det handle om korleis det er å leve som terrengsyklist på fulltid gjennom heile året.
«Steep» angrip ekstremskisportens verd slik «First Descent» gjorde det med snowboard, viss du ikkje har sett «First Descent» så seier dette deg lite eller ingenting, men det betyr altså at «Steep» er ein nydeleg sportsfilm i behageleg tempo som tillegg vekt i sporten og miljøet rundt, nydeleg som i at det er proffe kameramenn og redigeringsarbeid og ikkje minst at filmen har fått musikk komponert for seg. Oppbygginga gjer også at det stadig blir meir dramatisk etter kvart som me følger sporten gjennom åra kronologisk med litt historie.
Denne gangen skal jeg skrive en anmeldelse om filmen «Never Back Down». Som ivrig tilhenger av MMA (mixed martial arts), så jeg frem til å se denne filmen som i utgangspunktet kan klassifiseres som en «MMA-film».
På papiret virka «Blades of Glory» som ein jålete film, med kunstløp som den bindande faktoren. Will Ferrell og Jon Heder spelar hovudrollane som to av verdas beste enkeltutøvarar, og filmen handlar om at desse skal danse par.
Meir Paul Newman og meir pengar på spel (eg såg «The Sting» i går) i biljarddramaet «The Hustler» frå 1961.