Kortfilmar signert Stanley Kubrick
Som så mange før og etter seg starta Stanley Kubrick i det små, med kortfilmar. Den vidkjente regissøren som i ettertid laga publikumsfavorittar som «The Shining» og «Full Metal Jacket», laga i følge IMDb tre dokumentariske kortfilmar tidleg i karrieren sin, berre avbroten av eit lengre krigsdrama («Fear and Desire).
Den første var «Flying Padre». Padre er spansk (og italiensk) for fader, så dette her handlar altså om ein flygande prest. Flygande som i eit privat, motorisert fly, som den aktuelle Fred Stadmueller brukar til å nå folk i sitt store bispedømme. Ikkje spesielt interessant, men heldigvis berre 8 minuttar lang. Dessutan minner dette meg mistenkeleg mykje om ein episode av gode, gamle «Skippy the Bush Kangaroo». Mest på grunn av likskapen mellom helikopteret der og flyet her.
Same året kom óg «Day of the Fight», ein dokumentar om ein dag i ein boksar sitt liv. Me får ei omvising bak organiseringa av boksing på tidleg 1950-tal, og følger i store delar av filmen ein mellomklasseboksar ved namn Walter eit-eller-anna, og kva han gjer på dagtid før ein boksekamp. Eit tydleg kvalitetshopp i innhald frå den forrige dokumentaren, dette er faktisk interessant.
To år etter kom Kubrick med sin første film i fargar, den 28 minuttar lange «The Seafarers», ein lang reklamefilm (virkar slik iallfall) til ei fagforeining for sjømenn; SIU (Seafarers International Union). Her blir me proppa med informasjon om korleis jobbutdelinga til medlemmane føregår, kva dei driv med når dei er i land, og kor bra økonomisk støtte dei har. Interessant nok ei stund, men det blir alftor langt med 28 minuttar når eg ikkje har særleg interesse for dette fagfeltet i utgongspunktet.
Filmatisk er ikkje desse kortfilmane så dumme. Det kan tenkast at budsjetta ikkje har vore dei største, men kameraføring og klypping er tydeleg gjennomført. Tema til både den første og siste av desse tre var nok den største akilleshelen for min del.











(0 hittil)