Batman: Under the Red Hood (2010)
søndag, august 8th, 2010Det nyaste tilskotet i DC Universe Original Animated Movies-familien er den tredje Batman-filmen hittil i serien, og involverer Batman, Black Mask, Red Hood og Joker. Filmen er som resten av serien, basert på eksisterande materiale frå DC, som denne gongen har vore Under the Hood av Judd Winick frå 2005. (Les vidare under bildet).

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga enn at hovudstrukturen til filmen er ei trekanta konflikt mellom vigilanten Batman, gangsteren Black Mask og oppkomlingen Red Hood som er ein mellomting av desse to. I kampen mellom desse spelar Joker ei sentral brikke. Filmen får danna ei god bakgrunnshistorie som går på tvers av fleire karakterar, noko som skapar ei spenning i actionsekvensane me blir bydd. Samanhengen mellom alt og alle blir tydeleg formidla innanfor rammene av 75 minuttar, og med gjennomsnittleg kjennskap til Batman står dette for meg fram som ein komplett animasjonsfilm.
Av andre sider som er verdt å nemne er kompliserte personlegheiter og noko eg vel å kalle ein vaksen tone. Desse to går hand i hand. Karakterane i filmen har sine eigne verdigrunnlag, og handlar tydeleg ut i frå meir enn eit oversiktleg bilde for kva som er rett og urett, godt og vondt. Me får oppleve både karakterutvikling og utnytting av svakare sider ved psyken, samtidig som filmen kan overraske ved å snu på ei femøring. Løysingar av denne sort bidreg til å gi ei kjensle av at filmen ikkje undervurderer publikummet sitt, og kan nå ut til fleire aldersgrupper.
På tampen vil eg gjere det klart at dette innlegget dreiar seg om ein type animasjonsfilm som kjem rett på video. Forventingane mine er andre til ein sånn film enn ein som er innom kino, og innhaldet her på lesast med dette i tankane. Om det burde vere sånn eller ikkje, er for øvrig ei sak å diskutere for seg sjølv. For med prislappar på DVD/Blu-ray ved lansering, samanlikna med det ein får for ein (billegare) kinobillett, burde ein kunne krevje at dette skulle legge seg på eit nivå over?

Forventingane til Snarveien var låge. Plakaten er billeg og kritikkane er varierande. Men krava mine til skrekkfilm er ikkje så høge, og eg sat meg ned i god tru på at filmen kunne underhalde.
Første gong eg kom over plakaten til «Adventures in Babysitting» var eg rimeleg skeptisk til dette. Plakaten i seg sjølv er stilig, illustrert til og med, eit pluss i boka mi. Men tittelen, kva kalde grøss som gjekk nedover ryggen når augo las “babysitting”.
Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt science-fiction spenningsfilm sett til år 2054.
James Cameron har laga ein spennande film med «The Abyss», eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.
Då eg for kort tid sidan hadde eit gjensyn med ein gammal favoritt innanfor katastrofesjangeren, vulkanfilmen «Dante’s Peak» med Pierce Brosnan og Linda Hamilton, kom eg like etter innpå «Twister» i ein samtale, og bestemte meg for endeleg å sjå den.


