GRΣΣK sesong 3
torsdag, juli 29th, 201020 episodar.
Då eg har skrive om dei to førre sesongane til GRΣΣK ved tidlegare anledningar, blir spørsmålet i dette innlegget kor vidt serien held seg. Men først ei kort oppsummering av tenåringssåpe til ABC Family. (Les vidare under bildet).

Serien dreiar seg omkring medlemmane i tre bror- og søsterskap på Cyprus-Rhodes University. Relasjonane desse i mellom kan nok best skildrast som ei dramasåpe, men serien har store mengder av komedie i seg. Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er sånn sett så kort at fokuset på drama til tider blir utviska. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar (og dramasåper generelt) repeterer seg sjølv nok gonger.
Tredje sesong leverer som forventa nokolunde det same som dei førre. Det er festing, konfliktar mellom brorskapa og kjærleiksdrama i store mengder. Serien forsøk å løyse konfliktar og slå seg til ro med sentrale forhold, der spenninga har vore tydeleg i serien over lengre tid. Men endå er det lenge igjen før alle relasjonane er oppbrukt, og serien gir ikkje, trass i repeterande handlingsstrukur, inntrykk av å gå på tomgang endå.
Med unnatak av nokre episodar i byrjinga av sesongen, som på sitt beste var greie nok, er GRΣΣK ein stabilt god ungdomsserie. Erfaringa mi med ungdomsseriar er at mange av dei beste har brukt opp potensielle kjærleiksforhold allereie etter første og andre sesong, og dermed lid sterkt når dei skal hale ut fleire sesongar på suksessane sine. GRΣΣK har aldri nådd opp til eksempelvis nivået første sesong av The O.C. haldt, men viser langt større driv enn The O.C. gjorde etter tredje sesong.




Psychoville er ein snodig, britisk, svart komedie, som lukkast i å vere skikkeleg svart, og komisk. Serien er eit samarbeid mellom Reece Shearsmith og Steve Pemberton, som begge spelar fleire roller i serien.
Scrubs har blitt avslutta fleire år på rad, heilt sidan sjette sesong har den runda av, men stadig komme tilbake. Tre sesongar og byte av nettverk er ei lita bragd, men tapet av Zach Braff nokre episodar ut i ein amputert, niande sesong, ser ut til å vere meir enn serien kan tåle.
Eg brukte nokre kveldar på å sjå «Better Off Ted», og sidan spørsmålet om kor vidt ein TV-serie er verdt å bruke tida på, er større enn om ein film er, skal eg gi plass til nokre ord om denne serien.
«Royal Pains» verkar som eit bestillingsverk frå USA Network der kravet var «Burn Notice», men med ein lege. Ein over gjennomsnittleg smart og ressursrik mann blir fryst ut frå bransjen, og dreg dit strøjobbar hamnar i fanget hans. Serien, som i Noreg kunne fått namnet «Landsbylegen i the Hamptons», er lett å like; blanding av drama og komedie. The Hamptons byr på høg dollarføring. Legen Hank hjelper likevel fattige ved sidan av rikmannsklientellet. Han har eit team av motsetningar, broren og assistentdama. Ein mindre raud tråd gjennom episodane og du må ofte sjå neste straks. Ingen klassikar, men lett underhalding.
«Sports Night» er den første serien til Aaron Sorkin («The West Wing»). Tre store namn, Peter Krause, Josh Charles og Felicity Huffman står på plakaten i serien som i likheit med «Studio 60 on the Sunset Strip» handlar om eit TV-program. Ser ein forbi det sterke 1990-talspreget spesielt første sesong har er dette ein likandes sitcom, med lattersporet i stor grad fjerna. Andre sesong løfter serien fleire hakk, med fleire locations og historietrådar, og meir vellykka drama. Episodane er litt vel like, men eg synst likevel «Sports Night» var vittig og smart og nok til å bli hekta.