Big Love

5 sesongar, 53 episodar.

God only knows what I’d do without you.

Å få fem år med TV-serie ned på papiret, på få hundre ord, er ei utfordring. Spesielt når serien kjem frå HBO, der mykje handlar om å skape rike og fullstendige seriar og episodar.

Bill Henrickson er mormonar av typen som praktiserer fleirkoneri. Han har tre koner som han til saman har ni born med. I Big Love følgjer me han og familien hans, og deira liv i skjul og frykt for å bli avslørt.

Big Love har eit nøytralt syn på fleirkoneri. Familien Henrickson er i all hovudsak ein amerikansk kjernefamilie. Dei er kristne, Bill driv ei vellukka bedrift og dei bur i ein fin forstad til Salt Lake City. Det er lett å like folka, sjølv om ein ikkje er einig i deira praksis. Dette har å gjere med forholdet Bill har til personane som høyrer fortida hans til. Som ungdom blei han utstøytt frå leiren, der giftarmål med mindreårige, tvangsekteskap og trua på ein profet som styrer over leiren er kvardags.

Bill står for at folk skal vere fri til å velje sjølv, men trua held han tilbake på enkelte punkt. Han blir difor ein person ein lett kan vere ueinig med, samtidig som han har gode sider.

I all hovudsak er serien eit familiedrama, men med ein veldig stor famlie og ein heller stor dose religiøsitet. At fleirkoneriet til Bill skal haldast skjult for offentlegheita tilfører spenning til serien, og spesielt i byrjinga er den lærerik i forhold til prinsippet som blir følgt. Big Love har gått ein lang veg sidan første episode, men kjerna har alltid vore familie, og ikkje religion som lett kan bli det mest synlege.

På grunn av formatet, sjangeren og sendetidspunktet ser eg på Big Love som arvtakaren til Six Feet Under, som HBO sendte frå 2001-2005. Under levetida til Big Love har eg alltid prøvd å finne igjen den såre kjensla Six Feet Under klarte å skape, men Big Love når aldri så djupt som forgjengaren. Over tid har søken gradvis trappa ned, men tanken har alltid vore ein eg har kome tilbake til.

Big Love er trass 2. plassen i samanlikninga med ein av mine favorittseriar, ein solid serie, med godt skodespel og gode historier som har fortent å halde fram så lenge den har gjort. Med fin balanser mellom rollefigurane, fornying og utskifting over tid, og eit komplett miljø. Femte og siste sesong blir spennande som følgjer av kunna om at det er siste sesong, men skuffar litt då det aldri kjennes som spenninga blir trappa opp mot slutten.

Look Around You

2 sesongar, 14 episodar.

BBC-serien Look Around You er eit så nedtona humorpåfunn at ein i blant stussar på om det er parodien eller det ekte, iallfall første sesong. Det handlar like mykje om å gjenskape ei stemning og eit uttrykk, og overlate humoren til å bli skapt av tida som har gått og utviklinga som har skjedd sidan den gong inspirasjonskjeldene til serien gjekk på TV.

Første sesong som er typisk ettermiddags-TV for ungdom, består av 8 korte episodar på under 10 minuttar. Kvar episode tek opp eit seriøst tema. Heller enn å oppsummere så mykje meir, viser eg til ein heil episode.

Eg har verkeleg sans for gjenskapinga som er gjort og måten humoren er gjort på. Det er eigentleg begrensa kor morosamt dette er, men gjennomføringa og den dønn seriøse tonen, berre avbrote av få innstikk med verkelege forsøk på å mane fram latter, er kjekk i små dosar. Nettopp der ligg minuset med serien, i store mengder er Look Around You både for repeterande og lurt til å vere underhaldande. Difor blei serien liggande ei stund hjå meg.

Andre sesong har endra form til Ã¥ verte eit naturvitskapleg aktualitetsprogram. Søkelyset ligg pÃ¥ fantastiske oppfinningar og framtida. Her har Look Around You gjort humoren endÃ¥ tydelegare og tek ting endÃ¥ lengre, lengda pÃ¥ episodane har òg auka til 30 minuttar. Episodane er framleis tematiske, og strekkjer seg frÃ¥ «Music in the year 2000″ til «Computers», i tillegg har serien fÃ¥tt programleiarar.

Grunna dei store forskjellane på tvers av sesongane er det ikkje poeng i å vurdere serien i heilskap, men heller som to seriar. Det var konseptet bak første sesong som gjorde meg interessert, men andre sesong er meir absurd og ligg nærare ei form for humor eg set pris på, ved å ta ting over i det meiningslause.

Eg kan ikkje gå så langt som å anbefale og sjå heile serien, men meinar det er verdt å sjå minst ein episode frå kvar sesong.

Samantha Who?

2 sesongar, totalt 35 episodar.

I blant kastar eg bort dyrebar fritid på middelmådige seriar fordi eg har lyst å fullføre. Dei første episodane av andre sesong av Samantha Who? var litt slik, men tok seg etter kvart opp til eit heilt kurant nivå. Rollefiguren til Christina Applegate har sin snodige sider og morosame impulsar som gjer at det mindre spennande premisset for serien og halvkjipe læring av feiling-tullet ofte nok blir mogleg å oversjå.

Det sagt at Samantha Who? i andre som i første sesong kavar seg opp på stigen til å bli akseptabelt tidsfordriv, så finst det betre komediar der ute. Men eg senka guarden litt for lenge til å la Applegate treffe ein soft-spot, og lot meg underhalde nok til å fullføre denne kortlevde komiserien.

Caprica sesong 1

17 episodar.

Caprica er ein spin-off til SciFi-serien (no SyFY) Battlestar Galactica. Den foregår cirka 60 år tidlegare enn BSG i same fiksjonsunivers, og har skapinga av dei første cylonane og oppbygginga til deira opprør som tema. Serien er litt mindre science fiction og litt meir religionsretta enn moderserien.

Caprica har sine augoblikk, men er nok mest interessant som bakgrunnsinformasjon og fyll til Battlestar Galactica. Det blir mykje repetisjon av dei same samtalane utover i serien, og den avgrensa framdrifta gjer at lysta til å sjå neste episode heller er liten. Då dette førte til at eg brukte lang tid på å sjå meg gjennom den einaste sesongen av Caprica, kom serien aldri under huda på meg.

Battlestar Galactica var ein god serie av mange årsaker. Den forkledde seg som ein hardbarka sci-fi-serie og hadde detaljane som gjorde den geeky med frak og FTL-jumps, men leverte sånn passe realistiske scenario og attkjennelege tema i sitt fantastiske univers og blei soleis tilgjengeleg for dei utan sci-fi-gener.

Den gode balansen er fråverande i Caprica, kanskje fordi den prøver å blande så mange store tema som åleine hadde fortent meir merksemd, at det heile blir eit produkt av urealisert potensiale som framstår som rotete mumbo-jumbo.

Så i staden for å kaste bort tid på denne serien, kan du heller berike tilveret med klassisk norsk sci-fi som Blindpassasjer, Joss Whedon og kvalitet i Firefly eller fiffig animasjon i Futurama. For alt eg veit kan både Star Trek, Stargate og Babylon 5 vere betre univers å utforske enn den som utfoldar seg i Caprica, men det er ikkje seriar eg har kjennskap til.

The Inbetweeners sesong 3

6 episodar.

The Inbetweeners er ein britisk komiserie som har gått i tre sesongar på E4 sidan 2008. Fokuset er på utfordringane som kjem i puberteten, og serien blir fortalt gjennom fire gutar som er mindre populære på skulen.

Om det høyres ut som nok ein typisk ungdomsserie så er det ikkje så. The Inbetweeners har dryge vinklingar på enkle problem og fargerike rollefigurar som bidreg til hysteriske augeblikk. Til tider kan serien helle over mot meir grisete humor, men i staden for å vise avsky lønnar det seg, for å la seg mest mogleg underhalde, å ta til seg dei sprø tankane skaparane har latt løpe løpsk i produksjonen.

Det som er både flott og litt synd med det typisk britiske serieformatet er at sesongen er veldig kort. Seks episodar er for lite, men det gjer og at ein aldri kan finne på å lei, og alltid har lyst på meir. The Inbetweeners er fullstendig, tettpakka og eit godt produkt.

Life Unexpected

2 sesongar.

«Juno meets Gilmore Girls» – Det spørs… Uansett, eg smiler og ser bort i blant, men vil ikkje kvalitetsstemple Life Unexpected.

6/10

GRΣΣK sesong 3

20 episodar.

Då eg har skrive om dei to førre sesongane til GRΣΣK ved tidlegare anledningar, blir spørsmålet i dette innlegget kor vidt serien held seg. Men først ei kort oppsummering av tenåringssåpe til ABC Family. (Les vidare under bildet).

Serien dreiar seg omkring medlemmane i tre bror- og søsterskap på Cyprus-Rhodes University. Relasjonane desse i mellom kan nok best skildrast som ei dramasåpe, men serien har store mengder av komedie i seg. Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er sånn sett så kort at fokuset på drama til tider blir utviska. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar (og dramasåper generelt) repeterer seg sjølv nok gonger.

Tredje sesong leverer som forventa nokolunde det same som dei førre. Det er festing, konfliktar mellom brorskapa og kjærleiksdrama i store mengder. Serien forsøk å løyse konfliktar og slå seg til ro med sentrale forhold, der spenninga har vore tydeleg i serien over lengre tid. Men endå er det lenge igjen før alle relasjonane er oppbrukt, og serien gir ikkje, trass i repeterande handlingsstrukur, inntrykk av å gå på tomgang endå.

Med unnatak av nokre episodar i byrjinga av sesongen, som på sitt beste var greie nok, er GRΣΣK ein stabilt god ungdomsserie. Erfaringa mi med ungdomsseriar er at mange av dei beste har brukt opp potensielle kjærleiksforhold allereie etter første og andre sesong, og dermed lid sterkt når dei skal hale ut fleire sesongar på suksessane sine. GRΣΣK har aldri nådd opp til eksempelvis nivået første sesong av The O.C. haldt, men viser langt større driv enn The O.C. gjorde etter tredje sesong.

Party Down sesong 2

10 episodar.

Party Down er ein komedie frå Starz, frå mellom anna skaparen av Veronica Mars, Rob Thomas. Framfor kamera mangler det heller ikkje på kjente, som Adam Scott, Ryan Hansen, Martin Starr og Lizzy Caplan.

Då eg skreiv om første sesong var eg ikkje over meg av begeistring. Serien som handlar om eit team i catheringsselskapet Party Down, hadde mange kjente gjester, men tok aldri av. Dei fleste i teamet som får jobbar rundt om i Los Angeles, består av skodespelarar som går frå audition til audition. Store deler av grunnlaget for humor i serien spelar på kontrasten mellom drøymande og håpefulle unge i servicebransjen i forhold til det rike miljøet dei serverer for.

At andre sesong er betre enn første, kan ha med at humoren i fleire tilfelle verkar mykje drygare enn tidlegare. Eit portrett av ein kald og kynisk bransje, sett på spissen, men samtidig mogleg å ta til seg, får sterkare fram eit samhald i teamet frå Party Down. Dette bidreg til å skape eit sterkare band mellom episodane, som ikkje står på nokon historieark gjennom sesongen i utgangspunktet.

Det viser seg at det blei med to sesongar av Party Down, ein serie som trass i mange profilerte ansikt ikkje har blitt via så altfor mykje merksemd. Dette er synd når andre sesong i større grad enn første, som for all del var underhaldande den òg, i tilstrekkande grad underholdt og hadde det vesle ekstra som gjorde at den skilte seg ut.

Modern Family sesong 1

24 episodar.

Den amerikanske versjonen av The Office har for lengst gått frå å vere full av god humor og engasjerande relasjonar, til å bli ein monoton repetisjon av seg sjølv. Formatet er det derimot ingenting dårleg med, og når Modern Family tek til seg den observasjonelle, dokumentariske stilen, er det igjen ein flau humor som klarar å markere seg på skjermen.

Modern Family kan ved sidan av å ha henta inspirasjon frå The Office, seiast å ha eit par likskapar med Arrested Development. Desse ligg i strukturen til serien, som er bygd opp rundt ein stor og delt familie, med tre generasjonar, og dei vidt forskjellige persontypane denne består av. Kritikken av TV-serien som medium og spesielt dei billege situasjonskomediene er i motsetnad til i Arrested Development, fråverande. Modern Family har eit sett med tradisjonelle eigenskapar i rollefigurane sine, og gjenkjennelege relasjonar mellom desse, som gjer at serien har ei trygg plattform under alle dei sprø uttrykka. Når alt kjem til alt er det rollefigurar med sympatiske trekk som du knyter eit forhold til, og her skil ikkje serien seg ut frå andre familiekomedier.

Men med latterboksen borte og ein obervasjonell forteljarmåte, og likevel eit fargerikt persongalleri som i ein god situasjonskomedie, så er Modern Family ein vellykka familiekomedie som kan anbefalast for dei som skulle jakte på ein ny komedie.

Psychoville sesong 1

6 episodar.

Psychoville er ein snodig, britisk, svart komedie, som lukkast i å vere skikkeleg svart, og komisk. Serien er eit samarbeid mellom Reece Shearsmith og Steve Pemberton, som begge spelar fleire roller i serien.

Dei totalt seks episodane, sendt på BBC, bygg opp rundt eit utval personar som lev litt her og der i England, utan å ha noko med kvarandre og gjere. Felles er at alle har ei skrue laus, og nokre av dei er verre enn andre.

Utover i serien følgjer me desse personane, med sine eigne historier, samtidig som dei alle får mystiske brev i posten. Med denne bakhistoria har serien ein tråd som knyttar personane likevel, og serien jobbar seg fram mot ei løysing etter kvart som den utfoldar seg.

Bygd opp som ein vanleg krimserie, er Psychoville likevel alt anna enn standard, med stadige komiske eller forbløffande groteske vendingar. Det som fascinerer mest er nok likevel personane, som trass i å framstå som mentalt ustabile og til ei viss grad direkte usympatiske, er sopass forskjellige frå kvarandre at dei alle blir interessante. Sett bort frå første episode, tenkte eg heller lite over at Shearsmith og Pemberton spela fleire rollar.

Ein serie kan vere både spesiell og stemningsfull, sprø og litt komisk, utan å bli tilfredsstillande fengande. Psychoville derimot, var om ikkje det beste eg har sett, ein artig variant av kriminell komedie som eg utan problem såg meg gjennom. Du anar kanskje at det ikkje flyt av flotte ord her, og sant nok, Psychoville hadde eit par for mange stunder der det gjekk litt langsamt. Men for den som vil ha noko utanom det vanlege, er den verdt å sjekke ut.

2 / 271234...10...27