Buffy the Vampire Slayer sesong 3
22 episodar.
Ny watcher; Wesley, ny slayer; Faith og ny, gammal borgarmeister; Richard. Tre viktige karakterar for den tredje sesongen av «Buffy», i tillegg til den faste gjengen som Oz (Seth Green) har fått æren av å bli medlem av.
I følge kjelder som Roz Kaveneys «Teen Dreams» er dette den siste av dei klassiske «Buffy»-sesongane, akkurat kva det inneber er eg vel nødt til å finne meir ut av etter kvart, men at det har noko å gjere med siste året på high school er ikkje vanskeleg å forstå. Visse forutsette endringar (for dei som oversikt over Joss Whedons rulleblad) er nære og det ligg ei større spenning opp mot sesongavslutninga.
Det som gjer at eg stadig set pris på denne serien kjem kanskje tydlegare fram enn tidlegare. Karakterane har blitt meir vaksne, med alder kjem alvor, endå er humor viktig som aldri før og denne blandinga er skumlare enn nokon gong, då det set nye krav til sjåaren. Whedon med manusforfattar har også gitt karakterane sjølvinnsikt nok til å vite kvar grensa går. Eigentleg så har ordet sjølvinnsikt ei mykje breiare meining i «Buffy» enn i dei fleste andre tenåringseriar (les: ikkje berre drama), dette er fantastisk gøy å legge merke og er også tydeleg nok innimellom slik at alle kan forstå; eg tenker på Oz’ dramatiske gestur ved ein av Willows bekjenningar, når han reiser seg frå sofaen og understrekar verbalt at dette er ein dramatisk gestur.
«Buffy» har tidlegare gjort seg god nytte av gjesterollar, i tredje sesong er dette vidareført og blandinga mellom dei vante småhistoriane som kan trekkast som parallellar med Buffys kvardagslege tenåringsproblem og dei større bryggande ondskapane er fin. Eg står fortsatt fast på at vampyrslakting ikkje er den ultimate sjangeren for meg, eg blir aldri oppslukt i dei mørke kreftene og synst dei mest alvorlege problema Buffy og vennene støyter på blir smått banale, med gledelege unntak sjølvsagt. Så det er veldig viktig å påpeike at serien har andre verdiar som kjem fram om den blir gitt litt tid heilt i starten.
Forresten, andre enn meg som la merke til Anthony Heads (Giles i «Buffy») cameo i «Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street»? Lyspunkt i ein elles monoton film!

Fire kvinner; ei enke, ei forførerske, ei gift og ei einsam. «Mistresses» som utgongspunkt kan likne på ein kva som helst slags jenteserie, men er ikkje det, i staden for å bli grensesprengar på snakk om sex og sånn har denne BBC-produserte serien valgt å legge seg på den alvorlege sida. «Mistresses» er verken humor eller såpe, det er drama og svært alvorleg. Naturlegvis legg det ingen hinder for å gi serien lyse sider, for å merke nedturane skal ein ha opplevd oppturar, skaparane av «Mistresses» har innsett dette.
Utover dei åtte episodane som utgjorde første sesong (ev. series som det heiter i Storbritannia) blei eg stadig meir glad i «Life on Mars» som eg ved første møte i 2006 gav rimeleg fort opp. Sesong to tek Sam Tyler, Gene Hunt og resten av politiavdelinga til vegs ende over åtte nye.
Lars Monsen, ein av Noregs mest populære friluftsmenneske, turguru, forfattar av naturbøker og så mykje meir. I Nordkalotten 365 skal han tilbringe eit år i naturomgivelsane i nord, dei åtte programma er delt opp i åtte turar, så det handlar ikkje om å vere åleine og isolert frå sambuar og forsyningar nødvendigvis. Her er små smakebitar frå kva episodane kan by på:
For 20 år sidan laga BBC ein serie basert på bøkene av C.S. Lewis om «Narnia». Sjølv hugsar eg at denne blei sendt opptil fleire gonger på NRK i forbindelse med jule- og påskeferie, som regel på morgonen rundt kl 9.30. Over åra forandra måten ein ser ting på seg, så det å gjenoppleve ein tv-serie med tilknyttande barndomsminner er ei utforsigbar affære.
HBOs «The Wire» har vore heitt snakk sidan 2002 no, utan at eg har brydd meg om å sjå nærmare på serien, grunnen er at «The Wire» aldri har blitt fronta slik at eg har bitt meg merke i den, fram til Bjørnar via
Smått utvida, litt mindre sakleg, eit hakk meir alkohol, Oz og James er tilbake på reisefot, denne gongen i California på jakt etter god og rimeleg vin.
Vinekspert for BBC og forfattar Oz Clarke og programleiar for «Top Gear» James May slår seg saman og reiser på rundtur gjennom Frankrike i ein 1989 Jaguar XJ-S convertible med eit mål om å lære James å sette pris på vin. Resultatet er eit interessant og lærerikt program som smeltar saman opplevelsen av reiseprogram i roadtripformat med fristelsane av god mat og moroa ved inntaket av moderate mengder vin.
(3 hittil)