The Wire sesong 1
13 episodar.
HBOs «The Wire» har vore heitt snakk sidan 2002 no, utan at eg har brydd meg om å sjå nærmare på serien, grunnen er at «The Wire» aldri har blitt fronta slik at eg har bitt meg merke i den, fram til Bjørnar via Harry’s Corner (eller var det Movie Poop Shoot?) traff dei rette notane i haust.
«The Wire», første sesong iallfall, handlar om ei spesialeining innan Baltimorepolitiet som har blitt oppretta for å ferske langarar og drapsmenn relatert til narkobransjen. For politisjefane og politikarane handlar det om å kunne legge fram beslag for god publisitet, men for spesialeininga utviklar saka seg til noko større. Presset frå oven legg dempar på kva som kan bli gjort, og her er det så mykje som skulle ha blitt gjort. Fleire er redde for å trå feil for å øydelegge sin framtidige karriere, dette går utover politieininga.
Det er vanskeleg å trekke fram ein enkelt ting som gjer «The Wire» bra, for dette er ein serie der alt er fletta saman, der alt er godt gjennomført og samanflettinga og gjennomføringa er gjort som i mange andre kjente HBO-seriar, med tanke på heilheita framfor enkeltepisoden. Har du gått glipp av ein episode ligg du dårleg an! Handlingsforløpet er ikkje prega av ei stadig oppnøysting av trådane, men ein veit at det er ein plan bak alt og godtek at serien gjerne brukar tid på å komme seg vidare, for det er gjort så bra!
Kamerabruken, ja stort sett heile den tekniske gjennomføringa, er enkel og gjer ikkje anna enn å overlate publikum si merksemd til handlinga, «The Wire» er nedtona og realistisk tvers igjennom. Kort sagt: God serie som føyer seg inn i rekka av seriar eg gjerne vil fullføre etter kvart.

Smått utvida, litt mindre sakleg, eit hakk meir alkohol, Oz og James er tilbake på reisefot, denne gongen i California på jakt etter god og rimeleg vin.
Vinekspert for BBC og forfattar Oz Clarke og programleiar for «Top Gear» James May slår seg saman og reiser på rundtur gjennom Frankrike i ein 1989 Jaguar XJ-S convertible med eit mål om å lære James å sette pris på vin. Resultatet er eit interessant og lærerikt program som smeltar saman opplevelsen av reiseprogram i roadtripformat med fristelsane av god mat og moroa ved inntaket av moderate mengder vin.
«Veronica Mars» blir beskrive som ein dose Buffy og Bogart med eit hint av Nancy Drew, ingen dum måte å sei det på, om kanskje litt for forankrande. Rob Thomas har laga ein serie som rett nok har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film-noir og handlar om detektivar framandgjort av samfunnet rundt seg, men han har gjort så mykje meir.
Ingen god dramaserie kan overleve på ein karakter åleine, Veronica Mars har ein far som er detektiv og mange tidlegare venner frå den rike delen av Neptune, som av zipkoden 090909 går under “the 09ers”. Tidlegare venner er ungar av folk som har utstøytt faren hennar enn han trakka skeivt som sheriff i eit mordmysterie året før serien utspring. Mordet blei aldri løyst, iallfall har Veronica og delvis faren sterke tvil til utfallet og pågripelsen som blei gjort, men trådane er mange og lause. Veronica meinar offeret, som var hennar beste venninne, fortenar sanninga.
Mordmysterie går som ein raud tråd gjennom heile første sesong, der enkeltepisodar varierar mellom mindre saker og “den store etterforskinga”. Serien har også eit anna hovudmysterie, samt fleire mindre saker som går over fleire episodar. Framgangsmåten er optimal for formatet, den gode balansen mellom nye ansikt med problem og hovudmysteria gjer at spora ikkje blir trakka opp igjen eller “den store etterforskinga” ikkje blir langdryg. Eg reknar med at fleire av enkeltsakene Veronica tek på seg har likskapstrekk når ein studerar det nærmare, men måten etterforskingane her går fram; finne spor, bygge saker og sidan avsløre, er stadig full av uventa twistar kontra sjølvsagte aha-moment - ein aldri veit kva som ligg på lur!
Eg har sett den komplette «Veronica Mars» serien før, tre sesongar lang, difor har eg hatt god tid til å la enkelte inntrykk synke før eg starta på igjen. Største overraskelsen ligg i kor mykje eg hugsar, tross dei tre åra som har gått sidan eg sist såg desse episodane. «Veronica Mars» var ein av dei stabile seriane, som veke etter veke holdt godt nivå, beholdt spenninga og gav meirsmak. Slik var det å sjå igjen første sesong - som ein serie med god fordeling av hard kriminalitet og highschool over heile linja, og som berre blir betre utover andre og tredje sesong.
Mange seriar som haustar mykje merksemd for ein sterk førstesesong får problem med å halde det gåande når dei dukkar opp igjen på tv-skjermen, naturleg skepsisk var det difor eg gav meg i gong med sesong 2 med ein gong serien kom tilbake - sjølv om betalingskabel gjerne står betre forberedt enn reklamekabelkanalar - eg har det lettare med å engasjere meg i episodemaraton enn på vekeleg basis. Alle usikre tankar blei fort feia bort, når eg no ser tilbake på den fullførte sesongen er det som ein dei største gledane denne hausten, for ikkje berre var lite bra nytt å hente elles, dei siste seks vekene har vore prega av ein destruktiv WGA-streik.
Reali-t. Accountabili-t. Positive mentali-t. Mr. T er tilbake for å lære fleire tullingar grunnleggande reglar med denne TV Land serien. Over seks episodar skal håplause tilfelle få lært om alt frå motivasjon til kommunikasjon, med Mr. T som ein Dr. Phil i felten. Afroamerikanarane med mohawk ramsar opp gullkorn på rekke og rad, både av gammalt og nytt, og er tross alderen i god form framfor kamera. Utan Mr. T er «I Pity The Fool» uekte reality med lite truverdige problem som enten trår over i det humoristike eller det oppgitte, heldigvis er ikkje serien den lengste og gir seg før det blir trøyttande.
Ein gong i blant diskar Sci-Fi Channel opp med ein heimelaga miniserie. Tidlegare har dei vore innom Bermudatriangelet i «The Triangle», eit motellrom i «The Lost Room», bortføringar i Taken og trolldom i «Legend Of Earthsea», m.fl. «Tin Man» grip tak i verdenen frå «The Wizard of Oz» på ein original måte og gjer om både karakterar og historie i den grad at det ikkje kan kvalifiserast som ei nyinnspeling, men heller som ei omtolking.
Strengt tatt veit eg ikkje om sesong 2 er avrunda, for «Heroes» opererar med volumnemning i staden, akkurat som mange teikneseriar gjer. No er uansett volum 2 over, og for ein flott slutt - sett i forbindelse med ein veldig dårleg sesong der berre dei fire siste episodane kan seiast å stå seg godt ut. Når volum 3 set i gong er det nok ikkje mogleg å sei, manusforfattarstreiken i Writers Guild of America pågår endå og med ein serie på høgda med «Heroes» i produksjonsforløp vil det ta minst fem veker etter streiken er over før nye episodar startar å spele inn, deretter kjem etterarbeidet og så vidare, eg trur nesten me må vente til neste haust.
Vulgær serie om ein suksessrik forfattar som har køyrt dødt løp ei stund og driv dank på austkysten med sigaretten i eine handa og whiskeyen i andre. Den kjente stereotypen, vår alkoholiserte forfattar, er utgongspunktet for Hank Moody, men sjølv om han på si side er tragisk er han festleg å følge med på og ein fin variasjon av forfattartypen, ein sterk karakter som gir «Californication» eit godt grunnlag. Dette åleine er ikkje nok for å skape ein ultimat serie, heldigvis har «Californication» andre godbitar på lur, ein skalla agent er ein av dei tinga som veks seg til etter kvart, ein smart tone i avslappa utførelse skapar ei unik stemning.
(1 hittil)