ness
10-May-2007

Spaced sesong 2

7 episodar.

Spaced sesong 2Andre sesong av denne britiske serien tek den opp på den gode nivået. Ikkje at eg har noko å utsette på første sesong i grunn, men med desse sju ekstra episodane har eg fått sett akkurat nok til å bli pittelitt frelst.

Ein av dei tinga eg kom til å tenke på etter kvart var kor utruleg god musikkbruken faktisk er her, og ikkje minst lydeffektane. Ganske vanlege sjangernytta lydar blir her brukt på ein stemningsskapande måte til sekvensar som eigentleg ikkje er så spesielle.

Eg var såvidt innom klippinga i forbindelse med første sesong, og må vel berre understreke at Edgar Wright har utvikla seg ørlite vidare og set komposisjonane endå meir på spissen. Klisjear blir nok brukt, men også ungått på strategiske plassar så det heile føles godt konstruert.

Synd at serien gav seg etter desse 14 episodane, men betre å gi seg på topp enn å dra det heile ut i evigheiter. Og det er ikkje som om Pegg / Wright har gitt seg med parodiering og referering. Les Shaun of the Dead / Hot Fuzz.

 
ness
09-May-2007

Spaced sesong 1

7 episodar.

Spaced sesong 1Tilbake i 1999 gjorde Edgar Wright og Simon Pegg ein tv-serie i lag for Channel 4. No skal vel heller ikkje den andre manusforfattaren ved sidan av Pegg, nemleg motparten hans framfor kamera; Jessica Stevenson, bli utelatt frå likninga.

Tim (Pegg) og Daisy (Stevenson) møtes tilfeldig på ein kafé, begge i søken etter ein ny plass og bu, og endar opp som romkameratar, i den grad du kan kalle ei dame for kamerat. Den nye staden har eit par rare naboar, Tim og Daisy har eit par rare venner, og i blant skjer det eit par rare ting.

Det fine med «Spaced» er måten det er satt saman på, gjerne med referansar til kjente filmar, men generelt korleis alt blir satt på spissen, framheva og forenkla. Her manglar det heller ikkje på mystikk, noko som gjer det til ein ganske så fargerik komiserie. For det er vel i bunn og grunn ein komiserie «Spaced» er.

 
ness
07-May-2007

Six Feet Under sesong 1

13 episodar.

Six Feet Under sesong 1Nokre seriar treng tid på å bygge seg opp, bli interessant og få noko ut av intrigane i dramaet. Andre seriar klarar å fenge umiddelbart. «Six Feet Under» ein av den umiddelbare typen.

Dei fleste har nok høyrt om denne serien, ein av HBO sine store suksessar etter årtusenskifte ved sidan av «The Sopranos». Serien dreiar seg om ein familie som driv gravferdsbyrå, og tida deira etter farens bortgang. Eine sonen er homofil, den andre taklar ikkje lik, dottera prøver å skape seg ein identitet på forstyrra ungdomsvis og mora er kontrollfrik.

Det er ikkje karakterane åleine som definerar serien, men situasjonane dei møter og måten alt blir utført på. Atmosfæren i eit gravferdsbyrå er eit godt utgongspunkt for å skape triste tema, men også å danne mørk humor.

For mitt vedkommande var det interessant å gå tilbake i tida og sjå kva Michael C. Hall («Dexter») og Peter Krause («The Lost Room») har gjort tidlegare. Spesielt førstnemnte kan verkeleg gjere meir enn å spele berre ei rolle. Eg skal heller ikkje undervurdere resten av rollebesetninga, «Six Feet Under» er gjennomført som så mange andre HBO seriar.

Rykta skal ha det til at serien har ei skikkeleg avslutning i femte sesong, uansett er den interessant nok på alle andre måtar til at eg vil fordjupe meg vidare i den.

 
ness
02-May-2007

Rome sesong 2

10 episodar.

RomePax Romana står på troppa, tidenes hittil dyraste tv-produksjon har runda av sin andre sesong, «Rome» er avslutta.

Dette er god tv, men eg synst ikkje sesong 2 nådde heilt opp til gudebilde eg etter kvart danna av den første sesongen. Eg skjønna at HBO/BBC vil gi seg på topp, for dette gildet kosta vel for mykje til at dei kan ta sjansen på å lage noko folk ikkje vil ha / dvs. går lei av.

Denne sesongen handla mest om Octavian, naturleg nok, og mykje omkring eit anstrengt forhold til Mark Antony. Dei som har sett første sesong vil skjønne kva det dreiar seg om. Eg synst sesongen går mest i favør av Mark Antony av dei som gjer det bra, deretter Titus Pullo og Luciis Vorenus. Desse karane står for dei beste delane av episodane.

Ikkje at det betydde all verdens, men eg forstod aldri heilt kvifor Octavian blei som han blei, mora var jo ond, men likevel. Eg synst dei kunne gjort meir ut av den oppbygginga. Han stod seg meir ut som surpomp enn den flinke herskaren har blei. Flink som i langvarig, historisk sett. Dette er jo først og fremst underholdning, og har masse fiksjon, men når dei først skal gi det essensielle for å tilfredsstille history-buffs.

Heile settingen og slikt er ganske så herleg, ei slagscena midt i sesongen er til å rope «aj aj» for. Det er mykje anna og. Eg har nok gitt litt meir peppar enn skryt her, men det er for ikkje å forville meg inn i ei tåke av opphausing utan det kritiske synet. «Rome» er ikkje perfekt, og sesong 2 når ikkje heilt opp til sesong 1.

 
ness
30-Apr-2007

Superstorm miniserie

3 episodar.

SuperstormBBC runda nyleg av den hittil siste i rekka av politisk inspirerte miniseriar. Sidan eg i heile tatt skriv om denne no så har eg også sett den.

Inndelt i 3 deler på 1 time kvar får me ei historie om forskarar og ymse folk relatert til vér som har blitt samla i ei gruppe for å finne ei løysing på eit aukande orkanproblem. Under namnet Stormshield får desse tida inntil neste orkansesong på å finne ein effektiv måte å sleppe unna det verste på.

Å stoppe ein orkan er verken lett sagt eller lett gjort, og det skal byggast godt under ei ev. funksjonabel løysing. Dette klarar «Superstorm» fint, og det er lite som føles direkte urealistisk for ein som generelt ikkje har særleg peiling på vér.

I tillegg til gode simulasjonar, statistikkar, ispedd arkivbilde for å gjere det endå meir realistisk, kjem det etiske problemet ved vérforandring, politiske interesser versus folkets beste.

«Superstorm» fanga fort interessa mi, mykje på grunn av den gode diversiteten. At BBC står bak er for meg eit kvalitetsteikn som ikkje er til å oversjå, og at det er lagt arbeid i denne serien kan merkast på det høge nivået spesialeffektane har (i tv-serie samanheng).

Med «The State Within» som forrige miniserie frå BBC, og «Superstorm» no nyleg, kva kan det neste bli?

 
ness
28-Apr-2007

Dexter sesong 1

12 episodar.

Dexter sesong 1Det har skjedd før. Det startar uskuldig med ein episode for å sjekke standarden. Så ein episode dagen etter. For ikkje å bli overivrig ventar eg med neste episode til dagen etter det igjen. Så blir grensene forskyvd; to episodar kan umogleg skade. Til slutt raknar det fullstendig og episodane blir sett på rekke og rad så sant det er tid til overs. «Dexter» er ingen unntak på så måte.

Dexter Morgan (Michael C. Hall) er derimot eit unntak. Eit unntak frå seriemordarar eg vanlegvis ser portrettert. Han jobbar med rettsmedisinsk for Miami-politiet på dagtid, på kvelds- og nattestid drep han etter ein kode. Miljøet i serien bygg seg opp rundt Dexter og dama, søstra, politiet og nødvendige avstikkarane for å etablere Dexter som seriemordar. Alt fell naturleg på plass og flyten er god.

Som med framifrå tv-seriar generelt er det vanskeleg å sette fingeren på noko bestemt som gjer dette til ein 10 tv-seriar du må sjå før du dauer-kandidat. Eg har eit ambivanlent forhold til hovudpersonen, det gjer at eg heile vegen har noko å kverne tankane mine på. Han er god på ein grusom måte, men har ingen følelsar. Eg blei sittande å leite etter spor av dette.

Forutan ei interessant profilframstilling er serien bygd på eit morbid grunnlag, den har eksplisitte bilde av vald og resultata av vald, samt ei nøye planlagt historie som knyttar alle episodane saman på filmatisk vis, veldig vanedannande! Her dreiar det seg om jakta på ein seriemordar av høgt kaliber, som Dexter viser høg respekt for.

Kven kan lage så god tv, og likevel vere ved sine fulle fem på eit personleg basis? Å følge serien og Dexter er grusomt godt i seg sjølv, eg kan ikkje forstille meg kven som må leve seg inn i karakteren for å skrive han inn i serien. Han er jo faktisk ganske psyko.

 
ness
22-Apr-2007

Sex and the City sesong 1

12 episodar.

Sex and the City sesong 1Det var ein gong, i ein midtnorsk storby, at tusenvis av kåte studentar sprang gatelangs og vifta med edlare deler. Vent litt.. dette går ikkje her, eg er nok ingen Carrie Bradshaw. Å forsøke å adoptere stilen til dama som «Sex and the City» dreiar seg omkring er enklare tenkt enn gjort.

Eg har aldri sett «Sex and the City» før, aldri. Eventuelle samanlikningar og referansar dei siste åra i andre populærekulturelle medium har eg oversett, og dette var det på tide å gjere noko med. Andre faktorar som spela inn når eg valte ut «Sex and the City» var at første sesong er rimeleg kort, DVD-en var billeg, og eg var nysgjerrig på kor vidt dette damesnakket kunne vere interessant.

Interessant var det innimellom, men verken forteljarstil eller plotline generelt gjorde inntrykk; eg fekk aldri den store tranga til å sjå neste episode. Når cliffhangeren i den siste ikkje gav meg anna kjensle enn at det var greitt å vere ferdig, blir det vanskeleg å skryte av serien.

Dette dreiar seg om fire damer i 30-åra, med Sarah Jessica Parker som Carrie Bradshaw i front, som i mellom å diskutere forhold, sex, forhold med og utan sex, singelliv og sex igjen, ikkje gjer spesielt mykje i New York. Det er altså snakkinga som er det store her, den er tidvis interessant, tidvis tom. Akkurat som innlegga mine her i Filmdagbok, der det sjelden fører til noko.

Eg verken slaktar eller elskar «Sex and the City», den blir forbigått som eit greitt tidsfyll, og no veit eg i det minste kva dette dreiar seg om. Men å hoppe på sesong 2 gjer eg ikkje.

 
ness
09-Apr-2007

Entourage sesong 2

13 episodar.

Entourage sesong 2Ikkje sidan første sesong av «Twin Peaks», tidleg i haust, har eg slukt ein heil sesong på så kort tid. Tre episodar med «Entourage» i går etter leggetid, og dei ti resterande i løpet av dagen i dag, og eg er framleis ikkje mett.

Å skrive om oppfølgande sesongar er ikkje det lettaste, spesielt når det er eit knapt døgn sidan eg bretta ut omkring magien mellom meg og den første. Så eg skal halde dette kort.

Sesong to består av dei same ingrediensane som første, men med litt ekstra krydder på toppen. I tillegg er historiane knytta ein anelse meir saman, som Aquaman-forhandlingane og romansen mellom den ekte Mandy Moore og seriens Vincent Chase.

Sjølvsagt er det gutta som gjer dette til ein underholdande serie, utan å skyve all eye-candyen i form av dei hottaste L.A.-damene under teppe, men det er det meir eye-candy enn underholdning i.

Eg har framleis ikkje funne ord for å beskrive kva dette eigentleg er, sjølv om eg prøvde i innlegget omkring første sesong. Det er ein dragning eller ein feel over serien som gjer at det er umogleg å stoppe.

 
ness
08-Apr-2007

Entourage sesong 1

8 episodar.

Entourage sesong 1«Entourage» går som ei bølge over det norske filmmiljøet på nett for tiden, og med alt skrytet som er ute og går ,såg eg meg villig til å gi serien ein andre sjanse. Mitt første møte med «Entourage» like etter nyttår gav meg ingenting, så det var dette eg håpte å forandre no.

Eg er hekta!

Ikkje at det å bli hekta på ein tv-serie er noko nytt for meg, men det er det stikk motsatte av å skyve serien vekk av kjedsomheit. Kva er det så eg har blitt hekta på?

«Entourage» er HBO sitt svar på «Sex and the City» for menn, iallfall blir det påstått for å trekke sjåarar. Eg har aldri sett «Sex and the City», så her blir det å angripe plottet frå ein anna ståstad. Me følger den blomstrande, fiksjonelle filmstjerna Vincent Chase med venner i Los Angeles. Serien er skapt av Doug Ellin, men visstnok basert på Mark Wahlberg - utan at du treng å like han for dette å gi meining.

Vincent Chase gjer som unge mannlege, filmstjerner flest: mengar seg med kvinnfolk, forhandlar filmavtalar og brukar pengar. Om ein skal plukke den faktiske handlinga frå kvarandre slik ser ein at dette handlar om noko så enkelt som menneskelege relasjonar.

Det er feelen serien gir: med alle dei kjente filmstjernene som dukkar opp under eige namn, og den tøffe, macho, sensitivitetsundertrykkande male bondingen som er «Entourage». Det skal ikkje meir til enn å få taket på personane her før det er i gong!

 
ness
06-Apr-2007

Robot Chicken sesong 2

20 episodar.

Robot ChickenEtter introduksjonen eg skreiv i forbindelsen med avrundinga av den første sesongen, treng ikkje «Robot Chicken» djupare forklaring her. Det er framleis snakk om stop-motion frå Adult Swim.

Eg vil ikkje påstå at serien har mista den grenselause humoren, men det blir ikkje servert noko nytt her. For mange, inkludert meg, fungerar det greitt at den gode, gamle oppskrifta er behalde.

Berre eit par plassar blir det i overkant av reprisefeel, der poenget bak vitsane er oppførselen til tidlegare portretterte i ny setting. Dette er jo svært fornøyeleg når det gjeld Mr. T som er evig morosam, mens med andre blir det oppgulp.

Ein liten konklusjon blir så at dette framleis er knall tidsfordriv, som passar inn når som helst. I samanheng er det lite nytt, mykje på grunn av at serien ikkje har noko historie å bygge på. Dette trengs ikkje alltid; som ein bekjent av meg påpeika, «South Park» er inne i 11. sesong, som visstnok skal vere ein av dei betre laga.

 
ness
31-Mar-2007

Seinfeld sesong 7

Seinfeld sesong 724 episodar.

George forlovar seg, Kramer blir om mogleg endå meir sprø, Elaine skiftar tidvis hårsveis og Jerry, Jerry er seg sjølv meir enn normalt.

«Seinfeld» har aldri vore kjent for å vere det mest realistiske av tv-seriar, med sine overdrevne, tilfeldige, samanfletta plotlines. Likevel kan ein, samanlikna med tidlege sesongar, sjå at alt blir satt endå meir spissen utover. For sjåaren si store glede!

Det tok tre-fire episodar å komme i gong nok til å verkeleg få utbytte av serien igjen. Når det skjedde var sjuande sesong vel så bra som dei førre, med litt større fokus på gjennomgåande plotlines, som blant anna forlovelsen til George.

Vitsane her blir sittande i hjernebarken, for i ettertida å dukka opp igjen når tankane står på standby. Slik sett har eg hatt veldig stor glede av «Seinfeld», “problemet” er at ikkje alle andre har sett alle episodane.

Mange av vitsane baserar seg naturleg nok på det etablerte persongalleriet i serien, og om ein ikkje har det faste forholdet til dette som folk med sesongboksane, så seier det seg sjølv at enkle vitsar ikkje alltid blir morosame, og soleis umogleg å gjenfortelje.

Sesong åtte kjem til sommaren og er den nest siste i rekka, eg gledar meg!

 
ness
27-Mar-2007

Psych sesong 1

Psych15 episodar.

Eg var ikkje klar over det, men «Psych» hadde visst sesongfinalen sin for minst 3 veker sidan. Det kom som eit lite sjokk på meg at serien ikkje er tilbake før i juli altså. I forbindelse med denne andre sesongfinalen av den første sesongen, serien tok pause etter 8 episodar i haust, bles eg støv av skribleriet mitt frå då. Hopp altså til siste avsnitt om du har lese dette før.

«Psych» handlar om ein fyr med veldig god sans for å fange opp detaljar, Shawn Spencer, og vennen hans frå barndommen av, Gus. Med sine spesielle emner blandar han seg inn i ei politisak, og ser det å stå fram som synsk som einaste utvegen for å unngå å bli stemna som medsamansvoren. Dette gir han ideen om å starte opp eit privatetterforskingsfirma, Psych, nokon han ikkje kan gjere åleine. Her kjem Gus inn i bilde, han er kritisk til det meste av det Shawn finn på, har ei veldig god luktesans, og gir ei viss balanse i serien.

Kanskje du tenker noko i retning av at dette er nok ein overdreven etterforskingsserien, men det stemmer ikkje. «Psych» har ein solid dose humor og ironi, og gjer på ein måte litt narr av seriar som «Criminal Minds» og «CSI», utan at det blir dumt. Det krever heller ikkje særleg mykje tenking, for ein kan like serien utan å måtte prøve å løyse mysterie sjølv. I grunn er ikkje løysinga alltid så viktig, så lenge etterforskinga er bra.

«Psych» har blitt ein slags ny helgefavoritt, ein etterforskingsserie eg ikkje har sett liknande av som eg kan hugse. Det meste i denne sjangeren som prøver seg med så mykje humor som her blir dumt, noko eg i grunn ikkje veit sidan eg påstod at eg ikkje kan hugse eg har sett noko liknande. Men poenget mitt der var at eg ikkje har sett noko liknande OG bra. Med konklusjonen at dette er ein bra serie set eg punktum, det blei ikkje heilt det same å pusse opp eit gammalt innlegg som å skrive eit nytt.

 
ness
26-Mar-2007

Robot Chicken sesong 1

Robot Chicken sesong 120 episodar.

«Robot Chicken» er ein stop-motion tv-serie med 10-11 minuttar lange episodar, laga av Seth Green og Matthew Greinrich for Cartoon Networks Adult Swim, med hjelp av eit omfattande animasjonsteam.

Stop-motion er tidkrevande arbeid, noko som kjem godt fram i den 15 minuttar lange behind the scenes dokumentaren som følger med 1 sesong. Den amatøraktige stilen «Robot Chicken» køyrer er planlagt og produsert nøye gjennom mange steg.

Så, kva er «Robot Chicken» eigentleg? Gamle superheltikon, teikneseriekarakterar og i blant modellerte kjendisar frå amerikansk populærkultur i absurde småanimasjonar som med vilje prøver å gå over streken på det som er akseptert.

Noko av det viktigaste er støtten serien får av portretterte modellar. Sarah Michelle Gellar og Burt Reynolds er to av mange. Dette gir serien ein ekstra dimensjon. Seth Green, kjent frå bl.a. «Austin Powers» og «Buffy the Vampire Slayer», har eit nettverk det ikkje skal stå på.

Fordelen med desse korte episodane, som består av eit mangfald enkeltsketsjar kvar, er den augeblikkelege humoren. 10 minuttar passar inn overalt, og er det ein sketsj som ikkje er morosam, så kjem den neste svært raskt.

 
ness
25-Mar-2007

Las Vegas sesong 4

Las Vegas sesong 417 episodar.

«Las Vegas» er den type tv-serie som legg mest vekt på enkeltepisodar, og berre små trådar strekk seg gjennom fleire. I forhold til seriar som «Lost» og «Prison Break» er det eit enkelt opplegg, som i grunn kan vere ei god avveksling.

Etter fire sesongar med folk som prøver å jukse, kjente namn på gjestelista, forsøk på ran og dramatiske skyteepisodar i ny og ne, har serien har nådd toppen for lengst. Det er fleire teikn på dette, som at fjerde sesong var seks episodar kortare enn vanleg. James Caan og mindre viktige Nikki Cox forlet snart staben og vil nok gi seg tidleg i sesong fem.

For det blir ein femte sesong, eg har ikkje trua på at det er meir å hente, sjølv om sesongavslutninga her var mildt sagt eksplosiv og ein veldig spennande episode. For med Caan ute av bilde er serien over i hendene på den middels skodespelarstaben han var med å trekke opp på eit akseptabelt nivå.

Dette blei eit urettferdig fordelt innlegg, for sjølv om sesongen er kortare, det nærmar seg ei avrunding, lite nytt skjer, så er det «Las Vegas» som det alltid har vore. Tiden vil vise om neste sesong blir ein fiasko. Eg reknar med eg kjem til å sjå den uansett kva eg seier no.

 
ness
19-Mar-2007

Carnivale sesong 2

12 episodar.

Tredje serieavslutning på tre dagar gjorde at eg etter langt om lenge var ferdig med HBO sitt mellomkrigmysterie, godt versus vondt, frelsar versus djevel.

Carnivale sesong 2

Andre sesong av «Carnivale fortset dit Ben Hawkings og Brother Justin staka ut kursen i første sesong. Dei seks første episodane har store likskapar med første halvdel av forrige sesong, og gav meg ikkje spesielt mykje anna enn greitt tidsfordriv. Det vesle ekstra som gjer at ein MÅ sjå neste episode manglar i rekka, og interessa mi vaks ikkje før rundt sjuande episode.

Når det derimot byrjar å bli verkeleg interessant og ikkje minst mørkt, så står det ikkje på at eg blir oppslukt her. Heile serien er av god kvalitet, men storeparten manglar magi.

Det blei med desse to sesongane frå HBO si side, til mange si skuffelse. Diverre blir ikkje alle spørsmåla svart ved sesongavslutninga her. Når underteikna på mystisk vis klarar å forveksle dei to siste episode med kvarandre, blir det ekstra rotetet. Bryderiet dette skapte ligg likevel ikkje til grunn når eg seier at «Carnivale aldri vil vere anna enn god (framfor glitrande) tv. Bortkasta tid? Det er det ikkje!

Persongalleriet kjem eg ikkje unna når eg skal trekke fram kvalitetssida av serien. Skal eg trekke fram ein enkeltperson må det vere Clancy Brown, som Brother Justin er han skummelt overbevisande og ein av dei sterkaste figurane eg har sett i ein tv-serie. Når eg ser «Carnivale ser eg først og fremst rollefigurar framfor skodespelarar.

 
ness
18-Mar-2007

Primeval sesong 1

Primeval6 episodar.

Etter seks raske veker er «Primeval» allereie ferdig. Det skal ikkje stå på hurtigheita når ITV lanserar første sesong på DVD heller, berre to dagar etter serien er ferdig med å rulle over britiske skjermar er den klar i butikkane.

Den raude tråden i serien er enkel, men effektiv. Tidshol til ulike forhistoriske periode opnar seg på ulike plassar i England. Ei gruppe med råkule britar får sjansen å vere med i det bisarre som oppstår når alt frå dinosaurar via gigantedderkoppar til øgler kjem seg gjennom tidshola.

Det som først og fremst appellererar i «Primeval» er eventyrsteminga. No er eg rett nok ikkje særleg kjent med «Doctor Who», BBC sin konkurrent på laurdagskvelden, men veit den også tek publikum med på vidt forskjellige opplevelsar, slik som denne serien gjer. Her begrensar det seg til forhistorien (eller?), og det er ikkje så mykje utover opning av tidshol det blir fokusert på. Utforskinga av djubda i serien er så vidt starta når siste episode rundar av.

Eg vil tildele skodespelarane mykje av æra for at eg var forelska i serien. Bl.a. Lucy Brown og tidlegare S-Club 7 (!) medlem Hannah Spearritt får meg til å smelte. Mennene er skikkeleg kule, men kanskje ikkje søte. Douglas Henshall spelar serien sin viktigaste rolle, og det med stil!

 
ness
17-Mar-2007

Weeds sesong 2

Weeds sesong 212 episodar.

Jointane rullar vidare og det blir meir grenseforskyvingar i banning, eksplisitte scener og drøye argument i den andre sesongen av «Weeds», Showtime sin marihuanavariant av ein forstadskomedie.

Eg uttrykkte ikkje den største begeistringa for forrige sesong, mest på grunn av det låge tempoet serien holdt. Men med ny sesong kjem nye moglegheiter. Andre runde er eit eksempel på korleis betal-tv i USA kan nyte av å sjokkere og spe på med all den ordbruk som måtte passe. Eg mistenker serien for å legge litt for mykje vekt på nettopp å sjokkere til tider. Underholdningsverdien blir uansett så stor at eg ikkje kjem unna at dette no er utruleg festleg, når så mykje meir skjer over heile linja enn det gjorde i første sesong.

Enten det er mi glede for grov humor og å sjå vaksne folk oppføre seg som barn, eller at Showtime verkeleg har eit godt grunnlag her, sympatiseringa med ei mor som langar og dyrkar marihuana blir god tv. Noko fleire enn meg må synast, ettersom det er planar om ein tredje runde.

 
ness
10-Mar-2007

Futurama sesong 1

Futurama sesong 19 episodar.

Litt teknisk flisespikkeri først. I følge TV Rage består den første sesongen av 9 episodar. DVD-boksen er på 13, der dei 4 siste er henta frå det som på tv var starten på sesong 2. Så når planen min er å få sett vidare etter kvart er det like greitt å dele det inn i dei opprinnelege sesongane her.

«Futurama» er som kjent sci-fi animasjonsserien til «The Simpsons»-skaparen Matt Groening, og handlar om Fry som blir nedfrosen (!) i 1999, opptint igjen i år 2999, og som etter kvart får jobb hjå grand-grand-gr…-nevøen sin i leveringsfirmaet Planet Express. Ikkje den største overgongen frå å vere pizzabod i 1999.

Oppbygginga av episodane er lik mange andre animasjonsseriar, med ein start og ein slutt. Historiar som ikkje heng på greip (i realisme altså) dreg det ekstra langt ut i eit futuristisk sci-fi miljø med romvesen og robotar. Oppi dette har me vår kvardagsmann Fry karakteren som med beina veldig hardt planta i ei idiotisk 90-talsholdning, kan sette ting i perspektiv for oss. Ikkje ved å filosofere, men ved å vere sitt dumme sjølv.

Eg fekk tidleg augo opp for «Futurama», og kan seiast å vere eit større «Futurama»-fan enn «The Simpsons»-fan i samanlikning. Etter 5-6 år var det på tide å sjå serien giejn, og det med store forventingar. Serien klarar ikkje å innfri alle forventingane, noko som naturlegvis er vanskeleg etter så lang tid. Men episodane er så forskjellige at eg hugsa tråden i alle etter kvart som eg såg dei, og i lys av dette kan ein sjå kor mykje eg faktisk fulgte med forrige gong. Misforstå meg ikkje, eg sveipa over denne første sesongen som det var ein iskald boks med Slurm.

 
ness
08-Mar-2007

Top Gear sesong 9

6 episodar.

Top Gear sesong 9

Så var nok ein sesong av den forrykande gode bilspesialen over. 6 episodar er lite, men det gjer seg med to rundar i året. Og med tanke på at kvar episode kostar ca 500.000 britiske pund å produsere, så skal ein ikkje klage på det. For å sette dette i perspektiv kan det seiast at vanlege tv-seriar i snitt sender 1 av 20 filma minutt, mens «Top Gear» sender 1 av 500 film minutt. Nokon produksjonsgodar får dei når dei har rundt 350 millionar sjåarar over heile verda.

Nok tal og over på kva denne sesongen bydde på. I korte trekk er det som før, ei blanding av mykje fart og god humor. Ein av episodane var laga som ein samanhengane road-trip spesial frå USA. I andre episodar blir toppfarten til Bugatti Veyron testa, Simon Pegg og Hugh Grant er blant gjestene som dukka opp i ein fornuftig prisa bil, og det skal lagast romrakett av ein britisk trehjuling. Dette er berre ein brøkdel av det som føregår i sesong 9.

Så gjenstår det berre å vente til mai/juni og nye episodar. Det er alltid like kjipt når ein sesong er ferdig. Når det ikkje ser ut til at desse ville og barnslege vaksne gutane har tenkt å gi seg, så kan eg klare å vente.

 
ness
22-Feb-2007

The Lost Room miniserie

The Lost Room3 episodar.

Sjå for deg ein nøkkel som kan opne alle dører, og som alltid leiar til det same motellrommet. Politibetjent Joe Miller kjem ved tilfeldigheiter over ein slik nøkkel, som ikkje berre opnar alle dører, men også opnar opp for eit mysterium så stort at det blir trudd det kan vere knytta direkte til gud. Dette er berre ein av teoriane som dukkar opp i ein Sci-Fi Channel serie som handlar om tilsynelatanda vanlege objekt med ekstraordinære eigenskapar.

Slike objekt er sjølvsagt interessante for spesielt interesserte eller skumle folk, og her har det blitt opna for eit breidt persongalleri i serien. Produksjonen har fått fleire kjente namn på lista, av dei kan eg nemne Peter Krause («Six Feet Under») og Kevin Pollak (masse rart). «The Lost Room» si sterke side ligg diverre ikkje i skodespelarprestasjonar. Serien kan verke upolert og billeg/enkel til tider, og dette blir bl.a. avspegla i rollebestninga, tross kjente namn.

Sjølv med eit preg av å verke billeg, eg har mine tvil om at den faktisk var det. «The Lost Room» er ein god serie. Enkel, men god. Mystikken og sci-fi elementa er fletta saman på ein lettgripande måte, som ein over 4.5 time får nok tid til å bli kjent med utan å gå lei. Det er lett å gripe hand om det som skjer når ein slepp å bruke fleire år på å sjå alt (liten usakleg «Lost»-diss?). Fordelen med miniserieformatet!