Arkivet til katergorien 'TV Samlepost'

TV samlepost #24: Den amerikanske TV-hausten

I år har eg ingen planar om å få med meg kva alt det ny er, slik som føregåande år. Eg har gitt «True Blood», den nye serien til Alan Ball på HBO ein sjanse og det same med J.J. Abrams nye FOX-sendte «Fringe», men det ser ut til å bli alt inntil Whedon dukkar [...]

TV pilotguide #8: The American Way

Terminator: The Sarah Connor Chronicles
Greia med «Terminator» er at på grunn av moglegheitene for tidreise kan både notida, fortida og framtida forandrast heile tida, dette har gir rom for «Chronicles» til å ta plass der «Judgment Day» slutta. Serien omhandlar Sarah og John, sistnemnte som ungdom, si stadige flukt frå FBI og farlege robotar. Noko [...]

TV pilotguide #7: Britishisme

Så var tida komme til litt nytt frå våre storebror i vest. Britiske seriar er noko for seg sjølv, kvar av desse byr på nok originalitet, utanom «Echo Beach» viss den blir sett på avskild frå «Moving Wallpaper». Eg trur dessutan eg har funne ein ny følgesvenn i «Mistresses», tida vil vise. Så før siste [...]

TV pilotguide #6: Canuck of the north

Januar/februar er tid for nye seriar, eg har sett ei håndfull amerikanske som vanleg, men også ein del kanadiske. CBC er eit nettverk som liknar på dei amerikanske når det gjeld sendeflata. Stilen er ganske lik generelt, ikkje fullt så perfeksjonert på alle område, men for det utrente auge er det minimalt å legge merke [...]

TV pilotguide #5: Sterke kvinner, svake menn

Eit knippe nye tv-seriar. Eg har verkeleg satt meg inn i nye seriar i haust føler eg, fått ei god oversikt, sett mykje som ikkje kan betraktast som innovativt, men likevel noko bra innimellom.
Dirty Sexy Money
«Dirty Sexy Money» har nokre kjekke namn på rollelista. Peter Krause («Six Feet Under»). Donald Sutherland. Samaire Armstrong («The O.C.»). [...]

TV pilotguide #4: Is nerd the new cool?

Litt lengre innlegg denne gongen, no som pilotsesongen er i gong. Følgande seriar har eg fått sett to episodar av i skrivande stund. Fleire seriar kjem i seinare innlegg.
Gossip Girl
«Gossip Girl» er det nye «The O.C.», der varme vestkysten er bytta ut med New York. Mannen bak serien er Josh Schwartz som i tillegg er [...]

TV pilotguide #3: 30-50-70

I Hate My 30s
Noko så sjeldan som ein VH1 serie. «I Hate My 30s» er ein sitcom om å vere over 30 år gammal, satt til eit kontormiljø. Skodespelet her er skuffande, som i mange andre likeverdige sitcommar. For «I Hate My 30s» er ikkje noko anna enn eit dårleg gjennomført forsøk. Responsen til vitsane [...]

TV pilotguide #2: Halleluja, kvardag og science fiction

Saving Grace
Sørstatspolitikvinna Grace i «Saving Grace lev det som på ekte kristenamerikansk blir rekna for eit syndig liv, med alkohol og sex i mengder. Gud sender så engelen Earl, ein eksentrisk type som stadig spyttar tobakk, for å redde Grace frå å gå under. Grace blir ikkje så begeistra over besøka til Earl, som kjem [...]

TV pilotguide #1: College, Miami og forstadsdrama

Hausten er, ved sidan av våren, tid for å fokusere på tv-seriar. No er det rett nok ikkje haust endå, men eg har tjuvstarta med sommarens utval. I fjor såg eg stort sett pilotepisodar og gav meg der, problemet med det er at dei gjerne blir brukt til ei innføring, så korleis serien har tenkt [...]

TV samlepost #23: Retroshock

Eerie, Indiana
Dei rundt 20 år hugsar kanskje denne frå barndommen, eg gjer iallfall, om ikkje anna enn knapt før eg nyleg såg igjen første episode. Familien til Marshall, ein alltid merksam og skeptisk gutunge, har flytta til Eerie. Her ser tilsynelatande alt (altfor) normalt ut på overflata, men under loket kokar mysteria. Serien kan minne [...]

TV samlepost #22: Kyllingkrig, presidentar og svindel

Robot Chicken Star Wars Special
Seth Green og Matthew Senreich er tydeleg fans av «Star Wars» til den grad at dei har satt saman ein heil episode av «Robot Chicken» med «SW»materiale åleine. Noko er brukt før, men det er og ein del nytt her. Ei fin blanding av hyllest og kritikk, spesialen er langt i [...]

TV samlepost #21

Afro Samurai
For å gi eit bilde av potensialet til serien er eg nødt til å droppe eit par namn: Samuel L. Jackson og Ron Pearlman har stemmer (i den engelske versjonen eg såg). The RZA står for lydsporet. Serien er nydeleg animert, veldig detaljert og tydeleg, og full av fart. Karikaturar på vanlege animefigurar er [...]

TV samlepost #20: Revurdert

Drive
Viss eg i heile tatt gav inntrykk om at denne serien var verdt å bruke tid på trekk eg orda mine frå forrige samlepost tilbake. «Drive er eit stykke dårleg samansett ingenting utan spenning eller fart som ein serie om eit billøp bør ha. Rollefigurane er todimensjonale tross eit par forklarande flashbacks. Om dette likevel [...]

TV samlepost #19: Pilot igjen

Det har blitt litt ymse sidan forrige samlepost, og eg hadde eigentleg nok nye inntrykk og seriar til å lage ein her for ei stund sidan. Kvaliteten var derimot laber på desse seriane, som inkluderar «Halfway Home» — nok ein Comedy Central liksomreality, ein anna eg ikkje hugsar eller klarar å finne igjen namnet på, [...]

TV samlepost #18: Pilot

The Riches
Sigøynerfamilien Malloy kjem i trøbbel med sjefen i sigøynerleiren, rømmer sin veg og drep uheldigvis eit par i ein BMW på vegen. Folka i BMW-en viser seg å vere på veg til sitt nye hus i eit nabolag der ingen kjenner dei, og herr Malloy (Eddie Lizzard) grip sjansen i å starte eit nytt [...]

TV samlepost #17: Pilot

Me er inne i ein periode med pilotepisode etter pilotepisode, og eg har sett litt av det nye. I tillegg har eg gått tilbake til 2005 og børsta støvet av «The Triangle», men eg kom ikkje langt.
The Black Donnellys
NBC satsar med ferskt materiale i desse tider, og «The Black Donnellys» dukkar opp i den forbindelsen. [...]

TV samlepost #16

Lite aktivitet på sida her i det siste har ført til at eg har skrive eit innlegg om ymse tv-seriar, ettersom det nok blir eit par dagar til eg kjem med eit filminnlegg. Greia er at bortsett frå innleiande serie, så er det tankar omkring seriar som eg held på med som vil ta plass [...]

TV samlepost #15

I Pity The Fool
Kanskje Mr. T si mest kjente frase, i tillegg til «jibba jabba», har blitt tittelen for det som best kan beskrivast som eit realityprogram. Med oppstart hausten 2006 har det hittil blitt laga 6 episodar, av dei har eg sett tre stykk: «Motivation», «Unity» og «Respect». I rolla som ein slags Dr. [...]

TV samlepost #14

Det morsomste fra Trond-Viggo
Fredag 12. januar besøkte Trond-Viggo Torgersen Studentersamfundet i Trondheim, og underteikna hadde kjøpt billett og fekk ein god plass midt i forsamlinga. Det heile var lagt opp som ein spørjetime (eller to), der publikum fekk sjanse til å spørje Trond-Viggo og gjesten Linn Skåber om absolutt alt. Reint bortsett frå at dei [...]

TV samlepost #13

Nokre titlar frå tv-serie lista har blitt fjerna, og vil ikkje få sitt sedvanlege innlegg ved sesongslutt til våren (ev. tidlegare).
Lost
No er det nok! Etter å ha vurdert det i jula har eg vedteke å gi opp «Lost». Serien var knakande god ein periode, som nok er grunnen til at eg har fulgt den vidare [...]