Eerie, Indiana
Dei rundt 20 år hugsar kanskje denne frå barndommen, eg gjer iallfall, om ikkje anna enn knapt før eg nyleg såg igjen første episode. Familien til Marshall, ein alltid merksam og skeptisk gutunge, har flytta til Eerie. Her ser tilsynelatande alt (altfor) normalt ut på overflata, men under loket kokar mysteria. Serien kan minne om «Are You Afraid of the Dark?», men har fast hovudperson, med følge av ein yngre partner. Korleis var gjensynet? Overraskande betre enn forventa. Dette er ikkje verdas beste tv, og nostalgieffekten spelar nok inn, men absolutt godkjent. Likevel vil eg nok ikkje sjå heile serien.
Are You Afraid of the Dark?
Ein anna mystifistisk serie som gjekk på NRK når eg var yngre var denne, der ei gruppe ungar samlar seg rundt leirbålet for å fortelje skrekkhistoriar. Spesielt opningssekvensen har satt sine spor, men historiane var skumle nok dei og altså. Gjensynet bar preg av at verken skodespelarar eller oppbygging prøver å bevise noko ovafor mi kritiske sans. Stemninga vil nok gi den yngre creeps heile vegen, kudos for det. Faktisk så skvatt eg ein gong i episoden eg såg («The Tale of the Lonely Ghost»), og det er ikkje dårleg! Dette må jo vere eit skrekkmekka for den yngre generasjon!
The Twilight Zone
I retrosamanheng er denne delen av innlegget juks. Eg har verken tidlegare erfaringar med den eller tidlegare sendte rundar av «The Twilight Zone», men det at serien har ei historie snik den til ein plass her. Eg har sett ein episode av versjonen frå 2002 med Forest Whitaker som vert. Historiane er mørkare enn i dei to overnemnte seriane, og tydeleg retta mot litt eldre ungdom. Med ein slik serie er det ikkje lett å dømme ut i frå ein enkelt episode. Eg såg ein som var heilt OK, verken meir eller mindre, ut i frå målsgruppa å dømme, sjølvsagt.
Happy Days
I tv-miljøet er sitcomen som gjekk frå 1974 til 1984 ein av dei betre kjente amerikanske seriane frå perioden. Ikkje minst fordi serien la grunnlag for omgrep som stadig blir brukt i dagens tv. Derav «jumping the sharks», «Chuck Cunningham syndrome» og «the Fonzie effect». Serien er ein idealisert versjon av USA på seint 1950-tal og dreiar seg mykje omkring kjernefamilien, ungdommar med bilar og denslags. På meg virka «Happy Days» utdatert med puslete vitsar, men reint bortsett frå dette har serien eit nesten-potensiale.

Seth Green og Matthew Senreich er tydeleg fans av «Star Wars» til den grad at dei har satt saman ein heil episode av «Robot Chicken» med «SW»materiale åleine. Noko er brukt før, men det er og ein del nytt her. Ei fin blanding av hyllest og kritikk, spesialen er langt i frå einsidig, men alltid morosam. Det varierar frå enkel humor til slikt som berre dei innvia i fanbasen vil forstå.
Eit krimdrama frå BBC. Ei glorifisering av storsvindlarar. Eit team av profesjonelle går saman om å utføre større svindlar, med politiet hengande over seg må dette utførast på skikkeleg vis. Alle bitane må vere på plass for at det skal verke truverdig for den som blir svindla. Serien er ikkje spesielt original eller realtistisk, heller rimeleg overfladisk. Det blir spelt på stil og vendingar i massevis, og ligg til rette for å lure sjåaren òg. Heilt kurant om ein vil ha avsluttande episodar, men ikkje noko djupare utover dette (skal eg tolke pilotepisoden). Likevel noko av det betre eg har sett i rekka av seriar med avsluttande episodar. Om heilt min type serie.
For å gi eit bilde av potensialet til serien er eg nødt til å droppe eit par namn: Samuel L. Jackson og Ron Pearlman har stemmer (i den engelske versjonen eg såg). The RZA står for lydsporet. Serien er nydeleg animert, veldig detaljert og tydeleg, og full av fart. Karikaturar på vanlege animefigurar er tilstades og gir folk å knytte seg til. Det meste er i grunn fint med denne serien, heilt til det kjem til historieformidlinga. «Afro Samurai» kavar etter å få plassert årsakene til all slossing og ein god tråd gjennom. Det er fullt forståeleg det som skjer, men er for overfladisk til at eg blir vidare interessert. Det holdt med første av dei fem episodane som utgjer denne miniserien.
Ein serie med lang fartstid på HBO (1992-1998) som kan minne om ei blanding av «Seinfeld» og «Curb Your Enthusiasm» (utan å trekke parallellar til Larry David spesifikk). Første episode var morosam i og for seg, men konseptet freista ikkje så mykje for tida. Me følger ein komikar med eit talkshow framfor og bak kamera, og dei relativt små problema han måtte støyte på. Dette er ein 30-minuttars serie, sjanger komedie og drama, utan latterboks eller fast publikum. Er ein på jakt etter noko som gir inntrykk av å vere smartare enn det eigentleg er, så vil eg tru (etter å ha sett ein episode) at dette er serien.
Ny serie på The CW no i sommar. Eg har sett to episodar, men ikkje heilt bestemt meg for om eg vil sjå meir eller ikkje. Dette er tenåringssåpe lik «The O.C.», utan humoren. Eigentleg ingenting nytt å hente, men eg er ein sucker for drama, så dette er heilt kurant sommar-tv. Johnny har akkurat flytta inn i eit fint nabolag i Palm Springs, der ikkje alt er så idyllisk som på overflata. Han har sine demonar å halde i sjakk, og møter typisk nok utfordringar frå jamnaldrande. «Hidden Palms» hekta meg på den underliggande mystikken omkring skjebna til Eddie, som budde i huset tidlegare, men går litt sakte framover.
Viss eg i heile tatt gav inntrykk om at denne serien var verdt å bruke tid på trekk eg orda mine frå forrige samlepost tilbake. «Drive er eit stykke dårleg samansett ingenting utan spenning eller fart som ein serie om eit billøp bør ha. Rollefigurane er todimensjonale tross eit par forklarande flashbacks. Om dette likevel er ein serie som har fanga interessa via andre kanalar skal eg rose den sopass at den ikkje har faste, poenglause flashbacks lik «Lost» sine.
For folk som er interessert i effektane av klimaendringar brukt for å skape fiksjonsserie med grunnlag er denne nyoppstarta serien frå BBC verdt å sjekke ut. Det skal sendast tre episodar, kvar på 60 min. Starten kan minne litt om SciFi-Channels «The Triangle», der ei gruppe ekspertar på sine felt blir innkalla for å løyse eit oppdrag. Her er alle ekspertar innan felt knytta til vær og vind, og oppgåva deira blir å finne ut ein måte å kontrollere storm/orkan på. Ok, kanskje litt fjernt, men godt gjennomført. Eg tenkte umiddelbart på «The State Within», men ikkje fullt så politisk. Det er forøvrig dei same folka som står bak denne serien som også laga «Supervolcano».
Historisk drama på Showtime. Jonathan Rhys Meyers spelar Kong Henry VIII i ein serie med indre og ytre konfliktar rundt det britiske kongehuset. Det heile startar litt sløvt, og minna meg soleis om «Rome. Det betyr ingenting for det som skjer vidare, men viser kanskje meir at det er eit tungt tema å gripe fatt i, for her er det tydelegvis mykje historie. Plass blir det også til flotte sexscener, ikkje eksplisitte då. Eg trur dette kan bli eit interessant foretag vidare, for i tillegg til Meyers blir både Sam Neill og Henry Czerny faste på rollelista, og Neill var i sitt rette ess i den første episoden!
I denne nysatsinga av FOX har Nathan Fillion igjen komme tilbake til tv-skjermen. Sist gong han gjorde eit større rolle i dette formatet var i sci-fi western «Firefly», og i mellomtiden har han gjort filmar som «Serenity» og «Slither». Men nok om Fillion. «Drive» handlar om eit undergrunns billøp utan reglar, der ei gruppe meir eller mindre tilfeldig utvalte har blitt kontakta og får sjansen til å vinne 32 mill. Utan reglar betyr skitne triks frå både arrangøren og deltakarane si side.
Sci-Fi Channel satsa på Kristanna Loken som Jane i denne teikneserieadapsjonen som nyleg har starta opp. Det funka ikkje heilt som tv-serie for min del, det virka rett og slett platt. Mykje fart er det her og, men av den typen som prøver å skjule noko. Dette «noko» kan vere dei utruleg hule karakterane, det kan vere mykje av det andre som dukkar opp på skjermen. Uansett var det tamt nok til at eg sovna dei siste 10 minuttane. Eg står over vidare forklaring om kva dette handlar av nettopp den årsaka.
Sigøynerfamilien Malloy kjem i trøbbel med sjefen i sigøynerleiren, rømmer sin veg og drep uheldigvis eit par i ein BMW på vegen. Folka i BMW-en viser seg å vere på veg til sitt nye hus i eit nabolag der ingen kjenner dei, og herr Malloy (Eddie Lizzard) grip sjansen i å starte eit nytt liv med blanke ark.
Jeff Goldblum har som fleire andre middelaldrande skodespelarar den siste tida bevega seg frå filmen til tv. Som privatetterforskar Raines, ein person med så sterk fantasi at han ser for seg avdøde, løyser han saker ei eit sterkt film-noirprega tv-miljø. Alt i frå musikken, via plakatar på veggene til karakterane er tydeleg inspirerert frå gamle klassikarar.
NBC satsar på etterforskarar for tiden, her og er det tydelege spor etter film-noir inspirasjon, men meir som humoristisk referanse og mot neo-noir som «Chinatown». Andy Barker, spelt av Andy Richter, er nyttoppstarta med eiga rekneskapsbedrift, men får brått ei etterforskingssak rett i fanget, ettersom den forrige leigaren av kontorlokalet var privatetteforskar. Han tek på seg saka og finn ut at dette er tingen. Med seg har han videoutleigaren i etasjen under, spelt av Tony Hale frå tidl. «Arrested Development». «Andy Barker P.I.» er ingenting meir enn idiotisk humor, men av den type idiotisk som faktisk fell i smak her i gården. Eg trur dette kan bli ein festleg 30-minuttars komiserie framover.
Ti år etter Nick forlot heimbyen sin utan ei einaste forklaring til vennene, kjem han tilbake som bestselgande forfattar av ei bok med karakterar basert på dei gamle vennene sine satt i dårleg lys. Med mange skuffa og sinte personar i møte vel han likevel å vende tilbake. Om denne serien har meir i vente framover enn vanleg drama er vanskeleg å sei, for første episode virka å ta seg av dei største og hardaste møta han må gjere. Som eks-kjærast og bestevenn(er). Ikkje for å seie at eit småbydrama er dårleg, eg kan lære å like både karakterane og miljøet som er grunnlaget for denne serien. Tanken om at dette likevel vil vere anna enn langsomt å gi seg i gong med pressar derimot så mykje på at «October Road» er ute av bildet for denne gong.
NBC satsar med ferskt materiale i desse tider, og «The Black Donnellys» dukkar opp i den forbindelsen. Serien skildrar oppstarten av eit kriminelt syndikat. Kor stort eller omfattande dette kan blir er vanskeleg å sei, første episode gav ikkje så mange teikn til om det blir noko stort, eller berre virrvarr i eit italiensk og eit irsk nabolag. På gangstersida står uansett «The Sopranos» sterkt nok åleine. Som pilotepisode var ikkje dette godt nok, den klarte ikkje å interessere meg. Samt den er for rask med å gjere store dramatiske ting ut av karakterane sine, endå ein ikkje kjenner dei godt nok til eigentleg å bry seg.
Å angripe ein serie med blanke ark kan straffe seg. Det einaste eg visste om denne serien var at den blanda horror / myster/ sci-fi og at plakaten var stilig. Tittelen hintar (les: files) til etterforskingsgenren. Men «The Dresden Files» var ikkje noko spesielt god heller. Freelancertrollmannen Harry Blackstone Copperfield Dresden hjelper både politi og vanlege med overnaturlege saker. Serien er veldig lik «Psych» på den måten, og reint bortsett frå at det er snakk om ekte overnaturleg motstand her (mot «Psych»s likssomsynsksheit) så er det ingenting å hente.
Britiske ITV har laga ein knallbra serie! Vel, dei har kanskje laga fleire, men no snakkar eg om nyleg. «Primeval» slo an frå første minutt. Dinosaurar, tidshol (ev. wormhole) og ytterst interessante karakterar i eit spenningsfylt eventyr. Nydelege bildekomposisjonar. Her er det mykje godt, tilogmed dei animerte dinosaurane er ok gjennomført til å blende inn. Også god britisk humor då, ingen ting sler det. Eg har funne ein serie eg definitivt kjem til å følge med på vidare.
Ikkje alt har eg trua pÃ¥ før eg trykker play, spesielt halvtimeskomediar er eg skeptisk til. Men er det rart? Mykje er jo kumøkk! Oftast kan dette vere einaste mÃ¥ten Ã¥ oppdage noko nytt pÃ¥. FrÃ¥ førehandsdømming til sakleg dømming, «Rules of Engagement» er … ikkje verst. Eg blei positivt overraska over at serien var middels grei. Ingenting nytt her, og ingenting eg vil følge med pÃ¥ vidare, men første episode gav meg ein god latter. Betre enn det som gÃ¥r pÃ¥ TVNorge pÃ¥ ettermiddagen og.
Om ingen overtalar meg til å sjå meir enn dei 45 minuttane av første episode som eg såg, så blir det stopp for denne serien. Sci-Fi Channel laga i 2005 ein miniserie på 3 gonger 90 minutt om mysteriet i Bermudatriangelet, der eit team med profesjonelle aktørar innan ulike fagfelt fekk i oppdrag av Mr. rik skipsmagnat i å finne eit definitivt svar på kva som forårsakar forsvinningane i triangelet. Grunnen til at eg ikkje kom lengre enn med å sjå dei første 45 minuttane var at eg blei avbroten der, og aldri fekk lyst til å sjå noko meir etter det. «The Triangle» føles tvers igjennom billeg frå setting til casting, sjølv om eg gjerne skulle likt ein idé som omfattar Bermudatriangelet til å fungere, det er jo eit godt grunnlag for skikkeleg mystikk.
«Jesus er magisk», det er ikkje den nyleg oppstarta komiserien til Sarah Silverman. Eg synst ho prøver for litt for lite å vere morosam, i form av at ho har bomma på det som skal til i ein komiserie. No er ikkje «The Sarah Silverman Program» reinvaska for gode innslag, noko dukkar det opp her og der. På spørsmålet om det er verdt å følge med på i lengden vil eg sei nei. For meg var to episodar nok.
Jeremy Clarkson, James May og Richard er i gong igjen med bilprogrammet sitt for 9. gong. Det var jo ein periode utvisst omkring situasjonen til etter eit solid krasj, men alt ser ut til Ã¥ vere ved sitt gamle igjen no. Dette betyr sjølvsagt at det blir levert kvalitet frÃ¥ øverste hylle. Som i tredje program, dÃ¥ mennene kjøper seg billeg bruktbil i Florida ($1000) og legg ut pÃ¥ road trip til New Orleans, med sprø utfordringar pÃ¥ vegen som Ã¥ køyre gjennom Alabama med pÃ¥mÃ¥la slagord som «Nascar sucks» og «Hillary Clinton for president».
Eg hadde pause med kryponittpåverka problemskaparar inntil nyleg, som betydde seks episodar i strekk. Årsaka var den at serien dabba litt av i byrjinga av sesongen, og eg måtte få ein solid samla dose for å få ny giv. Det skadar ikkje at episode 10 til og med 15 var gode heller i «Smallville-samanheng. Den svært så etterlengta kontroversen mellom Clark Kent og Lex Luthor har forma seg bra no, etter mange sesongar med gradvis forverring av vennskapet. For dei som ikkje har sett serien: den tek altså ein anna vri enn teikneserie og film. Mørke tider i slike seriar er alltid bra!
Kanskje Mr. T si mest kjente frase, i tillegg til «jibba jabba», har blitt tittelen for det som best kan beskrivast som eit realityprogram. Med oppstart hausten 2006 har det hittil blitt laga 6 episodar, av dei har eg sett tre stykk: «Motivation», «Unity» og «Respect». I rolla som ein slags Dr. Phil ute i felten hjelper Mr. T folk i bedrifter, institusjonar og familiar med ulike problem. Med ein solid dose humor i form av svært overdrevne situasjonar, og sjølvsagt i form av Mr. T som person blir dette noko av det lågkvalitetsreality eg har sett.
Eit fullstendig innlegg på denne sesongen kjem ikkje før ut i april ein gong, men her er ein midlertidig refleksjon på første halvdel av sesongen. For sidan det har seg at sesongen blir utgitt i to omgongar, så har det no berre gått an å sjå dei 11 første episodane. Ein grei måte å ordne det på i grunn, slik at det ikkje blir for mykje på ein gong. To dagar før den eigentleg utgivelsesdatoen er eg altså ferdig med DVD-boksen, takka vere PlayX sin tidlege utsending. «Twin Peaks» forset med det mystiske i ein draumeliknande setting, og det er med glede eg kan sei at eg likssom forsvann litt inn i serien etter kvart, og med små rykk merka at eg hadde gløymt alt rundt meg.
Ein amerikansk versjon av ein columbiansk idé fekk prøve seg på skjermen her. Me snakkar om 11 episodar med folkeleg, jordnær komedie. Serien vil fortsette med fleire, det er ikkje snakk om ein slutt, men eg tenker å gi meg her. Eg føler eg har fått akkurat nok og at serien vidare vil repere seg sjølv med små endringar utover. Ikkje verdens undergong med tanke på at oppskrifta er god, og i havet blant dramaseriar er det kjekt å finne ei sopass seriøst, og likevel uhøgtidleg lita øy.
Fredag 12. januar besøkte Trond-Viggo Torgersen Studentersamfundet i Trondheim, og underteikna hadde kjøpt billett og fekk ein god plass midt i forsamlinga. Det heile var lagt opp som ein spørjetime (eller to), der publikum fekk sjanse til å spørje Trond-Viggo og gjesten Linn Skåber om absolutt alt. Reint bortsett frå at dei som turte å opne kjeften for ei så stor forsamling kom med svake spørsmål, så var det veldig morosamt. Trond-Viggo drog sjølvsagt i gong eit par gode, gamle songar og. Men det eg eigentleg skulle fram til, var at eg har sett gjennom den 2 timar lange DVDen «Det morsomste fra Trond-Viggo». Den hadde få lyspunkt, og er mest prega av høg repetisjonsfaktor og humor som slettes ikkje er min eller min generasjon sin smak.
… er tilbake med episode 9 av første sesong som tok pause tilbake i slutten av august. I denne episoden dukkar Kurtwood Smith opp i ei god gjesterolle som ein alzheimerramma eks-politibetjent som meinar han har funne svaret pÃ¥ ei mordgÃ¥te, men sjølvsagt ikkje hugsar. «Psych» fortset i det gode sporet som før, og det merkast ingen kvalitetsforskjell. Velkommen tilbake!
For Ã¥ fylle siste del av dette innlegget blir det mimring med Ole, Dole, Doffen og Donald frÃ¥ Disney Channels «Quack Pack». Ein morosam serie med tanke pÃ¥ alle b-film elementa som blir brukt. Dei to beste episodane eg har fÃ¥tt med meg nyleg nÃ¥r eg har hatt litt god tid pÃ¥ morgonen før forelesing og slikt, omhandlar ein ond doktor, stasjonert i eit hemmeleg laboratiorium under bakken, viss plan er Ã¥ grille jordoverflata ved Ã¥ sende ut ein rakett med eit gigantisk forstørringsglas. I den andre episoden blir Andeby herja av eit stort, 10-etasjars høgt slimete monster, som oppstod nÃ¥r eit lyn slo ned i Ole, Dole og Doffens imaginære tasty paste fabrikk — ei slags grøn avhengigheitsskapande grautmasse.