TV samlepost #19: Pilot igjen
Det har blitt litt ymse sidan forrige samlepost, og eg hadde eigentleg nok nye inntrykk og seriar til å lage ein her for ei stund sidan. Kvaliteten var derimot laber på desse seriane, som inkluderar «Halfway Home» - nok ein Comedy Central liksomreality, ein anna eg ikkje hugsar eller klarar å finne igjen namnet på, og ein double crossover med «Las Vegas» og «Crossing Jordan» frå 2005.
Sidan ingenting av det var av særleg interesse venta eg heller på at noko nytt skulle dukke opp, som den nye serien til Nathan Fillion.
Drive
I denne nysatsinga av FOX har Nathan Fillion igjen komme tilbake til tv-skjermen. Sist gong han gjorde eit større rolle i dette formatet var i sci-fi western «Firefly», og i mellomtiden har han gjort filmar som «Serenity» og «Slither». Men nok om Fillion. «Drive» handlar om eit undergrunns billøp utan reglar, der ei gruppe meir eller mindre tilfeldig utvalte har blitt kontakta og får sjansen til å vinne 32 mill. Utan reglar betyr skitne triks frå både arrangøren og deltakarane si side.
Forutan å verke enkel og forhasta i produksjonen legg ikkje «Drive» skjul på at det er fart og spenning som er det viktige her, og på det viset klarar serien å levere. Forvent ikkje anna, og dette er rett fram enkel moro.
Painkiller Jane
Sci-Fi Channel satsa på Kristanna Loken som Jane i denne teikneserieadapsjonen som nyleg har starta opp. Det funka ikkje heilt som tv-serie for min del, det virka rett og slett platt. Mykje fart er det her og, men av den typen som prøver å skjule noko. Dette «noko» kan vere dei utruleg hule karakterane, det kan vere mykje av det andre som dukkar opp på skjermen. Uansett var det tamt nok til at eg sovna dei siste 10 minuttane. Eg står over vidare forklaring om kva dette handlar av nettopp den årsaka.
Så blei det berre ein god serie i samleposten likevel; «Drive». Og då bør ein vere litt bilinteressert.

Sigøynerfamilien Malloy kjem i trøbbel med sjefen i sigøynerleiren, rømmer sin veg og drep uheldigvis eit par i ein BMW på vegen. Folka i BMW-en viser seg å vere på veg til sitt nye hus i eit nabolag der ingen kjenner dei, og herr Malloy (Eddie Lizzard) grip sjansen i å starte eit nytt liv med blanke ark.
Jeff Goldblum har som fleire andre middelaldrande skodespelarar den siste tida bevega seg frå filmen til tv. Som privatetterforskar Raines, ein person med så sterk fantasi at han ser for seg avdøde, løyser han saker ei eit sterkt film-noirprega tv-miljø. Alt i frå musikken, via plakatar på veggene til karakterane er tydeleg inspirerert frå gamle klassikarar.
NBC satsar på etterforskarar for tiden, her og er det tydelege spor etter film-noir inspirasjon, men meir som humoristisk referanse og mot neo-noir som «Chinatown». Andy Barker, spelt av Andy Richter, er nyttoppstarta med eiga rekneskapsbedrift, men får brått ei etterforskingssak rett i fanget, ettersom den forrige leigaren av kontorlokalet var privatetteforskar. Han tek på seg saka og finn ut at dette er tingen. Med seg har han videoutleigaren i etasjen under, spelt av Tony Hale frå tidl. «Arrested Development». «Andy Barker P.I.» er ingenting meir enn idiotisk humor, men av den type idiotisk som faktisk fell i smak her i gården. Eg trur dette kan bli ein festleg 30-minuttars komiserie framover.
Ti år etter Nick forlot heimbyen sin utan ei einaste forklaring til vennene, kjem han tilbake som bestselgande forfattar av ei bok med karakterar basert på dei gamle vennene sine satt i dårleg lys. Med mange skuffa og sinte personar i møte vel han likevel å vende tilbake. Om denne serien har meir i vente framover enn vanleg drama er vanskeleg å sei, for første episode virka å ta seg av dei største og hardaste møta han må gjere. Som eks-kjærast og bestevenn(er). Ikkje for å seie at eit småbydrama er dårleg, eg kan lære å like både karakterane og miljøet som er grunnlaget for denne serien. Tanken om at dette likevel vil vere anna enn langsomt å gi seg i gong med pressar derimot så mykje på at «October Road» er ute av bildet for denne gong.
NBC satsar med ferskt materiale i desse tider, og «The Black Donnellys» dukkar opp i den forbindelsen. Serien skildrar oppstarten av eit kriminelt syndikat. Kor stort eller omfattande dette kan blir er vanskeleg å sei, første episode gav ikkje så mange teikn til om det blir noko stort, eller berre virrvarr i eit italiensk og eit irsk nabolag. På gangstersida står uansett «The Sopranos» sterkt nok åleine. Som pilotepisode var ikkje dette godt nok, den klarte ikkje å interessere meg. Samt den er for rask med å gjere store dramatiske ting ut av karakterane sine, endå ein ikkje kjenner dei godt nok til eigentleg å bry seg.
Å angripe ein serie med blanke ark kan straffe seg. Det einaste eg visste om denne serien var at den blanda horror / myster/ sci-fi og at plakaten var stilig. Tittelen hintar (les: files) til etterforskingsgenren. Men «The Dresden Files» var ikkje noko spesielt god heller. Freelancertrollmannen Harry Blackstone Copperfield Dresden hjelper både politi og vanlege med overnaturlege saker. Serien er veldig lik «Psych» på den måten, og reint bortsett frå at det er snakk om ekte overnaturleg motstand her (mot «Psych»s likssomsynsksheit) så er det ingenting å hente.
Britiske ITV har laga ein knallbra serie! Vel, dei har kanskje laga fleire, men no snakkar eg om nyleg. «Primeval» slo an frå første minutt. Dinosaurar, tidshol (ev. wormhole) og ytterst interessante karakterar i eit spenningsfylt eventyr. Nydelege bildekomposisjonar. Her er det mykje godt, tilogmed dei animerte dinosaurane er ok gjennomført til å blende inn. Også god britisk humor då, ingen ting sler det. Eg har funne ein serie eg definitivt kjem til å følge med på vidare.
Ikkje alt har eg trua på før eg trykker play, spesielt halvtimeskomediar er eg skeptisk til. Men er det rart? Mykje er jo kumøkk! Oftast kan dette vere einaste måten å oppdage noko nytt på. Frå førehandsdømming til sakleg dømming, «Rules of Engagement» er … ikkje verst. Eg blei positivt overraska over at serien var middels grei. Ingenting nytt her, og ingenting eg vil følge med på vidare, men første episode gav meg ein god latter. Betre enn det som går på TVNorge på ettermiddagen og.
Om ingen overtalar meg til å sjå meir enn dei 45 minuttane av første episode som eg såg, så blir det stopp for denne serien. Sci-Fi Channel laga i 2005 ein miniserie på 3 gonger 90 minutt om mysteriet i Bermudatriangelet, der eit team med profesjonelle aktørar innan ulike fagfelt fekk i oppdrag av Mr. rik skipsmagnat i å finne eit definitivt svar på kva som forårsakar forsvinningane i triangelet. Grunnen til at eg ikkje kom lengre enn med å sjå dei første 45 minuttane var at eg blei avbroten der, og aldri fekk lyst til å sjå noko meir etter det. «The Triangle» føles tvers igjennom billeg frå setting til casting, sjølv om eg gjerne skulle likt ein idé som omfattar Bermudatriangelet til å fungere, det er jo eit godt grunnlag for skikkeleg mystikk.
Jeremy Clarkson, James May og Richard er i gong igjen med bilprogrammet sitt for 9. gong. Det var jo ein periode utvisst omkring situasjonen til etter eit solid krasj, men alt ser ut til å vere ved sitt gamle igjen no. Dette betyr sjølvsagt at det blir levert kvalitet frå øverste hylle. Som i tredje program, då mennene kjøper seg billeg bruktbil i Florida ($1000) og legg ut på road trip til New Orleans, med sprø utfordringar på vegen som å køyre gjennom Alabama med påmåla slagord som “Nascar sucks” og “Hillary Clinton for president”.
Eg hadde pause med kryponittpåverka problemskaparar inntil nyleg, som betydde seks episodar i strekk. Årsaka var den at serien dabba litt av i byrjinga av sesongen, og eg måtte få ein solid samla dose for å få ny giv. Det skadar ikkje at episode 10 til og med 15 var gode heller i «Smallville-samanheng. Den svært så etterlengta kontroversen mellom Clark Kent og Lex Luthor har forma seg bra no, etter mange sesongar med gradvis forverring av vennskapet. For dei som ikkje har sett serien: den tek altså ein anna vri enn teikneserie og film. Mørke tider i slike seriar er alltid bra!
Kanskje Mr. T si mest kjente frase, i tillegg til «jibba jabba», har blitt tittelen for det som best kan beskrivast som eit realityprogram. Med oppstart hausten 2006 har det hittil blitt laga 6 episodar, av dei har eg sett tre stykk: «Motivation», «Unity» og «Respect». I rolla som ein slags Dr. Phil ute i felten hjelper Mr. T folk i bedrifter, institusjonar og familiar med ulike problem. Med ein solid dose humor i form av svært overdrevne situasjonar, og sjølvsagt i form av Mr. T som person blir dette noko av det lågkvalitetsreality eg har sett.
Eit fullstendig innlegg på denne sesongen kjem ikkje før ut i april ein gong, men her er ein midlertidig refleksjon på første halvdel av sesongen. For sidan det har seg at sesongen blir utgitt i to omgongar, så har det no berre gått an å sjå dei 11 første episodane. Ein grei måte å ordne det på i grunn, slik at det ikkje blir for mykje på ein gong. To dagar før den eigentleg utgivelsesdatoen er eg altså ferdig med DVD-boksen, takka vere PlayX sin tidlege utsending. «Twin Peaks» forset med det mystiske i ein draumeliknande setting, og det er med glede eg kan sei at eg likssom forsvann litt inn i serien etter kvart, og med små rykk merka at eg hadde gløymt alt rundt meg.
Ein amerikansk versjon av ein columbiansk idé fekk prøve seg på skjermen her. Me snakkar om 11 episodar med folkeleg, jordnær komedie. Serien vil fortsette med fleire, det er ikkje snakk om ein slutt, men eg tenker å gi meg her. Eg føler eg har fått akkurat nok og at serien vidare vil repere seg sjølv med små endringar utover. Ikkje verdens undergong med tanke på at oppskrifta er god, og i havet blant dramaseriar er det kjekt å finne ei sopass seriøst, og likevel uhøgtidleg lita øy.
Fredag 12. januar besøkte Trond-Viggo Torgersen Studentersamfundet i Trondheim, og underteikna hadde kjøpt billett og fekk ein god plass midt i forsamlinga. Det heile var lagt opp som ein spørjetime (eller to), der publikum fekk sjanse til å spørje Trond-Viggo og gjesten Linn Skåber om absolutt alt. Reint bortsett frå at dei som turte å opne kjeften for ei så stor forsamling kom med svake spørsmål, så var det veldig morosamt. Trond-Viggo drog sjølvsagt i gong eit par gode, gamle songar og. Men det eg eigentleg skulle fram til, var at eg har sett gjennom den 2 timar lange DVDen «Det morsomste fra Trond-Viggo». Den hadde få lyspunkt, og er mest prega av høg repetisjonsfaktor og humor som slettes ikkje er min eller min generasjon sin smak.
… er tilbake med episode 9 av første sesong som tok pause tilbake i slutten av august. I denne episoden dukkar Kurtwood Smith opp i ei god gjesterolle som ein alzheimerramma eks-politibetjent som meinar han har funne svaret på ei mordgåte, men sjølvsagt ikkje hugsar. «Psych» fortset i det gode sporet som før, og det merkast ingen kvalitetsforskjell. Velkommen tilbake!
For å fylle siste del av dette innlegget blir det mimring med Ole, Dole, Doffen og Donald frå Disney Channels «Quack Pack». Ein morosam serie med tanke på alle b-film elementa som blir brukt. Dei to beste episodane eg har fått med meg nyleg når eg har hatt litt god tid på morgonen før forelesing og slikt, omhandlar ein ond doktor, stasjonert i eit hemmeleg laboratiorium under bakken, viss plan er å grille jordoverflata ved å sende ut ein rakett med eit gigantisk forstørringsglas. I den andre episoden blir Andeby herja av eit stort, 10-etasjars høgt slimete monster, som oppstod når eit lyn slo ned i Ole, Dole og Doffens imaginære tasty paste fabrikk - ei slags grøn avhengigheitsskapande grautmasse.
No er det nok! Etter å ha vurdert det i jula har eg beslutta å gi opp «Lost». Serien var knakande god ein periode, som nok er grunnen til at eg har fulgt den vidare gjennom tynt og tynt. Informer meg undervegs, for eg kjem ikkje til å bruke 45 min annakvar veke på å skape frustrasjon for meg sjølv.
Dette er middels artig. I starten var det kanskje ikkje meir enn middels artig heller, med eit par veldig gode episodar her og der. Men det var i det minste nytt den gongen. No er ikkje karakterane spesielt interessante lengre, og eg kan ikkje sjå for meg at serien blir fornya etter sesong 2.
Nokon vil nok fnyse når eg vel bort denne, og sit igjen med både «Smallville og «How I Met Your Mother». Tingen er at eg ikkje har tålmodigheit til å følge «Prison Break» lengre, og gir eg like godt no. Men eg er framleis interessert i korleis ting vil gå, så kontakt meg om eit par år når dei har fått slått nok om seg.
Kjøpte denne på DVD like før jul og såg verkeleg fram til ei ekte kvalitetsstund, for så å bli skuffa og kjede meg gjennom tre episodar før det sa stopp. Vel, delvis interessant var det jo, og humoren var på plass, men det skjedde aldri nok til at eg kunne bry meg meir.
Det nærmar seg jul, og dei fleste amerikanske seriane har tatt seg ein pause av ulik lengde. Tross mine store anstrengelsar for å halde seriemengden på eit minimum denne hausten så har det likevel blitt ein del. Dei mest håplause har eg derimot fjerna frå det faste programmet.
Innimellom kan eg finne på sprø ting, som å fullføre <«The 'Star Wars' Holiday Special» eller «Biggles». Stort verre blir det ikkje, så galning kan eg ikkje karakteriserast som.
Slossing er i grunn eit feil ord, i mine auger er dette meir skodespel enn noko anna. Til tider brutalt, men eg misser kjensla av noko ekte. Men så er det mest showet dette handlar om. Det heile startar med ein intro med ein klyppefrekvens som kan utløyse epilepsi hjå ein frisk person. Vidare er det klyppinga som gjer dette litt puslete under kampane og. Like før eit skikkeleg slag eller spark blir vinkelen forandra, og kamera surrar rundt omkring i eit forykande tempo med lyskastarar frå alle sider som støtte.
(0 hittil)