Secondløitnanten (1993)
tirsdag, april 27th, 2010
Då Espen Skjønberg spela i lag med Bjørn Sundquist i En håndfull tid, kunne eg ha vore begeistra. Møte desse to i mellom, i Secondløitnanten, er nettopp det eg den gongen kunne ha tenkt meg.
Hans Petter Moland har samla fleire solide skodespelarar til denne norske krigsfilmen. Me flyttar oss til tilbake i tid, til tyskarane sin invasjon av Noreg, og følgjer ein eldre sjømann som vervar seg til dei norske forsvarsstyrkane. Espedal (Skjønberg) blir sett ned på grunna alder og bruken av ei datert rang, men beviser seg sjølv som ein ekte fridomskjempar.
Espedal er ein person som er lett å like i ei hovudrolle. Han er ein helt, men har sine feil, utan at han må oppføre seg som ein idiot for å vise ei slik side. Filmen består i all heilskap av veldig få episodar ein stille spørsmål til, og får fram både realitetane i ei enkelt motstandsgruppe og situasjonen i landet. At me veit utfallet betyr ikkje noko i negativ forstand, men gjer heller at historia kan forteljast på ein lysare måte, då mørke uansett lurer i bakgrunnen. Nettopp dette gjer Secondløitnanten til ei tidvis lystig, ikkje useriøs, forteljing.
«All Quiet on the Western Front» er ei sterk og ikkje minst storslått krigsforteljing og kampskildring av først verdskrig, der over 20 millionar mista livet i løpet av fire år ved ein front som aldri forflytta seg. «All Quiet on the Western Front» får fram nettopp dette som gjer krigen så mykje meir meiningslaus enn krigar generelt er. Sei meg gjerne i mot viss du har ei anna oppfatning av krigar. Sidan det sjeldan skjer meir enn ei stadig nedgraving av karakterane i håpløyse blir diverre òg filmen litt for lang og keisam i forma med 2.5 time på seg.
US Armed Services Radio får ein ny DJ som irriterer på seg befalet, men blir elska av styrkane. Det som gjer «Good Morning, Vietnam» bra er DJen si smarte omgåing av reglar og opprør mot eit hinsides befalsapparat. Om nokon skulle passe som DJ er det Robin Williams. At filmen heller ikkje unngår det blodige alvoret i Vietnam og stiller seg kritisk til både forsvar av og angrep på militær sensur er positivt. Men så er likevel filmen keisam, masete, den blir for prega av det store bilete framfor små genialitetar, og difor også forutsigbar på ein mindre god måte.
Britiske spesialsoldatar skal kidnappe ein tysk general. Deretter gjeld det å kome seg unna. Premissane er like i «Ni liv» og «Kampen om tungtvannet». «Ill Met by Moonlight» lykkast i å vere ein hyllest til bragda, sjølv om den ikkje alltid er like spennande. Som med fleire andre Powell & Pressburger-filmar er det eit nyansert bilete av dei mest sentrale karakterane, og ein respekt for personen trass i nasjonalitet og side i krigen. Eit nydeleg svart/kvit-foto må trekkast fram, som stadig slo tilbake og imponerte, og den forvirrande uoversatte tekstinga av blanda språk tilfører eit likevel positivt skilje.
Matthew Broderick passar godt som den vesle pysa som ufrivillig blir påkledd helterollen etter ei slag under den amerikanske borgarkrigen. Når nordstatane planlegg å starte ei afroamerikansk avdeling ser han si plikt å fylle litt ekte helt i soldatstøvlane. «Glory» er ein moderne, historisk storfilm, og det ein god ein. Den er verken særleg overraskande eller, utan å legge dempar på innhaldet, særleg sjokkerande. Den står ikkje fram som ei sterk stemme i rasediskrimingeringsdebatt, men er ein solid borgarkrigfilm, med godfølelse, sterke rollefigurar, flotte krigsscener og ei fin skildring av forholda. Pluss den er lett å leve seg inn i.
Tarantino er dyktig, utan tvil, men han er litt for glad i den lange samtalen. Eg er fan av god dialog, gleden eg får av Woody Allen-film bør vere bevis nok på det. Men «Inglourious Basterds» blir for mykje snakk utan sjel, mange av scenene er lengre enn gode, og det går ut over ein film som elles kunne ha vore ein sann fornøyelse frå start til slutt. Stykkvis er «Inglourious Basterds» ein filmatisk orgie av både vold og godt skodespel, og stadig innstikk av raritetar som hindrar ei landing i eit altfor trygt spor. Nær, men ikkje nok.
Emma Thompson er herleg i denne Shakespeareadapsjonen av Kenneth Branagh, det er forøvrig Branagh òg. Som tittelen seier, det er stor ståhei for ingenting her, det handlar om eit par forhold og eit hav av løgner. Mykje snakking krev gode prestasjonar av skodespelarensemblet, og dei leverar. Handlinga er ikkje spesielt innfløkt, men humoren er vittig og språket er rikt. Og det er gøy å sjå kor langt folk her er villige til å gå for og stadfesta poenga sine og føre andre bak lyset. At stemninga er lett og tonen lys lettar på periodestykket, som elles kunne blitt tyngre fordøyeleg.
29. mars 1943 kom Jan Baalsrud i lag med elleve andre om bord på fiskeskøyta «Bratholm» til Toftefjord i Troms. 1. juni same året kryssa han med hjelp grensa til Sverige, ingen av kameratane som starta reisa frå Shetland over 2 månader tidlegare var med.
Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.