Gone with the Wind (1939)

IMDb: 8.1/10 (56,091 votes)

Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.

På grunn av lengda er ikkje dette ein film som ein kan sette seg ned med ein kva som helst dag, eg måtte like greitt dele den på midten og ta delen etter intermission dagen etter, noko som kan ha virka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lot meg forføre til den grad eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.

«Gone with the Wind» fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O’Hara (Vivien Leigh) som veks opp til Ã¥ bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege technicolor, sterke, klare fargar og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historien som blir fortalt over mange Ã¥r er drama av ypperste slag, det involverar veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, satt tidsvis i eit krigsprega miljø forsterkast kjensla av hÃ¥plausheit.

Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar, gjerne pene, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje drøye meir på det her. Eg blei aldri dratt heilt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og synst det var ei interessant historie.

8/10

Doctor Zhivago (1965)

IMDb: 8.0/10 (20,642 votes)

Doctor ZhivagoSom ein av «utsettarane» gav det ekstra glede over endeleg å kunne sjå dette episke David Lean verket. Første gong eg la merke til filmen var for fem år sidan i romjula, då den gjekk på ein eller filmkanal, det var noko med bilde som gav meg ei umiddelbar trang til å sjå heile filmen. Å fortsette å sjå den i selskapet eg var del av var uaktuelt, både fordi eg ville oppleve dette frå starten av, og at familieselskap er heilt feil plass å styre vidare med ein over 3 timar lang film. På grunn av lengda har eg stadig utsett planen, timingen skal jo helst vere rett og «Lawrence of Arabia» brukte eg eit par månader på å psyke meg opp til, noko som igjen utsette «Doctor Zhivago». I fjor kom eg så langt som å sjå dei fem første minuttane, tekniske problem stoppa meg, så når eg no før påske fekk skaffa meg filmen på eigen DVD var det både forventingar og ei opparbeid lyst til å nærmast elske den uansett korleis den skulle vise seg å vere som var utgongspunktet mitt.

«Doctor Zhivago» tek opp det meste av fritid på ein kvardags ettermiddag, men gir tilbake i form av ei velfortalt historie som berre avbroten av «intermission» er eit aldri så lite mesterverk. Her blir me kjent med Yuri Zhivago, nyleg utdanna lege når revolusjonens hjul byrjar å rulle i Russland. Ved sidan av er han eit levande menneske, viss dikting og kjensler er det viktigaste. Mora døydde ved ung alder og han blei sidan adoptert av ein familie der dottera skulle bli kona hans med åra. Under krigslege omstendigheiter møter han Lara, kvinna han kom til å elske. Krig og Kjærleik, dei to store K-ane, ei speletid på over 3 timar og Russlands ville, kalde vinterlandskap. Eg håpar dette gir eit godt nok bilde av kva det her dreiar seg om.

Forutan Ã¥ vere godt fortalt, har «Doctor Zhivago» nydeleg foto og ein temamelodi som er skapt for Ã¥ sitje — ikkje uventa frÃ¥ ein David Lean film. Omar Sharif spelar Zhivago etter at Peter O’Toole («Lawrence of Arabia») blankt takka nei og Max von Sydow ogsÃ¥ var vurdert, med Julie Christie som Lara og ein elles flott stab i gode rollar er alt her pÃ¥ plass, type film teke i betrakning. «Doctor Zhivago» er nok ikkje for alle og einkvar med sin utprega romantikk, sjølv om det ikkje nÃ¥dde inn til margen hjÃ¥ meg er eg likevel blant dei som likar filmen godt. Eg hadde hÃ¥pa denne skulle fukte tÃ¥rekanalen ørlite med ulykkene sine, det gjorde den diverre ikkje, og eg avstÃ¥r frÃ¥ Ã¥ gi den toppkarakter pÃ¥ grunn av dette. Eg legg ikkje skjul pÃ¥ at eg faktisk kan tenke meg Ã¥ sjÃ¥ opp igjen «Doctor Zhivago» med tid og stunder, og anbefalar dei som har vurdert Ã¥ sjÃ¥ den i det minste om Ã¥ ta steget.

Ei oppklaring rundt «toppkarakter» kan passe her, sidan eg veit folk bryr seg mykje om karakterane. 9 er altså førstegongs toppkarakter, 10 er forbeholdt gjensyn som stadfestar gode filmar. Alt er sjølvsagt heilt personleg. Unntak har blitt gjort tidlegare, eg kan umogleg nekte for det, denne vurderingsmåten er noko eg har adoptert i nyare tid.

8/10

Ji jie hao (2007)

IMDb: 7.6/10 (2,003 votes)

AssemblyVit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige krigsbilder kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarar godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar «Assembly» å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir forhåpningar til at filmens slutt er nær, fordi det er så bra. Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna, men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til «Once» for variasjon i festivalprogrammet, for som eg hinta til innleiingsvis med «The Banquet» er dette verkeleg velprodusert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.

8/10

Love and Death (1975)

IMDb: 7.6/10 (10,525 votes)

Love and deathEin av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

8/10

Threads (1984)

IMDb: 8.0/10 (1,704 votes)

Threads«Threads» er ein liksomdokumentar om etterverknadane av atomkrig. Tematisk sett ligg den altså ikkje langt unna «The Day After» som eg såg forleden, men pga. formen blir inntrykka noko annleis.

Sheffield, midten av 1980-talet, gjennom eit par ordinære britiske familiar får me oppleve den globale spenninga stige då USA og Sovjetunionen kranglar over Iran, etter lange 50 minuttar veit me uansett at dette vil ende i at Storbritannia får smake atombombene til Sovjet. Sidan følger me nedturen, både den kortsiktige og langsiktige, stadig avbrote med fakta i tekstform og svart/kvitt stillbilde.

Det er ingen tvil, «Threads» skiltar med sterke bilde, eller kanskje groteske er meir beskrivande, det er skittent, fuktig, full av blod og gørr i alle krinkar og krokar. Men som med første timen går eg lei etter kvart, altfor lange dokumentarar er slitsomt for vedkommande, og med dokumentarform blir også «Threads» dette. Eg vil likevel ikkje ta i frå filmen kredibilitet, dei anslåtte etterverknadane er gjennomtenkte og dannar eit grusomt bilde lite anna enn atomkrig kan.

Eg held ein knapp på «The Day After» framfor denne, for når bilda blir for gjentakande og tida sneglar seg fram blir mangelen på karakterar å bry seg om merkbare.

5/10

Atonement (2007)

IMDb: 8.1/10 (9,949 votes)

Atonement«Om forlatelse», som Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley har fått som norsk tittel, befinn seg i ein lite utforska sjanger for min del; historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff si filmmelding i bladet Film & kino ville eg vel gått lenge utan å ha sett den, sjølv om dei fleste observerte tilbakemeldingane har vore positive. I denne forbindelse tok eg meg litt tid til å reflektere over filmvanane mine og spesielt kor mange gode historiar eg går glipp av fordi eg glatt overser såkalla kostymedrama. Fordommane mine er ikkje ubetinga, altfor mykje platt og kjenslelaus kostymejåling har funne vegen til lerret og mine auger.

Det er då med stor glede at «Om forlatelse» lev opp til inntrykka eg gjorde meg etter filmmeldinga til Hoff, og at mine forhåpningar om at denne type drama, om brukt rett, kan bidra til skikkeleg gode krigs- og kjærleiksdrama. Kva gjer så «Om forlatelse» bra? For meg er det viktig at dette er ein frisk film, ikkje i den forstand at alle går med smil om munnen og er glade heile tida, men at den aldri blir tung og trist og kjedeleg. Jovisst er det tragedie, «Om forlatelse» er ingen gledeshistorie, Robbie og Cecilia, spelt av ypperlege James McAvoy og Keira Knightley, kan ikkje seiast å ha lykken med seg. Tristheita i historien er annleis enn ein tung og trist film ville ha vore, for å forsøke og klargjere meg på det område.Skjebna fører til at tida aldri er rett for desse til å ha eit forhold, ei ung jente oppfører seg urettferdig (for å sei det mildt) ved eit tidspunkt, og kven kan vel forutsjå, eller i heile tatt forhindre andre verdskrig ved å be om forlatelse?

Keira KnightleyNydeleg foto legg gjerne vekt på kamerarørsle eller stil ved sidan av flott komposisjon, menneska glir godt inn i miljøet og unngår å bli porselensdokker i dokkehus. Historia er gripande og fortalt roleg og tydeleg, utan at framgong blir hindra, forløpet går når det kjem til stykke eigne vegar og dette bidreg til friskheita eg snakkar om. Når du ser «Om forlatelse», sett at du har andre mål enn å mislike filmen, vil du merke at det ikkje er ei standarisert og reprodusert historie du får servert. Her er heller ingen eviglange monologar utan mål og meining, for å trekke fram Hoff for siste gong, med eit sitat: «Den knappe, korthogde (og visstnok 30-tallsautentiske) dialogen tilslører mer enn den røper. Til gjengjeld dirrer hvert bilde av uuttalte følelser og fortettet spenning.»

I fare for å ha ausa på med for mange godord avsluttar eg her og forventar kritikk frå dei som skulle ha sett filmen og ha andre meiningar. Takk.

8/10

The Great Dictator (1940)

IMDb: 8.3/10 (21,108 votes)

The Great DictatorSir Charles Chaplin Jr. markerte overgongen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatira og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i «The Great Dictator». Likheiten til Hitler er i blant skremmande, Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar ondskapen sjølv. For å få komedien til å verke spelar Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grusomme fienden.

Ved Ã¥ ta opp diktatur, folkeundertrykking og krig som tema gir Chaplin god grunn til bÃ¥de drama og komedie, der gesturar gjerne knytta til slapstickhumoren i stumfilmen fÃ¥r variere med glimrande babbel eller sterke monologar besatt av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforstÃ¥eleg nonsens, men det gjer susen — Chaplin viser seg Ã¥ bere ei kraftig stemme, god til Hitlerparodierte talar.

«The Great Dictator» er med sine 2 timar ein lengre film, etter å ha sett Chaplin før og vore glad med det var eg likevel småskeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig viser seg å vere det perfekte område for Chaplin sitt utløp for politisk engasjement og komiske talent, der han med tale kan strekke ut historia ved sidan av flotte bilderekker eg ser for meg lett kunne ha blitt gjort i stumfilmsamanheng.

9/10

The General (1927)

IMDb: 8.3/10 (12,032 votes)

The GeneralFørste møte er alltid spennande. DÃ¥ eg snakkar om første møte er det med tanke pÃ¥ skodespelar eller regissør, eller som i dette tilfelle — begge rollane — Buster Keaton. Ein dannar seg eit bilde av folk viss namn er veldig kjent, eg sÃ¥g for meg Buster Keaton som ein kopi av Charlie Chaplin, smal erfaring som eg har til komiske stumfilmar. Buster Keaton enda derimot opp med Ã¥ bli den andre sida av forholdsvis same mynt.

Der Charlie Chaplin gjer utruleg mykje ut av seg sjølv, morosamt det også, og kan knyttast til overdrivelse er Buster Keaton mykje om å underdrive og ligge lågt i terrenget, iallfall er det slik i «The General». Sprell og andre fysisk stunts manglar det ikkje på, men dei har med å komme naturleg i handlinga framfor å drive handlinga. Til å spele hovudperson er det ei nedtona og litt sky Buster Keaton me møter her, naturlegvis er dette rolla han spelar, men å tenke anna enn at lokomotivføraren me møter er Keaton er vanskeleg.

«The General» har ei historie som held seg godt og stadig utviklar seg i bestemt tempo over ca 100 minuttar. Denne historia involverar mykje togkøyring og den amerikanske borgarkrigen. Sjølve togkøyringa, som tek store deler av filmen er favorittdelane mine, her er det fart, dramatikk og spenning utan like, utan at eg skal eksludere og/eller undervurdere den genialt morosame omskrivinga av amerikansk krigshistorie som gir ein fin vri.

7/10

The Manchurian Candidate (1962)

IMDb: 8.4/10 (23,717 votes)

The Manchurian CandidateTo gonger har eg sett nyinnspelinga av denne politiske thrilleren, begge gongene utan å bli overvelda, men den er ein akseptabel og over gjennomsnittleg intelligent film. Om ikkje direkte ufordrande så krev den at ein held styr på folk og er villig til å vurdere dei, ikkje berre ta dei som gitt i eit bildekalas for å døyve underholdningssvolta.

«The Manchurian Candidate» er, som mange andre originalar til den tidvis nære nyinnspelte filmen, meir omfattande enn nyinnspelinga. Utan å gjere det til ein regel ser eg gjerne tendensen til at fleire rollefigurar blir sveisa saman til ein og gitt ein ny posisjon i forhold til historia, ei forenkling så dagens publikum ikkje blir utålmodige og forvirra, men får eit inntrykk av å avsløre noko innvikla?

2004-versjonen er heilt kurant, den største forskjellen ligg ikkje i korvidt desse er gode eller ikkje, men i behandlinga av karakterane sine i forhold til kvarandre. Ein av hovudpersonane, Robert Shaw, har blitt omskrive i den grad at det er like spennande å følge han her, tross at eg har sett «The Manchurian Candidate» utspinne seg før. At det her er med eit par ekstra namn i forhold til 2004-versjonen er ingen utfordring, dei blir via meir tid og får betre rotfeste, så «The Manchurian Candidate» anno 1962 står best ut med persongalleriet sitt.

Frank Sinatra går mellom svært passande til traurig fleire gonger i løpet av filmen og trekk med enkelte innspel frå andre ned på den generelle skodespelarprestasjonen. I blant ligg det på kanten til kunstig og småteit, resten av tida er det ein fryd å følge med på. Janet Leigh kan ingen skulde på, men Rosie er unødvendig.

Når det gjeld plottet til filmen er tolkinga i begge filmane relevante i forhold til tid og gir ingen direkte grunn til å tvile på logikken. Spelet omkring politikken synst eg er tydelegare tilstades i 2004-versjonen, utan at det står som ein negativ ting for 1962-versjonen, der andre sider ved historia blir avslørt i større detalj for publikum.

Det blei mykje samanlikning her, men no var det slik at eg såg filmen på denne måten, det skal vere vanskeleg å komme unna. Skal eg så gjere ei siste vurdering, då på kven av filmane som er best, må det bli ein knapp på denne. Hovudsakleg fordi den fortel historia si betre og stikk seg meir ut som ein særeigen film enn den meir typisk utførte konspirasjonsthrilleren nyinnspelinga var.

8/10

The War Game (1965)

IMDb: 8.4/10 (696 votes)

The War GamePeter Watkins er eit kjent namn innan dokumentarfilmsjangeren. «The War Game» ligg pÃ¥ kanten av det som blir omtalt som dokumentarfilm. Grunnen til det er at den legg fram eit «kva om» scenario framfor Ã¥ omtale noko som faktisk har skjedd. Grunnlaget for dette «kva om» er basert pÃ¥ tilsynelatande mengder av fakta. Saman med vÃ¥r bevisstheit om at dette skal vere ein dokumentar er det som gjer at det blir ein dokumentar. Utan at eg skal gÃ¥ meir innpÃ¥ dette vage skiljet til fiksjonsfilm.

«The War Game» er ganske kort, 47 minutt. På denne tida blir det framlagt eit scenario der Storbritannia og resten av Vest-europa har blitt ramma av atombomber i massevis. Ikkje ulikt tv-serien «Jericho». Så blir me presantert i form av kamera tilstade og intervju situasjonen som utviklar seg i månadene etter angrepet. Samt politisk grunnlag og alt det der. Ingen er hovudrolle i filmen, og alle framfor kamera er amatørar plassert der av regissøren.

Eg er generelt veldig glad i «kva om» typen film, bÃ¥de som dokumentar og fiksjon. «The War Game» gÃ¥r godt heim hjÃ¥ meg med sin sterke og brutale skildring av det atomramma Storbritannia. Den ser veldig mykje ut som ein dokumentarfilm basert pÃ¥ ei sann historie, utan Ã¥ bli fiksjonsfilm.

7/10
2 / 71234...7