The Short Films of David Lynch
«The Short Films of David Lynch» er namnet på ei samling som blei utgitt på DVD i 2002, der intervju med mannen blir fletta inn blant dei seks kortfilmane han har produsert.
«Six Figures Getting Sick» var David Lynch sin aller første film. Den kosta han 200 amerikanske dollar og varte i knappe 4 minuttar. Me får sjå ein animert sekvens opp igjen seks gonger og høyrer ei ulande sirene på lydsporet. Som kunstfilm er dette ei absolutt tålmodigheitsprøve. Sjølve animasjonen er faktisk litt stilig, men har dette noko meining?
«The Alphabet» var resultatet av ei pengestøtte Lynch fekk av H. Barton Wasserman i ettertid av «Six Figures Getting Sick» - som han vann ein liten pris med. Med 1000 dollar i lomma kjøpte Lynch seg eit skikkeleg kamera. Det nye prosjektet gjekk først i dass, men han prøvde på nytt med ny idé. Resultatet blei nok ein animert kunstkortfilm som baserar seg på Lynch sin idé om ei nieses mareritt. Stikkorda er nok ein gong sjukt og forstyrrande.
«The Grandmother» er 34 minuttar med sjølvpining for sjåaren. Liten gut plantar seg ei bestemor i ei seng på loftet, og blir elles mishandla av foreldre med smalt ordforråd. Dette oppsummerar historia, resten er overlete til bilde å formidle i noko som minnar sterkt om «Eraserhead» i stil. David Lynch fekk støtte av American Film Institute til produksjonen. Surrealistisk, forstyrrande og tålmodigheitskrevande.
David Lynch skreiv eit hastemanus på 1 døgn som blei til «The Amputee». Eigentleg er dette ei utprøving av nytt kamerautstyr for AFI, som Lynch overtala til å få meining. Ei dame med amputerte bein tenker (tomme ord med voiceover) medan ein pleierske rensar såret på det eine beinet. Nysgjerrigheita her ligg i kva ho eigentleg tenker omkring. Sidan det var to kamera som skulle prøvast ut blir me vist to opptak av ei lik scene, det er eit for mykje.
«The Cowboy and the Frenchman» er i hovudsak ingen kortfilm åleine, men eit segment frå «Les Français vus par», ei samling ulike framstillingar om franskmannen som person. Me har hoppa frå tidleg 1970-tal i dei første kortfilmane til seint 1980-tal. Harry Dean Stanton dukkar opp her, og for folk som har sett «Twin Peaks» vil óg andre ansikt vere kjente. Borte er forstyrrande surrealisme til fordel for komedie og vektlegging på klisjear når cowboyen møter franskmannen.
«Premonition Following an Evil Deed» er den siste kortfilmen i samlinga og nok ein del av eit større prosjekt. Bakgrunnen for prosjektet er i seg sjølv meir interessant enn kortfilmen på 55 sekundar. I forbindelse med filmen (som i all film) sitt 100 årsjubileum i 1995 satte ei gruppe franskmenn seg ned og laga ei sett med reglar. Desse reglande fekk regissørar verda over «æra» av å følge når dei laga sine segment til «Lumière et compagnie», med kamera likt typen som blei brukt til å lage film for 100 år sidan. 55 sekundar er lite, og resultatet her er ei rekke raske scener av uklar meining. Uansett, utan tvil eit godt stykke arbeid i mine auger.










(0 hittil)