Dette er mest Elizabeth Taylor og Rock Hudson sin film, sjølv om James Dean får sin del av den 3 timar og 20 minuttar lange kaka. Bli med til Texas i byrjinga av den svarte gullalderen og opplev eit livslang ekteskap og ein ung manns veg til rikdom. Det er snakk om to sider her, ekteskapet mellom Taylors og Hudsons karakterar og Deans litt ville outcast på den andre sida. Filmen går seg godt til i lengden, som er ei krevande påkjenning for sofamusklane. Men så er det igjen den type film du forventar at skal vere lang, stor, påkosta, og det går seg godt til. Ein blir trekkt inn i handlinga og blir godt kjent med karakterane og omgivelsane. For å ta Dean i betrakning, sidan innlegget her skulle handle mest om han, så hamnar han litt i skyggen reint tidsmessig her, ganske naturleg med tanke på filmens hovudhistorie, men med storarta skodespel skulle eg gjerne sett meir til han. Har du tid så ser du denne filmen også! Ikkje heilt oppe ved sidan av «East of Eden» denne heller, men hakket betre enn «Rebel Without a Cause».
James Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam. Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Lee Marvins Liberty Valance allereie før han når byen. I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både by og omegn med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolvaren i handa. Advokat Stoddard har tross møte med Valance framleis den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behold, og eg trur på han etter å ha sett Jimmy stå for denne karakteren i den fantastiske «Mr. Smith Goes To Washington». «The Man Who Shot Liberty Valance» handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt forskjellige menn, deira møte, deira kamp for ei frøkens hand og deira kamp for rettferdigheit. Ingenting spesifikk å utsette på denne, magekjensla landa på ein 8-ar. God film.
I ein stille og kjedeleg liten by der folk gjer lite anna enn å sove, drikke, ete, spele poker og sloss, skjer det ein dag at eine rancheigaren blir skoten. Sheriffen er bortreist og ivrige som mannfolka i byen er når det først har skjedd noko, blir det oppstyr om kva som skal gjerast. Her er det menn som talar godt for å følge lova, mens andre er ute etter det dei kallar effektiv rettsgong og vil jakte etter gjerningsmannen på eigne premiss.
«The Ox-Bow Incident» har ikkje ein viktig hovudrolleinnhavar, sjølv om Henry Fonda kan skilte med nok skjermtid og namnet sitt øverst på lista er det den samla gruppa med mannfolk (og ei kvinne) som utgjer filmen. Denne gruppa kan delast inn i for lynsjing, for rettsak og dei som diltar etter.
Det som gjer filmen både interessant og spennande er dei stadige diskusjonane om kva som er rett og feil, ev. kva som bør gjerast og ikkje. Motpolane er alltid tilstades, men når ein trekk fram det mest sentrale avgjersleorganet innan demokratiet, fleirtalet, så får ein likevel ein form for justis i justismordet. Eg vil ikkje spekulere for mykje på dette, men trekke fram at sjølv om ein nok sit med kjensla av kva som er rett og urett så har begge partane gode argument som gjer dette spennande angåande både utfall og kva som vil skje undervegs. Sjølv om det er motpartar så er byen samla.
John Simpson Chisum var ein rik herremann innan kvegdrift pÃ¥ andre halvdel av 1800-talet. Denne relativt frie tolkinga satt til eit av hans seinare leveÃ¥r, 1878, kastar lys pÃ¥ kjennskap til legender som Pat Garrett og Billy the Kid, utan Ã¥ gÃ¥ forbi verken «Pat Garrett & Billy the Kid» eller «Young Guns II» nÃ¥r det kjem til kalde fakta — det er vel ingen av filmane si sterke side.
I «Chisum» er det den sleipe forretningsmannen Mr. Murphy som er årsaka til oppstyr. Murphy er av kjent kaliber, på veg til rikdom og makt er det ingenting som kan stoppe han, vel, ingen utanom John Wayne som Chisum. Chisum har i si tid vore oppi nok av bråk, alderen har likevel forma han til det betre og i sitt 54. leveår er han ein rettferdig mann som står på folket si side mot kapitalisten Murphy sitt opptog i småbyen Lincoln, som rettferdig og ikkje minst rettskaffen skal det meir til enn misliking av Murphy for å snu dagleglivet på hovudet. Ein konfrontasjon er vel alltids uungåeleg?
John Wayne gjer ikkje si sterkaste rolle som Chisum, då personlegheita til kvegdrivaren krev litt ekstra i enkelte sekvensar enn det Wayne ser ut til å kunne by på. Ikkje for å sei at han på nokon måte er dårleg, men i lys av at eg stort sett har sett «Rio Bravo» og «The Searchers» hamnar dette eit hakk under. Som eit meir actionprega western er det elles ein god film, technicolor og stødig kameraføring er med på å trekke opp inntrykket av ein solid produksjon. For ein uerfaren innan westernfilm som meg sjølv er det likevel artig at spennande namn, eigne tolkingar av tidlegare legender, dukkar opp og bidreg til eit fargerikt persongalleri.
Forutan «Chisum» som hyggeleg midlertidig følgesvenn er kommentarane mine få.
Coens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.
«The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» er det stikk motsette av «Superbad», dønn seriøs og dyster i bøtter og spann. Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at dette ikkje virkar som ein ekte western kan det godt vere eg er på jordet. Den gjer iallfall ikkje noko ut av å vere det, her er det ei god historie som tek all merksemda. Skytinga er fandenivoldsk rå, mindre tilstadeverande i filmen, men skikkeleg skarp på lydsporet. Saman med mange andre ting imponerte dette meg. Mest av alt likte eg filmen fordi den klarar å fortelje historia utan mykje dilldall, og at den framleis held høg stand etter det ustanselege skjer når den er sopass lang som den er. Skryt må også Brad Pitt og Casey Affleck få. «TAoJJbtCRF» er nok ein av dei mest komplette nye filmane eg har sett denne hausten og leverar over heile linja.
Ein time-for-time western i ein amerikansk småby, der sheriffen har teke til fange broren til byens mektige mann, og avventar marshallen i noko som blir fleire spente dagar.
Sheriffen i spissen er John Wayne, med Dean Martin, Ricky Nelson og Walter Brennan ved si side. Dei utgjer ingen team i tradisjonell westernstandard, men på alle måtar eit godt team for filmen.
Tempoet er på middels, så ved sidan av artig skyting blir det nok av humor og konfliktdrama, flotte dialogar og ein dæsj romantikk. Howard Hawks stressar ingenting når han vil framstille lovmennene i «Rio Bravo». Vante rollefigurar blir bevisst avliva med påpeikande kommentarar.
«Rio Bravo» staka ut kursen allereie i dei første bilda. Noko som førte til at eg famla litt etter ei type tydeleg historie som ikkje skulle komme, og mista litt av fokuset dei første minuttane. Både på grunn av dette, og fordi filmen rett og slett er ein veldig god film på dei fleste måtane eg kan tenke, vil det bli gjensyn med «Rio Bravo» ein eller anna gong i framtida.
«The Wild Bunch» hadde eg mildt sagt store forventingar til, nesten like store som til «The Searchers». Umiddelbart blei eg skuffa, då «The Wild Bunch» brukar lang tid på å klargjere kven som er kven. På ei anna side er innføringa meir naturleg og mindre tydeleggjort enn i mange andre filmar, noko som tilfører filmen ei heilt eiga drivkraft, som om den styrer seg sjølv. Etter det som virkar som evigheiter, kanskje 30-45 minutt av filmen, begynnar det å forme seg for meg. Det meste er på plass og eg får glede av dei følgande skytesekvensane (som er ganske ville!), vala som blir gjort, samtalane som blir halde (dialogen er sterk og ideane til folk generelt smarte). Stort sett alt fell på plass og filmen om ein bande på rømmen nær og på grensa til Mexico blir berre betre og betre heilt til siste minutt.
«Wyatt Earp» er ein nyare westernfilm med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 («My Darling Clementine») og «Tombstone» frå 1993 med Kurt Russell. «Wyatt Earp» tek for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte periodar frå livet hans. Som dokumentariserande, Hollywoodisert westernepos fungerar dette godt. 3 timar er lenge, litt for lenge faktisk, men innstilt på ein lang film er det ingen tålmodigheitsprøve. Mange gode birollar gjer at det blir skapt ei heilheit som passar rundt Earp-familien og då spesielt Wyatt. At filmen heller ikkje forsøker å skape ein perfekt helt er ganske så forfriskande, den tek heller utgongspunkt i å prøve og forklare ulike val han tek med forhistorien hans. Om ikkje den beste westernfilmen, så likevel ein god ein.
«The Searchers» skal visst vere ein av dei betre filmane med John Wayne, regissert av John Ford. Eg kan skrive under på at den er god. Filmen strekker seg over eit større tidsrom på ein roleg og elegant måte som rettferdiggjer endringane i forholdet hovudkarakteren Ethan Edwards (Wayne) har i forhold til niesa si. Niesa blei tidleg kidnappa av indianarar og er årsaka til søket i første omgang. Wayne er godt plassert, men står på ingen måte åleine. Jeffrey Hunter som ste-nevøen Edwards har følge av taklar overgongen frå ung og ivrig til meir reflektert på ein god måte. Handlinga er stabil og blir aldri kjedeleg. Dessutan er alt filma i flotte omgivelsar som skapar ei passande stemning.
