The Treasure of the Sierra Madre (1948)
Den siste filmen før eg hoppar eit lite stykke ned på lista og ser den siste IMDb top 250 for denne gong, var ingen ringare enn John Huston sitt eventyrwestern med Humphrey Bogart, Tim Holt og senior Huston, Johns far Walter Huston.
Tre fattige dagdrivarar møtes i ein by i nordre Mexico, sler seg saman og reiser ut i villmarka for å finne gull. To ferskingar i følge med ein eldre, erfaren gullgravar. Under ekspedisjonen møter dei vanskelege hindringar, både fysiske og mentale.
«The Treasure of the Sierra Madre handlar om eit enkelt gulleventyr frå start til slutt. Gjennomført på elegant vis klarar heile filmen å halde interessa eller spenninga oppe, då hindringa er av svært ulik karakter.
Det skadar heller ikkje å ha skodespelarar i topp klasse med seg på laget, som kvar får utdelt ein psyke ein berre finn i filmar som kombinerar godt manus med ein god regissør til å hente ut skodespelarane sitt potensiale.
Eg storkoste meg gjennom filmen. Kanskje er den ikkje den mest typiske westernfilmen, eller så er det mine kunnskapar og erfaringar med sjangeren som er begrensa, dette slo iallfall i gjennom her. Eg kan godt tenke meg å sjå fleire filmar lik denne.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


Ein lang westernfilm om ein bror som får eit val i å drepe den eldre broren sin for å redde den yngre. Med Guy Pearce og Ray Winstone, blant anna.






(0 hittil)