Ein film med Winona Ryder går automatisk godt i hus hjå meg, iallfall hittil, dessutan gjer Kenneth Branagh seg veldig godt som Woody Allen-karakteren som i filmen er Lee Simon. Han er like forvirrande, usikker og nevrotisk som Allen sjølv ville ha vore, samtidig som han er eit nytt ansikt i Allen-samanheng. Nydeleg filma i svart/kvitt og med eit lass, nei hav, av kjente ansikt i gode bi-rollar blir dette akkurat nok kunstfilm som det blir ein hyllest til kjendisar. Sett som ei rekke enkeltsekvensar er denne filmen interessant, måten den grip tak i to personars liv i kjendisverden etter ei skilsmisse i form av mange separate deler gir eit litt oppstykka preg, utan at det blir vanskeleg å henge med på nokon måte. Når det kjem til heilheita saknar eg altså noko meir, forutan å handle om livet til celebre personar på ein god måte og glede med bl.a. eit par stjerner frå «The Sopranos» skulle eg ønske det var eit eller anna ekstra som tok filmen opp på eit høgare nivå.
