Children of Men (2006)

IMDb: 8.0/10 (11,032 votes)

Children of MenÅret er 2027, og menneskeheiten har stoppa å produsere barn. Årsaka er ikkje kjent, men det er 18 år sidan forrige barn blei fødd. Så dukkar håper opp i form av den gravide flyktningen Kee (Claire-Hope Ashitey). Hovudrolleinnhavar Clive Owen, her kjent som Theo, blir reisefølge og beskyttar ovafor den gravide.

Det er ei brutal framtid som blir skildra, der det reine engelske samfunnet blir dyrka, og alle innvandrarar blir drive vekk igjen av massive politistyrkar. For dei som har spelt «Half Life» er den same stemninga å finne her, der er eit skitent og forfallande bybilde som møter oss med ein gong me bevegar oss utanfor den reine delen av London. Servert til oss på ein måte som gjer eit sterkt inntrykk.

Eg kan med handa pÃ¥ hjarte sei at dette var ein film som gjekk inn over meg, ikkje berre er den gravide kvinna eit av dei viktigaste «objekta» for Ã¥ redde verden eg har sett pÃ¥ film, i og med at ho er levande og kanskje svaret pÃ¥ framtidig liv. «Children of Men» klarar Ã¥ halde spenningskurva oppe heile vegen utan Ã¥ bli slitsom, den overraskar stadig vekk. Og brukar ikkje minst filmmusikk pÃ¥ ein sterk mÃ¥te — nokon vil nok finne det litt overdrive, men det er jo sjølvsagt tull.

9/10
Publisert 6. januar 2007 kl. 22:57 i Adventure, Alle, Drama, Sci-Fi, Thriller merka som , , , .

Ein kommentar til Children of Men (2006)

  1. Fru Ut

    Enig med deg! Var og sÃ¥ den pÃ¥ kino her om dagen, og jeg mÃ¥ innrømme at jeg fikk mye Ã¥ tenke pÃ¥ da jeg gikk ut av salen. Skremmende film, i grunn…

    Fru Ut

Skriv ein kommentar