Jau, jau. «Christine» er nok langt i frå det beste John Carpenter har laga. Men den er ikkje heilt blåst for positive sider. For å ta det som gjer at «Christine» går an å sjå først. Den har god musikk, då først og fremst Carpenter sin eigen filmmusikk. Med denslags som grunnlag kan det meste bli spennande.
«Christine» er litt spennande, men først og fremst veldig frusterande. Det handlar om jyplingen Arnie som får pes både på skulen og heime. Så skaffar han seg ein gammal bil som han pussar opp igjen. Bilen heiter Christine og har ei voldeleg fortid, fleire har døydd i seta på grusomt vis. Her er det tydeleg snakk om noko overnaturleg. Ikkje så overraskande når filmen er basert på Stephen King skribleri.
Heile greia med at Christine blir truande er ganske så på trynet. Hadde dei bytta det ut med ein robot og gjort sci-fi ut av dette hadde det kunne blitt ein glimrande film, viss dei hadde fått skodespelarar med talent med. Ikkje at det er fullstendig mangel på det, Harry Dean Stanton har talent, men fekk ikkje gjere så mykje ut av seg.
Så det som først og fremst er «Christine» sitt punkterte dekk er at grunnlaget for filmen, ein bil med mystiske krefter, er teit. At grunnlaget er blåst er jo ganske dramatisk. Og at menneska i konfrontasjon med bilen blir forvandla til idiotar. High-school dramaet er ei stund heilt ok å følge med på. Pluss ei uforklarleg kraft i filmen som gjer at eg berre måtte få med meg slutten.

september 29th, 2007 at 13:23
Ja, den kraften var du heldigvis advart om. ;) Det er bare noe VED Christine.