Christmas in Connecticut (1945)

IMDb: 7.3/10 from 2,008 users

Femte luke i julekalender 2011 er ein romantisk komedie frå 1945. Med Barbara Stanwyck, Dennis Morgan og Sydney Greenstreet i hovudrollane. Handlinga går føre seg på ein rik manns gard rundt juletider.

Christmas in Connecticut er ein screwball-komedie. I screwball er rask og vittig humor, farse, eskapistiske tema og ekteskapsprat kjenneteikn. Ofte er det mange personar som går ut og inn av dører og hemmelegheiter som krev raske forklaringar for å dekkast over.

Elizabeth Lane (fantastiske Barbara Stanwyck) inviterer sjefen (Greenstreet) sin og ein krigshelt (Morgan) på julebesøk. Miss Lane lyg på seg kokkekunstar og familieliv i ei mat- og husmorsspalte. Bråket startar då ho blir nøydd til å invitere sjefen og krigshelten på julemiddag. Garden, mannen og barnet ho har skrive om er oppdikta. For ikkje å snakke om at ho ikkje kan lage mat. Miss Lane må krype til korset og be om at beilaren (Reginald Gardiner) sin gard blir samlingsstaden. Stova på garden blir hovudarenaen for «ut og inn dører»-komedien.

Barbara Stanwyck gnistrar på skjermen og leverer ei rolle full av energi. Orda flyg fram og tilbake. Dei største latterkulene er sjeldne, men det er jamnt over ein morosam film der humringa sit laust. Julestemningen er på plass. Kulissene er flott kvit snø, ein varm peis og god mat på borda. Romantikken i lufta hevar temperaturen.

Christmas in Connecticut er ein triveleg film og min type julefilm. Det einaste eg saknar er nokon fengande julesangnummer. Men sangnummer er ikkje filmen sitt ansvar. At eg leitar er fordi det andre er på plass.

8/10
Publisert 5. desember 2011 kl. 09:00 i Alle, Comedy, Romance, Tweet merka som , , .

Skriv ein kommentar