Clerks. (1994)

IMDb: 7.9/10 (50,311 votes)

Clerks.Eit gjensyn med Kevin Smiths debutfilm frå første halvdel av 1990-talet, denne gongen frå Disc 1 i «Clerk. 10th Anniversary Edition». Opprinneleg tenkte eg å sjå The First Cut, men det blei Theatrical Version på grunn av mangel av teksting på First Cut. Likevel om eg har sett filmen to gonger før, så har eg aldri fått sett den med tekst, noko som har ført til at eg har gått glipp av kanskj 10% av dialogen.

Det er ikkje så mykje nytt å sei om «Clerks.», det er ein film dei fleste har sett eller høyrt om, og handlar som tittelen seier om butikkekspeditørar. To stykker, Dante og Randal, som ikkje har komme seg framover i livet etter high school. Det er laurdag, og Dante som eigentleg har fri tek på seg ansvaret for å jobbe for ein som er sjuk, likevel om han i grunn ikkje vil. I løpet av laurdagen skjer det mykje rare småting, men det er ingen hovudhandling bak filmen som held den saman. Eg kallar det ein butikkfilm, der butikken er ein av hovudrollane, og limet i filmen.

Dante er ein tapar, noko som gjenspeglar seg i alt det uheldige som skjer med han. Det er ganske kjekt å sjå på at noko kjeda seg meir på ein butikk enn det eg gjorde i løpet av min 3 årige karriere som helgetilsett på ei lokal Brustadbu. Og det skal bli artig å få eit gjensyn med gjengen i «Clerks II». Har du ikkje sett denne, så bør du få gjort det. Om du ikkje har ein rar grunn for ikkje å gjere det.

8/10
Publisert 14. august 2006 kl. 19:32 i Alle, Comedy merka som , .

Skriv ein kommentar