Dette blir det første innlegget som omfattar ein kortfilm i Filmdagboka. Kategorien har alltid vore her, men eg har sjelden sett ein heil kortfilm og tenkt over at det har vore nettopp ein kortfilm. Det som fanga meg med denne var derimot namnet Jason Reitman, som har hatt «Thank You For Smoking» på lerretet for ikkje lenge sidan.
Også er filmen godt gjennomført, den har gode skodespelarar, er godt teknisk gjennomført og har ei morosam historie som ein om ønskeleg kan legge meir i. Kort fortalt handlar den om to unge mennesker som skal ha sex, men må ordne med eit skriftleg samtykke før dei gjennomfører akta.
