Etter Ã¥ ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje Ã¥ dekke til temaet, som er rasisme, pÃ¥ nokon smart mÃ¥te, Paul Haggis legg heller ikkje skjul pÃ¥ at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, sÃ¥ det tek kort tid Ã¥ komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt nÃ¥r det gjeld karakterutvikling, det gÃ¥r i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augo og er med pÃ¥ Ã¥ levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trÃ¥dblanding.
