Mørkkledde menneskeliknande skapningar har teke kontroll over hukommelsen til folk og omgivnadane deira. I ein by der det alltid er mørkt og ingen vegar fører ut vaknar J. Murdoch (Rufus Sewell) opp for å finne ut at han er ettersøkt for ei rekke mord, utan å ane korleis dette gjekk til.
Dyster storbystemning med ruvande murbygningar overalt, slik er det 1920-talsprega bybilde i «Dark City». Eller er me på 1950-talet? Bilar og anna teknologi henta frå ulike tiår gjer det vanskeleg å fastslå, akkurat som det er vanskeleg for Murdoch å fastslå kva som føregår i den labyrintoppbygde byen.
Forrige gong eg såg denne filmen var rundt 6-7 år sidan, og fordi den satt som spikra i hukommelsen min sidan har eg lenge hatt lyst til å sjå den på nytt. Byen som gir oss ei kjensle av å vere innesperra er ein av dei råaste settingane eg har opplevd på film: litt teatralsk og mystisk, samtidig stort og variert. Sci-fi og thrilleraktig historie står det heller ikkje tilbake på. Her er også politietteforskar (William Hurt), fysisk skjør doktar (Kiefer Sutherland) og uviktig kjærleiksinteresse (Jennifer Connelly på plass.
Sewell gjer ei svak rolle midt oppi dette, og er på mange måtar som Reeves i «The Matrix», litt malplassert. Hovudtrekka i filmen har mange likskapar med «The Matrix» (eller motsett sidan den kom først). Faktumet at den prøver å skjule spesialeffektane med mørke og skuggar kan så vel vere på grunn av økonomi som at det står meir i stil med resten av filmen, det fell uansett i smak her.
