Darkman (1990)

IMDb: 6.1/10 (9,107 votes)

DarkmanPå veggen bak meg har eg kanskje ein av tidenes råaste filmplakatar: «Army of Darkness» med Bruce Campbell iført motorsagprotese på armen. Øverst står det «From the director of Darkman». Etter eit år med påminnelsar om at eg ikkje har sett filmen, fann eg tida rett for å sjå «Darkman».

Sam Raimi er altså mannen bak dette, ei hemntokt med forskaren Peyton Westlake (Liam Neeson) bak spakane. Etter han blir forsøkt drept i laboratoriet sitt, kjem Peyton tilbake med svære brannskadar i ansiktet for å gjere opp for seg. Då er det kjekt at han forska på hud, og kan skape eigne masker.

Det er ei ganske så sprø jakt som vidare blir utført, med drøye actionsekvensar på rekke og rad. Sett med kritiske augo kan fleire av desse verke enkle i dag frå ein teknisk ståstad, men det gir meg gode assosiasjonar til tidlegare Raimi-produksjonar. Det blir tydeleggjerast at dette er film, og fiksjonsfaktumet blir flittig brukt for å bygge ut. Underholdningsverdien blir dermed høg.

Dramaet og ikkje minst følelsane kjem derimot ikkje så godt fram som eg skulle likt, dette er tross alt ei hemntokt. Avstanden til Peyton alias Darkman blir for stor. Eg skulle gjerne følt meir sympati for mannen for å fått meir ut av filmen. Men så lenge det ikkje blir oversympatisering så burde eg kanskje vere glad til?

5/10
Publisert 20. april 2007 kl. 20:26 i Action, Alle, Crime, Horror, Sci-Fi, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar