Eg var først meint å introdusere Steve Carell, påpeike at han utover nokre få gode filmar, har vore med i mykje dårleg. Dette skulle gå over til å gjelde Date Night, og til samanliknast med innsatsen Carell og Tina Fey gjer i filmen. Men etter å ha gått gjennom filmografien til Carell, innsåg eg at han har spela i nok gode og middels gode til at det var urettferdig å vinkle karrieren hans som beståande av halvparten gode og halvparten eller fleire dårlege filmar. (Les vidare under bildet).

Poenget mitt med dette var som følgjer, å påpeike at Date Night ikkje gjorde spesielt godt inntrykk. Med unnatak av eit par småhysteriske scener og flotte realiseringar om giftarmålet Carell og Fey portretterer i filmen, var dette ein film der vegen til pauseknappen var kort. Difor gjer det meg heller ingenting, når eg no skriv om filmen, å oppsummere deler av handlinga i detalj for å få fram dette.
For å tilføre nye inntrykk i eit ekteskap som er grodd fast i ein slitsam kvardag, tek Carell med Fey på restaurant i Manhattan. Der utgjer dei seg for å vere eit anna par for å ta ein reservasjon på ein travel restaurant. Ved bordet, sjølv om det betyr ulykke, skålar dei med tomme vinglas. Dette får følgjer. Dei blir jaga gjennom byen av kriminelle og rotar seg borti mafia og bestukne politimenn.
For å få plass til alt som skal skje undervegs, er det halde tilbake på intellektuelle dialogar, noko som helst slags form for dveling ved seriøse poeng og eventuelt andre ting som kunne ha tilført djupn til komedien. Eg forventa ikkje dette i utgangspunktet, men det betyr ikkje at filmen er god utan.
